Mosjon? Dagleg sykling ned til sentrum og heim att gir 125m stigning og dermed høg puls i eit kvarter, pluss daglege turar med Binna og Mille, alt frå ein halv times rusletur til ein time i skogen.
Eg kjenner at uansett kor dårleg formen min er, så er det godt å i alle fall kome ut ein halv time om dagen, også om eg helst vil vera inne og slappe av.
Men i går var det igjen såpass fint vêr at eg ikkje greidde å vera inne.
Blå himmel og sol er så utruleg inspirerande og gir meg masse energi, og etter sommaren i år med så mykje regn har eg lyst til å nyte mest mogeleg av det fine vêret.
Så det blei ein rask tur opp til Hattefjell.
Jentetur til Hattefjell. Eg og Binna hadde besøk av Mille. |
Og når eg ser på stigninga til stien opp til Hattefjell, så er det eigentleg ingen tvil at dette denne turen er ganske bra trening. Spesielt når eg går med litt tung sekk:
Høgdeprofil for turen opp til Hattefjell. Klikk på bildet, så blir det lesbart. |
Fin utsikt over Seljordsvatnet frå Hattefjell. |
På dei siste turane har eg brukt eit drikkesystem som liknar på det velkjende systemet frå Camelbak: det er ein drikkeslange påmontert drikkeventil i enden, men utan drikkeblære. Istadenfor blir drikkeslangen via ein adapter skrudd rett på ein vanleg drikkeflaske: "Smarttube".
Utruleg praktisk!
Slangen blir dratt heilt ned til botnen av flaska. Den vesle blå knotten på den gule skrukorken er ventilet som slepp inn luft etterkvart som det blir mindre vatn i flaska. |
Smarttubeslangen er satt på ei 1L-flaske og flaska sit godt fast i sidelomma på tursekken. |
Bilde frå tidlegare løpetur. |
Eg har funne ut at eg drikk mykje meir vatn enn eg gjer om eg må fiske fram flaska ut av sidelomma på sekken min. Praktisk er det også når ein syklar. Spesielt praktisk i lange bratte motbakkar når det er så bratt at ein helst vil ha begge hender i styret. Eller på stiar i skogen.
Eg har enno ikkje funne smarttube i nokon norsk butikk, og eg har bestilt min frå England.
Rimeleg og fungerar utruleg bra.
Kan berre anbefalast!
Flaske på ein liter i sidelomma til ein 18L-sekk og påmontert smarttube. Praktisk å sykle med! |
Eg har enno ikkje funne smarttube i nokon norsk butikk, og eg har bestilt min frå England.
Rimeleg og fungerar utruleg bra.
Kan berre anbefalast!
Mille og Binna slappar av på toppen, på kvar sin måte. Mille med ein god pinne, mens Binna ser på ;) |