4. februar 2010

Rulla rullar!

For ein flott dag!

Eg har endeleg fått samla saman alle dei delane eg treng for å kunne sette ChiCqilo på rulla.
Tri-sykkelen min har nemleg ein annan hjuldimensjon enn triatlonsyklar flest.
ChiCqilo er størrelse XS, må vite...

Dermed blei gleda noko dempa den dagen, då eg hadde satt på "rulletreningsdekk" på bakhjulet og bytta ut stikkakslinga bak med ein rullehurtigkobling og trudde eg berre kunne sette meg på sykkelen og tråkke i veg.
Med hjuldimensjon på 650x23 så rakk altså ikkje bakhjulet ned til rulla...

Eg gjev meg ikkje så fort og tek slikt som ei spennande utfordring.
Fram med velutstyrt verktøykasse og tang, pipenøkkelsett, fastnøkler og det heile.
Men uansett korleis eg festa magnetbremsa til ramma, så blei avstanden mellom den og hjulet for stor.

Sidan eg har langtidslån på denne rulla, har eg aldri hatt ei bruksanvisning til den.
Men slikt pleier da å ligge på nettet?
Etter litt research på Tacx sine sider, fann eg bruksanvisning til rulla, som visst er av typen "Sirius"
(noko som er fint, sidan det er navnet på den mest ljossterke stjerna på den nordlege halvkula og ikkje langt unna stjernebildet Orion, som står høgst på himmelen i vinterhalvåret og gjer lange løpeturar i mørkret under stjerneklar himmel til ei fantastisk oppleving, i alle fall for den som spring sine turar i ro og fred, og har tid til å vende blikket opp mot himmelen. Slik som meg).

Og riktig, der står det noko om "fitting kit adapter set". Riktig.
Det gjekk opp for meg at det ikkje ville bli noko sykling på rulla på triatlonsykkelen min denne kvelden likevel. Nå gjaldt det å finne ut om det fanst nokon som hadde dette settet til salgs.

Frå Tacx var det oppgitt fleire forhandlarar som skulle føre Tacx sitt utstyr. I forventning av at sjansen for at nokon hadde eit adapterset til triatlonsyklar med hjuldimensjon på 650x23 til akkurat denne sykkelrulla, så sendte eg like godt e-postar til alle forhandlarar som var oppført på nettsida.
Inkludert ein tysk internett-sykkelbutikk.

Det endte med at samtlige svarte, og det var ikkje berre éin forhandlar som var ivrige med å tilby hjelp. Eg hadde nemleg i min iver oppgitt feil hjuldimensjon i e-posten, noko som førte til at dei fleste svar bestod av typen "Med denne dimensjonen så treng du ikkje adapter, den skulle ligge fint innanfor størrelsen på hjul som kan brukast direkte på rulla. Avstanden mellom magnetbrems og hjulet kan justerast."
Ja da.
Det hadde eg da funne ut sjølv.
Eg plukka meg ut to sykkelbutikkar som framstod som ivrigast til å hjelpe meg, og etter ein del e-postar att og fram og til og med nokre hyggelege telefonar frå hjelpsame sykkelbutikkmedarbeidarar så høyrte eg meg sjølv plutseleg oppgi både VISA-kredikkortnummer og sikkerhetsnummer over telefon, slik at eg kunne bli trekt summen dette adaptersettet skulle koste. For å sleppe oppkravsgebyr.
Flott.
Men eg må ha vore litt i ørska. Eg pleier då ikkje å oppgi slik informasjon over telefon?
Men sidan det dreidde seg om Oslosportlager, så feidde eg alle tvil til side og tenkte ved meg sjølv at det uansett ikkje var så mykje pengar på kontoen som kunne bli borte.
Dessutan fekk eg fortald litt om min stolte sykkel og oppfordra Oslosportlager om å bli importør/forhandlar av Quintana Roo-merket.

I alle fall kom adaptersettet i posten etter nokre få dagar (utan fraktkostnader, takk, Oslosportlager!) og i dag hadde eg endeleg tid til å montere det. Nå veit eg også kva ein låsmutter er for noko.

Og at den passar sjølv om det ikkje virkar slik, berre ein har verktøy til å stramme den med.

Ein plastdel som er littegrann høgare enn den originale sørger for at magnetbremsa på rulla kjem littegrann lenger opp.

Det var eit spennande moment, då alt var montert og ChiCqilo endeleg skulle settast på rulla:

Skulle dette adaptersettet vise seg til å vera riktig?
Ville desse litt vel tynne plastdelane vise seg å vera robuste nok til å halde den solide magnetbremsa oppe?
Blir det passe avstand mellom hjul og magnetbrems?

Og svaret blei: ja.
(Lettelsens sukk).

Alt såg ut til å passe saman, og halde saman, og nå står sykkelen her i stoga og skinner, og eg gledar meg noko vanvittig til å sykle på rulla i kveld.
(Les gjerne ein gong om att).

God rulletur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar