20. januar 2010

Hurtigsvømming

Eg kan ikkje begripe det.
Det har skjedd igjen.
Tysdagskvelden er der, og opplegget burde vera solklart: svømming!

Men på grunn av ein eller annan feilkobling (som eg skylder på) i hjernen, så trur eg av og til at når eg er mest sliten i hovudet (og hadde virkeleg hatt godt av å koma meg ut og få trent) så trur eg at eg IKKJE treng å trene.
At eg liksom greier meg også utan trening som "humørstimulator".

Hallo?!?
Eg er så glad i å svømme og har skrive innlegg etter innlegg om svømming i denne bloggen her, og likevel så hender det at eg skal "greie" meg utan, på den beste dagen i veka for svømming.
Nåja.
Eg drøydde tida leeenge.
Klokka var først berre 19. To timar opningstid igjen.
Klokka blei 19:30.
Da hadde eg tilbrakt nesten ein time med å varme meg opp på det utruleg luksuriøst varme baderomsgolvet mitt, drømmande om sydentur, solvarm sand og strand og hav.

Og tenkte at det nå snart er for seint til å koma meg ned te svømmehallen, spesielt sidan bilen opplevde eit kjølevæskeproblem og ikkje var klar te meir innsats den dagen.
Dessutan så hadde eg ikkje tatt meg noko mat etter jobben, men "trudde" at det skulle gå greitt.
Hallo?!?
(Eg prøver å få kontakt med kontrollsentralen i hjernen min, men det ser ut som nokon har faktisk tatt seg ein velfortent ferie og heng fortsatt i sydendrømmene...)

Klokka blei 20.00, og eg fann plutseleg ut at OK, eg kjem ingen veg her ved å bli heime.
Røska med meg sekken,heiv inn ferdigpakka svømmetøyposen, stappa i meg ei banan, tok på meg ytterklede og joggesko (me er i Vest-Telemark her, og det ligg også snø her altså).
Og sprang ut av huset.
Sprang ned mot vegen, vurderte i eit minutt å skaffe meg eit akebrett for å dra fartsmessig nytte av alle unnabakkane i Seljord (ja, det finst ikkje berre motbakkar her) og etter bruk av minst tre snarvegar (der er NÅ eg har blitt Seljording trur eg) kom eg meg ned te svømmehallen.
Den varme fuktige lufta slo meg i mot. Eg var eigentleg ferdig oppvarma og greidde såvidt å besinne meg og lot vera å dra av meg alle klede foran badevekta då eg skulle kjøpe meg nytt klippekort.
Og jammen var eg ikkje den siste som skulle ta seg ein rask svømmetur denne kvelden.
Og heller ikkje var eg den einaste i bassenget denne kvelden.
Og fint var det.
Dei fleste i bassenget dreiv nok med roleg kosesvømming, og gjorde slalomsvømming til ein rein fornøyelse og dessutan ei glimrande anledning til å trene på å "sikte".
Denne kvelden skulle det bli hurtigsvømming.
Istadenfor 250m roleg oppvarming blei det 5x50m RASK oppvarming.
Så rekna eg meg fram til at mine 100m-intervall (rein svømmetid:1:40) var sløsing med tid,sidan eg brukar godt over eitt minutt til restitusjon i mellom.
Og eg SKULLE i alle fall svømme 1000m.

Det blei 200m intervall denne kvelden. Det hadde eg faktisk aldri prøvd før.
Men tidsmessig blei det bra resultat: 200m svømming på 3:30 til 3:35, med også godt over eitt minutt til restitusjon.
Noko som var i grunnen litt i meste laget, sidan pulsen ikkje er så vanvittig høg på 200m-intervall som på 100m-intervalla.
Men det gjer det jo lettare å lese klokka på veggen...å starte på "heil" klokkeslett.

Eg har nemleg også opplevd at eg fokuserar så godt på svømminga, at eg koblar ut det meste fullstendig.
Det blei til og med vanskeleg å halde styr på tellinga av banene...

Fire omgangar med 200m intervall var alt eg rakk, men fornøydd blei eg, klokka var så vidt 20:50, og eg rakk å skvise inn ein liten omgang med ryggsvømming og så var det berre å koma seg opp av vatnet i full fart.

Jaja, hurtigsvømming blei det.
Til og med skyss heim fekk eg også denne kvelden, av sjølvaste badevakta.
(Det er det som er fint med å bu på små plassar: halvparten av dei ein møter, har same veg heim att :D )

Så skal eg ta meg saman neste gong og kome meg i bassenget når eg eigentleg har planlagt det.
Kanskje må eg lese bloggen min litt oftare for å hugse kor moro det er å svømme?

(Takk til Granvin Internettkafé i Seljord for god og rask og gratis internettbreiband som gjorde dette innlegget mogleg!)

1 kommentar:

  1. Kjenner meg VELDIG igjen i det du skriver. På formiddagene er bassenget jeg bruker åpent bare en time og da er det viktig at jeg kommer meg avgårde i rett tid. Oftere enn jeg vil vedkjenne skjer det at jeg finner på alt mulig anna før jeg skal dra eller jeg holder på å vurdere frem og tilbake om jeg skal dra eller ikke. Og så ender jeg opp med å kunne svømme bare 40 min, ikke 60 som jeg helst vil.

    SvarSlett