30. september 2009

Sykkelen min er på veg :)

Aaaaah endeleg eg er så spent så spent så spent!
Eg har nettopp fått mitt UPS-trackingsnumber frå sykkelbutikken i England www.evanscycles.com, og spora opp sykkelen min:
den er i Norge!!!
Den har kome fram til Oslo, blitt skanna og nå er den "BEHANDLET PÅ UPS-SENTER / VIDERESENDT TIL KONTORET I DESTINASJONSBYEN" kl.12:51 i dag...
Ikkje anar eg kor destinasjonsbyen skal vera, Seljord er ikkje akkurat nokon by, og eg trudde at sykkelen min skulle forvarast i Oslo inntil eg hadde betalt norsk moms, og så blitt sendt vidare. Kanskje havner den på tollageret i Skien?

Spennande. Så moro at den kom endeleg. Sjølv om... det hadde vore greitt om den hadde kome etter lønnsutbetaling for oktober, men men, eg får skrape saman dei siste kronene min og få sykkelen min heim.

Den har eg sett på sidan mars i år, og slik ser den ut:
Åi åi åi.
Eg håpar den gjeng bra å sette den saman når den kjem til meg.
Og at alt gjeng som venta, og det ikkje plutseleg har oppstått noko ekstra kostnader (tilleggsgebyr for ekstra superkule triatlonsyklar for eksempel:-D)

2 kommentarer:

  1. åååååå fyttefeite for en kul sykkel. Gratulerer!

    SvarSlett
  2. Takk for det:D !
    Eg torde ikkje takke for gratulasjonen før eg hadde tatt min første prøvetur - og det var i dag - så sykkeln ER bra:) (og sjølvsagt utruleg kul)

    SvarSlett