30. juli 2009

Solkysten Triathlon 2009-race report

Og her kjem det.
Rapport. Frå søndag.
Eg er i stikkord-humør.
Telegramm-modus (eg har aldri skrive eller fått telegramm).

Eg hugsar eit 10km langt gateløp i den flotte, tradisjonsrike og i Vest-Telemark velkjente og folkeglade Vest-Telemarkkarusellen tilbake i 2007.
Eg var då ganske fersk i gamet, med berre to konkurransar gjennomført tidlegare (og i heile mitt vaksne liv).
Så eg ante lite om kva slags fart eg skulle halde på ein slik distanse.
Heldigvis skulle Marie også starte.
Like lite ante eg eigentleg om hennes bragder i Langdistansetriatlon da. Eg hadde høyrd snakk om den der Norseman, men som sagt, eg var fersk i gamet, og konkluderte med at om eg berre gjorde som velerfarne Marie gjorde, så skulle dette gå bra.
Eg gjorde så.
Heldt meg bak Marie, alltid berre ein meter eller to.
Me skulle springe tre sløyfer. Den første gjekk greitt. Det var veldig varmt og me lengta alt då etter drikke.
Sløyfe to var litt rar, sidan eg fekk ein rar "kriblefølelse" i kroppen og beine blei tunge og mageinnhaldet skvulpa og bråka, men eg kunne jo ikkje sleppe Marie heller.
Sløyfa tre gjekk den også, men meir på rein viljestyrke og lite muskelkraft.
Marie fekk spurten sin mens eg jogga i mål, med ei bra tid på 48.49.
Etterpå fekk eg spørsmål av ein deltaker: "Sprakk du?"
Ikkje visste eg kva han meinte.
Eller - eg ante det jo på eit vis.
Hm.
Eg gjorde kanskje det da?
Eg tenkte ved meg sjølv at uansett, så skal eg helst ikkje samle meir erfaring i det med å sprekke i ein konkurranse.

*hvorfor
Men - hotfor* denne historie frå 2007 her og nå?
Tja.
Eg gjorde det igjen. Eg sprakk.
Og det gjorde alt FØR eg kom meg til startstreken (er det eigentleg snakk om startstrek på ein triatlonkonkurranse som startar ved ei tenkt linje i vatn?).
Eg var på veg til Langesund.
Eg skjønte eigentleg alt då eg satte meg i bilen heime, at dette er rein balansegang.
Eg førestiller meg ein smal planke, der eg balanserer og til høgre er det fysisk avgrunn og til venstre er det psykisk avgrunn. Og det går an å snuble litt, så lenge eg ikkje dett av planken. Men - den planken blei litt smal etterkvart som eg nærmar meg Telemarkkysten.
Plutseleg hadde eg gløymt kor Langesund eigentleg låg hen.
For ikkje-Telemarkingar er dette ikkje noko spesielt.
For meg som har budd i Telemark i snart 10 år, og som har tatt mange turar dit, er det eit symptom på mental overload.

Ja da, det ER mange vegar som førar til Langesund (og ingen er meir riktig enn den andre).
Og ja, eg fann vegen dit til slutt.
Takka vera Håreks imponerande evne til fjern-dirigering av meg mentalt utslåtte menneske via telefon.
Kjempebra.
Men.

Eg sprakk. I bilen. Total mental utladning.
Eg har det nemleg slik at eg for tida har ein jobb som er ørlitegrann for hektisk for meg.
Og at magen min nektar å samarbeide.
Og hjernen begynner å likne ein treg PC, som har for lite arbeidsminne.

Så i staden for å lade opp til dette fine arrangementet som Solkysten Triatlon er, så lada eg ut. Tappa batteriene.
Hm.
Det har hendt tidlegare at resten av kroppen har klart seg bra på ein konkuranse sjølv om hovudet var tomt og ute av drift.
Ikkje denne gongen.

Men - ein kan ikkje alltid har ei god oppleving kvar gong ein konkurrerar, og dess oftare ein konkurrerar, dess større er sjansen for at det ikkje går bra (reint statistisk sett).

Tatt i betraktning at utgangspunktet mitt ikkje var spesielt godt denne dagen, så blei det tross alt ingen "DNF".
Til deg nå som har venta utolmodig til meir triatlonspesifikke detaljar:

Værforhold:
Fantastisk, optimalt:
Sol, god temperatur, berre litt vind (trur eg).

Svømming:
300m i ein stor runde, start på ganske grunt vatn ved Krogshavn. Lite bølger og berre litt brennmanetar.
Eg likar å svømme. Eg blir i godt humør av det. Stillte meg dristig i første rad mellom proffe langdistansetriatletar og ein fyr med imponerande piggtrå-tatovering.
Som i 10km i 2007 lot eg Marie aldri koma ut av synet (lærer eg aldri?) og kleiv fornøydd opp av vatnet opp trappa og jogga friskt til T1.

T1:
Eg brukte kort tid. Eg er imponert over kor effektiv og organisert eg kan vera. Hotfor kan eg ikkje ta med litt av denne effektiviteten til morgonsituasjonen når eg skal av garde og har dårleg tid?

Sykling:
Løypa var forandra sidan fjor. Eg hadde kikka på høgdeprofilen. Sjølv om det berre er 12km, så synst eg det er godt å vite kva som ventar meg.
Ja, eg hadde jo sett at det var ein bakke der etter 6km.
Men eg må ha tatt feil på talla, den var myyyyykje lengre enn på profilen.
Eg sykla på ein Herre-racersykkel, som sjølv etter at eg bytta kassett fortsatt har altfor tunge gir for meg.
Men ein kan ikkje alltid skylde på utstyret, eg hadde starta litt for hardt (for å halde posisjonen min i alle fall ei bitte lita stund, nemleg ganske lang framme, sidan eg, som sagt, svømte like bak Marie, og Marie er blitt utruleg god til å svømme).
Syklinga var unnagjort før eg ante det, og utan tekniske problem (eg hadde verken testa bremsene mine etter at eg hadde bytta bremseklossar og at tempostyret blei reparert og montert igjen dagen før).

T2:
Fort gjort. På ein supersprint skal tid i T2 helst målas i sekund, helst med einsifra tall.

Løping:
Varierande underlag, varierande omgivelsar og varierande stigning. Veldig fint når løypa kjem ut på Langesund Tangen og inni skogen og ein skimter det glitrande havet.. den flotte utsikten gjorde meg ikkje mindre lysten til å stoppe og gå.
For eg må jo innrømme det:
På ei løype på 4-5km så måtte eg berre stoppe, i alt ca 7-8gonger..
Oi oi.
Det var her eg møtte igjen min svømmestartnabo med piggtrådtatoveringa,og eg følte med lettare til sinns med ein gong.
Her var det ikkje berre eg som syntest det var godt å gå og nyte landskapet i litt saktare fart..

Mål:
Åååh, deileg...


Det var det.

Eg skulle ha tatt bilder. Det var kjempefin stemning, og grillmat og frukt til alle deltakarane og sola skinte, og havet glitra og folk skravla og kikka og debriefa, og alt i alt så var det eit kjempeflott arrangement, som bar navnet "Solkysten" Triatlon med rett.

Det var så fint at eg og Helene berre måtte bli litt i Langesund til kvelden og nyte sola og havet og sommaren fordi, som me ser nå, sommaren i år kjem i bittesmå dosar, som skal tas til fullt.

27. juli 2009

Utesvømming

Med den flotte regnbuen laurdagskveld var det eigentleg unødvendig med rosa svømmebriller. Neste gong skal eg kanskje driste meg til å svømme etter skatten ved enden av regnbuen...

24. juli 2009

Solkysten Triatlon

Det nærmar seg Solkysten Triatlon, og eg gleder meg eigentleg til den, men så har eg berre lege slapp og uopplagt på sofaen dei siste kveldane.
Hadde det enda vore ein HalfIronman eller full IM-distanse, eller ein Maraton, så ville eg kalle dette her opplading. Tapering.
Carbo loading.
Men foran ein Supersprintdistanse?
Seint heim frå ein jobb som er altfor hektisk for min sarte sjel, eit øydelagt og forhåpentligvis berre midlertidig ubrukeleg tempostyre som ryggen min sat så veldig pris på mens det framleis fungerte, ein mage som ikkje toler stress og som helst vil vera tom heile tida, regn som fallar, til og med bikkja virkar slapp...
Puh...
Det er kanskje ein fartsfull supersprinttriathlon i flotte Langesund som skal til for å bøte på dette? Fart og spenning?
Det som er bra med slike korte distansar er at dei krev så utruleg fokus og at det går så fort at ein virkeleg ikkje får tid til å tenke (eg tenker for mykje til dagleg).
Litt over ein time fullt med fart og spenning.
Ein har nesten ikkje blitt ordentleg fått sjøvatn på seg før ein plutseleg vrenger av seg våtdrakta igjen, og før ein veit det så sit ein på sykkelen og tråkkar, og kanskje rekk ein ein liten slurk med drikke for å skylle bort saltsmaken at ein plutseleg finn seg sjølv utan sykkelhjelm men med løpesko på beina og på veg mot mål.
Artig!

Så er det heile over etter ein god time. Restitusjonsbehov etterpå: lite, men avhengig av kor lenge ein blir ståande og prate etterpå;-)

Eg håpar mange blir med.
Det virkar kanskje som ingen stor utfordring for mange som fullfører både halv- og full-IMdistansar fleire gonger i året, men det er jo ein kunst også å prestere i ein time så tett under makspulsen!

Det er meldt fint vær i Langesunde på søndag (http://www.yr.no/place/Norway/Telemark/Bamble/Langesund/) så det ser ut til å bli gode forhold.

Noko som ikkje kjennest så godt er, når eg ser tilbake på tida mi frå i fjor.
Høss i all verden har eg greidd å kome meg i mål på så kort tid???
Eg rakk jo også å sykle feil (!!!!) i min iver (fokus) på å sykle fort.
Med følge at eg måtte stoppe, snu 180gradar og sykle bakken opp igjen (ja da, som om det ikkje var ille nok å sykle feil veg, så valgte eg meg altså ein feil veg med nedoverbakke. Det såg sikkert mest innbydande ut).
Oi oi.

Nåja, for alle som ikkje har funne ut om dei vil vera med på Solkysten Triathlon til helga, her kan du finne ut meir om konkurransen:

www.langesund.tri

Det er det vel også løypebeskrivelser, det er vel eg nøydd til å ta ein titt på? Det er jo ein aktivitet som det fint går an å gjera frå sofaen mens ein ladar opp...