Tidlegare så har eg brukt Sports-Tracker-app'en, og den har fungert veldig bra til å registrere treninga, spesielt løpeintervall.
Endomondo derimot, har ei veldig mykje bedre heimeside, mens eg synst app'en er berre heilt grei.
Dessutan diggar eg at det er så mange venner og bekjente/medbloggarar å finne på Endomondo, det er moro det! Og inspirerar!
Tidlegare så har eg brukt enda ei anna webteneste til å loggføre trening, og spesielt, til å lage løyper og lagre høgdeprofiler.
Det er mapmytri. Den finst også som mapmyfitness, mapmyrun, mapmybike, osv.
For moro skyld, og for å samanlikne app'ane, så skulle eg legge inn ei treningsøkt der. Og kva fann eg?
"Dog Walk"som eigen kategori.!
Kult, for det treng eg ganske ofte:
![]() |
| Choose An Activity! Dog Walk - check. |
Når eg først bladde litt nedover lista, fann eg utruleg mange aktivitetar:
![]() |
| Tenk om eg om nokre år kunne huka av alle aktivitetane på denne lista? Det hadde vore tøft, det!!! |
Med så mange valgmulighetar kan ein vel ikkje klage på at ein ikkje finn noko treningsform som passar.
Eg lot meg inspirere litt - samtidig som eg trengte å styrke kroppen litt - men ikkje med klassisk styrketrening, men som ein "hike - hills - medium pack" - altså tur med sekk:
![]() |
| Choose An Activity! |
Eg hadde 10kg i sekken og det var passe - tenker at det ikkje kjendest tungt, men eg vil heller starte sakte og så auke litt - kanskje med så lite som 1kg i veka eller noko slikt.
Det finst nok ikkje noko valg for "Hike - Medium Pack (10kg) - Dog (38kg) så eg laga min eigen:![]() |
| Min eigen skreddersydd aktivitet. |
Endomondo har forresten veldig fin grafikk - samanlikna med Sports-Tracker i alle fall (og er dessutan ikkje basert på Flash Player, så du kan bruke Endomondo på nettbrett, det kan du ikkje med Sports-Tracker).
Dette var Dog Hike - Hills - Medium Pack - økta mi. Den var utruleg moro, ein skulle ikkje tru det, men eg trivdest der, med litt tung sekk, og hodelykt, Lukas kunne springe fritt i skogen (det var mørkt og då ser eg om det er folk i skogen frå lang avstand- og kan rope Lukas inn til meg så han ikkje overfallar turgåarar i rein begeistring).
Moro med ein liten "hike" med Lukas, og sekk i skogen. Også på ein vanleg måndagskveld i november!














