Det er det som står på trainingspeak-bloggen, altså bloggen som høyrer til onlinetreningsdagbok som bl.a. Dave Scott brukar for å coache atletane sine.
Murstein. |
Det var altså ei slik kombiøkt som stod på programmet sist søndag.
Dei vanlegaste kombiøktene innanfor triatlon er nok sykling etterfølgt av løping, sidan det er denne overgang som byr på dei største utfordringane, fysiologisk sett (og kanskje også mentalt, sidan beina ikkje alltid kjennest like gode etter å ha sykla ei stund, og ein må berre ignorere dette i starten av løpedelen).
Dave Scott hadde altså sett opp ei kombiøkt.
Denne skulle erstatte dei lange sykkel- og løpeturane i helgane (hurra!! eg er ikkje så altfor glad i langturar eigentleg).
Men i staden for å ta ein sykkeltur etterfølgt av ein løpetur, så stod der: bike 85min, run 60min, bike 60min.
Wtf?? I mean, unnskyld, ehem, altså er ikkje å springe ein heil time etter nesten halvannan time sykling nok, kvifor i all verda skal me då sykle enda ein gong, og så ein heil time??
Men men, eg utsette spørsmålet til gutta i Boulder, Colorado til seinare og nøydde meg med å prøve ut økta i staden for.
Det var heller ikkje slik at me skulle "sykle hardt" og så "springe roleg" eller, "sykle roleg" og så "løpe hardt", sjølvsagt var dei enkelte øktene delt inn i forskjellige set med intervall av forskjellig fart og intensitet.
Ja da.
Som eg sa tidlegare, det blir aldri kjedeleg å trene med Dave Scott!
Heldigvis var det fint vêr på sundagen, heile økta ville jo vare i 3,5timar.
Sidan me skulle halde overgangen mellom sykling og løping så kort som mogleg for å etterlikne konkurransesituasjonen, hadde eg rigga til med ei skiftesone hos ei venninne. Det er tungt nok å løpe etter å ha sykla, og det lønner seg alltid å spinne i lett gir dei siste minuttane fram til vekslinga, men dette går ikkje med den lange bakken opp til leiligheten min.
Så skiftesone blei oppretta ein annan stad.
Kjekt også at eg fekk noko startmat i form av pommes frites levert rett før starten.
Godt at eg ikkje begynte med løp, pommes frites er jo lett fordøyeleg, men hadde likevel kanskje ligge litt tungt i magen?
Heldigvis låg dei forskjellige intensitetane innanfor aerob sone og langt under mjølkesyreterskel.
Eg hadde tatt med godt med mat, dvs to bananer (klassisk, billig, praktisk og god mat på sykkelsetet), energibarar, energigel og isotonisk sportsdrikke og vatn.
Løpeskoene stod klare i "skiftesona".
Og syklinga gjekk fint, den. Det var faktisk vanskeleg å halde meg innanfor låg intensitet, vinden i ryggen gjorde at det kjendest fantastisk lett å sykle!
Men på returen var det nokre heilt andre saker, i motvind gjaldt det å halde litt igjen.
Overgangen til løpinga tok meg 2,5min, med litt bytte av vindvest og knevarmarar er eg ganske fornøydd med dette.
Løpedelen gjekk også bra, men her var pulsen delvis høgare enn det som var målet.
Eg synst nemleg at det er utruleg morsamt med slike kombiøkter, og når det er moro, er det vanskeleg å ta det med ro.
Den timen gjekk faktisk fortare enn antatt, eg skulle jo heile tida bytte mellom to intensitetar og måtte derfor sjekke klokka mykje undervegs.
Eg tok meg tid til å dokumentere vårteikn undervegs. |
Eg følte jo at eg var "ferdig" med økta.
Hmmm sykle nå? Igjen?
Jaja.
Kor hen da?
Eg prøva meg først på ei strekning eg hadde mest lyst på, men med såpass mange bakkar så kjendte eg fort at dette ikkje var lurt.
Me skulle nemleg også her stort sett bytte mellom to lette til moderat harde intensitetar.
Og korleis skal ein sykle opp bratte bakkar på trøtte bein i lett intensitet?
Der kjendte eg også at motbakkelintervalla frå to dagar tidlegare hang altfor godt igjen i beina.
Men men, den timen gjekk faktisk også ganske greitt, eg kjendte nok at motivasjonen begynte å minke, men samtidig så skulle eg jo snart vera i mål.
Dessutan var det kjekt å sykle for då var det lette å ete og drikke, eg hadde nemleg begynt å bli sulten.
Hmmmm Powerbar er godt! |
Det var faktisk morsamt og spennande å halde på med.
Slike kombiøkter er planlagt nå framover.
Så det gledar eg meg til.
Og det virkar som om det blir bytta om på disiplinane og rekkefølga.
Kanskje viss eg lagar mine eigne kombiøkter, slik som i trainingpeaksartikkelen, då får eg plass til styrkeøktene også.
Kanskje kan dette vera til inspirasjon for nokon der ute?
Det treng jo ikkje vera 3,5t lange økter, men kva med 45min sykling etterfølgt av tre raske km på beina?
Styrketrening etterfølgt av sykling?
Eller ein sykkeltur etter svømminga?
God trening!