19. februar 2011

Marvil goes aero - og andre laurdagssysler

Strålande blå himmel - glitrande snø - kvite fjelltoppar - for ein fantastisk laurdagsføremiddag til å vera inne å drive med uskyldige laurdagssysler...
Kjempefint for å gå imot straumen av skiglade mosjonistar som hiv ski og termos og sekk og barn i SUVen sin og drar til fjells for å gå endelause mil i nydeleg preparerte løyper i fint driv...

Det er fleire grunnar for at eg ikkje er ute på ski for tida:
  • Konstant hodepine i tre veker som ikkje går bort når eg er ute og lear meg.
  • Svimmelhet og lett kvalme gjentatte gonger når eg snur meg for fort eller bøyer meg ned.
  • Binna som er blitt litt for gamal til å springe lenge i snøen.
  • Uvitenhet om kor hen smøreutstyret befinn seg hen eigentleg.
  • Mangel på SUV og barn.
  • Og ikkje minst: lengselen etter våren og sykkelføre...
Dette er jo nydeleg sykkelføre. Det er slik eg lengter etter for tida... (det var juni 2010, på E134 i nærheten av Åmot)

Eg har skjønt at eg taklar denne lengselen etter utesykling og vålsol best ved å drive med heilt andre, ikkje vinter-relaterte syslar på ein laurdagsføremiddag:  sykkelmekling for eksempel.


I staden for å hive meg på straumen av glade skigåarar, så ville eg heller hjelpe Marvil'n - racersykkelen min - med å kome eit stykke nærmare den hemmelege drømmen hans - han drømmer nemleg om å bli TRIATLONSYKKEL!
Katalogbilde av Marvil'n. Han samanliknar seg nok med andre, meir aerodynamiske og mykje dyrare syklar. Men han må ikkje gløyme at han er den einaste sykkelen her i huset som har gjennomført ein Ironman!

Nei men - er det DETTE den gode trufaste Marvil'n min drømmer om??? Han er jo fin nok som han er???
Desse bildene er tatt i juni 2010, FØR Marvil'n fekk vist kor god han er på Ironman:

Juni 2010. Eg og Marvil'n.
Eg og Marvil'n i ein slags form for Zen-meditasjon...
Når føremiddagssoli kjem innom stogevindua mine nå for tida, då er lett for meg å late som om det snart er vår (og det er jo tross alt ikkje så lenge igjen), også når det er heile 15 kuldegradar ute tidleg på morgonen.
Sibir sendar visst sine kalde helsingar vestover til oss for tida.

Sjølv om eg ikkje heilt har støtta desse overdrivne drømmene av Marvil'n om å bli fullblodstemposykkel (han vil jo alltid forbli ein racersykkel, uansett kor mange komponentar eg byttar på han), så har eg alltid hatt lyst til å bytte bukkehorn/racerstyret til tempostyre, og få montert girspakar på tempobøylane, slik at det blir lettare å gire mens eg ligg i bøylene.
Den nedre delen av racerstyret har eg brukt såpass sjeldan, at den nærmast kjendest å vera i vegen.
Marvil'n med racerstyre, klar til mekking. Viktige tilbehør ellers: PC for underhaldning, kamera for dokumentasjon, tørkerull, Binna gjøymd på sofaen under ein haug med fleeceteppe som mental støtte for meg, kaffe...
Sidan eg har svært begrensa økonomiske midler for tida, så har eg tatt meg god tid til å finne dei beste sykkelkomponentane til best pris. I løpet av det siste halvåret har eg då altsa samla saman

1) tempostyre (bestilt frå bikebuster)
2) girspakar av "bar end"-typen (importert frå England, probikekit)
3) bremsehandtak av "aero"typen (importert frå England, chainreactioncycles)
4) bremsewire (frå Intersport i Seljord)
5) (tempobøyler som eg alt hadde montert på racerstyret) (kjøpt september 2009 på bikeshop's lager)

Oi. Ei heil eske med delar og skruer og wire heilt frå England som heldigvis hadde sloppe unna tollvesenet sine skarpe øyne og som skulle bli til "bar-end girhåndtak". Det skulle bli spennande...


Eg synst det er moro å mekke litt sykkel, spesielt når eg har god tid og det ikkje hastar med å få den ferdig monterte sykkelen ut på vegen. Heime på balanserulle er det nå virkeleg ikkje så farleg om bremsene skulle ha vore justert, det er jo lite trafikk på kjøkkenet mitt!

Bremser frå Tektro, RX4.1. Kjekt at dei var på tilbod i England då eg trengte dei!

Ein har ikkje heilt fritt valg når det gjeld bar-end girskifter for Shimano. Dette er Dura Ace, for ni-delt krans. Men dei kom både fraktfritt og utan norsk moms i posten, takka vera det norske tollvesen som ikkje las det som stod med liten skrift på pakka.
Med sol i stoga, kaffe på bordet, fyr i ovnen, umbrakonøkler i fleire størrelsar, sykkeldelane klare og god tid, blei det meir og meir fornøyeleg å drive med sykkelmekking enn med skigåing på ein solfull laurdagsføremiddag.
"Unbraco" er altså merkenavnet. Men "umbrako" er det me kallar desse nøklane, sånn til dagleg.
Binna var dessutan også veldig avslappa og benytta etterkvart ranledninga til å kose seg i godstolen i sola.
Me er begge to veldig glad i sol og varme, og eg innbillar meg at Binna også ville ha valgt varme og sol framfor snø og kulde, men det er ikkje sikkert, ho forbausar meg stadig med den forfriskande "her-og-nå innstillinga, som kjem gjerne til uttrykk ved at ho blir med på det meste, så lenge me ha det moro.
Binna lar seg ikkje imponere av laurdagssyslane mine. Ho nyt sola i godstolen mens eg held på...
Resultatet blei bra. Tempostyret har same breidde som racerstyret mitt, og har også liknande utforming, slik at eg slett ikkje treng å justere setestillinga for å få til same gode sitteposisjonen som eg hadde frå før.
Bremsene er mjuke og behagelege, og det ser ut som det er den same typen som er på ChiCqiloen, berre at dei er svarte. Girspaka hadde eg ikkje så mykje å velge mellom, det ser ut som Shimano ikkje lagar "bar end-" girspakar i andre seriar enn Dura Ace, men sidan det norske tollvesenet faktisk gløymte å kreve inn norsk moms på akkurat denne bestillinga frå England, så fekk eg tak i girspakane til hyggeleg, momsfri innkjøpspris.
Tempostyre montert, tempobøyla montert, girspakane montert, bremseshåndtak montert... berre styretapen igjen.
Styretape har eg fundert over ei stund. ChiCqiloen er jo blitt aldeles jålete med rosa/grå sete og pink styretape, mørkerosa minipumpe og knallpink "proviantrammebag", så det frista veldig å legge på noko friskt og fargerikt styretape på Marvil'n også.
Samtidig så har eg alltid tenkt på racersykkelen min som ein ganske maskulin sykkel, så den eska med rosa styretape blei stua vekk igjen, og den svarte taperulla tatt fram.
Heilt nytt styretape. Herlig å halde i. Styret er breiare mot ramma, noko som gjev ei god flate å kvile hendene på på lange sykkelturar. Og lange sykkelturar skal det jo etterkvart bli også i år!
Og sidan vår og sykkelføre ser ut til å la vente på seg fortsatt ein del veker, så testa eg det nye utstyret på balanserulle, og alt funka utmerka. Eg ville nok ha justert bremsene littegrann før den første uteturen, men til innebruk så fungerar det heilt fint.
Det trengtest jo heller ingen justering på girene, noko som forbausa meg litt, sidan eg kombinerte Shimano delar frå tre forskjellige seriar: Både Dura Ace, Ultegra og Tiagra. Men giringa fungerte utruleg bra med ein gong.

Så då er det berre å grave djupt etter motivasjonen for å legge ut på gode sykkeløkter inne i stoga?
Eller er det kanskje slik at dei flotte kvite fjelltoppane og den glitrande snøen plutseleg likevel har sterke tiltrekningskraft enn sykkelrulla?
Utsikten frå stogevinduet...vanskeleg å motstå.

8. februar 2011

Ein fisk med sykkel og løpesko

Eg abonnerar på nokre nyhetsbrev på nettet.
Der er det både nettbutikkar som reklamerar, sider om fitness og trening som gjer meg oppmerksam på det siste som skjer på deira nettside, og det er ein del bloggar som eg abonnerar på, slik at den nyaste artikkelen alltid er presentert i Google Lesaren.
På denne måten er innboksen aldri tom for uleste e-postar.
Og eg kan ikkje klage over for lite inspirasjon.

Men det er veldig sjeldan at eg les alle desse e-postane. Stort sett så grovsorterar eg dei ved hjelp av overskriften.
I dag så blei nysgjerrigheten min vekka av overskriften "What's your swim type?".
Dette appellerte til meg.
Dette ville eg finne eg ut av.
Kva for ein svømmetype kunne eg vera?

I staden for å lese gjennom heile teksten blei det plutseleg veldig fristande å berre velge etter kroppstype.
Sjølvsagt ville eg helst vera den slanke men muskuløse typen, som glir uanstrengt og med nydeleg teknikk gjennom vatnet.
Etter meir nøye lesing av artikkelen skrive av Ben Greenfield, blei eg frista til å tilordne meg typen "smooth", som kjenneteiknast ved fortreffeleg svømmeteknikk, og som brukar lite krefter mens han/ho svømmer forbi konkurrentane sine.
Nei, det var kanskje ikkje heilt meg likevel?
Eg innsåg at eg ikkje tilhøyrde nokon av typane. Eg var ikkje ein blandingstype ein gong.
Og eg har jo alltid visst det, så kvifor skulle eg eigentleg plutseleg finne mine "svømmetype"?

Eg er jo ein fisk, det har eg alltid vore, alt sidan eg var lita jente.
Eg kan berre hugse at eg alltid har elska vatn, alltid kjent meg trygg under vatn, og helst ville "bu" under vatn også. Alt då eg var fem år kunne eg svømme ganske bra, sjølv om eg nok ikkje har gjort alltid slik som svømmelæreren sa. Under vatn var det jo ingen som såg meg, så eg kunne akkurat utvikle den svømmestilen som passa meg, og som førte meg raskast fram!
Og i dag er det så som så  med svømmeteknikken min, men den fører meg med dit eg skal, på den tida eg synst er bra, og gjer at eg rett og slett har det kjempemoro når eg svømmer, og at eg føler meg i mitt rette element.
Ein glad fisk i sitt rette element. Og eg er så misunneleg på denne vesle karen!
Og eg føler meg virkeleg som ein fisk på land.
Det har ikkje blitt meir svømming etter den første og fortsatte einaste økta dette året.
Augo min er framleis ikkje heilt gode enno.
Au. Auge. Raudt auge. Ikkje bra. Vondt er det også. Men så har eg noko å pleie på da.
Det ser ut som kroppen min er i ubalanse dette året. Eg er rett og slett ikkje heilt i form. Det går på både psyken pg fysikken. Eg har fått medisin for begge delar. Så får eg berre håpe at det går rette vegen.
Eit lite utvalg av kunstig tårevæske, tåregel og augedråper. Her er det berre å dryppe i veg.
Det er litt ironisk at eg har fått konstatert for lite tårevæske, synst eg, men nokon antyda at eg vel til slutt måtte gå tom...?
Uansett så skal eg gjera det beste ut av situasjonen. Eg har vore flink til å bruke briller. Linsebruk har eg begrensa til den tida det tek å løpe. Fult påkledd i løpetøy er kontaktlinsene det siste eg tek på meg før eg spring i veg, og det første eg tek av meg når eg kjem heim.
Og om ikkje dette går heller, nåja, så får eg la vera dette også da. Fram til nå har eg løpt eit par timar i veka fordelt på to økter og denne vesle mengda er det realistisk å halde på med fram til IM 70.3 Mallorca i midten av mai.
Og utan å svømme er det alltid plass til både styrketrening og litt innesykling sjølv om energinivået mitt er på eit lite ønskverdig lågt nivå og nervene er litt tynnslitte.

Slik såg girwiren på Marvil'n ut. Litt slitt, så den blei bytta. 

Av og til hadde det jo vore kjekt å kunne bytte desse slitte nervene mine med nokon nye, slik eg bytta girwiren på Marvil'n. Men menneskekroppen er heldigvis ikkje noko maskin, og dessutan har den evnen til å reparere seg sjølv, i alle fall til ein viss grad.
Og litt slitasje får ein vel tole med tida?

Morgonstemning på Selsvoll. Binna er tilbake frå lufteturen sin.

Utsikt frå tur. Det er dette som reparerar tynnslitte nervar. Naturmedisin ;)

Tilbake frå tur med Binna. Ho likar å bli fotografert. Bra!