22. oktober 2013

Tradisjonell mikrobølgehavregraut

Etter så lang tid med ein mage som har reagert dårleg på all slags mat har eg måtte finne på noko som magen min tolte.
Havregraut har alltid slått meg som DEN magevenlege maten.
Men eg er ikkje så glad i graut.
Det tek lang tid å lage den  - ein mår røre i den heile tida - det blir mykje oppvask etterpå - ein blir berre mett i ein halv time og så sulten igjen - ikkje akkurat superfood eller kva?

Så då kom eg på mikrovarianten av havregraut.
Idéen har eg frå ein ekte geitebonde frå Vinje i Vest-Telemark, så dette er ikkje noko nymotens greier, hehe. Tradisjonell mikrobølgegraut liksom!

Framgangsmåten er følgende:
Hell havregryn (helst lettkokt) i ønska mengde i ein djup tallerken, ha litt salt oppi (viktig, ellers smakar det ikkje noko, synst eg), sukker etter ønske (eg likar grauten søt), ha vatn oppi og rør godt til alt er godt gjennomblaut og salt og sukkeret oppløyst.
Ha kanel oppå.
Skjær eple i tynne båter og fordel jamnt over.
Ha litt ekstra kanel sånn for pyntens skyld.

Ha i mikroen i to minutter på full fart (eller eksperimentér deg fram).
Ferdig.
Ha eventuell ein smørkladd i midten eller der du måtte ønske det.
Eg må innrømme at eg har aldri før likt smør på graut, men eg kjenner at eg får større metthetsfølelse med litt smør i midten.
Eg brukar såpass lite vatn i forhold til havegryn at konsistensen ikkje blir spesielt flytande. Den blir nesten gummiaktig, men med passe mengde vatn så minner konsistensen om for lite steikt kake (og DET er jo godt!).
Og med eple oppi og sukker og kanel så smakar det nesten som eplekake!
Frå nå av skal eg ha enda meir eple oppi (på bildet er det eit halvt eple - det kan godt bli eit heilt).
Den som er komfortabel med meir avansert matlaging kan jo ha rosiner og nøtter og slikt oppi. For min eigen del så held eg meg til den enkle varianten, sidan magen min ser ut til å tåle den godt.
Mandler hadde kanskje gått greitt, dei pleier å vera lettfordøyeleg.
Hmmm kven skulle tru at noko så "kjedeleg" som havregraut kunne bli så godt?

Blei litt fornøydd eg nå.
Og magen min også.
Det er bra.

4 kommentarer:

  1. Jeg er en stor tilhenger av havregrøt. Den gode gamle varianten med sukker og kanel. Ganske så beskjeden, men det finnes subkulturer og sportende mennesker som sverger til grøten som den hellige graal og har satt sin sjel og liv i å sprite den opp å gjøre den enda bedre.
    (chassi.blogspot.com), en favoritt!

    Jeg leste i margen at du nå også skal blogge om snowboarding? Dettte blir spennende.
    - og gratulerer med ny blogg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ny blogg er inspirerande men samtidig litt rar. Det står jo så lite i den foreløpig...
      Så det var bra at du stakk innom!

      Ja det er så moro med snowboard, men det har liksom ikkje heilt passa inn i triatlondagboka sånn temamessig, sjølv om eg skreiv litt om det.
      Men eg trur det blir meir om det her. Eg er nemleg ingen proff på brett, men høgst motivert, så då har eg nok mykje spennande å blogge om og det gledar eg meg til.

      Takk for tipset om chassi-bloggen, den ser veldig spennande ut, den skal eg nok lese litt (å nevne havregrøt i bloggprofilen sin er jo ganske kult da :D).
      Da snakkar me virkeleg om subkultur.

      Ein annan subkultur i grøtverden er ikkje-bloggande økologiske agronomelevar og deira pårørande.
      Det tok meg over 10år å koma over den over supersunne (men ikkje så veldig gode) havregrauten deira, til eg fann meg min eigen variant eg likar.
      Skal ikkje sjå bort at eg sprite den opp litt meir eg au (kanskje ikkje i bokstaveleg forstand, sjølv om havregraut med f.eks.Baileys kunne jo smake? Eller sånn kokos- eller bananlikør??? :D)

      Eg trur eg held meg til den gode enkle variante enda ei stund...i alle fall sånn til dagleg :D

      Slett
  2. Havregryn (store nå, den siste tiden), vaniljeproteinpulver, litt vann og melk, julekrydder (iherb), kardemomme og salt. Etter at den er varmet i mikroen (tar alt for lang tid med gryter og slik :p), så blander jeg i litt toffe -og vaniljestevia(flytende), før jeg tilslutt har på kanel og sukrin(!). Det er min beste oppskrift på havregrøt, slik jeg liker den ;)
    Smør (fett) metter jo godt, så det er ikke rart du føler deg mettere med litt smør oppå. Godt er det også!
    Og hvis du ikke har prøvd jordbærsyltetøy og kanel oppå (nesten som armetiddere!), så er det også å anbefale! :)

    SvarSlett
  3. Ååå vaniljeproteinpulver, kva bruker du da? Eg er nemleg tom for slikt akkurat nå - savnar min proteinshake med vaniljesmak etter trening nemleg...

    Hm ja eg har stevia i pulverform, for eg har tenkt at det ikkje er spesielt blodsukkervenleg med så mange lettekarbohydratar... Sukrin derimot har stått urørt i skapet mitt lenge, for eg synst ikkje smaken er god :/

    Men din versjon høyrest ellers god ut, spesielt med vaniljeinnslaget!
    Jordbærsyltetøy og kanel?
    Ja det høyrest merkeleg ut, så det har eg lyst til å smake!
    Armeriddere ja, det er det evigheter eg har laga, det kan kanskje vera eit godt lunsjalternativ også...?
    Korleis lagar ein desse igjen.
    Kanskje må du blogge litt om det? :)

    SvarSlett