27. november 2013

♫ "Jeg syklet tur i skogen, og søkte skogens ro." ♫

Det går fortsatt an å sykle!
Akkurat idag var det jo faktisk heile sju varmegradar og opphaldsvêr, men også siste veka då det var kuldegradar, så tok eg meg ein sykkeltur i skogen.

Spesielt etter at den nye Hardrocx'en har kome i huset mitt så blir eg heile tida frista til å sykle, for sykkelen er så mykje lettare enn den gamle.
Både med tanke på vekt, men også sidan alle delar er fortsatt nye og velsmurte.
Eg elskar rett og slett å sykle med den!
Med den låge vintersola gjennom trærne var det ein kjempefin stemming i skogen.
Stiane var tørre, og det var berre delvis is.
Det er ikkje farleg med isete partier på stien, ein må berre passe på at ein ikkje bremser, svinger eller tråkkar.
Berre la sykkelen trille over ;)
Eg må ha sykla gjennom halvfrosen mose, for då eg kom opp på toppen av ein lang bakke, då var det is på felgen. Kjekt at eg fann ut, for med felgbremsar er det viktig å bli kvitt isen før ein set utfor igjen.
Ellers er jo bremseeffekten minimal...
Is på felgen! 
Det er ganske effektiv kondis- og styrketrening å sykle i terrenget. Spesielt med lange mot- og utforbakkar slik som der eg sykla.
Blir stien for bratt, er det jo god trening å dytte sykkelen. Eller bære den.
Terrengsykling kan bli trening for heile kroppen!
Pussig at motbakkar aldri ser bratte ut på bilder...
Stort sett gjekk det an å sykle både oppover og nedover. Og måtte eg av sykkelen, så bar eg den vidare. Det er god trening det også.
Ellers er læringskurva mi for stisykling også ganske bratt, for der eg tidlegare ikkje turde å sykle, kan eg nå med riktig teknikk koma meg heilskinna ned.
Eller opp.

Eg er så glad for at eg investerte i ny sykkel altså!
Har blitt skikkeleg glad i den!
Den nye Hardrocx'en min, aka "Black Beauty"
"Black Beauty" er jo ikkje berre svart, og med litt oransj på ramma så passar den perfekt inn i haustskogen:
Heile økta varte berre i ein knapp time, men jaggu er det effektiv trening, eg trur eg var bort i alle fem treningssoner!
Eg heldt også varmen godt,  heilt til sola var i ferd med å gå ned, for då droppa temperaturen fort.
Tærne mine var iskalde då eg kom meg heim!

Sjølv om eg gledar meg til snøen kjem, så synst eg det er HEILT TOPP at det fortsett er bart i skogen.
Hurra for haustsykling!
Kan ikkje motstå så fine forhold altså..

23. november 2013

Fem stjerners ull-BH!

Ja så er det blitt frostgradar ute, det er blitt meir vinterlandskap her, og då kjem so alltid spørsmål opp om ein skal trene i kuldegradar eller ikkje.
Det skal ikkje eg svare på.
Eg gjer dette, og om det er skadeleg eller ikkje, så får me sjå.
Noko juling må ein jo ta her i livet, og nokre fysiske frostskader er ikkje det verste ein kan bli ramma av (eg snakkar ikkje om tredjegradars forfrysning med påfølgande kolbrann og amputasjon, men det skjønte de vel?).

Men ein ting som bør tas alvorleg derimot, er puppefrys.
DET er ein ting me ikkje skal ha!
Nå er det så vidt eg veit ikkje blitt rapport fryseskader på puppane i følge vanleg trening i kaldt vêr, men nå har eg heller ikkje undersøkt dette nærmare (og skrekk og gru, det skal eg heller ikkje gjera i framtida).

Men som alle kvinner veit:
Det er ikkje moro å trene og mosjonere ute i kulda med ein iskald klissblaut BH som klistrar seg fast til huden og sug all varmen ut av kroppen.
Ull er tingen her, det er jo ikkje noko nytt?
Favoritten min: 100% merinoull
Sjølv om ullageret mitt er forholdvis godt fylt opp, så mangla eg heilt klart ein sports-BH i ull.
Den som eg hadde, frå Devold, er rett og slett blitt borte (liten og svart, lurar p kor den gøymer seg hen???).
Eg trengte ein ny.
Mange timar med surfing på internettes uendelege ullbølger gav ikkje noko tilfredsstillande resultat med tanke på pris, utforming og farge.
Men så snubla eg over Sport Collection Wool frå Pierre Robert.

Vanlegvis så er det gjerne blanda inn litt syntetisk materiale i ull-BHar, for å gjera dei meir robuste og slitesterke. Eg vil derimot berre ha rein merinoull, 100%.
Og det var denne:
Rett ut av emballasjen - merk at fargen er eigentleg meir lilla enn rosa -
det er innelyset som gjorde at den ser meir pink ut -
på det første bildet i innlegget er fargen meir riktig!
Bortsett frå strikken, så er den alts 100% merinoull.
Til tre hundrelappar var prisen veldig ok, synst eg, og i alle fall verdt forsøket.
Dessutan kunne eg støtte den vesle COOP-butikken på Gvarv, og eg har sans for å støtte butikkar på små plassar.
BH-en er utruleg fin, synst eg.
Lilla farge med turkisblå kontrastsaumar.
Eg kunne ikkje ha gjort det bedre!
Flate saumar.
Den består av to lag ullstoff, utsida er lilla, og innsida er blå. Men den er ikkje vendbar!
På innsida er stoffets maskeretning rotert 90gradar, noko som gir meir støtte, og den er også meir formsydd enn den enklare utsida:
Vrangsida - den er BLÅ. Ikkje sånn aubergine,
eit par sømmer går fint på utsida av puppane.
Den har klassisk sportsbh-design, med racerback og forholdsvis mykje stoff framme.
Den gir god nok bevegelighet for skuldrane og armane samtidig som den gir god støtte framme (nå har eg ikkje så altfor mykje å støtte ( "eplestørrelse - ei handfull" fekk eg høyre ein gong :D ).

Racerback - eit must for ein sportsbh, synst eg.
Eg testa BHen på tur med sekk i skogen, på løpetur, på sykkeltur (jepp, det går forsatt an å sykle), og under vanleg kvardagsbruk - og den bestod alle testar!
Mjuk og behageleg, eg gløymde rett og slett at eg hadde den på.
Eg har enda ikkje vaska den, faktisk, for den luktar forsatt ingenting.
Så eg kan ikkje uttale meg om korleis den tåler vask.
Den kan vaskast i maskin, men eg skal prøve å gjera det minst mogleg. Kanskje blir det heller ein forsiktig handvask, for å skåne fibrane mest mogleg.
Ikkje veit eg korleis den er etter lang bruk heller.
Men eg er optimistisk!
Flate sømmer som ein ikkje kjenner.
Det ser ut som eit skikkeleg kvalitetsplagg. Og ei ulltrøye som eg har frå før frå Pierre Robert har i alle fall vist seg å vera av god kvalitet.
Såpass optimistisk er eg til dette plagget at eg alt har bestilt meg ein BH til, i blå:
Eg har også bestilt denne! Eg MÅ berre ha ein til!
Fram til 31.12 dette året er det fraktfritt på alt i Pierre Rober sin nettbutikk (oi, nå følte eg meg igjen som ein slik sportsfashionbloggar, hihi), og hald dikkøn fast: denne helga er det 3 for 2 på alle ullplagg i nettbutikken til Pierre Robert. Hurra!
Men det er berre denne helga!!!!!
Så løp og kjøp!
Men bruk ull når du løper, for då fryser du ikkje så lett ;)

17. november 2013

Jakten på sola eller motbakketrening i fjellet

Uro!
Eg får ein sånn uro av og til når eg ikkje har vore på fjellet ei god stund og det er sol på ein nydeleg haustdag.
Spesielt rastlaus blir eg nå når det er sollaust hos meg etter kl. 11 (kjiiiipt berre altså æsj æsj æsj) og utsikten ut av stogevinduet frå sofaen ser slik ut:
Sol på toppen!
Vanlegvis så greier eg å roe meg ned igjen.
Berre fordi det er sol i dag betyr ikkje at det ikkje blir sol ein annan dag, og fjellet er der også i morgo, eller neste veke, neste år osv...

Likevel. Fjellet lokka i dag.
I tillegg var Lukas litt rastlaus han også (kan hunder virkeleg lese tanker? Eg sverger på at eg ikkje tenkte tur, men berre sofa sofa sofa :D).

Og før eg greidde å ombestemme meg, hadde eg tatt på meg løpetøy og -sko, pakka ein liten sekk med ekstra klær og var ut av døra.
Hattefjell ligg på 820 m.o.h., og eg kan gå rett heimanfrå. Eg bur på ca 150 trur eg (pinleg at eg ikkje hugsar det altså), så det blei ein del høgdemeter på veg til toppen.
Det var grusamt tungt.
Det er nemleg bratt opp til toppen.
Eg synst at Endomondo-høgdeprofilen blei litt for lyst og lystig og flatt, men Sports-tracker får fram sannheten av dagens motbakketrening:

Dei første 10min går eg alltid i tusletempo, då får Lukas tid til snusing og andre foretningar.
Så planla eg intervall: 1min løp, 1 min gange. Det har funka før.
Men det gjorde det ikkje i dag.
Eg var tung i kroppen og etter 10min blei eg berre meir og meir kvalm.
Ja ja, eg fekk berre da.
Treningsmessig har det nok omtrent like god effekt, for det ER bratt.
Ein får ein liten pust i bakken på ei lita myr like før stien til toppen (det vesle platået til venstre for toppen på høgdeprofilen), men ellers er det berre oppover.
Bortsett frå dei første 500m så er det heldigvis også sol på veg opp, så eg fekk full uttelling.
For ikkje å snakke om den DEILEGE FØLELSEN DET ER Å KOMA PÅ TOPPEN!
Det obligatoriske bildet på toppen.
Det var berre heilt topp å koma på toppen - sjølv om det blåste noko heilt voldsamt.
Men men, fram med vindbukse, -jakke og lue, så var det ok.
Jaaadaaa, ein ser jo ikkje lua eingong - men det blåste altså!
Eg skulle jo vise fram den fine lua eg har hekla, men det blåste så veldig, og eg var jo klissblaut på håret så det var ikkje så lett med fotograferinga.
Men men, her kjem den:
Merinoull frå Drops, hekla med faste stavar. Og eg har trynet fullt av rynker,
er nok ganske dehyrert tenker eg. Fiiiin modell hahah :D
Men det er jo lua som skal vera i fokus.
Det blei ingen lang pause på toppen, det var altså faktisk ordentleg kaldt, men eg tok meg tid til ein del bilder:
Sjølvportrett med Lukas er obligatorisk på topptur.
Home sweet home der nede - ser faktisk rett ned på den!
Lukas er blitt flink til å la seg fotografere -
men så får han jo også alltid ein godbit etterpå da :D
Eg er så glad i denne vesle løpesekken frå Salomon. Liten og lett men stor nok til litt ekstra tøy:
Ikkje-planlagt bilde (sånn er det med touchscreen på mobilen).
Eg er berre sååå glad at eg kom meg ut i dag. Eg blei i godt humør eg!
Snødekka og solfylte Skorve-toppen i bakgrunnen.
Ei god utsikt når eg sjølv står på ein fjelltopp!
Heile turen tok berre 2t10min, så det er overkomeleg.
Også når ein ikkje kjem seg avgarde før rundt kl 13...
Og så er det mykje meir moro å sjå solfylte toppar frå ein topp ein sjølv står på enn frå skyggelagte sofaen...
Motbakketrening som gir meirsmak, så dette skal gjentas!

14. november 2013

Choose An Activity!!

I det siste så har eg ikkje skrive spesielt mykje treningsdagbok, berre det mest nødvendige (og som regel heng eg etter ei veke med noteringa), og berre latt Endomondo registrere treninga.

Tidlegare så har eg brukt Sports-Tracker-app'en, og den har fungert veldig bra til å registrere treninga, spesielt løpeintervall.
Endomondo derimot, har ei veldig mykje bedre heimeside, mens eg synst app'en er berre heilt grei.
Dessutan diggar eg at det er så mange venner og bekjente/medbloggarar å finne på Endomondo, det er moro det! Og inspirerar!
Tidlegare så har eg brukt enda ei anna webteneste til å loggføre trening, og spesielt, til å lage løyper og lagre høgdeprofiler.
Det er mapmytri. Den finst også som mapmyfitness, mapmyrun, mapmybike, osv.


For moro skyld, og for å samanlikne app'ane, så skulle eg legge inn ei treningsøkt der. Og kva fann eg?
"Dog Walk"som eigen kategori.!
Kult, for det treng eg ganske ofte:
Choose An Activity! Dog Walk - check.
Eg skulle berre ha tall på kor mange dog walks eg har tatt sidan årskifte 2000/2001, det var da eg fekk Binna, og eg har nok gått tur omtrent dagleg, med få unntak...
Når eg først bladde litt nedover lista, fann eg utruleg mange aktivitetar:
Tenk om eg om nokre år kunne huka av alle aktivitetane på denne lista? Det hadde vore tøft, det!!!
Med så mange valgmulighetar kan ein vel ikkje klage på at ein ikkje finn noko treningsform som passar. 
Eg lot meg inspirere litt - samtidig som  eg trengte å styrke kroppen litt - men ikkje med klassisk styrketrening, men som ein "hike - hills - medium pack" - altså tur med sekk:
Choose An Activity!
Eg hadde 10kg i sekken og det var passe - tenker at det ikkje kjendest tungt, men eg vil heller starte sakte og så auke litt - kanskje med så lite som 1kg i veka eller noko slikt.
Det finst nok ikkje noko valg for "Hike - Medium Pack (10kg) - Dog (38kg) så eg laga min eigen:
Min eigen skreddersydd aktivitet.
Ovanfor er det forøvrig eit manipulert screenshot, dessverre så går det ikkje an å lage sine eigne kategoriar. Så det heile blei loggført med Endomondo.
Endomondo har forresten veldig fin grafikk - samanlikna med Sports-Tracker i alle fall (og er dessutan ikkje basert på Flash Player, så du kan bruke Endomondo på nettbrett, det kan du ikkje med Sports-Tracker).
Dette var Dog Hike - Hills - Medium Pack - økta mi. Den var utruleg moro, ein skulle ikkje tru det, men eg trivdest der, med litt tung sekk, og hodelykt, Lukas kunne springe fritt i skogen (det var mørkt og då ser eg om det er folk i skogen frå lang avstand- og kan rope Lukas inn til meg så han ikkje overfallar turgåarar i rein begeistring).
Moro med ein liten "hike" med Lukas, og sekk i skogen. Også på ein vanleg måndagskveld i november!

11. november 2013

Dagens antrekk

Eg kan av og til skjønne desse "fashionbloggarar" som legg ut "dagens antrekk" eller "dagens outfit".
Sjølv om eg ikkje kunne tenkt meg å berre blogge om mote.
Samtidig så kjenner eg meg litt igjen i korleis det er å bli glad av å ha på klær ein likar.

Dagens outfit.
Eigentleg så trur eg nemleg at eg har kanskje litegrann fordommar mot dei som bloggar om outfit, mote, interiør osv, fordi eg synst dei virkar så overfladiske.
Men det er kanskje ikkje så ille å vera overfladisk?
For det skadar jo ingen andre, eller?
Kunne det ikkje vera morsamt å legge ut "dagens antrekk" i bloggen her av og til?
For moro skyld?
Hmmm eg fann ut at eg måtte prøve dette der litt sjølv, for å finne ut om dette.
Så då gjorde eg det.
Det som var eigentleg mest interessant av "outfiten" (bortsett frå den pene hunden) er jo eigentleg lua, som eg laga sjølv, og som eg er så super fornøydd med, men så tok eg ikkje nærbilde av den. Og så tok heile den der dagens-outfit-lagre-bilde-klipp-og-lim-prosessen så lang tid (spesielt når PCen helst ikkje vil køyre fleire program samtidig) at eg gjekk litt lei undervegs.
Eg skulle jo sjølvsagt hatt med ordentleg navn på klærne, kor hen dei går an å få kjøpt, pris, osv, men som sagt, eg gjekk litt lei - og begynte å få dårleg tid.

Artig var det  - men eg står igjen med spørsmålet i meg "Koffor?"
Eg ville heller ha tatt for meg eitt plagg av gangen, og skrive ei lite vurdering av den, med tanke på kvalitet og bruksområde osv, det synst eg er meir moro å skrive om. Dessutan kjenner eg eit stikk av "skryt" når eg legg ut bilder av dyre klær (og Norrøna er neppe billig).
Men dei som kjenner meg veit jo at eg ikkje akkurat kastar pengar ut av vinduet, og kjøper masse ting heile tida, og at eg er opptatt av kvaltitet når eg først skal kjøpe noko.
(Eg er dessutan ein racer på jakt etter tilbod og rabatt, ei bivirkning av mange år som student :D).-

Men fasiten blir altså:

  • eg blir neppe ein fashionbloggar
  • det er litt moro å blogge om utstyr, men
  • da skal det vera meir enn berre bilde + navn
  • eg treng ein ny PC viss eg ikkje skal bruke fleire timer på bildebehandling
  • "dagens antrekk" er ikkje så overfladisk som eg trudde, det tek tid å lage
  • det er moro å vise fram fine klær eigentleg,
  • spesielt når ein berre går rundt i joggebukse/turbukse/goretexsko/softshell- eller fleecejakke
  • samtidig som det er rart
  • å ikkje vera fashionbloggar betyr ikkje at ein ikkje kan blogge om dagens outfit
  • aldri (ALDRI!) google på "fleece" + "Norrøna" + "pink" for då får du så mange treff på kult utstyr at det er heilt umogeleg å la vera å kikke litt på desse
  • hadde eg hosta fram forskjellige dagens outfit som denne ovanfor, hadde eg blitt mange tusenlappar fattigare (og dei tusenlappane har eg ikkje ein gong :D) for Norrøna kostar flesk, sånn er det berre - men fine plagg er det jo (forresten så fekk eg jakka til 70% av halv pris, buksa er kjøpt med rabatt på den lokale Intersportbutikken, Janus ulltrøya kjøpt på "bui" i Øyfjell til nedsatt pris, skoene var halv pris, you get it :D)
  • ==> eg trivst nok best å blogge om heilt andre ting enn dagens antrekk
Ellers?
Eg har faktisk greidd å løpe heile 3x gonger igjen den siste veka.
Eg har ikkje brydd meg om å vera motivert eller ikkje. 
Eg skulle berre ut og løpe - ferdig.
Ingen opplegg.
Det funka.
Endomondo eller Sports-Tracker app'ene fekk følge med undervegs.

Eg er også fortsatt i rute med The 30days plank challenge  - men om eg greier å fortsette med den, er litt tvilsamt, for 60sek virkar som den maksimaltida for meg for tida. Så 90sekund??? 120 sekund??? Hallo???
Planke - rett etter løpetur.
Men men - motivasjonen er der, så får me sjå!

4. november 2013

Sightseeing (-running).

Det er jo ganske praktisk å ha med løpesko og treningstøy når ein er ute og reisar, for då kan ein jo ta ein liten hurtig-sightseeing og sjå dobbelt så mykje som om ein hadde gått.

Sjølv om ein kanskje er godt kjent med severdighetane der ein bur, så kan ein jo likevel ta seg ein løpetur dit (dei er jo verdige å bli sett, ikkje sant, severdige).
Og kanskje ein oppdagar noko nytt på løpeturen?

Dei siste dagane har eg mest løpt på kvelden når det var mørkt, og då var det eigentleg godt å løpe og sjå på kjente severdighetar.
Sjøormtårnet for eksempel.


Tårnet er godt belyst.
Vegen dit går gjennom våtmarksområde, og ein går/løper tørrskodd på såkalla "kloppar".
Kjekt underlag å løpe på forresten. Faktisk ikkje glatt.

Eg tok ikkje bilder av tårnet frå utsida, men her står det meir informasjon om tårnet. Nettsida er forresten laga av elevar på ungdomskulen, og dei har laga ein tøff logo av sjøormen:

Trappane i tårnet er jo ei ekstra utfordring:
Løpe rundt fortast mogleg utan å bli svimmel. For tårnet er ikkje så stort i grunnflata. Det går tre eller fire trappetrinn og så skiftar ein retning.
Dette er sett ovanfrå ned. Mange etasjar!
Eg håpa på at GPSen skulle registrere min plutselege vertikale stigning, men det var ikkje så veldig merkbart på høgdeprofilen etterpå...
Lukas på tårnet - like blid som alltid 

Etter løpeturen var det tid for planke-challengen, som virkeleg visar seg å vera ei utfordring.
Sjølvdisiplinen min ikkje er så god for tida.
Men om eg ikkje er så disiplinert for tida, så er eg i alle STA nok til å halde på med denne.
For å motivere meg sjølv tek eg bilder av denne akk så slappe planken min av og til.
Her for eksempel, får eg god assistanse av Lukas:
Dog-assisted plank exercise, home edition.
Eg hoppa over planken i går, men tok den att i dag.
Så challeng'en blir nok lengre enn 30dagar.

Forresten så ser det ut på bildet som eg har digre skuldermusklar på bildet, men det er dessverre ikkje tilfellet, det er nok lyset som fallar inn litt på skrå. Men det hadde vore kjekt med slik veldefinerte skuldermusklar!
Kanskje får eg dei etter 30 dagar ???