Viser innlegg med etiketten kosthald. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kosthald. Vis alle innlegg

17. september 2014

Diagnose: Plantar fascitt

Da har eg vore hos legen på mandag og fått bekrefta det eg frykta:
Det er plantar fascitt som fører til smerten i hælen(e).

Det tok berre eit par trykk med legetommelen på riktig stad, og saka var klar.
Morsamt er det når eg diskuterar med legen min og han seier "Eg går ut frå at du har lest alt om dette her og kan det meste?" Eg nikkar.
"Ja for det er den fascia som festar seg i forkant av calcaneus, ikkje sant?"
Jepp eg nikkar.

Eg er jo anatominerd. Dessutan synst eg at det er viktig å vite mest mogleg om ein skade eller sjukdom når ein først har fått den.
Fotens knoklar er mangfaldig og har rare navn. Bortsett frå tærne.
Calcaneus er berre hælbeinet, det.

Så kva vidare?
For det første, så hadde ikkje fysioterapeuten min noko ledig time før om to veker.
Kjedeleg.
Min telefon-fjerndiagnose-fysio har nå hjelpt meg med "første hjelp" (mjuke sko, avlaste hælen, mange pausar, unngå hardt underlag, R.I.C.E (bortsett frå Compression kanskje), og intens lytting etter kva signalar foten gir meg etter aktivitet og justering av neste aktivitet deretter.
Okidoki.

Vidare skal eg vera meir nøye med kosthaldet.
Kosthaldet mitt er ikkje så usunt, det.
Men det som er usunt er at sjølv om eg får i meg ein del grønsaker, litt fisk, grovt brød og magert kjøtt (bortsett frå den ukentlege sommarkoteletten som eg berre MÅ ha), så får eg i meg alt for lite.

I sommar har eg hatt så lite matlyst at eg rett og slett har kjøpt meg matlyst på boks.
Jepp, Nugatti. Matlyst på boks, dei tullar ikkje, eit par-tre teskjeier med nugatti får vekk den verste sult-og kvalmefølelsen og ein får lyst på meir (av noko anna - for det finst grenser for kor mykje nugatti det går an å ete utan å bli kvalm).

Når det gjeld maten, så fokuserar eg nå på å få i meg nok protein (oppbygging av kroppens strukturar), vitamin (som er verktøyet til oppbygging av kroppen), sunt fett (som skal byggast inn i cellemembranen til mine flotte fantastiske nybygde kroppsceller i foten, og antioksidanter (minske antall frie oksidantar etter vevsskade).
I tillegg til den daglege tranen min har eg kjøpt inn magnesium og vitaminbjørner.

Dei seier at vitamin i form av kosttilskot har langt ifrå same virkning som vitamin i sin naturlege form (pakka ned i frukt og grønsaker) men eg prøver nå likevel. Om det så berre er placeboeffekten eg får ut av det, greitt for meg!
Magnesium er bra for musklane og støttar opptak av kalsium. Eg trur nemleg at eg ikkje får i meg spesielt mykje magnesium gjennom kosten, så då blir det tilskot.
Vitaminbjørner er faktisk veldig gode -
Mg-tablettane derimot var store å svelge altså!
Når det gjeld trening, så skal eg fortsette med styrketrening - men utan å belaste føtane.
Eg skal også gå bort frå 5x5 programmet (er jo ikkje vits når eg ikkje kan utføre knebøy og markløft som er ein vesentleg del av programmet), og trene heile kroppen med øvingar som ikkje stressar fotsolane og skuldrene (for venstre skulderen er også blitt kronisk vondt i sommar).
Styrketrening utan å belaste føtane
(sjølv om skulderpress er ikkje så bra for skulderen min heller for tida :P)
Eg har også meldt med på ein gruppetime med "mattetrening" som blir leda av ei flott og kunnskapsrik dame som også er fysioterapeut (som eg faktisk har fått behalding frå for nokre år sida). På den måten kan eg kanskje også drøfte øvingar som er godt eller mindre godt eigna for føtane mine.

Eg håpar at eg også kjem meg ut i terrenget på sykkelen, slik at eg får nyte det flotte haustvêret og -landskap, og får blodsirkulasjonen i føtane i gang (og for å "get away from it all" liksom).

Eg skal også lære meg å tape foten med kinesiotape eller annan form for støttetape, slik at fotbogen min, spesielt på høgre foten, får støtte, og skaden får ro til å reparere seg.

Når det gjeld fottøy så brukar eg mine best dempa sko (ASICS Nimbus) med to par innleggsålar som gir litt støtte og ekstra demping.
Eg har også funne fram igjen mine "anti-sko": frå MBT (Massai Barefoot Technology).

Ikkje dei mest kule altså, men i 2009 gjorde dei underverk for min vonde rygg.
Dei trengte eg då eg jobba på museum (Skieventyret) for fem år sida, og gjekk og stod i mange timar på betonggulv og ryggen slo seg vrang. Skoene gir faktisk også avlastning for hælen, sjølv om eg er usikker på kva dei gjer med leggmuskulaturen/akillessenen. For sistnevnde har gjerne med eit ord i plantar-fascittdiskusjonen.
Eg blir usikker kor bra det er å plutseleg få "+18% lower limbs activiy"
Eg vurderar også å kjøpe meg eit par Hoka One One sko, sidan dei har veldig mykje demping.
Og fordi dei er mykje finare enn dei MBT-sko eg har frå før.
Men dei er svinedyre.
Så eg skal sjå om eg ikkje kan oppdrive eit par som ikkje tømmer heile kontoen denne månaden...
Hoka One One Stinson Trail - dei har eg mest lyst på, men dei er svinedyre!
Så driv eg og masserar føtane mine og leggane, og prøvar å legge inn noko avspenning i løpet av dagen. Fram med yogamatte og lett tøying og strekking og avspenning.

I går kveld gjekk eg tur med Lukas og kjente at dette er problematisk, fordi anten så drar han meg i skulderen som også er overbelasta, eller i magebeltet slik at eg må halde igjen med beina.
Og da blir det anten vondt i foten eller vondt i venstremenisk-kneet.

Eg tok fram krykkene som avlastningshjelp i nedoverbakkane, men eg fekk det ikkje heilt til å avlaste høgrefoten. I alle fall ikkje mens Lukas med full intensitet og snuten i bakken drog med full styrke i vegkanten etter eit spor som ei flott tispe hadde lagt etter seg. Den luringen! Damejegar!

Legen min anbefalte meg også å unngå "hard" trening, sidan den nedsatte allmentilstanden min (eg har så lite å gå på i år) har bidratt til overbelastninga. Og ein utslitt kropp er lite effektiv til å bedre ein overbelastningsskade, sidan den brukar opp alle ressursar til å berre "vera til".
Inge fleire fjellturar for tida - i alle fall ikkje til fots og med sekk! :(
Han syntest at det var ein god idé å gå på foto-tur i staden for.
Fotografere kan eg også i nærområdet.
Ellers skal eg ikkje belaste føtane.
Så enkelt er det.
"Keep your feet off the ground".

Samanlikna med å ha ein leddbandskade i kneet (som eg hadde i vinter) så er det ikkje så veldig mykje eg kan gjera aktivt, dessverre.
Bortsatt frå "snille" aktivitetar som får opp blodsirkulasjonen utan å belaste føtane.
Eg kan ikkje gjenta kor mykje eg ser fram til at svømmehallen opnar igjen her!
Rusleturar med Lukas - med mange mange mange sittepausar og fotografering - det går an - med ikkje langs vegen på asfalt der tispene legg igjen sine duftmarkeringar!!
Ha ein fin skadefri dag folkens!

6. januar 2013

Fem om dagen - nokon som klarar dette?

Som eg sa tidlegare: det blir ingen nyttårsforsett.

Men så har eg tenkt at det er ein del ting eg burde ta tak i, og kanskje er begynnelsen av eit nytt år ei god anledning til å koma i gang.
Det som er har slurva mykje med dei siste året, er maten.

På grunn av nesten konstant kvalmefølelse har eg i periodar måtta ty til skikkeleg junk food.
Små pakker med nudlar, brus, eg maula pålegg, sjokolade, osv, berre det gjekk ned, var det greitt.
Eg har vore flink til å ete grønsaker tidlegare, men dei siste åra så er det blitt så vanskeleg!
Det kjennest nesten uoverkommeleg å få i meg noko sunt, bortsett frå juice og frukt.

Så var det fem om dagen, som Helsedirektoratet anbefaler.
Det virkar i alle fall som eit enkelt opplegg å følge.

Det står nok informasjon på nettsida til fem om dagen kva dette inneber, men kort sagt betyr det å få i seg fem porsjonar av grønsaker og frukt om dagen, halvparten frukt, halvparten grønsaker, og det skal vera fem forskjellige frukt/grønsaker.
Porsjonstørrelsane skal tilsvare det som får plass i handa di - og DET er da ikkje så mykje?
Pporsjonane skal vera rundt 100gr.
Så lite er ein porsjon tomat.
Meir bilder finn du på nettsida til5omdagen.

Hm.
Det høyrest såpass overkomeleg ut at eg skal prøve dette!
Akkurat sånne små cherrytomater er jo veldig godt, så dei kan eg godt ete dagleg, faktisk!
Sånne gule cherrytomater er jo fantastisk gode!
Ei tomat veg ca 10gr, og 10 slike er det lett å få i seg :)

Det gjeld på finne ut kva ein likar. Eg synst purre er godt.
Dette var min porsjon nr. fire av fem om dagen i går.
Når det gjeld samanheng mellom trening og kosthald er det forskjellige meiningar.
Det virkar innlysande at eit sunt kosthald påvirkar yteevnen positivt, ikkje sant?
Men forskning har faktisk ikkje kunne bevise akkurat dette, men heller ikkje det motsatte.

Det ser ut til å vera meir innvikla.
I ei av Joe Friels triatlonbøkene skriv han at det tydar på at kosthald ikkje har nevneverdig fysiologisk positiv effekt på yteevnen hos yngre triatletar, mens det har større effekt på eldre atletar.

Uansett, nå skal eg prøve å få i meg fem om dagen framover, så ofte eg får det til.
Andre som har erfaring med dette?
Er det lett å få i seg fem om dagen?

Bildet er rappa frå matportalen - ser jo deileg ut dette?