25. januar 2015

Back to basics!

Endeleg er forkjølelsen blitt betre.
Så nå er det faktisk moro å trimme!

Eg har tenkt tilbake på året 2014.
Det var treningsmessig og prestasjonsmessig ikkje så altfor mykje å skryte av.
Bøsprinten gjekk veldig bra.
Overgang frå sykling til løping på Bøsprinten 2014.

Grunnlaget mitt var ganske dårleg med sidebandsskade i kneet frå januar til mars, slik at løpetreninga mot Bøsprinten var reine skippertaket.
Så tok formen seg opp, og både tung styrketrening og tempotrening gjennom april-juni var kjempemoro. Men formen totalt sett var ikkje god, og etter at eg måtte avlyse Haugesund i juli så skjønte eg høss sliten kroppen eigentleg var.
Så dukkar smertane i hælen og under foten opp etter ei vekes fjelltur på 6mil og ein del toppturar i august-september, og plantar fascitten var eit faktum.
Resten av året var rehabilitering.
Provisorisk laga balansepute: to sitteunderlag oppå einanna på ein planke, då blir det tåhev mens eg lagar mat.
Statusen nå er at føtane mine har blitt bedre, i alle fall den såkalla "plantarfascittfoten" min, som eg kalla den høgre, sidan den er verst. Men den venstre har faktisk også begynt å sei ifrå.

Men alt i alt så går det bedre.
Med nesten fire veker tvangspause sidan romjola pga forkjølelse og bihulebetennelse så fekk vel føtane nok kvile, og rikeleg med næring gjennom all jolematen. Med den støytdempande snøen så blei lufteturane med Lukas også snillare, og dermed littegrann lengre enn før.
Dårleg tid? Med hodelykt blir dagane lengre.
Men - kva skal eg finne på i år?
Eg kjenner at eg treng eit mål å trene mot. Om eg når dette målet, er faktisk ikkje så altfor viktig. Klart det er moro. Men om IM 70.3 Haugesund blei DNS i fjor, så den står berre på lista over ting eg skal prøve igjen.
Er jo ikkje verre?
Eg kjem meg ikkje ut av bygda utan å få skilt som visar vegen til Haugesund. Heilt sant! 
Så har eg tenkt å droppe konkurransar som involverar løping i år.
Ingen løp, og heller ingen triatlon.
I heile 2015.
Med mindre det dukkar opp ein veeeeldig sein triatlon og føtane har plutseleg som ved eit under blitt symptomfrie over fleire månader. Men det trur eg neppe skjer.
Dessutan er det slik ved ein ligamentskade (dvs skade på leddband, noko som den plantar fascien anatomisk sett er, og ingen "fascie") så er viktig å la skaden gro riktig, og dette skjer over lang tid, også når det ikkje er lenger smertefult å belaste bandet/foten.
Det betyr i praksis at om ein ikkje har hatt vondt i ein plantarfascitt-fot, så går det riktignok an å trene, men såkalla "kollagenremodellering" pågår fortsatt. Alt i forhold til skaden så kan denne pågå i eitt år og meir. Kollagenfibrane brukar tid til å bygge seg opp, og ikkje minst, så er det bruken av leddet rundt bandet (=foten) som bestemmar korleis bandet bygger seg opp.
Slik skal det bli - fine, arrangerte kollagenfibre. Bildet er frå Gray's Atlas for students.
Den plantar fascian blir kalla for plantar aponeurosis sidan den anatomisk sett ikkje er ei fascie.
Bandet blir f.eks. sterkare under belastning som f.eks. styrketrening. Spesielt nyttig er tåhev der ein også brukar god tid i senkefasen. Då blir kollagenfibrane strekt i riktig retning, dei blir påvirka til å legge seg slik at dei er sterkast.

Men nok om det.
Poenget mitt er at om føtane ikkje lenger er vondt, så skal eg gjera det beste for at føtane mine blir så sterke etter plantar fascitten som dei kan bli. Vanlegvis så er leddband etter ein skade aldri like sterke som før, men ein kan påverke dette i positiv retning ved å trene riktig.
Så det er dette eg skal gjera.

Fokus i år er altså basistrening.
Høyrest det kjedeleg ut?
Ingen kule konkurransar, fart og spenning, kule fargerike konkurransesko og skinnande temposykkel?

Joo da.
Det spørst jo alltid kva ein gjer ut av situasjonen sin.
For meg så er nok triatlonkonkurransar den største kjelden for motivasjon.
Så eg planlegg min konkurransesesong for 2016.
Rett og slett.
IRONMAN-koppar i skapet - nyttig inspirasjon og bra for motivasjonen!
Eg har veldig lyst på ein fulldistanseironman igjen.
Fulldistanse, altså 3,8km svømming, 180km sykling og 42,2km løping.
Og eg trur også at det er for min del meir riktig enn å gå for halve distansen eller enda kortare.
Da kan eg bruke tid til å bygge meg opp. Ingen harde økter, det blir fokus på lange (rolege) distansar.

Eit såpass krevande mål treng eg for å hente motivasjon til å trene eit heilt år med såkalla basistrening.
Eit morsamt, krevande og gjerne litt hårete mål, som eg har lyst til å nå, og trene for.
Og då er ein fulldistanseironman midt i blinken for meg.
Ironman® men det finst sjølvsagt også mange fulldistanseironman utan varemerket IRONMAN®
Treninga fram til denne består av mykje basistrening, mange lange løpe- og sykkelturar, forbedring av svømmeteknikk, riktig bruk av næring og restitusjon.
Ein kan ikkje jukse seg til ein fulldistanseironman.
I alle fall ikkje viss det skal vera ein positiv opplevelse.

Og DET har eg alltid som mål.
Å koma til start.
Å koma til mål.
Og å ha det gøy undervegs.

Så frå nå av startar eg saaaakte, dvs, mesteparten av trening er fokusert på riktig bruk av beina - føtane skal ikkje overbelastas. Turane skal ligge under 5km i lengda. Helst på snø.
Anten på beina, på ski eller på truger.
Ja eg har nemleg fått meg truger!
Eg har fått meg truger - og dei funkar! Det er moro å gå på trugar - faktisk.
Endeleg er heile skogen tilgjengeleg - uanett snødybde!.
Sykling er eit fint alternativ for trening som ikkje belastar føtane, men som utfordrar kondisen.
Men akkurat nå når det ligg masse deileg snø ute, så ser eg lite poeng i å sitte inne på sykkelen min og tråkke.
Kondis er viktig, men den skal eg etterkvart bygge opp ved å trene oftare, og ikkje hardare.
Treninga skal vera lett til moderat i intensiteten.

Styrketrening kjem også etterkvart, men først skal eg etablere gode rutiner på uthaldenhetstrening. Slik at det blir ein god vane å trene ofte, og restituere godt.
Eg skal også ha det moro, for den snøen ute, den inviterar til så mykje moro, og den er her ikkje for alltid, så den skal nyttas og nytas!
Det er moro med snø! Ikkje den du skal måke vekk eller skrape av bilen, men den som er fluffy og ligg i skogen, klar til bruk!
Så får me sjå kva triatlon det blir i 2016. Eg har mine favorittar og drømmar. Nokre av desse er veldig BIG and HAIRY mål med tanke på kor hen arrangementet er hen og kva det vil koste, andre har høg sjarmfaktor og andre er meir lettvint.

Det blir spennande.
Eg har kosa meg så langt med opplegget mitt.
Når ein skal begynne på skrætsj og auke veldig sakte, så får ein jo framgang heile tida, og det er jo gøy.
Eg kjenner i alle fall at treningsåret 2015 skal bli bra - uansett form og aktuelle og framtidige skadar. Eg er klar.

14. januar 2015

Skal du trene med forkjølelse?

Eg lurar eigentleg aldri på om ein skal trene med forkjølelse eller ikkje.
For eigentleg blir eg sjeldan forkjøla.
Eg kan faktisk ikkje hugse siste gong eg var forkjøla. Bortsett frå nå.

Det kom brått, i løpet av natta frå søndag, 28.desember til måndag, 29.desember.
Veldig vondt og sårt i halsen, rennande og tett nese, vondt i hodet.
Klassik.
Etter tre fine dagar med påbegynt "treningsoffensive" så såg det mørkt ut.
Men nei da, eg skulle ikkje la meg skremme.
Eg trudde eg var smart og tok og handla.
Sunn mat, appelsinjuice med C-vitamin, smertestillande og lettvin middagsmat, så skulle eg vera rysta til å ta opp kampen mot rhinoviruset.
Lukas har tatt på seg oppgåva som selskap og varmeflaske og pelsterapeutpleier.
Men forkjølelsen blei verre.
Den lette dyna blei bytta mot ein tjukkare variant og blei fast inventar på sofaen på dagtid, noko Lukas mottok med heftig begeistring.
Reint salig blei Lukas over å ha dyne på sofaen - han held den meir enn gjerne varm for meg når eg står opp!
I løpet av dei komande to-tre dagane så fekk eg riktignok ikkje feber, men litt høg temperatur, og blei fullstendig slått ut.
Nyttårseftan greidde eg å halde meg vaken, men måtte faktisk legge meg kl.23.50, for så å stå opp kl.24, betrakte rakettane frå kjøkkenvinduet og krype til køys igjen etter fem minutt.

Men eg stilte meg faktisk aldri spørsmålet om eg skulle ut og trene, for kroppen sa heilt klart ifrå at dette var noko tull og tøys, eg greidde jo berre såvidt å lufte Lukas i ein halv time.

Jaja. Men fokuset var nå enkelt. Eg heldt meg varm og godt hydrert og prøva å ete nok. Heldigvis var det masse jolemat igjen. Og sjokolade. Masse sjokolade.
Ei veke gjekk.
Hodepinen var ille, men med paracet kom eg meg ut på tur i skogen med Lukas, og tenkte med meg sjølv at om eg berre gjekk sakte slik at eg slapp å puste inn den vonde kalde lufta så veldig djupt inn så kunne det neppe gjera vondt verre.
Og eg tok med meg stavar - for ryggens skyld. 
Lufteturane gjorde ikkje vondt verre, og eg fekk i alle fall lufta hodet.
Men på dag 9 av forkjølelsen tetta bihulene seg. Dei maksillære. Dei som er like ovanfor kjeven.
Au.
Sinus = bihule; maxillary = frå maxilla (ovekjeven) 
Dette var verre. Dette har eg ikkje hatt på fleire tiår (er litt tøft å kunne sei dette, hehe, er gamal nok til å kunne snakke om fleire tiår :D).
Men ingen tvil.
Au.
Snørr og guffe i alle regnbogens fargar.
Ikkje sant, ein SER faktisk at eg har tette bihuler, ikkje sant????
Så blei det begravelse på dag 10, og det blei ein kald affære sidan kyrkja var overfull (det var 250 personar, slikt er den vesle kyrkja ikkje bygd for) og ikkje hadde plass til folk som ikkje hadde kome fram ein time for tidleg. Det blei for kaldt ute for meg og eg sat på kyrkjetenarens kontor. Minnesamvêret var heldigvis inne på idrettshallen (!), og snørr og tårer rann nå av to grunnar...

"Er det lurt å trene med bihulebetennelse?" trur eg neppe nokon har spurt seg sjølv. I så fall måtte vedkomande ha hatt tilgang til vidunderlege reseptbelagte fancy smertestillande piller.

For meg blei det berre enda fleire dagar med dyne på sofaen og korte lufteturar med Lukas.
Men - ut skulle eg, det var berre å kle seg godt (eg svetta jo uansett døgnet rundt, så eg kunne like godt kle meg godt og varmt ute) og koma seg ut.

Nå i dag er det forkjølelse dag 17 og bihulene har vore tette i ei veke.
Men det går bedre.
Eg knaskar paracet når det trengst.
Og driv nå med "lett" trening, dvs eg går ein tur i skogen med Lukas og later som eg er frisk, og held pulsen nede og brukar musikk, slik at eg i alle fall får følelsen av å ha trent, eg er nemleg i ferd med å bli s-p-r-ø!

Eg begynner å kjenne at eg treng den mentale pausen treninga gir, og er irritabel og rastlaus og i dårleg humør nesten døgnet rundt.
At det gjer vondt i skallen hjelpar heller ikkje.

Men tilbake til det eg kanskje antyda å skrive om ifølge blogginnleggstittelen.
Skal ein eigentleg trene når ein er forkjøla?

Det meste vanlege rådet er at så lenge symptomene held seg "ovanfor halsen" så er det greitt, men med symptom nedanfor halsen (dvs lungene frå bronkiene og nedover, og muskelsmertar i kroppen) så er det best å la vera.
Og uansett skal ein i såfall helst trene med låg intensitet.
Lukas aktiviserar seg sjølv mens eg har parkert stavane og slappar av.
Ein forkjølelse skjer når immunsystemet ikkje lenger greier å halde virusangrep (eller bakteriar, om ein er uheldig) under kontroll. Og immunsystemet er frå før ein ganske "kostbar" prosess for kroppen, slik at den nå har meir enn nok på gjera for å kvitte seg med inntrengarane.
Rhinovirus som forårsaker forkjølelse når det tek overhand.
Trening vil føre til at kroppen blir fratatt ressursar, og påført enda meir stress enn det den opplevar pga infeksjonen.
Så det virkar ikkje sårleg lurt å trene når ein er skikkeleg forkjøla.
Men folk får avgjera sjølv.
Når ein googler litt raskt om emnet, så er det ein gjengangar, både på norske eg engelsspræklege nettsider at det er greitt med lett trening så lenge det dreier seg berre om litt snørr og tett nese - anten før det brakar laus eller når ein nærmar seg slutten av forkjølelsen.
Denne fann eg. Var så kjekk. Det går bedre etterkvart sjølv om det kan ta tid!
Som sagt - eg var aldri i tvil då det var som verst.
Og eg er fortsatt usikker på kor lurt det er å var ute i ein time rundt null gradar når bihulene er tette og eg har hodepine og "ansiktssmerter".
Men før eg blir fullstendig gal og gå opp veggane her så er eg nesten nødt til å ta sjansen og lufte meg sjølv med "liksomtrening" - treningstøy, stavar, musikk på øyra, gel i lomma og GPSen er også med og slått på.
Då får eg mest nytte av turen.
I dag hadde det kome ny snø, så det var fint å gå i skogen, og det var ikkje lenger vondt å puste slik det var for 10dagar sida, så det verste er forhåpentlegvis over.

Eg føler meg litt frista til å gjera lett styrketrening i løpet av veka, men korleis vil bihulene like dette, tru? Turar med Lukas eller handleturar på beina er nok trening som det er, og det er visst slik at metabolsk sett så bryt kroppen seg ned uansett under sjukdom, slik at å bygge kroppen ved hjelp av styrketrening er ganske meiningslaust.

Men me får sjå.
Hald dikkøn friske der ute, med eller utan trening!