25. januar 2012

100 push-ups????

Nå kjenner eg at sakte men sikkert så slepper musklane i rygg og nakke, og mellomgulvet slappar av igjen. I dag har eg legetime så då skal eg diskutere med legen min vegen vidare framover.

Ellers så har eg tatt ein liten treningspause.
Eg blir jo så frustrert over dette muskelpanseret eg ber med meg, og som hindrar pusten på ein måte at det ikkje er moro å springe ute i det heile tatt.
Så då har eg  heller trent litt meir snowboardteknikk (dette er jo så fantastisk moro - og litt trening blir det jo faktisk, sidan eg køyrer på eit jorde her i nærheten, og tråkkar gjennom snøen opp att), og rusla tur med Binna.
Binna er med når eg står på brett. Ho spring ned bakken, og  gjeng opp att saman med meg. Ho synst faktisk at det er moro og begynner å bjeffe når eg somlar litt med bindingane på toppen av bakken. Herlege Binna :)
Dette er på Raudkleiv.
Mens Anne Ingvild tok heile tre rundar på ski i lysløypa, leika eg meg i bakken. 
Det har heller ikkje blitt noko styrketrening den siste veka.
Eg merkar at eg manglar litt mål når det gjeld styrketrening.
Det blir meir plikt enn moro.
Sjølv om eg skriv treningsdagbok ganske nøye, med vekt og antall repetisjonar, og dermed kan følgje med på min eigen framgang, så er treninga allikevel litt prega av "vedlikehald".

Muskelmasse skal eg ha. Så er det praktisk med litt styrke. Det ser også bra ut med ein veltrent muskuløs kropp. Det har god effekt på triatlontreninga mi. Det er kult å vera litt sterk. Det kjennest godt også.
Så det er mange fordelar.

For nokre år tilbake, då eg las litt om dei forskjellige styrketreningsøvingar på nettet, kom eg over denne sida:

Den gongen dreiv eg ikkje med noko målretta styrketrening, berre rein løping og litt sykling.
Eg blei heilt satt ut av tittelen. Heile hundre push-ups?
Er det mogleg?
For folk flest?
Hæ?
Eg elskar jo slike sprø utfordringar, så eg tok og printa ut det vesle heftet med seksvekers-programmet. Sat i gang. Det varte i éi veke.
Så blei det rett og slett litt for mykje/ofte for meg.
Du skal gjennomføre 3-4 repetisjonar tre dagar i veka.

Ja, eg skjønner det skal litt innsats til for å klare å koma opp til 100 push-ups. Spesielt frå eit magert utgangspunkt. Denne gongen så greidde eg meg opp til 10-14 push-ups, trur eg.
Så har eg aldri trent push-ups meir.
Eg synst push-ups krever ein innsats og ein styrke som eg rett og slett ikkje alltid greier å produsere.

Så då eg testa meg for ei veke sida, så klarte eg heile to (2!) push-ups. Så vidt.
Huff huff.
Men men, her er jo forbedringspotensiale stort, ikkje sant?
Så for andre gong, så har eg tatt og printa ut det vesle heftet.
Og for å vera på den sikre sida, så har eg også printa ut programmet for
- 200 knebøy
- 50 triceps dips
- 200 situps
Sånn, då er det formelle på plass ;)
Så når eg ikkje trenar styrke, så kan desse øvingane kanskje vera eit alternativ?

Viktig med god musikk når ein trenar styrke.

19. januar 2012

Årets første bad (ute)

Pusten er fortsatt ikkje tilbake.
I tillegg vakna eg i natt kl.4 og fekk ikkje sova att ordentleg.
Eg trur kanskje det blei noko smådøsing fram til eg skulle stå opp.
Mareritt, grubling, og ein uroleg kropp.

Derfor var det eigentleg heilt greitt at vekas torsdagstur for ein gongs skyld ikkje bestod av ein tur, men av eit opphald i ei utandørs badstoge.
Og ikkje kva som helst badstoge, men Sauna Vebekkdalen som er ein del av kunstprosjektet "Into the Landscape" rundt Seljordsvatnet.

Gruppa vår delte seg i to i dag.
Nokon hadde meir lyst til å gå ein tur, mens andre føretrekte badstoge.
Eg høyrde til dei sistnevnde.
Det hadde blitt fyrt opp i badstogas ovnen alt tidlegare i dag, så då me kom dit var det alt littegrann varmt.

Sauna Vebekksdalen - badstoga langs Seljordsvatnet -
bildet er tatt frå www.intothelandscape.no
Og med medbrakt ved og bøttevis med vatn var det ikkje lenge før temperaturen nærma seg 40 og 50, og noko over 50 gradar. Sånn ca.
Konstruksjonen til denne badstoga er litt spesiell, golvet er nemleg ope, og består av eit spaltegolv av tre, slik som det finst i ein del saue- og geitefjøs.

Me var fire stykke inne i badstoga, og tre av oss var ute og bada/plaska/plumpa i Seljordsvatnet heile tre gonger kvar. Og nydeleg var det!
Det hadde eg aldri trudd.
Eg som er slik frysepinne.
Mitt første bad. Bildene er limt saman av ein videosnutt som blei tatt.
Men det blei litt dugg på kameraet. Ikkje så dumt, då  ser det jo enda kaldare/tøffare ut :D
Og dukkerten var faktisk veldig forfriskande!
Berre isflaka i vatnet var litt skarpe.
Dette er isen på Seljordsvatnet sett frå undersida.
Pentax-kameraet mitt blei ekstatisk av denne  utfordringa. Kjekt med vanntett kamera!
Vatnet kjendest eigentleg ikkje så kaldt.
Det var berre føtane som fraus litt etterpå.
Og dei blei fort varme att inne i badstoga.

Dette gjorde godt for ein støl og sliten kropp og tynnslitte nervar.
Reine balsam!
Akkurat det eg trengte i dag.
Pusten har riktignok ikkje latt seg lokke tilbake med det same, men mellomgolvet fekk seg noko god trening mens eg tok ein dukkert i det iskalde vatnet.
Badeplassen vår. Me høgg hol i isen med øks.
Neste gong blir det større og lengre og djupare badeplass, det har me bestemt oss for alt nå!
Og for ein god følelse ein får i kroppen etterpå!
Nå skal eg jammen hugse på å ta meg ein tur i badstoga ned i svømmehallen her snart.
Det er jo så godt med varme nå på vinteren.
Og det gjer godt for stive musklar og eit slitent hovud...
Hovudet var litt mindre slitent etter fleire timar i badstoga...

18. januar 2012

Eg vil ha pusten min tilbake...

Den siste veka løp eg heile tre gonger.
Så ofte har eg ikkje løpt på mange månader.
Så har eg tatt to økter på snowboard (utan heis, dvs køyre ned bakken, GÅ opp att).
Dessutan har eg handla med stor sekk, og bore den 15kg sekken heim att (og eg skal ikkje ein gong til skrive kor mange høgdemeter det er, kor bratt bakken er - det er bratt).
Eg har gått tur med Binna kvar dag, om enn berre rusleturar.
Eg har hatt éin fellestur på torsdag der me gjekk lenge, om ikkje så langt.

På måndagen denne veka hadde eg ei avtale som eg grua meg til.
Eg grua meg faktisk så mykje at øvre rygg og nakke og spesielt mellomgulvet låste seg.
Pusten blei borte.
Mellomgolvet nektar å samarbeide, og dei auksiliære respirasjonsmusklene mine tok over jobben for det. Derfor låste øvre rygg og nakken seg.
Musklane der kjennest ikkje lenger elastisk, men som ein plastisk masse, modell-leireaktig.
På veg heim att frå møtet på mandag som eg hadde grua meg til i to dagar.
Overstått var det, men eg blei heilt ekstremt  utslitt av det. Utredning er krevande...
Huff det der er ikkje godt når musklane er støle utan grunn!
Og det er skikkeleg kjedeleg å ikkje kunne puste djupt og godt.
Eg blir så frustrert. Og det gjer det jo verre, for ved å undertrykke frustrasjonen min (det hjelper jo ikkje å vera frustrert, så då nektar eg liksom å vera det, og latar som ingenting...) så spenner eg enda fleire musklar.

Dette har eg fått behandling for sidan hausten 2007 gjennom psykomotorisk fysioterapi.
Den svært dyktige fysioterapeuten min har lært meg nokre avspenningsmetodar, og jobba med musklane mine i nakke, skuldrane og øvre rygg og fått meir "orden" i systemet.

Men sjølv om eg meir enn gjerne skulle hatt ein akuttime nå, så veit eg også av erfaring, at det ikkje nyttar å motarbeide spenningsnivået i kroppen utanfrå.
Når det har vore som verst, har fysioterapeuten tidlegare gjennom ein times behandling greidd å mjukne opp musklane mine og fått meg til å puste godt igjen, men etter endt time så har musklane som regel spent seg igjen etter berre få minutter, vanlegvis alt mens me sat og avtalde neste time.

Spenningsnivået varierar gjennom dagen og vekene, i ulik grad, og skal faktisk gjera det.
Fysioterapi gir lindring der og då.
Men å "bryte opp" denne aktuelle muskelspenninga ved hjelp av tøying gjer det heile verre.
Så trening hjelpar dessverre ikkje så mykje heller.

Det var som verst søndagsvkeld og heile måndagen.
I går, på tysdag, kjendte eg littegrann mjukare musklar på kvelden, og fekk til nokre gode djupe innpust med deileg gjesping...etter å ha tilbrakt to timar på sofaen under eit par varme teppe.

I dag så er det likeeins som i går.
Så eg har ikkje trent nokonting denne veka enno, og skal heller prøve avspenning.
Eg har riktignok sykla ned til sentrumet og opp att både i går og i dag, av praktiske grunnar, og det var deileg, for når eg blir så andpusten som eg blir på glatt føre i bratte bakkar, so kjenner eg jo ikkje dårleg pust. Pusten går jo ganske fort då uansett..

Så nå får eg berre ta tida til hjelp, så kjedeleg som det enn er....

15. januar 2012

Perfekte forhold for broddar!

Då var altså all den fine snøen som kom på måndagen og la seg som godt underlag på vegar og stiar, smelta til vatn for så å fryse til is att med ein gong. Med andre ord:
Perfekte forhold for testing av løpebroddar på krevande isete underlag!
Det ser ut som Seljord kommune sparar på strøinga her. Nokre få sandkorn her og der, men om det er litt blank is, pytt pytt. Etter torsdagsturen i Hjartdal blei dette tydeleg, der borte var vegane nesten svarte så godt var det strødd!

Men nå har eg jo fått meg gode broddar, og skal slutte å klage.
Broddane eg har fått meg er frå "Nordic Grip", og er bestilt frå XXL, i størrelse M, 37-41.
"Nordic Grip Running Brodder", bilde frå XXL.
Eg hadde så utruleg lyst til å springe ein tur på onsdag, så det var bra at broddane kom i posten på tysdag.
Først, så testa eg dei ute på tur tysdagskveld:
Ut på tur, aldri sur?
Kanskje når ein har gode broddar på  isen så ein ikkje sklir?
Som ein ser, så har broddane to ekstra reimar, slik at ein koblar forfotdelen saman med hældelen. Reimane blir trædd gjennom ein D-ring og så festa med borrelås.



Enkelt og praktisk. Legg merke til korleis reimane matchar skoene mine i fargen. Det syntest eg var kjekt eg :D
Det hjelpar at broddane er litt stilige i fargen.
Reimane virkar solide. Spesielt i motsetning til dei gamle broddane mine der borrelåsen ikkje var sydd på reim, slik at den faktisk knakk på grunn av materialtretthet. På Nordic Grip så har reimane kontrastsaumar i blå. Kan fortsatt ikkje tru at dei matchar løpeskoene så bra ;)

Mens det er fem piggar under forfoten, er det berre to piggar under hælen. Det er sikkert greitt nok det, men eg skulle ønske at det var fire her. Det er slik at i nedoverbakke så er det hælen som får kontakt med underlaget først, og kontaktpunktet er skosålen, og ikkje ein av dei to piggane. Så når ein går i nedoverbakke, så kan ein faktisk miste grepet eit øyeblikk, fram til forfotet møtet underlaget (dette er forresten ikkje noko problem når ein spring. I alle fall for meg som landar på forfoten).
Så her hadde eg ønska meg eit par piggar til. På flata og i motbakke derimot er det nok grep.


Piggane på broddane virkar solide. Dei er støypt (skrudd?) inni ein liten rundt plastbolt (blå) som så er festa i gummisålen til broddane. Det gir godt feste på både is og snø. Men ein ulempe er at dei BRÅKAR!
På rusleturen min tysdagskveld gjennom dei stille skogane i Seljord blei det faktisk ganske forstyrrande og nesten uuthaldeleg (ok, eg var eigentleg ganske trøtt og søvnig i utgangspunktet, så folk flest ville kanskje ikkje ha oppfatta knirkinga som så uuthaldeleg).
Men broddane gav godt grep i både oppover- og nedoverbakke. Veldig mykje bedre enn å gå sikksakk mellom isflatene.
Kveldshimmel som speglar seg i isen i hjulspor på eventyrøy.
Så var det løpeturen. Broddane skal altså vera laga for løping  fortel nettsida deira (www.nordicgrip.no):

"Den optimale løpebrodden gir godt grep i frasparket, solid friksjon under hælen og sitter som støpt på skoen. Denne brodden var ikke enkel å lage, siden underlaget man jogger på varierer mellom løs snø, hard snø, is og asfalt. Etter grundige tester fant vi optimalt antall pigger og ikke minst optimal plassering av piggene. Broddene festes med borrelås slik at de sitter som støpt på skoen. Broddene er laget i TPE og tåler ekstreme forhold og temperaturer."


For å unngå den bråkete knirkinga tok eg med meg MP3-spelaren og skrudde musikken godt opp, og dermed var bråke-knirkeproblemet løst (i alle fall for min del). Eg sprang gjennom skogen i både oppover- og nedoverbakke, og så eit godt stykke på dei dårleg strødde kommunale vegane her i Seljord, mest på gang- og sykkelsti.
Underlaget bestod for det meste av is i alle former og fasonger, med varierande mengder av strø av ulik kvalitet:
Bildet er tatt på Eventyrøy i Seljord. Å springe/gå her
utan broddar/stegjern kunne sanneleg vera eit eventyr...
Broddane var virkeleg gode å springe på. Eg slappa fort av, og stolte på det gode grepet. Det var faktisk mogleg å springe på is der det ikkje var strødd i det heile tatt, utan å sakte ned tempoet. Etter mi meining er broddane faktisk bedre til å springe med enn til å gå med.
Det var rett og slett herleg å springe på desse broddane!

Men - ærleg talt - eg lengtar etter meir snø - gode broddar til tross...
Det er jo slik eg gjerne vil ha det...

10. januar 2012

Motivasjon?

I dag kom eg meg endeleg ut på løpetur igjen.
Dei siste dagane kom det heldigvis ein del snø.
Om ikkje mykje, så var det i alle fall nok til å dekke isen og til at snøen festa seg godt, slik at det endeleg har blitt greitt å gå utan å risikere større skadar...

Treninga mi er fortsatt svært ustrukturert, og det til ein slik grad at eg faktisk har fått lyst til å plukke meg ut ein konkurranse til våren og sette opp ein treningsplan.
For moro skyld.

Men etter å ha trent/mosjonert tilfeldig så lenge som eg har gjort sidan halvmaraton i Oslo i slutten av september, kjenner eg at det er pussig korleis motivasjonen kjem, og forsvinn, og endrest.

I dag har eg hatt lyst til å springe ein tur.
Kor inspirasjone og motivasjonen til dette kom frå, var ikkje vanskeleg å gjette: Det var nok Marie som eg chatta med i gårkveld og hennes blogginnlegg som gjorde at eg aldeles hadde lyst til å springe på snø i skogen.
Utsikten på ein tur i deileg snø og solskinn fekk meg ut i dag.
Mens motivasjonen til å kome meg ut for å testa snobrettet mitt i går har nok lege der lenge. Heilt sidan jol. Så var snøen plutsleg på plass, og eg tok med meg Binna og brettet ut på det fine jordet her oppe som er passe langt og passe bratt og passe avsides, og leika meg i bakken.
Det var kjempemoro, og i og med at eg gjekk opp bakken etter å ha køyrd den ned, blei det samtidig ei lita økt for styrken i beina.
Snøbrettet mitt funka! Og sååå stilig er det også!!! 
På søndagen derimot var eg på skogstur saman med venner. Motivasjonen var ikkje vanskeleg å hente her. Skogstur med venner og fleire bikkjer og sjokolade og kaffe på termos i ein flott vinterskog i deileg snø høyrdest fint ut. Sjølv om eg var sliten i kroppen og vurderte å avlyse turen i siste liten. Noko som eg heldigvis ikkje gjorde.
Binna set pris på å vera fleire på tur.
Laurdagen trente eg styrke. Eg var nok ikkje spesielt motivert til akkurat dette. Styrketrening gjer eg rett og slett fordi eg veit at eg har godt av det. Og at effekten av styrketrening blir bedre når ein gjennomfører den regelmessig. Minst ein gong i veka, helst to. I alle fall når ein eigentleg driv med annan trening ved sida. Sjølv om eg var dårleg motivert, så kjendte eg at det gjorde godt, og dess lengre eg heldt på, dess meir moro blei det. Rart?

Det å ha motivasjon trur eg er kjempeviktig for å kunne gjennomføre trening som skal gje energi og helsegevinst. Det er viktig å vera klar over kva som motiverar ein til trening, aktivitet, og restitusjon. Kvifor trenar ein eigentleg? Kva er det som manglar av motivasjon/inspirasjon når ein ikkje trenar?

For nokon er dette ingenting å fundere over. Det finst menneske som sprudlar av energi og som glad og utan å tvile spring ein tur dagleg, syklar fem gonger i veka eller løfter vektar tre til fire ganger i veka. Året rundt.
For andre er dørstokkmila kjempehøg også framfor ein halv times rusletur i nabolaget.

Eg kjenner meg igjen i begge delar.
Og det har nok med helsesituasjonen min å gjera. På gode dagar er alt greitt, ingen tur for lang og ingen bakkar for bratte, og på dei dårlege så er funksjonen såpass nedsatt at ein handletur i butikken kan få fram tårene og utmattelse. Det å bere inn ved blir eit ork, og den ellers så deilege halv times lufteturen med Binna skulle eg ønskje at ho kunne ta aleine.
Binna aleine på tur? Nei stakkars -
heldigvis får ho alltid overtalt meg til tur -  uansett.
Så det er fint å ha vera klar over kva som får fram motivasjonen for trening og motivasjon. Både når det går veldig lett, og kva som gjer at ein kjem seg ut når ein helst hadde droppa det.
For det er kanskje når ein står og ikkje lenger veit grunnen for all denne treninga, at ein kan ta fram motivasjonstriggarane?
Kva var det eigentleg som var så moro ved å trene?

Det som Marie skreiv i blogginnlegget sitt om å "finne hovudet" synst eg også er alltid ein god grunn, og motiverar meg veldig ofte til trening. Spesielt ute.
Jepp - der fann eg att hovudet!
Etter 4,5km, 160 høgdemeter og  40min løping.
Det er deileg å fokusere på naturen rundt meg, på landskapet, på underlaget, på været, observere Binna og korleis ho opplever turen, oppdage nye stiar, nye plassar, fine utsiktspunkt, kjenne etter pusten, musklane som jobbar, føtane mot underlaget, svetten som kjem fram, mens hovudet tømmes for unødvendig ballast og blir "funne".
I alle fall for ei lita stund.

6. januar 2012

Tatt av vinden (Emil)

Då er det nye året snart ei veke gamalt, og det same er det siste blogginnlegget mitt.
Så kva har skjedd sidan?

Trenings- og helsemessig:
Inspirasjonen og motivasjonen er stor, men kroppen er ikkje heilt som den skal.
Psyken er heller ikkje som den skal.
Men eg bryr meg ikkje meir om dette enn at eg tek tida til hjelp og tek imot bedre dagar når dei kjem.

Eg har også brukt innfallsmetoden med stort hell den første veka i 2012:

Eg har tatt på meg dei breiaste turskiene mine og gått ein tur i skogen gjennom sørpe, slush, vatn, på brøytekantar, is og snø;
eg har sykla på føret som eg ikkje trudde det gjekk an å sykle på;
eg har funne nye vegar gjennom skogen;
eg har trent uthaldande muskelstyrke med tung sekk i skogen;
eg har rusla tur med Binna nesten kvar dag.
Med breie turski kan eg både gå på snø og sørpe og
slush  og... det blei nesten litt vannski også...
Vintersykling - blir det for bratt må ein berre dytte - sånn er det.
Ein snarveg gjennom skogen. Litt bratt,
men dette blir det god trening av!
Treningstur i skogen med sekk. Binna ledar an som så ofte.
Ein pust i bakken for min del - Binna undrar seg fortsatt
over dette. Pause? Igjen?
Vidare har eg pådratt meg to gnagsår på hælane: eit stort verkande, og eit lite ubetydeleg eit;
eg har blitt tatt av vinden/Emil og blitt slengt av sykkelen på blank is med påfølgjande mørbanka kropp;
eg har overstrekt muskelfibrar i min venstre laterale deltoideus-muskel ved å bera ein tung og diger søppelsekk 500m til vegen på ski (med berre venstre arm).
Emil.
Her er mine "semi-slick" terrengsykkeldekk - laga for fart samtidig
som dei gir litt grep i svingar og på varierande underlag.
Klart at ein ramlar på isen ved første vindkast med desse dekka,
med så lite mønster!!! 
Eg synst det er heilt greitt å vera støl etter å ha trent.
Men i går så kjendest det virkeleg som om kroppen min protesterte sterkt mot det eg hadde gjort mot den dei siste dagane. Det verka noko heilt vanvittig i både beina og armar og skuldrar og mage og nakke og eg visste nesten ikkje kva eg skulle gjera av meg.
Det hjelpte heldigvis å ligge stille på sofaen med varmeflaske og fleire fleeceteppe og putar og ein snorkande labrador i fotenden foran TV.
Min forklaring er at motbakkeskituren på tungt føre på tysdag, kombinert med sykling med 10kg sekk, fallet av sykkelen på isen og ein torsdagstur på flatt og einsformig underlag var rett og slett litt for mykje for kroppen min.

I dag kjennest det bedre.
Og heldigvis så er kroppen min sjeldan langsint og sur. Den tilgir fort.
Men sjølv om sola skin ute i dag, og det lysar i snøen på dei kringliggjande toppane skal eg venta til helga med fleire sprell.
I morgo er det meldt meir snø og den treng me virkeleg. Ikkje minst for at det skal vera mindre hardt å ramle av sykkelen for sånne sprø vintersyklistar som meg, som i rein stahet skal vise at det også går an å sykle på snø og is med "vanlege" dekk, berre ein er forsiktig (noko som stemmar også, så lenge ikkje Emil er ute etter å blåse meg av sykkelsetet).

God helg!