Så i dag blir det berre eit lite innlegg om dagens treningsøkt (i staden for "dagens antrekk", som ikkje var noko å skryte av akkurat, haha).
Eg kom nemleg også til å tenke på at det er bra for motivasjonen å gje seg sjølv ros for gjennomført treningsøkt. Eller mosjon. Eller tur. Ikkje sant?
Eg måtte finne fram boka eg begynte å lese tidlegare i vår (og som sidan har lege stille og fredeleg i bokhylla), The Triathlete's Guide to Mental Training. Der står det bl.a. i kapittelet "motivation" (s.33):
"Recognize your accoplishments. [...] After every workout, stop and take stock of what you've done. [...] Reind yourself of your effort and discomfort, all in the name of greater strength, speed and stamina [...]".
Kort sagt, tenk over kva du gjorde, og til tross for anstrengelsen, tenk på at du er eit steg vidare på veg til auka styrke, fart og stamina.
Så i dag hadde eg i grunnen ein ganske lat og doven sundag.
Ute blåste det friskt og det var snø i lufta.
Men Lukas skal jo ut uansett, og det virka faktisk meir fristande å løpe i vinden enn å gå.
Eg skulle berre springe ein kort tur, altså rundt 5-6km, mellom 30 og 45min (det tar lang tid når Lukas er med, det blir ein del "stopp & go" for å etterkome behova hans).
Første stopp ved Granvin kulturhus.
Når det først heiter kulturhus, så måtte eg for ein gongs skyld stoppe og ta bilde av noko kultur på utsida:
Innstøypt nevron. |
Ikkje sant?
Hmmmm... ei hand? Symbol for cellelegeme kanskje... :D |
Utsikt mot fjellet - med snø og vind. |
I dag var det nesten berre bruntoner ute. Men det var fint. Denne her var så fint rufsete. |
Ok, denne gongen var det eg som ville stoppe - så fine fargekladdar i det haustbrune måtte eg berre ta bilde av! |
Det er ikkje så mange blomar igjen ute nå - men desse var heilt nydelege! Det blei ein lengre foto-stopp:
Jepp - sånne vil eg ha neste år! |
Godt med litt frisk farge nå på hausten! |
Screenshot frå dagens løpetur frå Sports-Tracker - blått er stigning, gult er fart (haha fart). |
Såå fin! |
Dagens treningsøkt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar