31. oktober 2013

The 30 Days Plank Challenge

Nokre titler høyrest berre bra ut på engelsk.
Eller betre, i alle fall.

Eg snubla over ei statusoppdatering til ein FB-venn som kom med dette.
The 30 Days Plank Challenge.
Då eg googla litt på dette, så fann eg denne utfordringa på fleire arenaer.

Utfordringa går på å ta planken nesten kvar dag over 30dagar, der ein startar med lengda på øvinga på 20 sekund, aukar litt og litt, til ein slutt skal kunne greie å halde planken i fem minutt på dag 30.

Eg har litt sans for sånne utfordringar.
For det første, så er det avgrensa i tid. Det er ingen livsutfordring, liksom.
Så det går over. Bra.

For det andre, så er det enkelt.
Det står der jo kva du skal gjera, for kvar dag.
Altså, eg slepp å lure på kva eg skal gjera, kor mykje, kor lenge osv. Bra.

For det tredje, så er målet for min del hårreisande. 300 sekund er FEM MINUTTER, det hadde eg jo ALDRI klart i dag.
Min besttid på planke er rundt to minutter.
Men eg anar ikkje kor god haldninga då var.
Og nå om dagen, så greier eg kanskje rundt eitt minutt.

Det er altså eit spennande mål som vekker nysgjerrighet hos meg: Kan eg klare dette???

Akkurat denne utfordringa tar lite tid pr dag, du treng ikkje skifte, koma deg ut, dusje etterpå osv (jaja, etter dag 20 så trur eg at eg blir nødd til å varme opp før planken, det burde ein forresten gjera uansett, og etter over tre minutt planke så trur eg at svetten kjem til å renne i strie straumar, men men, den tid den sorg!):


Eg tjuvstarta i går, for eigentleg så tenkte eg at det kunne vera morsamt å starte dette 1. november. Men så blei eg så ivrig (det er jo bra, motivasjonen er på plass).
Dessutan er eg ganske anspent for tida (ein del ubehagelege men viktige møter for tida har skylda), og planken reduserar spenninga i kroppen ei lite stund.

Øvinga planken består jo av å halde kroppen i spenning, og ein kjenner jo etterpå kor godt det er å la kroppen plaske ned i underlaget og ligge ei stund der som eit slakt, det er jo ein herleg følelse!
Om eg har nok sjølvdisiplin til å gjennomføre utfodringa, er eg usikker på.
Men men, det går an å prøve.

Nokon som tør å ta utfordringa???

26. oktober 2013

Løpetur eller paracet?

Av og til så skulle eg ønske at det fantest ein app (for det finst ein app for det meste, ikkje sant?) som fortalde meg om eg skal ut og trene/løpe osv, eller ikkje.

Nå finst det faktisk ein slik app som fortel deg basert på faktorar som ein tidlegare har plotta inn (kvilepuls, muskelstølhet, osv), om du er restituert til ei ny treningsøkt eller ikkje.

Men i mitt tilfelle så kjenner eg at sjølv om formen om morgonen er god, så kan det skje mykje i løpet av ein dag, og då er det ikkje lenger godt å vite kor "lurt" det er å trene.
Slik var det i går.

Då eg kom heim så fekk eg hodepine med ein gong.
Blei sliten, uopplagt, i dårleg humør, sulten men for trøtt til å lage ordentleg mat, for oppjaga til å slappe av.
Det blei TV.
Av og til hjelper jo det.
Ein får ein liten pause.

Ikkje i går.
Eg ville berre sova.
Eg greidde ikkje å finne ut om det var hodet mitt som var slitent, eller kroppen, eller begge delar.
Eg hadde ikkje trent på eit par dagar, så det hadde heilt sikkert ikkje skada å løpe ein tur.
Lukas skulle jo ut uansett.
Men eg orkar jo ikkje!?!

- Ok, nå reisar eg berre ut på tur. Tenkte eg.
Eg reiste meg opp og gjekk for å skifte (som gjorde at Lukas blei superlykkelig - dette var jo på tide!).
Men då eg nærma meg senga mi så stupte eg berre rett ned på den.
- Hmmm ja dette var mykje betre enn sofa enn TV. Kanskje treng eg berre å sova bittelittegrann?
Eg kjendte at beina slappa av, mens det virka som samtlige musklar i nakke og hodet berre spente seg enda meir. Hm.
- Eg har jo så vondt i hodet, kanskje skal eg ta ein paracet, så blir det bra?
Tenkte eg. Men samtidig kjente eg korleis pulsen steig.
-Nei nå får eg høg puls, er vel heller ikkje bra dette. Kanskje skal eg heller løpe vekk hodepinen?
Eg såg for meg ein liten halvtime.
På med løpetøy (Lukas blei igjen superlykkeleg,sjølv om han også hadde lagt seg godt til rette i senga), løpesko, refleks, hodelykt,vpå med GPS, Sportstracker på "Start workout" og ut bar det.

Det begynte akkurat å regne.
Men det gjorde ingenting.
Eg kjente med ein gong kor godt det var å kome ut, kjenne lufta, musklane som jobba i kroppen, lungene som utvida seg og spela på lag. Gatene var nokså folketomme og Lukas galopperte lystig ved sida og var heller ikkje så ille til å dra.

Det blei 30min jogging. Og så gjekk eg den siste bakken heim att i 10min, for å få ned pulsen og få strekt muskulaturen på baksida av beina. Og for at Lukas skulle få snust litt.

Eg kjendte etter: hodepinen var borte.
Den kom heller ikkje tilbake den kvelden.
Eg kjente meg også litt oppstemt og fornøyd.
Litt god og slapp.
Kosa meg med te og punsjbollar og TV og internettsurfing og Lukas ved sida av meg på sofaen.
Litt betre.

Eg trur eg må hugse på at ta min ukentlige dose.
Framover.
Og nyte bivirkningane!

22. oktober 2013

Tradisjonell mikrobølgehavregraut

Etter så lang tid med ein mage som har reagert dårleg på all slags mat har eg måtte finne på noko som magen min tolte.
Havregraut har alltid slått meg som DEN magevenlege maten.
Men eg er ikkje så glad i graut.
Det tek lang tid å lage den  - ein mår røre i den heile tida - det blir mykje oppvask etterpå - ein blir berre mett i ein halv time og så sulten igjen - ikkje akkurat superfood eller kva?

Så då kom eg på mikrovarianten av havregraut.
Idéen har eg frå ein ekte geitebonde frå Vinje i Vest-Telemark, så dette er ikkje noko nymotens greier, hehe. Tradisjonell mikrobølgegraut liksom!

Framgangsmåten er følgende:
Hell havregryn (helst lettkokt) i ønska mengde i ein djup tallerken, ha litt salt oppi (viktig, ellers smakar det ikkje noko, synst eg), sukker etter ønske (eg likar grauten søt), ha vatn oppi og rør godt til alt er godt gjennomblaut og salt og sukkeret oppløyst.
Ha kanel oppå.
Skjær eple i tynne båter og fordel jamnt over.
Ha litt ekstra kanel sånn for pyntens skyld.

Ha i mikroen i to minutter på full fart (eller eksperimentér deg fram).
Ferdig.
Ha eventuell ein smørkladd i midten eller der du måtte ønske det.
Eg må innrømme at eg har aldri før likt smør på graut, men eg kjenner at eg får større metthetsfølelse med litt smør i midten.
Eg brukar såpass lite vatn i forhold til havegryn at konsistensen ikkje blir spesielt flytande. Den blir nesten gummiaktig, men med passe mengde vatn så minner konsistensen om for lite steikt kake (og DET er jo godt!).
Og med eple oppi og sukker og kanel så smakar det nesten som eplekake!
Frå nå av skal eg ha enda meir eple oppi (på bildet er det eit halvt eple - det kan godt bli eit heilt).
Den som er komfortabel med meir avansert matlaging kan jo ha rosiner og nøtter og slikt oppi. For min eigen del så held eg meg til den enkle varianten, sidan magen min ser ut til å tåle den godt.
Mandler hadde kanskje gått greitt, dei pleier å vera lettfordøyeleg.
Hmmm kven skulle tru at noko så "kjedeleg" som havregraut kunne bli så godt?

Blei litt fornøydd eg nå.
Og magen min også.
Det er bra.

20. oktober 2013

Dagens treningsøkt.

Nå har eg tenkt å blogge litt oftare.
Så i dag blir det berre eit lite innlegg om dagens treningsøkt (i staden for "dagens antrekk", som ikkje var noko å skryte av akkurat, haha).

Eg kom nemleg også til å tenke på at det er bra for motivasjonen å gje seg sjølv ros for gjennomført treningsøkt. Eller mosjon. Eller tur. Ikkje sant?
Eg måtte finne fram boka eg begynte å lese tidlegare i vår (og som sidan har lege stille og fredeleg i bokhylla), The Triathlete's Guide to Mental Training. Der står det bl.a. i kapittelet "motivation" (s.33):

"Recognize your accoplishments. [...] After every workout, stop and take stock of what you've done. [...] Reind yourself of your effort and discomfort, all in the name of greater strength, speed and stamina [...]".

16. oktober 2013

Mosjon og pust og haust og løping og slikt

Hmm det er jammen rart eg ikkje har blogga på ei stund nå.
Med heilt ny blogg så burde jo kreativiteten berre kunne slå seg laus?

Dessutan har eg fått trent/mosjonert ein god del også i det siste.
Dagane har liksom gått veldig fort sidan sist innlegg.

Eg har brukt mesteparten av tida med nesa djupt inne i fagbøker, slik som eg likar det best.
Så har eg prøvd å "jogge laus" pusten min.
Den låste seg nemleg litt igjen for eit par veker sida.

Og det er så ubehageleg og stressande og vondt at eg måtte gå i "offensiven".
Ein ting som ikkje hjelpar, er å strekke og tøye for å løyse opp dei musklane som har låst seg.
Så kva er det som hjelpar?

2. oktober 2013

Ein gresk halvgud til Hawai'i

Ja med ny blogg så har eg jo planar om å skrive om litt fleire tema enn berre triatlon, så nå kjem det eit lite innslag om gresk mytologi, blanda med hawai'ianske tradisjonar og mytar!

Neeeei da.
Eg har null og niks peiling på historie, så det skal eg halde meg laaangt unna.

Men dette innlegget her handlar faktisk om triatlon.