30. april 2014

Tre dagar igjen til årets første triatlonkonkurranse!

Jepp.
Det stemmer det.
På laurdag, så brakar det laus med vårens vakraste eventyr som det tidlegare blei kalla:
Eg hadde eigentleg ikkje planar om å delta, sidan kneet mitt nå eingong ikkje har vore brukande for litt ute i mars. Så eg trudde ikkje at eg skulle greie å løpe 5km i starten av mai.
Men det greier eg :D
Det var altså Helene sin idé, og same dag eg snakka med henne, så var eg også påmeldt.
Eg har deltatt fire gonger før, i 2007, 2008, 2009 og 2010.
ChiCqiloen i Bø i 2010. Ikkje min Iromansekk,
 men ein slik skulle eg få seinare same året, frå Ironman i Frankfurt.
Det var faktisk for fire år sida, i 2010, at eg tok min siste sprintdistanse.
Sidan har det berre vore langdistanse!
Så eg har ikkje så veldig store forventningar til farten min.
For sjølv om kneet fungerar ok nå, så kjenner eg løpesteget fortsatt er påvirka, og kondisen min er langt frå det den kunne vera.
Men alt i alt så trur eg at eg skal kome meg igjennom den greitt.

Når det gjeld svømming så har eg jo heller ikkje vore så ivrig/har kneskaden satt ein stoppar, så det har blitt heile to (2!) økter så langt i 2014: 500m i januar og 1000m i mars :D

Men i dag så tok eg faktisk ein materialsjekk, slik eg pleiar foran konkurransar.
Sjølv om det ikkje er så høgtideleg på laurdag, så har eg neppe lyst til å plutseleg få tekniske problem på syklinga.
Så i dag blei ChiCqiloen pussa og smørt. Ikkje vaska, riktignok.
Men pussa.
Nypussa og smørt Chicqilo.
Ja da, sykkellåsen skal av før konkurransen, og veska bak også.
Eg har også lurt på kva slags sko eg skal løpe i.
På ein sprintdistanse så har eg ikkje lyst til å bruke lang tid med å snøre skolisser. Så det må bli hurtiglissar av noko slag.
Hurtiglisser - det finst mange slag av dei .
Praktisk når det skal gå fort.
Eg har fortsatt blemmer etter mine to siste løpeturar.
Så det må bli noko anna enn ASICS Nimbus.
Valget falt på K-Swiss Kwicky. Og navnet seier jo alt: på sprintdistanse skal ein springe fort!
Mine konkurransesko: K-Swiss Kwicky med hurtiglisser.
Så var det tid for kombiøkt.
Eg skulle både sykle og løpe, og testa skoene med dei nye lissene i skiftinga.
Det blei

  • 11km (25min) sykling + 2,4km løp (12:10)
  • 8,5km (24min) sykling* + 2,3km løp (12:10)
* her måtte eg jo treffe på ein venn eg ikkje hadde prata med på ei stund, så eg tok meg ein deileg fem minutter pause her :D

Det var utruleg kjekt med ei slik kombiøkt.
Det var ikkje så tungt å løpe etter syklinga, men det har nok med løypa her å gjera, for eg starta i nedoverbakke med vinden i ryggen. Kjekt.
Nydeleg i vêr i dag også, sjølv om vinden var iskald
og eg måtte kle meg litt meir på sykkelen.
Pussig nok så var andre deløkt med sykling + løp ikkje tyngre enn den første. 
Skiftinga mellom sykling og løp tok 35sek og 25sek, mens eg tok meg litt bedre tid mellom deløkt 1 og 2, dvs 1min 49sek. 

Rask skifting skal planleggast! 
Moro var det!
Det blåste ganske kraftig, så pulsen blei nokså mykje høgare enn kva den har vore dei siste treningsturane.
Beina kjendest heilt ok, sjølv om eg trente knebøy igår med litt tyngre vekter.
Om ikkje kondisen, så var humøret i alle fall på topp.
Røsa stæsj hjelper også!
Noko som også er viktig å teste før ein triatlonkonkurranse, er svømmenbrillene.
Duggar dei? Er dei tette? Sit dei stramt nok, men ikkje for stramt?
Det får eg ikkje finne ut før under oppvarming på laurdag, men eg tippar og håpar på at svømmebrillene frå dei to siste øktene fortsatt funkar greitt.
Til alt hell så fekk eg ei diger levering av energigel i dag, og det er eg så glad for!
PowerGel Hydro frå Powerbar med kirsebårsmak. DIGG!!!!
På ein sprinttriatlon som berre varar til saman i rundt halvannan time (får me håpe) så er det ikkje nødvendig med mat/drikke undervegs eigentleg.
Men av erfaring kan det bli ein del venting mellom svømming og sykling, så all form for lettvin energi kan koma godt med i tillegg til niste, for eg går fort tom for energi for tida!
Det blei ei kjempemoro treningsøkt,
men måtte likevel flate litt ut på golvet etterpå -
og det er god restitusjon, det!
Eg er spent på korleis kneet mitt er i morgo, og korleis det har likt Kwicky'ane i dag.
Og ikkje minst - kva synst leggmuskulaturen mon tru?
Men eg har tross alt heile to dagar å restituere meg på, så det går bra.
Eg gledar meg faktisk til laurdag, for eg likar meg veldig godt i Bø. Eg flytta jo ikkje heilt frivillig derifrå den gongen, etter nesten sju år!
Så det blir gjensynsglede, både med Bø, gamle kjente (og ikkje minst - triatlonrivaler, haha, DET gledar eg meg også til, men kanskje meir om det etterpå) og venner.
Så nå er det jo berre å lade opp!
Lukas er alltid like omsorgsfull.
"Ligg du på golvet?  Du er svett. La meg hjelpe deg."

26. april 2014

Slå av hovudet og la beina gjera jobben!

Eg likar den nye tittelen på bloggen min bedre og bedre.
Triatlonterapi.
Mange påstår kanskje at triatlon er galskap (og då blir uttrykket "triatlonterapi" ei motsetning i seg sjølv, ikkje sant?), men då tenker dei gjerne på ironmandistansen på 3,8km svømming, 180km sykling og 42,2km løping.

Det kan jo diskuteras om dette ikkje er sunn galskap?
Men kva som er sunt og kva ikkje, er jo ganske individuelt, og kvar enkelt synst eg skal finne ut om dette sjølv! For me er forskjellige.
For meg så handlar triatlon om meir enn ein dagleg løpetur.
Det blir rett og slett litt terapi.
For hovudet.
Jada, eg er nostalgisk.
Eg greier berre ikkje å ta av startnummerklistremerkene frå Haugesund ifjor...
Riktignok, så er eg også innom det folk flest tenker på når dei høyrer ordet "terapi".
Bortsett frå at eg aldri har plassert meg på ein sofa/couch for å snakke.
Og eg har snakka med både psykolog, psykiatrisk sjukepleiar og psykiater.
Sistnevnde hadde faktisk ein liten sofa på kontoret, men den var alt for kort til å ligge på, til og med for meg som er berre "fun-sized" med heile 160cm.
Ein bieffekt av kognitiv terapi er at du finn nye og bedre
 (og morsammare) tolkningar av situasjonen din.
Eg har hatt og har fortsatt, god utbytte av samtaleterapi.
Sist i går.
Me hadde blant anna evaluering av terapitilbudet på dagsordenen, og teraputen min og eg kom fram til at opplegget fungerar bra og skal fortsettes.

Sidan samtaleterapi for min del skjer i gjennomsnitt kvar tredje veke, er det god plass for annan type terapi i mellomtida.
Og det er da triatlontrening kjem inn!
Med ein halvironmankonkurranse som mål i juli, så kjem eg meg lettare ut av sofaen for å løpe eller sykle, sjølv om kroppen og hovudet føler for å synke saman i sofaen med eit halvsløvt blikk, for trøtt til å gjera noko, og for sliten til å sova.
Påminnelsar i nærområdet som minner meg
på at eg skal til Haugesund til sommaren!.
I går på ettermiddagen hadde eg det akkurat slik.
Etter eit par timar foran TVen og PCen, tilsynelatande "avslappande" med litt mat og te, så ville ikkje hovudet gje ro. "Huff, så sliten eg er, eg trur eg tek meg ein løpetur." tenkte eg.
YES!
Det er akkurat denne typen tankar eg håpar å få når eg er sliten. Som alternativ til "Huff eg er så sliten og orkar ingenting."
Eg var klok nok til å la Lukas vera heime.
Ein ting er løpesko og frisk luft og vårsol, ein annan ting er å dra 38kg muskelpakka stahet med meg på tur, når alt eg treng er å skru av hovudet og la beina gjera jobben.
La beina gjera jobben. Her med gode gamle Nimbus
(jepp, det går an å løpe i gamle løpesko),
Det tok meg snaue 10min, så kjente eg at dette var det beste eg kunne ha funne på.
Trøttheten blei igjen i leiligheten (saman med ein lettare oppgitt men fortsatt håpefull Lukas), hovudet slo seg av og beina tok over.
Ikkje at løpeturen var lett.
Ein kan og bør ikkje skille mellom kropp og sinn. Dei heng saman.
Med eit sliten hovud kan ein neppe forvente seg at kroppen yter på sitt beste.
Men av og til når hovudet har overload, så kan det hende at beina har den energien som trengst.

Med eit slitent hovud følgjer gjerne med stressmage og tilhøyrande oppblåsthet, så det var ikkje vanskeleg å velge meg den største treningstoppen eg hadde liggande for å skjule ballongmagen. Med "Tvedestrand triatlon" på brystet vakte dette gode minner til eit fint triatlonår i 2008, og vips, så hadde eg nokre positive bilder foran øyne.

Tvedestand Triatlon 2008. Min første utetriatlon.
Første kvinne opp av vatnet og annan plass til slutt.
Gode minner!
Og sjekk den solide hjelmen! Den har eg faktisk fortsatt ;)
Gode triatlonminner samanblanda med eit vårleg landskap og småhumpete grus, motvind og stigning langs elva gjorde susen.
Hovudet slo seg villeg av, og beina gjorde jobben sin.
Musikk på øyra som gav takten.
Beina som fylgde etter.
Hovudet gav ein liten beskjed: "Spring 5km så fort du kan utan å gå tom, og resten blir som den blir."
Ok.
Mottatt.
Med treningsapp som fartshaldar og riktig musikk gjekk det som smurt.
Ikkje at eg sprang spesielt fort.
Men det gjorde ikkje noko.
Vårstemning = oversvømming.
Eg kosa meg.
Beina gjorde jobben og hovudet fekk seg ein velfortent pause.
Motbakken heim att bruka eg til å få ned pulsen og ta innover meg landskapet, den fine vårstemning, fuglesong og utsikt mot vatnet og fjellet. Samt blomar langs vegen og lyden av mine urgamle men høgt elska ASICS nimbus mot nyfeidd asfalt.
I mykje bedre humør etter løpeturen -
plukka til og med blomar på veg heim!
Herleg.
Hjernekjemien min kom seg i balanse og dermed kunne hovudet etterkvart trygt slås på igjen.
Det høyrer med til historia at Lukas også fekk seg ein luftetur seinare den dagen.
Og som eg sat pris på at go'gutten drog meg opp dei bratte bakkane da!

Det trengst ingen formell evaluering for å fastslå at denne form for triatlonterapi fungerar godt for meg, og at eg skal fortsette med dette framover.
Vedtatt.
Og Lukas ventar tolmodig på tur...

22. april 2014

Støle påskemusklar

Påske er over og har satt sine spor.
Utsikt mot påskefjellet frå sykkelsetet!
Spor i form av støle musklar.
Det blei ei ganske variert påskeveke, treningsmessig, med:

  • to løpeøkter
  • to sykkeløkter
  • to styrketreningsøkter
  • og dessutan mange turar med Lukas
Altså omtrent etter planen min. Og som eg ikkje skal legge sjul på, mine treningsplanar er ganske fleksible og liksom dynamiske, dei blir tilpassa undervegs, til dagsformen min ("Do What You Can Do In The Moment" passar berre så bra for meg som treningsmantra!). 

Begge løpeøktene tok eg saman med Lukas. Det gjekk greitt første turen, men sist fredag heldt eg på å miste nervene fullstendig. Eg var ikkje restituert frå føredagens sykkeltur, hadde kanskje ikkje fått i meg nok mat, og ryggen var støl, slik at pusten blei dårleg. Dessutan var eg kledd for godt. 
Ledningane til øyretelefonene hengte seg heile tida opp i kroken på magebeltet, Lukas gjennomførte sin vanlege stopp&go, surra strikken leiebandet rundt beina mine osv.
Like før eg sprekk - enda godt eg har musikk med meg!
Men eg skulle nå eingong jogge den strekninga eg hadde tenkt meg, uansett pust og varme og drakampen mellom Lukas og meg.
Det krevde litt viljestyrke. Det blei også mange stopp frå mi side. 
Vendepunktet halvvegs var godt å nå fram til. Vegen tilbake bestod nemleg nesten berre av slak nedoverbakke, og då kjem humøret mitt seg gjerne opp eit hakk.
Viss det ikkje var for at Lukas nå hadde blitt sliten og hang etter. 
Stakkars Lukas blei sliten i varmen på løpetur.
Slik at eg måtte lokke og dra han med meg.
Jada.
Heldigvis møtte eg ein bekjent som eg ikkje hadde prata med på lenge, og det blei eit velkoment avbrekk, både for Lukas og meg :D
Litt godt humør også undervegs!
Det blei altså ikkje ein einaste fjelltur i påska, men derimot to sykkelturar og så tok eg to av mine tre planlagt 5x5 styrkeøkter, og det er eg fornøydd med. 
Eg blir nemleg utruleg støl av desse 5x5-øktene.
Påskesøndag - ingen fjelltur - men restitusjon i sola,
 med påskegodt for både to- og firbeina!
Det 5x5-programmet har rykte på seg å vera effektivt for å bygge musklar og styrke, og ja, det kan hende at eg alt kjenner effekten av dette.
Men det er greitt.
I dag (tysdag) er eg fortsatt støl etter økta på sundag, og da spesielt i setet og baksida av låra. Og det er bra, for der treng eg styrke.
Men eigentleg kjennest heile kroppen som ein einaste støl muskel etter påska.
Og den vil helst ligge paddeflat i senga, eller på ein benk i sola, eller mellom mjuke puter i sofaen.
Det er deileg at det er så fint vêr for tida!
I telefontimen med legen min i dag lufta eg mine tankar om at eg kanskje tok litt for mykje i, når eg var ute og trena når eg eigentleg er sliten i hovudet. Men legen min synst likevel at det er bra at eg kjem meg ut. For å få litt andre impulsar. 
Ja det er jo fint å sykle også når ein er sliten i hodet,
når ein får slik utsikt undervegs frå sykkelsetet.
Legen min kjenner meg eigentleg ganske godt nå, og eg stoler på han. Eg trur kanskje at eg må finne meg litt i det at eg i visse periodar treng enda meir restitusjon enn det eg vil innrømme.
Eg er nok litt utolmodig. Tenker ikkje lenger på at eg har hatt ein nokså lang pause frå løpinga i januar/februar. Og at eg ellers også ikkje har all den energien som eg gjerne skulle ønske.

Eg kan berre ikkje tvinge det fram (slik som eg prøver til stadighet, og endar med ein dag utan overskot, slik som i dag. Tenk å ligge i senga og sove midt på dagen når det er strålande solskinn? Men i dag var eg berre heilt tom. Tom. Tom.)
Lukas blir ikkje tom han.
Han er nemleg flink til å restituere seg. 
Det som forresten er kjekt med støle påskemusklar er jo at det er teikn på at eg byggar musklar. YEAH!
Og det er jo heile poenget med 5x5. Auke muskelmassen og bli sterkare.
Så då får eg heller tole å vera slapp og støl. 
Kroppen blir nok vant til den nye belastninga. 
Og da kjem litt meir av energien igjen.
Utolmodige blåbær?
Dei blømar i alle fall veldig tidleg!

16. april 2014

5x5, enkelt og greitt, men funkar det?

Eg treng ikkje legge ut kor lite sjølvdisiplin eg har når det kjem til styrketrening.
Motivasjonen er der - og viljen.
Positiv innstilling også.
Ja da, eg har lyst til å trene styrke.
Men gjer eg det?
Eg har i fleire år prøvd å knekke denne motivasjons/sjølvdisiplinskoden.
Hoffor i all verden greier eg ikkje å sette opp eit fornuftig styrketreningsprogram som eg greier å gjennomføre med ein viss regelmessighet?

Sjølvsagt, når det gjeld triatlontrening, så skal ein både svømme, sykle og løpe.
Så å finne tida til styrketrening i tillegg kan vera vanskeleg.
I tillegg så går eg tur på 45min-1time minst, kvar dag, med Lukas.
Lukas på tur - aldri sur.
Og då blir eg blid også, når go'gutten min er glad :)
Men eg trur at i likhet med mykje anna så handlar dette ikkje om mangel på tid.
Eg finn enkelt nok tid til fleire timer med TV-titting om dagen.
Eller lesing.
Bloggskriving.
Osv.

Tilbake i 2009 (i treninga fram mot halvironman på Tjörn) så trena eg ganske regelmessig styrke, så nå skal eg ta fram treningsdagboka mi frå den tida og lese litt. 
Kva gjorde eg da som gjorde susen, tru?
Synd eg måtte flytte frå den fine stoga med treningsutstyr hengande frå taket.
Det er kjekt med ei fritthengande stang, mange morsamme øvingar ein kan gjera med ei slik!
Min framgangsmåte tidlegare var, at når eg først var i gang med å trene styrke, så trena eg heile kroppen. Alle muskelgruppar. Både armar, skuldre, bryst, rygg, mage, sete, og bein.
Mest fokus på overkroppen og core, sidan eg treng meir styrke her.
Øktene varte frå mellom 40 minutter til over ein time.

Dei siste åra har eg prøvd og prøvd, og kjem ikkje i gang att.
Så nå snur eg litt om på det.

I staden for å ta éi økt i veka, eller berre to, så skal eg prøve tre gonger i veka.
Hahaha, ja det er til å le av.
Men, det er jo slik at det ikkje nyttar å prøve og prøve og prøve på same måte som eg har gjort i mange år, når det ikkje fører til resultat??

Så i staden for å plukke mange forskjellige øvingar, så skal eg bruke eit program som er ganske klassisk. Og som visstnok har eksistert lenge i styrketreningsverden.
Og det heiter så enkelt som 5x5.

treningstips.org (norsk nettside) kan du lese kva dette opplegget inneber.
Dessutan har fitnessbloggen skrive litt kort om denne form for styrketrening:

Kort sagt, handlar det om tre treningsøkter i veka.
På ei økt så blir det berre tre til fire øvingar, og dei skal gjennomføras i form av 5 sett med 5 repetisjonar pr sett.
Ja ha.
Programmet blei utvikla av Bill Starr på 70-tallet.
Bill Starr.
Programmet utvikla han som ein guide til styrketrening for American Football: 

Og det har blitt ein del variantar av det opprinnelege programmet gjennom tida. Eg skal bruke opplegget for nybegynnarar, det enkle er oftast det beste.
Eit slikt opplegg fann eg her, som basesett som Bjørge Fagerli har satt opp:

************************************

Dag 1:

Benkpress: 5 x 5 reps
Rygg (foroverbøyd roing): 5 x 5 reps
Knebøy: 5 x 5 reps

Dag 2:

Knebøy 2-3 x 5 reps med 20% lettere vekt enn dag 1
Markløft: 3-5 x 5 reps
Skulderpress eller Skrå benkpress: 5 x 5 reps
Nedtrekk/Chins 5 x 5 reps

Dag 3:

Benkpress: 5 x 5 reps
Roing: 5 x 5 reps
Knebøy: 5 x 5 reps
************************************
===> det ser jo enkelt ut, ikkje sant?

Eg starta med dette for ei veke sida.
Økta på dag ein gjennomførte eg måndagen, like etter at eg hadde vore ute og sykla.
I og med at eg ikkje har trent styrke regelmessig på ei god stund, så er det uansett best å gjennomføre øvinga lett til å begynne med, og litt sykling er jo god oppvarming.

Eg skal ikkje gjera det så komplisert heller.
For det kan eg alltids gjera seinare, det er som sagt mange variantar av dette basisopplegget. Bloggaren "Old School Trainer" har samla saman forskjellige oppsett basert på Bill Starr's 5x5:


Etter første økta, "Dag 1", så blei eg ganske støl dagen etterpå, sjølv om eg ikkje hadde tatt i så alfor hardt.
Derfor venta eg til torsdag med dag 2.
Det gjekk greitt. Eg blei støl dagen derpå også, spesielt i setet (det er jo hyggeleg, kven ville ikkje ønske å bli sterk i rumpa???:D)

Sist helg, både laurdag og sundag, så blei eg utruleg dårleg, så det blei ingen dag 3.
Men - eg skal fortsette med opplegget! Uansett om det går bra eller dårleg!

Der virkar nemleg så enkelt og greitt, at eg skal gje det ein sjangs.
Ein stor sjangs.
Så det blir spennande. Kanskje funkar dette, kven veit?
Eg har ikkje noko å tape på å prøve i alle fall. 
Men mykje å vinne. 
Skulderpress med hest og venner :D

14. april 2014

Litt fornyelse

Nå har eg gjort noko endringar i bloggen her.
Og det har sin god grunn, i ein hendelse frå i går, som eg kanskje skal koma tilbake til ein annan dag, og skrive meir om.

Foreløbig, så har eg likevel hatt meir lyst til å skrive om trening og helse, og då blei tittelen Selfmademultisportwoman ikkje inspirerande nok.
Hmmmm  slik såg bloggen ut fram til i dag - nå er den NY!
Så savna eg gamle bloggen min som handla meir om triatlon.
Eg har vel også funne ut at eg driv med så mykje forskjellig, at ein bloggtittel uansett på ingen måte vil omfatte alt eg har lyst å skrive om.
Men når det gjeld triatlon, så har eg skjønt at dette har større betydning i livet mitt enn det eg skulle ha trudd. Triatlon ER faktisk terapi for meg.
Happy - dette var Ironman Haugesund i 2012.
Så nå skal eg gjera dette til hovedtema for bloggen min, samtidig som eg i god gamal stil skal skrive om alt mogleg i tillegg.
Eg har også importert blogginnlegga frå gamle bloggen min, fordi eg har savna dei.
Nå er bloggen meir komplett igjen.

Eg håpar at dette oppsettet funkar.
Men me får sjå.
Ein blogg er for meg ein levande ting, og kan endrast. Plutseleg.
Eg synst det er litt deileg eg!
Bloggppsettet er ikkje heilt finpussa enda, tittelbildet fekk eg ikkje sentrert, så mens folk på Sørlandet pussar sine båtar i påska, så skal eg finpusse bloggen min i ferien.

Forandring fryder ;)

8. april 2014

Første tur på temposykkel - eit sikkert vårteikn!

I og med at siste innlegg blei så grusamt langt, skal eg nå prøve å blogge litt oftare, og prøve å lage innlegga litt kortare (hahaha ha sææærleg, og eg som likar å skravleskrive).

Siste helg skulle eg ta det med ro og henta meg inn igjen.
Og det greidde eg.
Laurdagen blei det berre handletur med Lukas for å fylle på mat i huset, og resten tilbrakt på sofaen og i senga og med å lage mat.
Og søndag blei det berre ein liten rusletur med Lukas i skogen.

I går derimot - da var det eit sikkert vårtegn å sjå!
Eg var ute på årets første økt på temposykkelen min.
Hurra!

Det var ikkje planlagt, men eg hadde rett og slett lyst.
Sol, blå himmel, tørre vegar.
Ein del vind, men pytt pytt.

Åååå nå skulle eg børste støv av Chiqiloen (bokstaveleg talt, den fekk seg ein liten kattevask før eg kunne ta den ut, og olje fekk den også).
Etter at eg tok så hardt i siste veke, skal eg ta det roleg eit par veker, med tanke på puls.
Det går jo an å sjå på landskapet når ein syklar med lågare puls. Og det er jo fint, det.
Spesielt i solskinn!
Ingen intervalløkter på ei stund nå.
Heller låg intensitet der eg gjerne kan legge inn eit eller to tunge drag.
Med bakkane her så kjem det uansett ganske naturleg, dette treng eg ikkje planlegge.
Ut på temposykkelen for første gong i år. Herleg!
Så det blei ein roleg tur på knappe tre mil på landeveien, nærmare sagt sjølve E 134 mellom Oslo og Bergen.
Pussig eigentleg, for det var ganske lite trafikk til så stor veg å vera.
Eg bruka kanskje 1t12min på heile økta.
E 134 mellom Oslo og Bergen. Den vegen hadde eg mykje for meg sjølv!
Kjekt å ha tid i lunsjtida.
Eg hadde også til alt hell kledd meg riktig.
Verken for kaldt eller for varmt.
Heilt passe.
Såå moro på temposykkeln. Og så lite trafikk!
Eg hadde tatt med ein reservegel (som eg ikkje fekk bruk for) og to bananer (eg hadde ikkje ete lunsj nemleg).
Og drikke.
Og musikk på det eine øyra (som eg anser som forholdvis trygt når eg syklar - av og til så høyrer eg jo ikkje musikken på grunn av vinden, så den kan neppe vera så distraherande).
Det er både lettvint og aerodynamisk å ha drikkeflaske på tempostyret.
Nå må eg berre finne ei drikkeflaske som passar bedre, sånn reint fargemessig...
Herleg.
Det er merkeleg kor godt sykkelen passar meg.
Overgangen frå herre-terrengsykkel til den vesle temposykkelen min i størrelse XS går heilt smertefritt.
Og aeroposisjonen inviterar til fart!
Ja da, eg ELSKAR terrengsykling.
Men eg likar også veldig godt å suse over tørr asfalt slik som her.
Men eg lot meg berre rive med i nedoverbakke og medvind.
Og kosa meg ellers.
Stoppa i Flatdal og tok nokre bilder.
Fjellet var såå mykje finare på ordentleg.
Det skinte så fint på fjellet i snøen på toppen!
Skua litt utover fjellet.
Åt ei banan.
Sykla heim att.
Herleg.
Våren er her altså!