28. mars 2012

Kneet mitt er tatt (MR-) bildet av!

Nå har eg vore i Porsgrunn i går og tatt bilde av kneet mitt. MR-bildet.
Nei forresten så var det ein ganske kjekk radiograf ved Curato i Porsgrunn som hadde æra til å ta bildet.
Curato i Porsgrunn tilbyr MR og røntgen mellom anna.
Nokon klagar over at ein skal ligge heilt stille over ei viss tid i denne røra ein blir skyva inn. Eg synst det var heilt greitt å ligge der og vente, i og med at eg hadde stått opp kl.5:30 i går (og med nystilt sommartid så hadde dette jo tilsvara kl.4:30 for berre tre dagar sida, og dette er jo midt på natta) for å rekke bussen og vera ved Curato i Porsgrunn 9:10, så var eg fortsatt i ørska og heldt på å sovna under MR'en.

Med hørselvern på, teppe og liten dingsbums å trykke på viss det var noko under bildetakinga følte eg meg ganske trygg og avslappa. Dessutan bråka den MR-maskina ikkje så mykje som mange påstår, tvert imot var det noko rytmisk banking av og til som gjorde at eg nesten sovna...
Slik ser det ut like før ein køyrer inn i MR-maskinea for å ta MR-bildet av kneet.
Ein slepp heldigvis å ligge heilt inni MR-maskina. (bildet fann eg her).
Det tek visstnok ei veke før tolkning og beskriving av bildene blir sendt over til legen min, og då er me midt i påska, så eg anar ikkje når eg skal få vite svaret.
Og eg som er sååå spent!!

Den siste veka har det fortsatt blitt bedre med kneet mitt for kvar dag.
Akkurat som før: større bevegelighet, bedre stabilitet og nesten ikkje vondt.
Bortsett frå om natta/morgonen, og når beinet er heilt strekt, noko som fortsatt ikkje går an over lengre tid.
Etter to timar på bussen i går på morgonen greidde eg berre så vidt å gå av bussen, så stivt var kneet...

Men eg er fortsatt ved godt mot og går utifrå at MR-bildene visar at alt er som det skal.
Og at ting tek tid med slike skadar er jo kjent.
Eg fann ei bra nettside med gode beskrivingar, tips og råd angåande idrettsskadar.
Den sida finn du her (då kjem du rett inn på sida om strekk i medialt leddband i kneet):

http://www.sportsinjuryclinic.net/sport-injuries/knee-pain/mcl-sprain

Når det gjeld TRENING så var det vel heller snakk om OPPTRENING.
Eg har vore på torsdagstur igjen sist torsdag.
Det blei ein fin tur gjennom skogen langs Seljordsvatnet, og krykkene hadde eg tatt med, men berre hatt bruk for eit par-tre gonger i veldig bratt bakke (spesielt nedoverbakke).
Eg blei venner med ein liten stålorm som låg i vegen og sola seg.
Du visste vel at stålormen er eigentleg ei firfirsle som manglar bein, ikkje sant?
Den er heilt ufarleg. Og søt var den også. Den blunka til meg ;)
Eg har også for første gong igjen sykla ned til sentrum, handla og sykla opp att dei bratte bakkane heim att, og til tross for nokså stor belastning på kneet, har dette gått bra.
Musklane er riktignok i overkant stiv nokre timar etterpå, men det trur eg er innanfor trygge rammar for kva som er fornuftig.
At eg hadde gjort alt riktig så langt kunne også fysio'n bekrefta.
Og Svein Ivar har eg absolutt tillitt til.
Så eg får heller fortsette med sakte opptrening fram til MR-resultatet har kome.

Det er fortsatt over tre månader til IM 70.3 Haugesund, så eg har god tid.
Og sykling er ein kjempefin måte å vedlikehalde kondisen på utan å ha så altfor stor belastning på knea, og dessutan er det herleg å sykle når det er tilnærma sommartemperaturar ute, alt nå i mars.
Ut på tur i vårleg vêr.
Men eigentleg så tok eg dette bildet for å få sett på den nyaste lua mi frå sida ;)
Og sidan ein aldri kan vite kva sommaren vil bringe av nedbør, så er det berre å koma seg ut og nyte det fine vêret så godt ein kan.
Det er veldig mykje ein kan gjera også med eit redusert kne, har eg funne ut :)

Nydeleg med blåveis! 

Nyt våren!

19. mars 2012

Intervallkrykketrening...

Det har gått heile 10 dagar sidan det siste blogginnlegget mitt.
Rart eigentleg, fordi sjølv om eg ikkje har drive med "tradisjonell" triatlontrening, så har eg da lea meg sånn nesten dagleg, og drive med ein eller annan form for målretta fysisk aktivitet som er verdt å blogge om?

Men dagane går fort for tida, og eg kjenner at eg blir meir sliten enn vanleg av å passe på dette skada kneet mitt. I og med at det i starten ikkje var mogleg for meg å køyre bil (vanskeleg å sleppe clutchen med kneet nemleg), så bruka eg masse tid og energi kvar dag på å organisere meg skyss opp og ned og att og fram...
Ganske slitsamt.

Men sidan sist onsdag så er heldigvis gamle Skoda'n min på vegen igjen, bremsane er fiksa og kneet mitt har fått så stor bevegeliget at det går fint å kløtsje også, og såååå deileg å ha bilen og friheten min tilbake!!!

Sist onsdag hadde eg da også legetime.
Legen min undersøkte kneet og kunne fastslå at det meste var på plass, og at det såg bra ut, men me blei einige om at me skulle ta bildet (MR) av kneet for sikkerhets skyld.
Så nå ventar eg på beskjed frå Porsgrunn og MR-time.
Det nyttar ikkje å sitte inne og vente på time i Porsgrunn.
Då går eg heller ut og luftar meg og den ny-hekla lua mi ;)
Fysio'n fekk anledning til å vurdere min måte å gå på igjn også, både i bakkar og på flata, og var fornøydd.
Eg har visstnok blitt aldeles flink til å balansere rundt på desse krykkene slik at det blir riktig.

Eg har også fått trent litt styrke. Ikkje det vanlege programmet, men eg fekk trent mesteparten av musklane utan å bruke/feilbelaste det venstre kneet mitt. Til og med pushups har det blitt litt fleire av!

På laurdagen så var det ein fantastisk vårdag og eg savna både Binna og løpinga noko grusamt.
Men så innser eg at det ikkje nytter å sitte inne og grine av den grunn, eg får verken Binna tilbake eller spontanhelbredelse på kneet mitt på den måten.
Så då tek eg heller og pakkar MP3-spelar, tek på joggesko og sykkelhanskar (gull verdt når ein brukar krykker må vite), sleper med meg krykkene og tek fatt på nærmaste motbakke.
Sykkelhansker for krykkebruk...og ikkje minst: NY KLOKKE!!
Ordentleg TIMEX-triathlonklokke for jernkvinner.
Med mange M-dot'er på. Kjekt med bursdag!
Ja eg har da også hatt bursdag og gitt meg sjølv noko eg ønska meg lenge: Triatlonklokke. Riktignok ikkje pulsklokke, men stoppeklokke og knallpink og mange M-Dot's på den, utruleg kuuuuul!!
Det er mange M-Dot's overalt på denne klokka. Herleg :)
Heile to slike "motbakkeintervall-"økter blei det i løpet av den siste veka.
Ikkje langt frå huset mitt er det ein fin bakke som det tek 9min og gå opp (og 10min å gå på eit småskada kne og krykker, altså ikkje spesielt fort).
Første gong tok eg denne økta to gonger, og andre gongen tre gonger.
Det kjendest nesten som intervalltrening!
Dette var frå andre økta.
Med både sol og regn i lufta fekk blei det ein fin regnboge :)
Og fint var det også.
Berre Binna mangla, eigentleg.
Binna vår 2011, nyter vårsola. Djupt savna...
I dag tok eg eit neste steg i opptreninga mi, og sykla forsiktig ute på terrengsykkel.
Her også, ein liten bakke opp (som tek 3 minutter å sykle opp) og ned att, fire gonger totalt.
Belastninga på kneet var ikkje så stor til tross for motbakken, og eg droppa sykkelskoene for ikkje å belaste hamstringsmuskulaturen for mykje.

Og deileg var det!
Herleg med ettermiddagssolskinn og vår i lufta, og blaut grusveg under grove terrengsykkeldekk, og litt sprut frå søyleputtar!

Men eg kjenner jo at sjølv med forholdsvis lite aktivitet så er belastning for kneet mitt ganske stort nå. Eg er ganske mykje stiv og støl, og spesielt hamstringen min blir fort kjempesliten.
Om dette er lurt, skal eg drøfte med fysio'n på onsdag.
Ein annan type tidsfordriv som er bra for kneet mitt er grilling.
Me opna årets grillsesong på sundag. Litt trekk frå Seljordsvatnet fekk me tole. 
Sist sa fysio'n at det var heilt greitt å bruke musklane rundt kneet, det var til og med bra, og eg kunne i grunnen ikkje overbelaste det. Så eg prøver. Forsiktig.
Men eg skal fortsatt skynde meg langsamt.
Eg må jo tenke på IM 70.3 Haugesund 8.juli, og at eg treng å kunne løpe i alle fall eit par måner før konkurransen. Så eg skal ikkje begynne for tidleg.
Snart skal eg legge krykkene ifrå meg for denna gongen.
Men deileg er det, å vera ute og "trene". Til og med intervalltrening var artig!
Også om det var på krykker.
Men dei blir forhåpentlegvis snart historie...

9. mars 2012

Hurra for krykketurar!

På onsdag blei kneet mitt deklarert "klart for tur" av fysio'n.
Hurra!
I alle fall viss det var retrettmulighet, i tilfellet turen blei for lang.
Men eg måtte vera klar over at det var ingen vits å gå tur viss eg halta slik som sist (så herma han etter meg med strakt bein slepande etter seg - ja ja, med meg går det jo an å spøke - eg spring tross alt lengre enn han - sånn ellers - sjølv om han er grusamt sprek han også - men likevel - eg held ut lengre - ha!)

Også krykker kan gje mulighetar.
Her er det krykkebroddarbrukskunst i snøen: eg vil på tur!

Men så kom jo all snøen da i løpet av onsdagen...
Med stigande grad av bekymring satt eg inne og kikka ut av vinduet over landskapet som meir og meir likna tjukkaste vinter.
Hm... korleis skal dette gå, tru?

Men til slutt blei alle bekymringar feidd bort,  fekta vekk med krykkene og endeleg begravd under snøen.
Eg kunne jo i alle fall prøve?
Klar for krykketur.
Så blei det altså torsdagstur igjen på meg i går, etter to veker pause.
Og for ein nydeleg dag det blei!
Seljord og Skorve i det fjerne - med nysnø. Nydeleg!

For min skyld blei turdistansen i går tilpassa yteevnen min, og spøkefult kalla for "handycaptur". 

Greitt for meg.
På torsdagsturane er det plass til varierande dagsform og yteevne, og dette gjeld både psykisk og fysisk form.
Og dette er bra. Slik er det rom for alle.

Me gjekk opp mot det eine av mange "kikkeskåp" som blei sett opp i Seljord i fjor.
Dette skåpet peika bort mot plassen der soga om Gonil Dale (ja stakkars, det var det ho heitte) tok stad.
Gonil Dale plassert i kikkeskåp. I bakgrunnen: Seljordsheii.
Det blei ein lang motbakke opp dit, men broddane på både sko og krykker hadde godt grep på den glatte snøen på vegen, og himmelen var knallblå, og snøen veldig ny og kvit, og det var nærmast vindstilt, og sola skein og fuglane kvitra og det var så god temperatur, ja det var ei fryd å gå!
Nydeleg utsikt over Seljordsvatn i går.
På grunn av det fine været (og mitt handycap, kanskje) blei det ein ekstra lang lunsjpause, med suppe, bål, vaflar og kaffe, og fin utsikt.
Etter pausen tusla me eit stykke vidare oppover, men her merka eg fort kor sliten eg hadde blitt i lårmuskulaturen, spesielt i dei mediale hamstringmusklane og og muskelfestene rundt kneet.
Mange turmål. Dei får me ta ein annan gong...
Me valgte å snu, og mens mesteparten av gruppa heiv seg utfor på akebrett i vanvittig fart så både snøen og grusen spruta, tusla eg ned att saman med eit par andre. Eg er jo så glad i å ake, men denne sesongen er nok over for meg denne vinteren, og det frista ikkje ein gong å prøve.
Ingen aking meir på meg denne vinteren.
Men tur blei det, og det var eg glad for! 
Det gjekk greitt å gå bakken ned att også, og då me kom fram til bilen var eg faktisk mest sliten i hendane, og ikkje i beina...
Og eg er så glad at eg prøva meg på tur!
Men utan krykker og turfølgje hadde eg vel neppe tatt sjansen.
Dessutan er det hyggeleg å gå tur i godt selskap, og spesielt når gjennomføring turen er såpass fleksibel at også handycappa triatletar har ein sjans å vera med.
Med slikt vêr blir det vanskeleg å halde seg inne, synst eg.
Godt eg kom meg på tur!
Bildet er tatt  på gardsvegen heime like før turen.
Og korleis kjendest det etter turen?
Heilt greitt. Var nok litt sliten i beina, men ikkje verre enn etter fysio-treninga på onsdag.
Trur nok at den fine utsikten og det behagelege tempoet, dei gode krykkene og det hyggelege selskapet gjorde susen på turen.
Altså, enda ein gong: Hurra for krykketurar!

7. mars 2012

Krykketrening

Nå har det gått ei veke sidan sist innlegg, og kva har skjedd sidan?
Ikkje så mykje, reint treningsmessig.

Eg har drive med krykketrening.
Gått meir på krykker.
Gått riktig (bøydd kneet i den grad det er mogleg).

Laurdagen hadde eg eit lite gjennombrot ved å gå heile vegen heimanfrå og ned til sentrum. Vanlegvis tek det 8-10 minuttar. Den dagen tok det ein halv time.
Men været var fint, det var vår i lufta, og det var herleg å kunne gå.
Krykketrening i fint vêr.
Bra teknikk, med strekt bein. Litt for store steg kanskje.
Så har eg vore flink å sykle på rulle.
Forsiktig. Med middels belastning.
Og passa på at kneet hadde det bra.
Det hadde det.
Spesielt etterpå.
Så mjukt kneet blei!

Kneet mitt blir bedre for kvar dag: større bevegelighet, mindre vondt, bedre stabilitet.
I morgo er det torsdagstur, og eg har sååå lyst til å vera med!
Så i dag skal eg til fysioterapeuten igjen og få kneet mitt deklarert "klart til lett tur".
Ikkje meir snø!!
Sjølv med brodder på både sko og krykker så er
det skummelt med snøen som skjuler isen på vegane. 
Viss det ikkje kjem meir snø da så skal det bli tur på meg i morgo.
Men ute snør det tett nå, vinteren er tilbake!
Det er meldt mildare utover, men eg trur neppe eg kan vasse i snø i morgo.
Og eg har så lyst på tur!!
Hm...
Eg får berre håpe på det beste.
Er spent.