21. april 2015

"Vi kommer i begravelsen din!"

Er det nokon som har sagt dette til deg?
Nei?

Det er kanskje ikkje så rart.
Sist tysdag var eg igjen med på fellessykling i gruppe.
Sidan det første gong endte med fullstendig utmattethet og synsforstyrrelsar og legevakt, så var eg meir forberedd denne gongen.
Eg hadde fått i meg nok mat, ete middag sånn eit par timar før me skulle sykle, utsatte turen med Lukas til etter syklinga, osv.
Denne gongen var me igjen to gruppar.
Den store raske gruppa, og så oss tre, som skulle ta det med ro.
Hardrocxen og den innstøpte kua.
Me syklar på terregnsykkel i gruppa.
Akkurat som sist så greidde eg meg fint den første timen.
Me stoppa nede i Flatdal for å organisere veivalget vidare, og delte oss inn i "Nutheim opp" og "eit stykke innover mot Åmotsdal". Første var kortare.
Så eg blei med der.
Utsikt frå Nutheim.
Foran meg sykla det to karar, og så ei dame som var med for første gong.
Eg blei så imponert over styrken hennes.
Ho tråkkar med utruleg tunge gir, men i jamnt tempo oppover stigninga.
Men eg greidde til slutt å henge med.
Moro var det au, me  var igjen heldige med vêret og ved Nutheim gjestgiveri venta dei to karane på oss.
Utsikt frå Nutheim i Flatdal. Dette var sist søndag.
Jaja, eg er kanskje ikkje den sterkaste og raskaste på sykkel.
Ikkje så rart etter så lite trening som følge av plantar fascittfoten som skulle tas omsyn til.

Men - i nedoverbakke - ja då er eg god.
I alle fall ved gode forhold, dvs lite trafikk og tørre fine vegar.
Så eg susa ned, forbi alle andre, og det var jo sååå moro :)

Me samlast nede på flata (for då det begynte å bli flat, så sakta eg akterut igjen må vite).

"Jøss for ein fart du hadde nedover?!"
"Ja vi kommer i begravelsen din!" sa dei.
- Så koseleg da, svarte eg.

Det er heilt klart ikkje utan risiko å suse ned ein utforbakke på sykkel i over 60km/t.
Men - denne bakken har eg sykla ned såpass mange gonger, og med HardRocx'en min føler eg meg ganske trygg.
Sjølvsagt, det kan skje noko allikevel.
Ein kan plutseleg punktere, eit lemmen kan finne på å løpe innpå vegen frå sida, osv.
Men - bilulykker skjer også, og me let ikkje vera å køyre bil av den grunnen?

"Livet er eit risikofult prosjekt og det endar alltid med døden."
Eg synst eigentleg det er dumt sagt.
Samtidig er det mykje sant i det også.

Eg har i alle fall investert i nye bremseklossar på Hardrocxen, for teknisk svikt vil eg helst ikkje oppleve i 60km/t på sykkel.
Gode dekk er også viktig.
Turen endte forresten med at eg sykla meg tom igjen, men heldigvis denne gongen med synssansen i behold.
Eg blei dytta.
Jepp, dytta. Eg greidde ikkje å henge med dei tre andre.
Tom, rett og slett.
Eg skjønner ikkje. Eg åt ei banan, men det hjelpte ikkje.

Dei siste tre km lot eg gruppa sykle ifrå meg.
Og hadde ein venleg men bestemt dialog inni meg "Dette er heilt greitt. Du har dårleg dagsform. Du er i god form ellers. Formen er stigande. Sjå så fint det jordet der ser ut! Formstigninga kjem nå. Herleg å kunne sykle i mitt eige tempo. Å så fint lys det var i dag."
Når eg syklar aleine, blir det pausar.
Då hentar eg meg inn igjen - og tek bilder :) 
Eg blir jo berre motivert til å trene meir.
Så etter den tysdagen har eg sykla to gonger, og tilbakelagt nokre høgdemeter.
Du blir god til det du trenar på, så då får eg trene på å sykle.

Og så får me sjå kva dagsformen bringer i dag...
Nutheim tok eg også på søndag, den gongen i rosa utstyr og med tempo'en,
i sommartemperatur og strålande solskinn. Det var godt :)

11. april 2015

I am Tai-tæææ-ni-i-i-i-i-um!

I dag gjekk eg over ein times tur med Lukas.
Sånn berre fordi det er laurdag.
Det blei ein fin rusletur.
Eg slappa av.
Blodtrykket sank i takt med stega.
Til slutt blei eg berre såååååå trøtt....*gjesp*

Men - all trøtthet til tross - då eg kom heim så hadde eg lova meg sjølv "speed skills" på rulla.


Sånn berre for moro skyld (og fordi Joe Friel anbefalar det. og Dave Scott. og sikkert fleire andre av dei "store gutta" innan triatlon).
Temposykkelen min, Chicqilo.
Og moro blei det!
Altså med god musikk på øyra, så er det jo moro å sykle på rulle!
Eg lurar på om eg hadde greidd å sitte der i 40min utan musikk.
Trur ikkje det, nei.
Eller, jo.
Men utan musikk blir det ikkje det same.
Må ha musikk. Må ta selfie.
Men vent - eg må få med iromanmedaljane på veggen bak.
Så kva var speed skills i dag da?
Oppvarming først i 10min med bl.a. låta frå innleggstittelen (kan nokon gjette kva det er ?).
Så høg kadens, vekselvis 86rpm og 95rpm og med forskjellig motstand.
Så litt einbeina tråkk (til rolegare taktar).
Det blei mykje uskarpt. Slik blir bilder på fest.
Så tilbake til oppvarmingsmusikken og nokre minutt med nesten-mjølkesyre-men-den-brukar-musklane-opp-igjen-med-det-same-intensitet, og så nedtråkking.
Herleg berre.
Eg blei i så godt humør!
Følte meg sterk!
Titanium....YES!
You shoot me down but I won't fall.
Det var som å vera på fest.
Eg var på fest, faktisk, på rulla!
Kult.
(Jaaa og eg kunne skrive masse masse meir om kva som er bakgrunnen for at eg har feststemning for tida - men meir om det kanskje ein annan gang ;) )

8. april 2015

Å sykle seg frå sans og samling.

Her i bygda har med i fleire år hatt ei gruppe som driv og syklar.
Det finst både ei stor gruppe med terrengsykling, og ei litt mindre på landeveissykkelen (som eg prøva meg på for tre år sida, men gutta var altfor spreke til at eg greidde å henge med).
Dei fleste har eit sykkelritt som mål, mens nokon berre er med for "moro skyld".
Eg hadde eit forsøk på å bli med på gruppa for tre-fire år sida, men måtte rett og slett gje meg, sidan dei gutta der sykla aaaltfor hardt.
Men nå skal gruppa visstnok vera større, og har fleire nivå av syklistar, dvs nokon som vil sykle hardt, mens andre vil sykle roleg.
Så dette ville eg prøve!
Slik er mine sykkeløkter - aleine og med god tid til å stoppe og ta bilde!
Så igår var det vårens oppstart for sykling.
Me var ein gjeng på ca 12stykke, derav ni karar og tre jenter.
Dei fleste trenar sykling til diverse ritt, og ville sykle hardt, mens eg heldt meg til gruppeleder og gruppas andre nye medlem (i tillegg til meg). Me tok det med ro (og drog på innimellom) og trena på rullering i felt.
Det var utruleg moro eigentleg, det er lenge sida eg sykla i felt, og det er heilt klart ein fordel å ligge på hjul, og dra nytte av dragsuget.

Tørre og nysopa vegar, heilt nydeleg diffust kveldslys der fjellkonturane teikna seg skarpt mot ein lyseblå kveldshimmel (me starta kl.18.30).
Etter ei mil skulle ei gruppe sykle vidare opp ein ganske lang og krevande bakke ("Nutheimkleiane"), mens noko snudde og sykla tilbake.
Eg elskar den bakken. Du får så fort utsikt, vegen er litt smal så trafikken går sakte, og det er vidunderleg moro å greie seg heilt til toppen.
Gårsdagens sykkelløypeprofil
(kva var det mobilen min gjorde oppe i lufta ved km 23???)
Eg låg sist heile vegen. Greitt.
Etterkvart var det eit par-tre stykke som stoppa og snudde, mens hovedgruppa var kome langt ut av synet for meg.
Ville dei stoppe på toppen og venta på meg, tru?

Det er jo spennande å sykle med folk ein ikkje kjenner, og ein må jo først bli kjent med kva som er vanleg skikk og bruk der.
Men jo da, i toppen stod gjengen og venta.
Kult.
Det beste med bakken er turen ned att. Sååå moro å suse ned på tørre vegar utan trafikk.

Nede på flata samla med gruppa igjen.
Så kom den delen eg hadde grua meg til: Eg skulle nå halde følge med den "raske" gruppa, sidan vår lille "moderat fart"-gruppa hadde alt snudd og sykla heimover.
Hm.
Det tok faktisk berre 200m så fall eg ifrå.
Den gjengen er jo ekstremt sprek!!!

Eg hadde mest lyst til å sykle den siste mila heim att aleine.
Men - i felt så har ein som sagt drahjelp når ein ligg på hjul.
Og ein hyggeleg mann foran meg passa på at eg låg på hjulet hans heile tida, sakna farten, "henta meg" tilbake slik at eg kunne ligge i feltet.
Enkel fokus i gruppesykling: riktig avstand til hjulet foran deg.
Men eg var heilt tom.
Det var altfor hardt.
Eg har berre trent roleg i vinter, og veldig lite.
Intensiteten låg på det nivået eg ville hatt på ein triatlonsprintdistanse på siste 2-3km. Gje alt.
Snart framme liksom.
"Dette er altfor hard!" kommenterte eg fleire gonger til medsyklistane mine.
Men eg smilte jo samtidig.
Jo da, hardt er moro.

Det var nydeleg å koma fram til der me starta.
Folk prata alt om spinning dagen etterpå og landeveissykling.
Eg tenkte berre på den siste bakken eg hadde å sykle heim att.
Jaja.
Men eg var i godt humør. Eller berre letta?

Fint var det at eg kunne sykla heim att aleine, utan å ha nokon å dra foran eller bak.
Herleg var det å kome heim.
Lukas tok meg godt imot.
Fram med vannflaska og så la eg meg på golvet for å roe ned pulsen.
Eg slo på TV for ikkje å overanalysere blodslitssyklinga.

Det var da det skjedde:
- Merkeleg, tenkte eg, det er noko galt med TVen.
- Nei da, det er berre refleks av lampa bak.
- Kanskje er det noko på skjermen?
- Hm, det var merkeleg.
Eg kikka til sides men opplevde ein blind flekk midt i synsfeltet. Akkurat der eg skulle sjå, var det ingenting. Hm...
Eg stod opp og kikka meg rundt og oppdaga at eg hadde fått synsforstyrrelsar: nokre rare greier som låg foran øynene liksom.
Hmmmm...
Jepp, nå flytta det seg til sides. På begge øyne?
Hm.
Eg blei litt uroleg.
Så ante det meg at det kunne vera ein såkalla "aura" som kan oppstå i forkant av migrene eller epileptisk anfall. Og migrene har eg hatt før.

Eg kom meg i dusjen.
Kanskje hjelpte det å slappe av, få blodsirkulasjonen igjen (føtane mine var fortsatt numne i 15min etter sykkelturen)?
I dusjen blei det enda tydelegare: ei stor sigdforma greie av krystallar i alle slags fargar som lea litt på seg, endra litt posisjon, i venstre kant av synsfeltet.
Urg.
Hm.
Me har bemanna legevakt her og eg kjenner dei fleste av sjukepleiarane, og dei er alltid hjelpsamme og god å prate med så eg tok ein telefon for å finne ut.
Og om det var behov for å sjekke dette.

Det var det.
Drosja kom, og til tross for milde 10gradar ute så var det på med lue og skjerf og tjukk fleecejakke, eg var fortsatt heilt arm etter sykkelturen.
Legen var visst uansett på legevakta, så då var det ikkje meir styr enn at eg drog ned for å sjekke.

Det er så godt at nokon tek slikt på alvor, eg har kanskje skrutt av legevakta her før, men eg gjer det igjen: dei er flinke! Spesielt sjukepleiarar visar stor omsorg, og forståelse, og tek seg god tid.
Det er nok ein fordel med å bu på bygda, trur eg.
Her er det ikkje kø på legevakta, ikkje hastverk, dei tek seg tid.
Mitt bilde av sjukepleiarane på legevakta her ♥ 
Alt etter at eg hadde kome fram på legevakta så var synsforstyrrelsen blitt mindre, og forsvann heilt i løpet av undersøkinga. Eg kom på at eg hadde opplevd dette før, under sist flytting der eg stod under ekstrem stress - men eg fekk aldri følgt opp dette, sidan det var midt i fellesferien.

- Ja har du pressa deg litt for hardt da? spurte legen.
- Jo, altså det gjer eg jo. Men det er jo ikkje noko nytt, sa eg.

Slik aura er altså eit fenomen som kan oppstå i forkant av eit migreneanfall, eller også epileptiske anfall (Norsk Helseinformatikk). Men ein treng ikkje få migrene om ein får aura.
Når eg tenker tilbake så har eg nok hatt aura utan migrene i går, mens eg ellers ofte har migrene utan aura (haha, skal ein vera litt spesiell, så skal ein vera spesiell på alle slags måtar :P).
Ein eller annan har laga denne illustrasjonen for korleis aura ser ut,
og denne liknar på den eg hadde i går - berre litt mindre "krystallar".
Legen meinte eg skulle nok få utreda dette med fastlegen, men altså, eg er usikker på kva nytte eg har av det.
Det eg har fått bekrefta er at eg er god til å presse meg, og enda bedre til å presse meg enda litt til.
Kanskje skulle eg ha stått på mitt i går, og latt gruppa dra?
Eller fått nokon frå gruppa til å sykle bittelitt saktare?

For ofte er det jo ikkje meir enn, la oss sei, 3-4km/t forskjell i fart som hjelpar, og held intensiten låg nok. Eg hadde ikkje greidd å halde den intensiteten aleine ("utan grunn").

Eg fekk meg ein god prat med sjukepleiaren også, drosje heim att rundt kl.22 og til tross for at eg prøva å "slappe" av og roe ned var eg kvalm og uvel resten av kvelden (men utan migrene :P), og det blei lite søvn den natta.

Ja da har eg lært den leksa.
Kroppen seier ifrå - igjen - også når eg ikkje skulle vente det.
Nei kjedeleg blir det jo ikkje på den måten.
Eg gledar meg i alle fall til rolege sykkelturar framover i mitt tempo!
Og er spent på neste tysdag når det blir felles sykling igjen.
For eg må jo prøve igjen.
Eg skal jo få til dette.