27. juli 2015

MuleBar - energibar HunzaNut - min nye favoritt

Utan energi kjem me ingen stad - verken i dagleglivet eller på trening.
Så energi skal til.

Og i tillegg til den mentale energi som får ein til å kaste seg ut døra ikledd løpetøy eller trillande på landeveissykkelen, så er det også viktig med energi i form av kaloriar.
Mat.
Eller drikke.
Energibarar er pakka ned til ein forutsigbar porsjon energi, har lang haldbarhet og også forutsigbar smak og energiinnhald, samanlikna med f.eks. brødskiver eller banan.

Eg har for fleire år sida prøvd energibarane frå Mulebar (les innlegget her), sidan eg likar konseptet deira. Den smaksretninga eg prøvde den gangen ("Apfelstrudel"), var veldig god også. Litt søt kanskje, men veldig god.
Men etter å ha prøvd fleire variantar av MuleBar, har eg fått meg ein ny favoritt: "HunzaNut".

Så denne har eg bestilt meg fleire av etterpå, og hatt den med i løpebelte som nødmat i tilfellet eg skulle gå tom for energi. Det har funka fint, sjølv om eg stort sett har ete den til tross for at eg eigentleg hadde nok energi igjen. Berre fordi den er så god..


Den har altså aprikos og valnøtter som hoved- og smaksgivande ingrediens. Det eg likar med Mulebar i tillegg til den gode smaken, er at dei brukar ein god del av ingrediensane frå Fairtrade-godkjente produsentar. Det gjeld ikkje alle smaksvarianter. Dessutan er emballasjen visstnok komposterbar. Det har eg ikkje prøvd, men tanken er god. Havnar emballasjen i naturen, blir den faktisk borte etterkvart. Vanleg plast er ikkje nedbroten for etter mange tusen år...

Denne energibaren er nok best eigna for rolege løpeturar, sykkelturar eller turar i fjell og mark der intensiteten ikkje er så høg, eller er ein kan ta seg ein pause. Konsistensen av sjølve baren er riktignok "saftig" nok og ikkje tørr, og dermed lett å svelge, men det er store bitar av aprikos i baren, så du kan ikkje berre stappe den i deg i stor fart og høg pustefrekvens. Den skal nytas.


HunzaNut'en er ikkje spesielt klissete, ikkje eingong etter å hva vore med i drikkebelte på rundt 25gradar i sola. Emballasjen er forresten også lett å opne (det finst andre barar som er heilt håplause - nokre må du dra og rive i, mens andre får du berre av ein flik av gangen).
Heile baren er på 56gram. Ein fin liten snacks. Det er mange barar som er rundt 50-60gramm. Du får i underkant av 200kcal per bar (192kcal for å vera nøyaktig).
Det som eg likar så godt ved akkurat "HunzaNut"-varianten er at den inneheld mest tørka aprikos, og ikkje syrup eller korn. Heile 32% er tørka aprikos. På dei andre variantane er det ofte rissyrup som er hovedingrediensen. Ikkje på denne her...
Dette er ingen energibar for folk med matallergiar derimot. Den inneheld jo nøtter, og korn (havre), og soya, noko som mange med matallergi reagerar allergisk mot.
Men - korleis er smaken da?
Den smakar aprikos - faktisk!
Ikkje alle energibarar som kallar seg "eple" eller "mango" smakar eple eller mango. Eller aprikos. Mens denne her smakar akkurat som navnet sitt antyder. Den smakar tørka aprikos, berre mindre påtrengande. Så har den ein meir saftig konsistens og nøttebitar - den glir liksom lett ned.
Det har hendt at eg har tatt meg ein slik også om eg ikkje har trent, f.eks. til lunsj. Berre fordi den er så god - med så mykje tørka frukt og litt valnøtt (7%) så er den også litt sunn, tenker eg. I alle fall på lik linje med ei brødskive. Berre at den smakar bedre.

Lukas fekk ikkje smake. Det syntest han ikkje var så greitt. Men han har ingen problem med varierande blodsukker og humør - han er aldri sur på tur - dessutan finn han mange - ehem - "godbitar" undervegs som gir han energi. Så han var berre bakgrunnspynt her :)

Eg er forresten (dessverre) på ingen måte sponsa av MuleBar, så denne testen her kjem rett og usensurert frå hjartaet - og magen sjølvsagt.


13. juli 2015

Jakta på komforten.

Komfort kan vera så mangt.
Ei mjuk pute, ein god stol, eit godt sitteunderlag, eit godt sykkelsete, god sittestilling på temposykkelen...
Komfortabel på sykkelen, til og med på leigd sykkel,
 med medbrakt pedlar, sete og tempostyre (IM 70.3 Mallorca 2011).
For tida så er eg på jakt etter det siste.
Eg har innsett at eg er nøydd til å få løfta styret på temposykkelen min lenger opp viss eg skal bruke sykkelen på langdistansetriatlon. Den funkar fint på ein halv ironman der eg syklar 3,5t, men lengre enn dette og nakken min sviktar, trur eg.
Setet mitt må vera ganske høgt for å gje nok spelerom til mine lange bein, mens den korte ryggen min må strekke seg langt ned til tempostyret. Det går fint på korte distansar.
Avstanden mellom setet og styret er kort nok.
Men nårr styret er lågare enn setet,må eg passe på nakken min. 
Sjølv om sykkelen passar bra, hadde eg sykla ein fulldistanse ironman med denne sykkelen?
Alternativt kan eg bruke racer'n, men den er faktisk fortsatt for lang for min korte rygg. Sjølv om det gjekk jo fint i Frankfurt i 2010... så kva blir det, tru?
Eg har lyst til å satsar på temposykkelen min, og då tilpasse sittestillinga enda bedre. Til dette skal styret lenger opp. Så nå har sett meg ut eit såkalla "aero bar riser kit" frå Profile Design:

Dvs på bildet ovanfor er det  brukt fleire kit oppå einannan.
Kitet i seg sjølv består berre av skruer og av "mellomlegg" med ulik høgde:
Profile Design Bracket Riser Kit
Dette kitet er eg nå på jakt etter. Det ser ut som eg ikkje er den einaste, for mange plassar er den utsolgt. Like før eg trudde eg kunne bestille det, så oppdaga eg det var laga for styret med 31,8mm (såkalla "oversize"). Styret på temposykkelen min er det originale frå Quintana Roo og laga med 26,0mm. 
Original styre med ny tempobøyle (i såkalla "S-bent" form som eg likar best,
albustøttene er original (dvs frå VISION).
Akkurat nå så brukar eg adapter for at albustøttene til tempobøyla skal sitte riktig på, og det går fint og er ikkje uvanleg.
Men om eg nå også brukar fleire lause delar i tillegg, er det lurt, er det trygt?
Styret har 26,0mm, mens tempobøyla har feste laga for 31,8mm,
men det følgte med adapterringar.
Eg har kontakta Profile Design. Eg tippar på at dei ikkje anbefalar å bruke kittet på dette styret, sidan det då blir for mange delar, men kva veit eg?
Hadde eg enno hatt masse pengar eg kunne brukt, så hadde eg jo berre kjøpt eit heilt nytt tempostyret frå Profile Design og dermed kunna fått til bedre sitteposisjon. Men nå er pengane knappe, dvs sparepengane er brukt opp (pssssst....blant anna på ny våtdrakt som eg gledar meg til å blogge om :D).
Åi åi åi - eit lite glimt av skattepengane mine omjort til våtdrakt! NICE :) 
Det er eigentleg ganske spennande å sette seg inn i sykkelgeometri, dei forskjellige diametrane, sykkeldelane, typar av tempostyre osv, eg må jo innrømme at eg likar den tekniske delen også, og likar å montere og demontere og skru sjølv.  
Så me får sjå kva det blir til slutt!
Tidleg skal krøkes... (funne på Pinterest)

8. juli 2015

Hva er det for nokre rare sko du har på deg da???

Eg har nå i år for første gong hatt ei løpeøkt.
Altså eg meinar sånn ordentleg løpeøkt.

Eg har jo løpt i skogen, veksla mellom løping og gange og har hatt god erfaring med det, heilt opp til 7km så langt.
Men nå kjenner eg at det er på tide å utfordre føtane mine litt meir, sånn gradvis.
Back to the road, liksom.
Det har blitt ein god del løpeturar i skogen i alle fall - veksla mellom løp og gange.
Eller i alle fall, tilbake til strukturet og forsiktig løpetrening.
Eg er ikkje heilt sikker på kva slags løpesko eg skal bruke framover, sidan mine gamle ikkje lenger er gode å ha på, synst eg. Dei blir for trange.

Men skospørsmålet føler eg er litt sekundært. Først er det føtane som skal fungere.
Enn så lenge bruka eg då Fivefingers.
Så sist torsdag sykla eg ned til idrettsanlegget for å løpe.
Min faste plass med sykkel ved furutreet. Til min store forskrekkelse hadde det blitt hogd ned eit par kjempestore fine furutre. Men som naboen sa, dei var tørre og dermed ikkje trygt å ha der. Jaja.
Her var det også ein nabo som kjente meg igjen, som eg slo av ein prat med, og som kunne fortelle at han hadde lurt på kor hen det hadde blitt av meg i år. Han bur rett ved idrettsbanen og jobbar mykje ute med båt og andre "unyttige hobbyar som er høgst nødvendig" som han seiar :)
Plutseleg såg han ned på føtane mine og brøyt ut "Nei men kva er det for nokre rare sko du har på deg da?" Og så lo han godt.
Eg forklarte dette med Fivefingers.
Han syntest det var artig.

Klokka var berre 11, sidan denne torsdagen var ein av desse super varme flotte sommardagane som me hadde den siste veka, og eg ville unngår steikesola på ettermiddagen. Grusvegen rundt idrettsanlegget målar ein kilometer, og her blåsar det alltid litt, vegen ligg rett ved elva og ut mot Seljordsvatnet, så det pleier å vera kjølegare her når det er varmt enn f.eks. i skogen. Trærne langs elva gir også god skygge på halvparten av runden.
Vallaråi, elva som går rundt halve eventyrøy og idrettsanlegget.
Her er det godt å kjøle seg ned når ein løper i varmen.
Eg skal ta det pent med løpinga.
Så då blei det éin kilometer av gangen. Ein runde, og så litt gåing, litt forsiktig tøying, litt løpeteknikkøvelsar, berre roe ned, la føtane kjenne på den fine mjuke plenen ved anlegget, la dei restituere seg litt.

Så ein runde til.
Og så ein runde til.
Ferdig.
Det var morsamt å bli så fort ferdig, sånn samanlikna med tidlegare løpeøkter som kunne vare i timesvis.
Men greitt var det, moro var det. Etterpå blei det avkjøling av leggane, og med Fivefingers på er det jo heilt genialt å vasse i elva.
Vibram Fivefingers Spyridon, som eg løp med. Veldig kjekt når ein skal kjøle ned leggane i elva etterpå, for med desse skoene på så har ein utruleg godt grep på sleipe steinar, også i nokså sterk strøm som her. Såå kjekt!
Dagen etterpå var føtane også heilt fine.
Ååå så fornøydd eg blir altså!
Etter denne økta har eg pga varmen prioritert sykling og svømming bading, og turar med Lukas, eg trur eg kan godt ta det roleg med løpetrening framover.
Spesielt sidan eg går tur kvar dag, og trenar styrke faktisk så mykje som tre gonger i veka, og der får føtane stor belastning også, spesielt når eg løfter tunge vekter, som på markløft.
Markløft - personleg rekord 75kg (maksløft) ellers sånn rundt 55-60kg (5-10 reps) 
Treningsmessig går det altså virkeleg bra.
Min psykiske helse er derimot så som så, så lenge alt går sin gang, går det greitt, men eg lever fortsatt med små marginer når det gjeld belastning, det skal lite til for at det blir for mykje.
Men slik har det jo alltid vore.
Frå kveldstur med Lukas - når ein ikkje har det bra er det
viktig å legge merke til dei små positive og vakre tinga. 
Turane med Lukas er fine. Av og til så er me kanskje litt på forskjellige planetar, men så godt det er å tusle seg ein tur. Det hadde eg jo aldri funne på aleine.


Det er berre å ta ting som det kjem, og ikkje bli frustrert om eg må ta ein heil dag pause frå alle slags aktivitetar, og unnar hovudet mitt ein pause.
Selfie på brygga - berre la meg sove litt her nå...
Sommarvarmen har gjort godt.
Eg har elska den varmen som var!
Det er berre så mykje lettare å slappe av når det er varmt.
Og eg elskar sol og varme!
Frå badebrygga i Kviteseid. Og 28gradar i skyggen. Varmt i sola. NYDELEG.
Ein ting som eg har skjønt nå er at eg har forsømt svømminga. Den siste veka så svømte/bada eg heile tre gonger, dvs saman med ei venninne, så dagen etterpå aleine.
Svømming i Seljordsvatn. Det gir sommarfølelse, og triatlonfølelse!
To dagar seinare blei det også ein stopp på ein sykkeltur med innlagt bading.
Det var 28gradar i skyggen ved Statoil i Kviteseid.
Då droppa eg rett og slett singleten og sykla i Speedotopp.
Det er ein ganske seig bakke opp frå Kviteseid må vite!
Bratte bakkar ser aldri bratte ut på bildet. Denne her er heller ikkje så bratt,
men den er lang. Heile 5km. Men den er fin.
Det blei til at eg svømte i trishorts og speedotop og i nyyydeleg vatn ved brygga i Kviteseid. Eg har alltid med eit par svømmebriller og ei svømmehette i bagen bak setet på sykkelen nå på sommaren når eg plutseleg kan koma forbi eit vatn med god badetemperatur.
Svømmebriller og svømmehetter - "minimal swimming":D Men rosa er viktig ja.
Her er det på brygga i Kviteseid der vatnet var deeeeeeeileg varmt!
Kviteseid. Her legg kanalbåten til. Og her er det ofte fin temperatur i vatnet å bade i.
Spesielt når det blåsar frå riktig retning. Det var moro å svømme i bølgene. DIGG!
Det var heilt nydeleg å svømme med bar mage - herleg å kjenne vatnet rundt kroppen, utan begrensning av våtdrakt. Den følelsen har eg savna. Bølger var det også. Og ungar som trena på å stupe.
Det minte meg litt om mine somrar som lita jente, der me bada stort sett kvar dag (vanntemperaturen var eigentleg alltid bra om sommaren), og leika oss og herja i og rundt elva.
Så når det blir god badetemperatur her, og det lar seg svømme utan våtdrakt, då blir eg utruleg glad, då er sommerfølelsen her.

Yndlingsmotivet mitt, trur eg. Fjell og vatn og sommar og bading. Herleg!
Nydeleg.
Heaven.
Å du deilege sommar :)