25. juli 2011

Godt med fjelluft igjen!

Etter dei siste dagane med så mykje tunge nyheitar på TV, kjenner eg veldig behovet for å framheve det som har vore bra den siste veka.
Treningsmessig har eg igjen følgt den vel utprøvne innfallsmetoden. Eg trenar det som fallar meg inn.
Det var nok ikkje spesielt mykje den siste veka, men litt blei det jo.

Sist måndag var det opphaldsvêr og god temperatur, ikkje for varmt heller, og då blei det motbakketrening.
Rett på andre sida av åsen der eg bur, er lysløypa Raudkleiv.
Eg og  Binna blei i godt humør av fjellufta. Og sidan eg ikkje tok ein dans på dansarsteinen, så blei det litt sprell på Raudkleiv istadenfor :)
Det er ein god del høgdemeter opp til Raudkleiv, men ikkje meir enn at ein fint kan jogge opp på  ca 25min med eit par-tre puste- og drikkepausar undervegs.
Binna i superform. Spesielt på veg opp, mens dette bildet er tatt  på veg ned. Sprek til 10år gamal å vera!
Drikkestasjon undervegs.
Utsikt. Belønning for å kome til topps!

Torsdagen var det tid for tur igjen, og denne dagen var me faktisk veldig heldige med vêret. Blå himmel og strålande solskinn! Oppover i Grunningsdalen (Grunningsdalen ligg her) hadde eg aldri vore før, men der er det lett å gå, og kjempefint terreng, og nydeleg landskap!
Åi i Grunningsdalen.
På tur i Grunningsdalen. Litt hodepine, men det får ein tole.
Sjølv om eg var ganske plaga av hodepine eit par timar på turen, noko som eg trur har samanheng med felleslunsjen vår, som består av middels tung mat i form av brød, suppe og kaffe, så gjekk eg og tenkte mykje på kva eg skulle finne på neste gong eg skulle opp hit. Vegen var innbydande til både vandring, løping og sykling, så her var moglegheitane mange!
Fantastisk lett terreng i Grunningsdalen.
Sidan både blodtrykket og blodsukkeret mitt antagelegvis hadde sunke heilt ned til dei djupaste avgrunnane og hodepinen ikkje ville gje seg, valgte eg å springe dei tre siste kilometrane tilbake til parkeringa, med sekk. Logikken var at eg fortare ville koma fram. Det gjorde eg. Med 4-5kg på ryggen i over 20 gradar og steikesol var det ikkje ideelle forutsetningar for å kvitte meg med hodepinen, men siden Grunningsdalsvegen helte svak nedover igjen mot parkeringa, var det forbausande lett å springe. Ryggsekken satt faktisk ganske godt (til tross for at den har eit volum på 40L), Goretex skoene frå Lowa (10år gamle) hadde akkurat nok demping igjen, og eg hadde med både nok vatn og ein reserveenergibar, så turen på snaue 16minuttar blei utruleg bra, og hodepinen ikkje å merke (i alle fall ikkje mens eg sprang).
Årets første molte! Hurra!
Hm... molte er godt!

Slåkavatn i enden av Grunningsdalen. Og molteterreng.
Turen til Grunningsdalen sist torsdag var første fjellturen etter to veker, så saman med motbakkeløpet mit på mandagen var det nesten som om eg hadde fått ein overdose med fjelluft.
Herleg forfriskande!
Det burde ikkje gå så lang tid til neste gong eg kjem meg til fjells altså...
Å gå i fjellet er alltid bra. Det har det alltid vore, og vil det alltid vera!*





(*bildet er tatt med mobilkamera og så "poladroidisert", med programmet Poladroid)

22. juli 2011

Tenn lys

Sjølv om denne bloggen har tittelen triatlondagbok, så er det mange ting som skjer utanom triatlon som må bloggast om.
Då eg kom heim i dag sånn rundt 15:30, slo eg på TVen berre for å slappe av litt før eg skulle lage middag.
Lite skulle eg vite da, at eg ikkje skulle greie å slå av TVen dei påfølgjande tre timane, så ufatteleg var det som hadde skjedd i Oslo og på Utøya i dag.

Det er ikkje så veldig mykje ein kan gjera når ein er så langt unna denne tragedien, men det er jo ein fin (opprinneleg katolsk) tradisjon å tenne lys når det har skjedd ei ulykke for å minnest dei som blei ramma.


Sjå også Facebooksida her viss du vil delta i arrangementet "Tenne et lys for de omkomnede og skadde etter tragedien i Oslo og på Utøya."

16. juli 2011

Reviderte mål

Nå er det altså bestemt - til 99,9%: det blir ingen Ironmandeltaking på meg i år.
Eg har brukt eit par veker til å koma fram til beslutninga mi.
Grunnen er vel både det økonomiske som ikkje er på plass,
men også at eg rett og slett ikkje har hatt overskot til å trene til ein langdistansetriatlon.
Det er vel heller noko slik eg treng for tida...

Eg som synst at det er moro å trene, måtte nemleg meir og meir nærmast sparke meg sjølv ut av døra for å koma meg ut. Og ofte så hjelpte ikkje det heller.
Så etter lang betenkningstid har eg bestemt meg for å ikkje reise til Regensburg.
Og sidan eg tok den beslutninga, har eg kjent at brikkene i hovudet sakte men sikkert har dette på plass igjen. Og at eg blir inspirert til å trene igjen.
Den friheten eg har fått, at eg kan hoppe over både to og tre dagar med trening, har inspirert meg.
Så mykje eg kan finne på nå!

Men dei siste to vekene har eg tatt det med ro. Eg svømte ein ettermiddag, og torsdagskveld blei det ein liten joggetur. Etter 10 dagar utan løp eller sykling kjendest denne joggeturen ganske tung, men pussig nok var tida eg brukte på denne "standardturen" den same som alltid, om ikkje mindre, og eg har ikkje kjent noko stølhet etterpå.
Ny ermellaus våtdrakt frå AquaSphere, som eg skulle bruke i Guggenberger See. Men nå får eg jo tid til å teste den litt meir i lokale vatn i staden for...

Eg har også brukt tida til å ta meg av hagen min her heime og nede i Seljord. Om det har vore mykje regn i sommar, så har det vore ypperleg for reddikavlinga!
Og salaten har det også heilt glimrande.
Om regnet er kjedeleg, så er det i alle fall bra for reddikavlinga.

"It's a Jungle Out There"? Det er berre frodige reddik- og ruccolaplanter...
Binna delar ikkje heilt entusiasmen min med hage. Men ho er faktisk veldig glad i salat. I alle fall den med dressing på.

Og med mindre å tenke på, så har også sakte men sikkert matlysten kome tilbake og den konstante kvalmen forsvunne. Magen min reagerar fort og sterkt på stress, og eg har virkeleg hatt vanskeleg for å få i meg mat den siste tida. Så det er deileg å slappe av mesteparten av dagen, ete godt, bruke regndagane til å rydde inne, planlegge nye prosjekt, få orden på ting, og rusle tur med Binna.
På Bringsåsnuten med Binna.
Utsikt frå Bringsåsnuten over Seljordsvatnet.
Så nå sit eg ute på ein finværsdag og nyt sola som skin, og tenker på nye mål.
Eg kjenner at eg har lyst på, og bruk for, eit nytt mål eg kan trene mot.
Og eg har kjent at eg har lyst til å fokusere litt meir på løping utover hausten.
Kanskje skal eg til og med hive meg på ein maraton igjen, det har eg hatt lyst på lenge, men i år så har det ikkje vore plass til dette.Så mykje som eg likar triatlon med både svømming, sykling og løping, så kjennest det ganske befriande å berre kunne fokusere på éin av disiplinane.
Eg har faktisk ikkje deltatt på eit einaste løp i år. Dét kunne eg tenke meg å gjera noko med.Vest-Telemark karusell har sine tre siste løp i august og september, og det er også ein god del halv- og heilmaratonarrangement andre stader denne hausten.
Eller så kan eg plutseleg og uforberedd finne på eitt eller anna morsamt løpeprosjekt, slikt som Linda Eide gjorde. Ho sprang nesten 3 maraton på eit døgn for "å hedre den ukjente løperkongen Mensen Ernst frå Sogn". Det lengste ho hadde sprunge i strekk fram til den dagen, var to mil. Sprek dame!
Linda Eide er ei tøff og morsam dame. Ho sprang nesten tre maraton etter einannan. Les meir her.

Så får eg sjå kva inspirasjon eg får ut av det heile?

12. juli 2011

Dansarsteinen

Etter at Marie blogga så fint om deira tur til dansarsteinen, så måtte eg berre skrive ein liten oppfølgjar!
Dansarsteinen er ein utruleg artig plass i fjellet, og den ligg berre 1km frå nærmaste veg/parkeringsplass, så turen er både familievenleg og oppnåeleg også for dei som er litt dårleg til beins eller i dårleg form.
Og for dei som er i god form, så kan ein jo gjera turen meir utfordrande ved å bera litt meir enn andre?
Sjølv om det vel kanskje ikkje er så mange som ville greidd å bera guttungen sin opp heile stien, slik som Marie gjorde, eg syntest eg hadde nok med sekken min som våg kanskje åtte kilo...

Me gjekk opp til dansarsteinen på Sankthans i år, på ein av våre torsdagsturar. Og det var utruleg nydeleg å koma opp på ein ca.1000moh, med herleg fjelluft og flott utsikt på dei kringliggjande fjelltoppane.
Har du lyst på ein slik tur, så finn du kart og beskriving av turen her.
Eg skal  nøye meg med å leggje ut nokre bilder frå turen.
Det er godt med alternativ trening til all løping og sykling, og ein får lade opp batteriene sine skikkeleg!
God tur!
Ein overkomeleg tur. Men litt stigning blir det!
 På skiltet står det "1km", mens på kartet til Vinje kommune "2km". Ikkje veit eg?

Blålyng (Phyllodoce caerulea) langs stien.

Stien oppover er veldig bra merka også, så det går nesten ikkje an å ta feil. Med mindre ein blir så oppslukt i blomane rundt omkring slik som eg gjer da...
Oppe på dansarsteinen. Her er det heilt flatt. Og god utsikt mot Rauland.
Utsikt i motsatt retning: ein liten topp. Den måtte me koma oss opp på mens været enno var fint.

Varden på toppen.

Her kunne me skimte Gaustatoppen i det fjerne!
Så bar det ned stien ned att frå toppen.
Fint å vera i fjellet.
Til tross for skyene var det opphald på turen. Ullvier her har god isolasjon med "pels" på bladene sine.


Ullviers botaniske nacn er Salix lanata ssp lanata, det er lett å hugse. "Lano" er jo ullvaskemiddel ;)

Ullvier (Salix lanata ssp. lanata)
Eg skulle nok gjerne hatt med eit ordentleg kamera. Men mobiltelefonen med kamera er jo alltid med, og bildene blir ganske brukelege.
Lusegras (Huperzia selago) på stein med kartlav. Fint!
Eg hadde tatt med "vanleg" kamera også, så for å fange opp blomsten på tettegras var det jo kjekt.
Blomsten på tettegras (Pinguicula vulgaris).
Tettegras er ganske vanleg der det er fuktig og næringsfattig, og den finst gjerne i fjellet. Det er faktisk ei av Norges få kjøttetande planter!! Dei klebrige bladene fangar insekt, som så blir fordøydd... Ganske kult eigentleg!
Molteblom.
Det me såg mest av var hannblomar av molte der opp, men ein eller annan stad må jo hoblomane ha gøymd seg, så det kan jo bli ein god grunn til å dra opp dit ein gong til, når molte blir moden...

6. juli 2011

Sponsor? Anybody?

I går såg eg på forskjellige reisealternativ til Ironman Regensburg.
Det visar seg at det blir ein god del dyrare enn turen til både Frankfurt i fjor, og Mallorca i vår.

Det er ikkje sikkert at eg har råd til å reise og delta i Ironman Regensburg 7.august i år.
Det er i grunnen deprimerande at eg det er mangel på pengar som skal avgjera deltakinga mi, men samtidig så opplevar eg vel også ein stor mangel på energi og tiltakslyst for tida.

Eg skulle rett og slett ønske at eg ikkje var påmeldt til IM Regensburg, slik at eg kunne slappe av resten av juli månad. Det hadde eg trengt.
Sjølv om eit lite tilskot med pengar hadde vel også kunne gitt meg eit løft?
Det hadde vore kjekt å hatt ein sponsor, slik at eg både kunne trene for og delta i konkurransar som eg hev tru på, og som eg kjenner kunne inspirere andre til å gjera det same, og samtidig vera i stand til å betale husleige?

Fram til eg skal ta noko beslutninga, skal eg berre halde fram med å trene så godt eg kan - sjølv om det for tida visar seg  tyngre enn det eg vil ha det til...



4. juli 2011

Multippel punkteringstrening på sykkeltur

Det var lenge sidan min siste lange sykkeltur (lang = som varar lengre enn to timar). Ironman Regensburg nærmar seg, og igår ville eg koma meg ut på langtur.
Først hadde eg tenkte meg oppover Åmotsdalen igjen, og kanskje mot Rauland, men www.yr.com kunne melde fare for byger der. Nedover mot Bø derimot, var det meldt glimt av sol.
Så eg lot vêrvarselet bestemme kursen og drog av garde.
Med lett sekk (og badetøy, i tilfelle eg skulle kome forbi eit fristande vatn) kom eg meg avgarde 13:15.

Første stopp blei ved Statoil i Seljord for å justere klossane under venstre sykkelskoen. Fem minutter stopp, sidan sykkelverktøyet mitt nesten gjekk i oppløysing på grunn av ei laus skrue.

Vidare mot Bø. Det var lummert, solskinn og veldig høg luftfuktighet. Det var også motvind, og eg kjendte at formen ikkje var spesielt god. Derfor var det kjekt med ein stopp etter tre mil i Øvre Bø, hos nokre venner. Denne vesle stoppen gjorde godt, og eg bestemte meg for å sykle vidare. Hadde jo enno ikkje heilt funne ut kor hen og kor langt eg skulle sykle.
I Bø fann eg ut at eg kunne legge turen innom Lunde og Ulefoss, og sykle tilbake på RV36. Dette er ein runde som eg har sykla nesten ein gong i veka gjennom heile hausten 2007, så det var kjekt å vera tilbake på gamle trakter.
Ved avkøyrsal til Lunde kjendte eg at eg godt kunne ha ein matstopp snart, ettersom eg alt hadde ete to bananer og ein energibar, alt etter litt over ein time sykling!
Så kjendte eg fortsatt litt energimangel, men tenkte at eg alltids kunne snu om eg ikkje orka heile runden.
Men då eg nærma meg Ulefoss, så var det utruleg kjekt å vera på langtur igjen, og eg tillot meg til og med ein liten stopp ved Ulefoss sluse og kikka på kanalbåten Telemarken som var på veg ned til Skien.
Då eg skulle sykle friskt av garde, kjente eg ein dump frå forhjulet: punktering.
Her var det eigentleg god plass å skifte slange, og eg hadde med meg all slags utstyr til å skifte slange.
Siste utsikt får punktering nr.1 denne dagen: kanalbåten "Telemarken".
Eg kom også til å prate med ein motorsyklist frå Belgia, som kom med nokre varme ord om punktering, og viste tommelen opp, og var glad for at eg hadde med reserveslange. Eg fekk også fylt opp drikkeflaskene mine, og sykla til slutt vidare.

Over den gamle brua i Ulefoss og ned til hovedvegen, og så ein liten omveg på gamlevegen, der det faktisk er skilta "49km til Seljord".
- Det er jo ikkje så langt, tenkte eg
Etter eit par km stigning, så sa det -puff-, og den velkjente humpefornemminga frå bakhjulet lova ikkje godt.
Nå var det bakhjulet som hadde punktert.
Eg hadde berre tatt med éin reserveslange i går.Men eg hadde med lappeutstyr. Likevel, det er eit eller anna gale med bakhjulet/felgen/felgbandet, sidan eg har punktert utruleg mange gonger denne vinteren/våren, både ute på vegen og på rulla.
I Ulefoss, tenkte eg, bur det ein ivrig syklist og triatlet (2x Norseman, 3x den store Styrkeprøven m.m.) . Lars Helge hadde eg ikkje snakka med på lenge, men eg håpa at han var heime og kanskje kunne hjelpe meg med nokre reserveslanger.
Som tenkt, så gjort.
Punktering nr.2: bakhjulet denne gongen.

Og korte ti minutter kom bilen hans rundt svingen der eg satt og i sola og lappa sykkelslange. Me satte på den lappa slangen, eg putta ein reserveslange i sekken, og me avtalte ein felles stopp ved Årnes Kafeteria, nokre få km vidare mot Bø, som ein slags sikkerheitssjekk. Dessutan hadde klokka blitt ganske mykje, og eg hadde blitt kjempesulten, og Årnes Kafeteria lokka med pommes frites, pølse, kaffe og is...
Av med hulet, ut med slangen, inn med slangen, dekket på plass, på med hjulet... 3x i går...

Det var aldeles hyggeleg å slappe av i den svale kafeterien, ute var det 23 gradar i skyggen, og kva temperaturen var i sola, tør eg ikkje spekulere på.
Etter ein porsjon pølse og pommes frites, ei flaske Solo, ein pin-up is, ein kopp kaffe og hamstring av mange små blå saltposar bar det ut på vegen igjen.
Trudde eg.
Etter to meter kjendte eg det igjen: bakhjulet hadde punktert.
Eg vinka Lars Helge tilbake, og så var det nok ein gong å ta av bakhjulet, ta ut slange, og få reserveslange på plass.
Det blei nesten komisk. Klokka hadde blitt 19.00, og eg hadde frykteleg lyst til å koma meg heim.

Eg spøkte med Lars Helge om at eg nå var utanfor Nome kommune, så her var det andre venner som eg kunne ringe til viss eg kom meg videre.
Heldigvis var det ikkje behov for det, men alt etter eitt minutt på sykkelen, traff eg på Eva og Lars, og dei to er også ivrige og spreke triatletar, og sjølvsagt var det koseleg og stoppe og slå av ein prat.

Etter eit kvarter kom eg meg omsider i gang igjen. Sjølv om eg hadde begynt å bli ganske så trøtt i beina, og i hovudet, så tråkka eg på så godt eg kunne, ettersom teorien var: dess mindre tid på vegen, dess mindre sansynleg er det at eg punkterar igjen...
Heldigivs var det nydelegvis kveldssol, og mindre vind, og Marvilen trilla godt over Bø sletta.
Utsikt frå tempostyret over Bøsletta.

Bakkane langs Seljordsvatn kjendest plutseleg mykje lengre og brattare enn dei pleier å vera, ikkje så rart kanskje når klokka hadde blitt 20, og eg alt hadde vore på sykkeltur i nesten 7 timar...
Men utsikten mot Seljod gjorde dei siste bakkane litt lettare, og fornøydd lurte eg på om eg til og med skulle gå ein rusletur med Binna etterpå.
Akkurat i det eg skulle ta av inn til Seljord sentrum, kjendte eg det altfor godt igjen i bakhjulet...
punktert igjen???
Dette var altså FJERDE gongen eg hadde punktert i dag!!!

Var det mogleg?
Men nå hadde eg ikkje tenkt å skifte slange, berre for å sykle opp dei siste 2km heim.
Eg hadde nemleg pakka eit par sandalar i sekken (i tilfelle bading), så då var det berre å henge sykkelskoene på sykkelen, feste hjelmen på styret, ta på sandalene og rusle heim.

Mens eg forserte dei siste bakkane, tok eg ein telefon til førstehjelps-og service-bike mechanic'en min, Arne. Eg beskreiv alle symptom på punkteringane, mens han så godt han kunne prøva å fjerndiagnostisere. Mest sannsynlegvis er det noko skarpt på felgen, på felgebandet, eller så er det ein "systematisk" feil ved montering av slangen. Dvs, kanskje klemmar eg slangen for hardt med dekkspaken, slik at det oppstår ein liten slitasje som etter nokre mils sykling blir utvida til hol.
Når eg tenker meg om, så var det første gong eg punkterte (etter tre år eg har hatt sykkelen) i fjor haust. Og så har det seg slik at eg faktisk har brukte andre dekkspakar sidan eg mista mine i Frankfurt i fjor.
Og kanskje er det berre dekkspakane som har skylda?

Eg har nok ein liten jobb foran meg med å finne ut kva som er orsak til alle desse punkteringane.
For så mykje er sikkert:
Marvilen blir ikkje med til Ironman Regensburg, viss desse punkteringane fortsettar!

Eg er fornøydd med at eg ikkje ein gong etter den fjerde punkteringa mista motet. Og at eg fortsatt var ganske pigg i går kveld, etter åtte timar på tur.
Det er jo bra uthaldenhetstrening, sjølv om nettosykkeltid kanskje ikkje var så lang?
Til slutt er uthaldenheten på ein Ironman like mykje mental som fysisk, så dette fekk eg i alle fall trene meg på.
Og i dag er det resitusjon, med lett svømming i regnet og god mat.
Eg er blid: svømming er enkelt, og moro når det regnar!
Så skal eg finne ut kva som feiler stakkars Marvilen min.
Eg håpar at den ikkje har fått skrekken etter Ironman i fjor, slik at den hintar meg om at den ikkje vil vera med denne gongen igjen...?
Eller er den fornærma fordi den ikkje fekk bli med til Mallorca?
Fordi eg tok med ChiCqilo på ein aldri så liten tempoøkt på torsdag??
Fordi den ikkje har blitt vaska og stelt med og pussa og polert på ein stund?
Skal Marvil'n nå bli like bortskjemt som ChiCqiloen?

Uansett så blir det denne veka ein del fokus på sykkel og teknikk og slange, og punkeringsførebygging.
Det var kanskje på tide.
Eg kan jo neppe ringe til ein venn når eg er ute på 180km sykling rundt Regensburg i august og treng assistanse...
Det er nøyaktig eitt år sida min første Ironman i Frankfurt! Eg kom meg gjennom den 185km sykkelløypa utan teniske problem.