26. oktober 2014

Tida flyr! Og det skulle eg ønske at eg au gjorde, for da hadde plantar fascittfoten min fått seg ein enda bedre pause eller kva?
Tida flyr og Lukas flyr.
Nå er det nesten ein månad sida sist innlegg, så eg får oppdatere litt:

Krykkene er kasta stua bort ei lita stund - for det går sakte men sikkert bedre med foten, om enn sa-a-a-a-a-kte. Men likevel - eg har kome meg over akuttfasen i plantar fascitten og går derfor utan krykker.
Den største utfordringa er berre turane med Lukas, sidan han til tider drar plutseleg og utan forvarsel og eg må følge med på dette, ellers må eg ta imot rykket med beina, og det har føtane mine ikkje godt av.
Når eg ikkje eg kan springe i skogen, så får Lukas gjera det. 
Eg har også vore til spesialist ved sjukehus i Porsgrunn, dvs ein fysioterapeut ved fysikalsk medisinsk institutt ved sjukehuset i Telemark. Det blei tatt ultralyd av føtane mine, og dette bekrefta at ja, fasciene under føtane mine var tjukkare enn dei skulle vera.
Venstre foten var ikkje så ille (litt over 4mm, mens det normale er opp til 4mmm), mens bandet under høgre foten min var nesten dobbelt så tjukt (over 8mm).
Illustrasjon. 
Bortsett frå ultralyd hadde ikkje denne fysioterapeuten mykje nytt å koma med, anna enn at hælinnlegg av typen Tuli's kunne hjelpe ved å sørge for god demping under hælen og dermed avlaste festet til fascian.
Ja han fann også ut at det kanskje var ein liten knute på fascian, men altså dette har eg ikkje lyst til å skrive meir om - eg skal tenke "frisk fot - sterk fot!" framover og ikkje knuter osv...
Tuli’s® Heavy Duty Heel Cups
Ellers gjekk diskusjonen mykje rundt det å ha labrador i huset, me fann nemleg fort ut at me hadde ein brun labrador i huset begge to.
Og prate om hund er tross alt meir oppløftande enn å prate om langvarige belastningsskadar, ikkje sant?

På skofronten har eg fortsatt lyst på Hoka One One sko, men etter å ha testa eit par i butikken er eg ikkje så veldig begeistra likevel. Føtane mine er fortsatt super sensitive, og sjølv om Hoka-skoene har dobbel så mykje demping som vanlege mengdetreningsløpesko og skal vera mjuke, så kjendest dei ikkje så gode å ha på.
Uansett så skal eg ikkje begynne å løpe før til sommaren kanskje, så eg har jo ikkje behov for nye løpesko med det same.
http://www.hokaoneone.eu/fr/d/stinson-atr-femme_264.html
Hoka One One Stinson ATR - ein terrengsko, den står på ønskelista mi!
Eg har derimot fått meg eit nytt par MBT-sko, om enn brukt, men så hadde eg berre lyst til å prøve ein annan modell og ei venninne av meg hadde eit par i ein størrelse som passa meg.
Og sidan desse rare skoene kjennest godt å bruke på turane med Lukas, og ikkje minst etterpå, så blir det nok eit nytt par av desse etterkvart.
Av den litt meir sporty typen, slik som denne:
MBT-Jahi (submarine), også på ønskelista mi.
Ellers har eg lege på latsida når deg gjeld trening.
Det blir for det meste transportsykling som held kondisen sånn nokonlunde vedlike.
Sjølv om eg faktisk tok temposykkeln fatt ein dag og sykla på rulla ein gong, det var uventa moro!
50min innesykling/utdriving av mentale demoner -
på rosa temposykkel - faktisk moro!
Og eg har trent styrke for overkropp og kjerne.
Det var heilt greitt.
Men sistnevnde blir ikkje godt for føtane etterpå, sjølv om eg passar på at eg belastar føtane minst mogleg.
Lukas hjelper til med styrketreninga - han varmar opp yogamatta :D
Turane med Lukas er stort sett det mest regelmessige av mosjon eg får for tida, og det er eigentleg heilt greitt.
Eg er faktisk veldig glad at eg KAN gå mellom 45min og ein time i skogen eller faktisk på asfalt utan å ha vondt i føtane etterpå.
Det er jo framsteg, det!

Svømmehallen har endeleg opna her, så etterkvart skal den også takast i bruk.
Eg fekk lyst til å svømme - men vatnet var sjølvsagt iskaldt - så eg får heller kome meg i svømmehallen!
Hausten er berre utruleg flott i år, fine fargar og både sol og regn og vind og storm og kjøleg og mildt om einannan, akkurat slik det skal vera, og det likar eg!

Treningsmotivasjonen er ikkje spesielt stor eigentleg, eg kjenner at mangel på mål neste år inspirerar ikkje akkurat til strukturert trening.
Samtidig tenker eg at det er heilt greitt å vera litt lat, sidan slike overbelastningsskadar har jo årsaka si i for stor belastning av kroppen i forhold til kroppens restitusjonsevne, så det kan ikkje skade å ta det litt roleg ein periode.
Istadenfor å springe langs opplyste gater nede i sentrum så sit eg i skogen og leikar meg med kamera. Denne gongen var det berre mobilkameraet som skulle testast i skumringa. Det blei ganske bra synst eg. Til mobilkamera å vera?

Eg trur nemleg ikkje på at ein kan isolere ein skade i foten og tenke at resten av kroppen har det heilt fint. Det er mangel på ressursar etter mi meining, og for dårleg lytting til kroppens signalar som fører til overbelastning.
Men det er ein balansegang. Nokre av dagane der eg sit alt for mykje stille så søv eg gjerne dårleg, og når det blir dårleg søvn, blir det dårleg restitusjon, så da kan eg godt bli meir fysisk aktiv slik at kroppen får slappa av om kvelden og gir signal om at det er på tide med søvn og kvile og restitusjon.

I dag kjenner eg at eg er stiv og støl etter gårsdagens sykling med Lukas (eg har tatt opp igjen ein ekstremsport: sykling med Lukas. Meir om det kanskje seinare :D), så eg får heller logga av nå og prøve å aktivere støle musklar i nakke og skuldrene.

Ha ein fin søndag!