Viser innlegg med etiketten terrengsykling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten terrengsykling. Vis alle innlegg

21. april 2015

"Vi kommer i begravelsen din!"

Er det nokon som har sagt dette til deg?
Nei?

Det er kanskje ikkje så rart.
Sist tysdag var eg igjen med på fellessykling i gruppe.
Sidan det første gong endte med fullstendig utmattethet og synsforstyrrelsar og legevakt, så var eg meir forberedd denne gongen.
Eg hadde fått i meg nok mat, ete middag sånn eit par timar før me skulle sykle, utsatte turen med Lukas til etter syklinga, osv.
Denne gongen var me igjen to gruppar.
Den store raske gruppa, og så oss tre, som skulle ta det med ro.
Hardrocxen og den innstøpte kua.
Me syklar på terregnsykkel i gruppa.
Akkurat som sist så greidde eg meg fint den første timen.
Me stoppa nede i Flatdal for å organisere veivalget vidare, og delte oss inn i "Nutheim opp" og "eit stykke innover mot Åmotsdal". Første var kortare.
Så eg blei med der.
Utsikt frå Nutheim.
Foran meg sykla det to karar, og så ei dame som var med for første gong.
Eg blei så imponert over styrken hennes.
Ho tråkkar med utruleg tunge gir, men i jamnt tempo oppover stigninga.
Men eg greidde til slutt å henge med.
Moro var det au, me  var igjen heldige med vêret og ved Nutheim gjestgiveri venta dei to karane på oss.
Utsikt frå Nutheim i Flatdal. Dette var sist søndag.
Jaja, eg er kanskje ikkje den sterkaste og raskaste på sykkel.
Ikkje så rart etter så lite trening som følge av plantar fascittfoten som skulle tas omsyn til.

Men - i nedoverbakke - ja då er eg god.
I alle fall ved gode forhold, dvs lite trafikk og tørre fine vegar.
Så eg susa ned, forbi alle andre, og det var jo sååå moro :)

Me samlast nede på flata (for då det begynte å bli flat, så sakta eg akterut igjen må vite).

"Jøss for ein fart du hadde nedover?!"
"Ja vi kommer i begravelsen din!" sa dei.
- Så koseleg da, svarte eg.

Det er heilt klart ikkje utan risiko å suse ned ein utforbakke på sykkel i over 60km/t.
Men - denne bakken har eg sykla ned såpass mange gonger, og med HardRocx'en min føler eg meg ganske trygg.
Sjølvsagt, det kan skje noko allikevel.
Ein kan plutseleg punktere, eit lemmen kan finne på å løpe innpå vegen frå sida, osv.
Men - bilulykker skjer også, og me let ikkje vera å køyre bil av den grunnen?

"Livet er eit risikofult prosjekt og det endar alltid med døden."
Eg synst eigentleg det er dumt sagt.
Samtidig er det mykje sant i det også.

Eg har i alle fall investert i nye bremseklossar på Hardrocxen, for teknisk svikt vil eg helst ikkje oppleve i 60km/t på sykkel.
Gode dekk er også viktig.
Turen endte forresten med at eg sykla meg tom igjen, men heldigvis denne gongen med synssansen i behold.
Eg blei dytta.
Jepp, dytta. Eg greidde ikkje å henge med dei tre andre.
Tom, rett og slett.
Eg skjønner ikkje. Eg åt ei banan, men det hjelpte ikkje.

Dei siste tre km lot eg gruppa sykle ifrå meg.
Og hadde ein venleg men bestemt dialog inni meg "Dette er heilt greitt. Du har dårleg dagsform. Du er i god form ellers. Formen er stigande. Sjå så fint det jordet der ser ut! Formstigninga kjem nå. Herleg å kunne sykle i mitt eige tempo. Å så fint lys det var i dag."
Når eg syklar aleine, blir det pausar.
Då hentar eg meg inn igjen - og tek bilder :) 
Eg blir jo berre motivert til å trene meir.
Så etter den tysdagen har eg sykla to gonger, og tilbakelagt nokre høgdemeter.
Du blir god til det du trenar på, så då får eg trene på å sykle.

Og så får me sjå kva dagsformen bringer i dag...
Nutheim tok eg også på søndag, den gongen i rosa utstyr og med tempo'en,
i sommartemperatur og strålande solskinn. Det var godt :)

8. april 2015

Å sykle seg frå sans og samling.

Her i bygda har med i fleire år hatt ei gruppe som driv og syklar.
Det finst både ei stor gruppe med terrengsykling, og ei litt mindre på landeveissykkelen (som eg prøva meg på for tre år sida, men gutta var altfor spreke til at eg greidde å henge med).
Dei fleste har eit sykkelritt som mål, mens nokon berre er med for "moro skyld".
Eg hadde eit forsøk på å bli med på gruppa for tre-fire år sida, men måtte rett og slett gje meg, sidan dei gutta der sykla aaaltfor hardt.
Men nå skal gruppa visstnok vera større, og har fleire nivå av syklistar, dvs nokon som vil sykle hardt, mens andre vil sykle roleg.
Så dette ville eg prøve!
Slik er mine sykkeløkter - aleine og med god tid til å stoppe og ta bilde!
Så igår var det vårens oppstart for sykling.
Me var ein gjeng på ca 12stykke, derav ni karar og tre jenter.
Dei fleste trenar sykling til diverse ritt, og ville sykle hardt, mens eg heldt meg til gruppeleder og gruppas andre nye medlem (i tillegg til meg). Me tok det med ro (og drog på innimellom) og trena på rullering i felt.
Det var utruleg moro eigentleg, det er lenge sida eg sykla i felt, og det er heilt klart ein fordel å ligge på hjul, og dra nytte av dragsuget.

Tørre og nysopa vegar, heilt nydeleg diffust kveldslys der fjellkonturane teikna seg skarpt mot ein lyseblå kveldshimmel (me starta kl.18.30).
Etter ei mil skulle ei gruppe sykle vidare opp ein ganske lang og krevande bakke ("Nutheimkleiane"), mens noko snudde og sykla tilbake.
Eg elskar den bakken. Du får så fort utsikt, vegen er litt smal så trafikken går sakte, og det er vidunderleg moro å greie seg heilt til toppen.
Gårsdagens sykkelløypeprofil
(kva var det mobilen min gjorde oppe i lufta ved km 23???)
Eg låg sist heile vegen. Greitt.
Etterkvart var det eit par-tre stykke som stoppa og snudde, mens hovedgruppa var kome langt ut av synet for meg.
Ville dei stoppe på toppen og venta på meg, tru?

Det er jo spennande å sykle med folk ein ikkje kjenner, og ein må jo først bli kjent med kva som er vanleg skikk og bruk der.
Men jo da, i toppen stod gjengen og venta.
Kult.
Det beste med bakken er turen ned att. Sååå moro å suse ned på tørre vegar utan trafikk.

Nede på flata samla med gruppa igjen.
Så kom den delen eg hadde grua meg til: Eg skulle nå halde følge med den "raske" gruppa, sidan vår lille "moderat fart"-gruppa hadde alt snudd og sykla heimover.
Hm.
Det tok faktisk berre 200m så fall eg ifrå.
Den gjengen er jo ekstremt sprek!!!

Eg hadde mest lyst til å sykle den siste mila heim att aleine.
Men - i felt så har ein som sagt drahjelp når ein ligg på hjul.
Og ein hyggeleg mann foran meg passa på at eg låg på hjulet hans heile tida, sakna farten, "henta meg" tilbake slik at eg kunne ligge i feltet.
Enkel fokus i gruppesykling: riktig avstand til hjulet foran deg.
Men eg var heilt tom.
Det var altfor hardt.
Eg har berre trent roleg i vinter, og veldig lite.
Intensiteten låg på det nivået eg ville hatt på ein triatlonsprintdistanse på siste 2-3km. Gje alt.
Snart framme liksom.
"Dette er altfor hard!" kommenterte eg fleire gonger til medsyklistane mine.
Men eg smilte jo samtidig.
Jo da, hardt er moro.

Det var nydeleg å koma fram til der me starta.
Folk prata alt om spinning dagen etterpå og landeveissykling.
Eg tenkte berre på den siste bakken eg hadde å sykle heim att.
Jaja.
Men eg var i godt humør. Eller berre letta?

Fint var det at eg kunne sykla heim att aleine, utan å ha nokon å dra foran eller bak.
Herleg var det å kome heim.
Lukas tok meg godt imot.
Fram med vannflaska og så la eg meg på golvet for å roe ned pulsen.
Eg slo på TV for ikkje å overanalysere blodslitssyklinga.

Det var da det skjedde:
- Merkeleg, tenkte eg, det er noko galt med TVen.
- Nei da, det er berre refleks av lampa bak.
- Kanskje er det noko på skjermen?
- Hm, det var merkeleg.
Eg kikka til sides men opplevde ein blind flekk midt i synsfeltet. Akkurat der eg skulle sjå, var det ingenting. Hm...
Eg stod opp og kikka meg rundt og oppdaga at eg hadde fått synsforstyrrelsar: nokre rare greier som låg foran øynene liksom.
Hmmmm...
Jepp, nå flytta det seg til sides. På begge øyne?
Hm.
Eg blei litt uroleg.
Så ante det meg at det kunne vera ein såkalla "aura" som kan oppstå i forkant av migrene eller epileptisk anfall. Og migrene har eg hatt før.

Eg kom meg i dusjen.
Kanskje hjelpte det å slappe av, få blodsirkulasjonen igjen (føtane mine var fortsatt numne i 15min etter sykkelturen)?
I dusjen blei det enda tydelegare: ei stor sigdforma greie av krystallar i alle slags fargar som lea litt på seg, endra litt posisjon, i venstre kant av synsfeltet.
Urg.
Hm.
Me har bemanna legevakt her og eg kjenner dei fleste av sjukepleiarane, og dei er alltid hjelpsamme og god å prate med så eg tok ein telefon for å finne ut.
Og om det var behov for å sjekke dette.

Det var det.
Drosja kom, og til tross for milde 10gradar ute så var det på med lue og skjerf og tjukk fleecejakke, eg var fortsatt heilt arm etter sykkelturen.
Legen var visst uansett på legevakta, så då var det ikkje meir styr enn at eg drog ned for å sjekke.

Det er så godt at nokon tek slikt på alvor, eg har kanskje skrutt av legevakta her før, men eg gjer det igjen: dei er flinke! Spesielt sjukepleiarar visar stor omsorg, og forståelse, og tek seg god tid.
Det er nok ein fordel med å bu på bygda, trur eg.
Her er det ikkje kø på legevakta, ikkje hastverk, dei tek seg tid.
Mitt bilde av sjukepleiarane på legevakta her ♥ 
Alt etter at eg hadde kome fram på legevakta så var synsforstyrrelsen blitt mindre, og forsvann heilt i løpet av undersøkinga. Eg kom på at eg hadde opplevd dette før, under sist flytting der eg stod under ekstrem stress - men eg fekk aldri følgt opp dette, sidan det var midt i fellesferien.

- Ja har du pressa deg litt for hardt da? spurte legen.
- Jo, altså det gjer eg jo. Men det er jo ikkje noko nytt, sa eg.

Slik aura er altså eit fenomen som kan oppstå i forkant av eit migreneanfall, eller også epileptiske anfall (Norsk Helseinformatikk). Men ein treng ikkje få migrene om ein får aura.
Når eg tenker tilbake så har eg nok hatt aura utan migrene i går, mens eg ellers ofte har migrene utan aura (haha, skal ein vera litt spesiell, så skal ein vera spesiell på alle slags måtar :P).
Ein eller annan har laga denne illustrasjonen for korleis aura ser ut,
og denne liknar på den eg hadde i går - berre litt mindre "krystallar".
Legen meinte eg skulle nok få utreda dette med fastlegen, men altså, eg er usikker på kva nytte eg har av det.
Det eg har fått bekrefta er at eg er god til å presse meg, og enda bedre til å presse meg enda litt til.
Kanskje skulle eg ha stått på mitt i går, og latt gruppa dra?
Eller fått nokon frå gruppa til å sykle bittelitt saktare?

For ofte er det jo ikkje meir enn, la oss sei, 3-4km/t forskjell i fart som hjelpar, og held intensiten låg nok. Eg hadde ikkje greidd å halde den intensiteten aleine ("utan grunn").

Eg fekk meg ein god prat med sjukepleiaren også, drosje heim att rundt kl.22 og til tross for at eg prøva å "slappe" av og roe ned var eg kvalm og uvel resten av kvelden (men utan migrene :P), og det blei lite søvn den natta.

Ja da har eg lært den leksa.
Kroppen seier ifrå - igjen - også når eg ikkje skulle vente det.
Nei kjedeleg blir det jo ikkje på den måten.
Eg gledar meg i alle fall til rolege sykkelturar framover i mitt tempo!
Og er spent på neste tysdag når det blir felles sykling igjen.
For eg må jo prøve igjen.
Eg skal jo få til dette.

16. mars 2014

Meir sykkellykke og løpeglede!

Tida går fort, det må eg sei.
Det er altfor lenge sida sist innlegg, og eg kan ikkje skjønne at eg ikkje har blogge i det siste, for eg har hatt så mykje å skrive om!
Til og med treningsmessig!

Eg er altså i gang igjen med løpinga.
Berre så smått.
For eksempel, så løp eg 3 x 1km på (flat) grus, med 1km sykling imellom.
Det var på måndag.
Og det gjorde faktisk litt vondt å løpe...altså det er noko med muskelfestene som ikkje er heilt på plass, slik at det var vondt alt etter 30sekund. Men det blei ikkje verre, og det var kanskje meir ubehageleg enn vondt.
Dessutan skulle eg visst utfordre denne typen ubehag, meinte fysioterapeuten min sist.
Deileg vêr å løpe i!
Neste dag kjendest kneet heilt fint. Eg var ikkje særleg støl heller. Eg hadde sykla for å varme opp, og sykle litt i etterkant, eg lurar på om dette kanskje hjelpte?
Treningsmotivasjonen var i alle fall stor.
Dagen etterpå blei det ein liten sykkeltur på 40-50min. Moderat intensitet, berre for å nyte solskinnet (og vinden, haha).
Black Beauty, har fått seg lykt bak!
Eg sparar ikkje vekt her, eg vil heller ha ein sykkel
som funkar i alle slags vêr- og lysforhold.
Åååå så herleg det er å sykle når det nærmar seg vår og kneet fungerar, og det er solskinn, det er berre heilt topp det!!
Så var det onsdag, og vêret var igjen, heilt strålande. Blå himmel og solskinn, og sidan eg hadde bursdag så skulle det "feiras" med løpetur.
Først skulle eg berre varme opp og skulle ned til vatnet, men der var det så fint, og sola varmar, at eg bestemte meg for ein løpetur på stranda!
For eit utsikt! Dette er brygga på Bjørgesanden Camping.
Der me har ein liten strand.
Det var nesten sommarfølelse, nesten ikkje vind, og sola "steika" ned.
Så det var berre å parkere sykkelen og starte å løpe mens kroppen var varma opp.
Her har vi stranda i Seljord, ved Bjørgesanden.
Den er ca 250m lang, så det blei intervall på 500m.
Eg slo på GPS'en og fann ut at stranda var ca 250m lang (og ikkje 400m som eg tidlegare hadde trudd), så det blei intervall på 500m med ein pause på rundt 1:30 imellom.
Og fyttirakkern så tungt det var!
Sanden var ganske våt, og det var ikkje vanskeleg å få opp pulsen.
Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å trene harde intervall, men det blei det likevel.
Og bra er det, eg har ein del uthaldenhet å bygge opp att etter 6veker på krykker.
Eg blei så varm at det frista med ein dukkert.
Men det får koma ein annan dag :D
Det blei 6 x 500m intervall, og farten var ganske låg (pace på 6-7min/km), men pulsen var HØG!
Den var til og med skyhøg!
For 5-6år sida hadde eg ein makspuls på ca 184 bpm. I alle fall var det det høgaste eg greidde å framprovosere.
Og nå kom eg fleire gonger over 180bpm, til og opp i 183!!
Det kjendest da ikkje sååå tungt??
==> fasiten er at det er effektivt å løpe på våt sand, og eg trur også at det er bra for kneet mitt.
Og så støl eg var dagen etterpå!
Min leggmusklar var i sjokk i to dagar etterpå, minst.
Men du verden så herleg det er å vera støl frå løpetur igjen, det har eg savna!
Heilt pumpa etter 30min løping.
Og deileg å sole seg på den varme brygga. DIGG!
Eg tok eit par dagar "pause" frå strukturert trening, men tur i skogen med Lukas blei det den eine dagen, og det er faktisk god trening det også. Spesielt sidan eg fortsatt må "passe på" kneet mitt, slik at eg ikkje sklir og strekker leddbandet igjen.
Men eg har blitt så glad i å sykle.
Kanskje er det den nye sykkelen ("Black Beauty") som har fått opp sykkelgleda?
Godt rysta til alle slags lysforhold: solbriller og digert batteri til lykt.
Trur ikkje eg får bruk for framlykta på ei stund, men ein kan jo aldri vite...
Så hadde eg i går ein av mine "yndlingsøkter" på terrengsykkel, nemleg ei lita motbakkeøkt.
Som ein ser, så gjekk det passe tregt i motbakken (men sluttida mi var pussig nok akkurat den same som den pleier, og eg prøva å halde pulsen på rundt 160bpm), og mens gjekk fantastisk fort nedover (det hadde nok gått enda fortare viss det ikkje hadde vore is igjen i den øvre delen av vegen).
MORO!

Alt i alt så har eg storkosa meg med treninga igjen.
Eg synst liksom at alt er berre moro!
Etterkvart skal eg lage meg ein plan, og så få meir struktur på treninga, men men, eg veit jo korleis det blir med desse treningsplanane etterkvart. Det er tross alt eg som bestemmer kva eg skal trene på, og ikkje planen.
Og ein viktig del av treninga som me alle veit, er jo restitusjon.
Og den skal eg i alle fall fortsette med å vera god på.
Ikkje så vanskeleg heller, når det er dagar som dette:

17. juli 2012

Postironmanhigh

Hm denne "Postironman-high"en har enda ikkje gitt seg heilt, heldigvis!
Og det har eg faktisk utnytta til fullt.

Ja da, ein skal restituere seg etter ein konkurranse, og det har eg også gjort.
Eit par dagar.
Så kom det melding om at ei venninne skulle ut og jogge ein tur i lysløypa.
Med hund.
Om eg hadde lyst til å bli med?
Klart eg blei med!
Litt usikker, sidan det var onsdag, berre to dagar etter Haugesund.
Korleis ville beina vera?
Ville det bli tungt, eller lett?
Bly i beina, eller lett?

Det viste seg å vera litt tung å koma i gang, men så er lysløypa i Seljord også ganske kupert.
I solskinn og under tunge regnbyger og regnboge i 20 gradar jogga me rundt ein halvtimes tid, i pratetempo, og det var heilt nydeleg, musklane løsna etterkvart, og roleg jogging på mjukt variert underlag kjendest som perfekt for aktiv restitusjon.

Torsdagen var det sommarpause på senteret og dermed ikkje torsdagstur, så på ettermiddagen reiste eg ned til DPS for å trene. DPS'et er "stengt" om sommaren, men poliklinikken er open og nokre få er på jobb, og er hatt fått lov til å bruke treningsrommet gjennom sommaren.
Kult!
Oppvarming på mølle.
Eg har mine yndlingstreningsmusikk-CDar liggande der i treningsrommet, alltid klar til bruk, og stort sett er eg aleine der, og kan halde på akkurat som eg vil.
Så det blei ei fin økt på 40min med fokus på kjernemuskulatur og overkropp.
Lånt frå www.exrx.net.
Laurdagen kribla det igjen i beina etter løping, eg er nemleg rett og slett kjempemotivert etter at løpinga på Haugesund gjekk så bra etter så minimalt med trening!
Likevel skulle eg ikkje overbelaste beina, det har seg jo slik at ein kan kjenne seg godt restituert i beina, men på cellenivå så er det fortsatt "slagmark som må ryddast", som det stod så fint å lese i ei fysiologibok.

Så det blei det eg vurderar som "snilt" for beina: Motbakkeløp.
Seint på ettermiddagen rakk eg akkurat ein time mellom to regnbyger, sjølv om det hadde vore heilt greitt med litt avkjølelse i form av regn i motbakken.
Moro med motbakke! Spesielt i så fantastisk landskap. 
Det tok omtrent ein halv time i form av eitt minutt løp - eitt minutt gange - opp bakken til Raudkleiv.
Ned att både gjekk og jogga og sprang eg, alt ettersom.
Dessutan var Lukas med, og han skulle få opplæring i å bli løpefølgjehund. Han fekk springe laus, og var ganske flink til å bera drikkeflaska mi.
Lukas mista flaske berre nokre få gonger.
Men då var han sliten...
Sundagen satt postironmanhigh'en godt igjen også.
Dessutan ville eg teste ein ny type sportsdrikke, og trengte litt avbrekk frå heimen, der eg nå har begynt å sortere, rydde, kaste og pakke. Sidan eg skal flytte ut av huset mitt 1.august.
Powerbar isoactive skulle testast.
Viss eg måtte velge meg berre éi enkelt kort økt og få maksimalt utbytte av oppleving og trening, så ville det nok blitt terrengsykling. Det synst eg er morsamt uansett. Uansett vêr og forhold, det er morsamt å sykle både på grusveg eller sti, både oppoverbakke og nedover, båda fort og sakte.
Så det blei 40min rundt Kivledalen i kveldssol og tilbake på ein nydeleg sti gjennom skogen.
Ute i skogen på terrengsykkel. Moro!
I går var treningsiveren fortsatt stor, men energien litt så som så.
Eg rakk likevel ein liten tur innom treningsrommet for å fortsette styrketreninga med fokus på kjernemuskulatur og overkropp.
Der trur eg at eg har mykje å hente!
Beina får eg fokusere på litt meir seinare.

Det er herleg med postironmanhigh, sjølv om eg kjenner alt nå at følelsen blir mindre intens.
Likevel skal eg prøve å halde eit positivt fokus på trening, og ikkje la kvardagsbekymringar og helseplagar ta overhand.
Trening skal vera kvaltitetstid for meg sjølv, små utflukter der eg kan ha det godt med meg sjølv og omverda, og forsterke positive tankar.

Kjekt er det med internett der det er lett å finne motivasjon og inspirasjon om trening og triatlon.
Lars-Morten la ut to linker med flimsnuttar om IM 70.3 Haugesund, så der er det verdt å kikke innnom.

Dessutan har Youtube alltid noko å by på om ein leitar litt.

Men det er denne vesle videosnutten på knappe to minuttar de må sjå på!
Dei første 20sekund er det filma nokre av ungane som deltok i Ironkids på Haugesund.
Sååå artig å sjå dei små, bestemt blikk, og dei gir alt!
Denne klippen har eg altså funne på Ironman Europe sine sider på Facebook. Eg har klipt den til 1:54, men originalen kan dikkøn sjå her viss de ønsker.


Videon er laga og publisert av Ironman Europe og består eigentleg av ein video på 3min24sekund. Denne har eg berre lånt altså. Men den er så fantastisk fin at eg måtte berre publisere den her :)

Og så er det ein 11min lang video frå stemninga ved målområdet:


Fantastisk stemning!
Hm ja eg får lyst på ein ny Ironman nå eg...:)

1. juni 2012

Trening og serotonin (det er i motbakke det går oppover)

Serotonin (meir nøyaktig 5-hydroksytryptamin, 5-HT) fnst i mange slags vev i kroppen, verkar kraftig samansnørande på blodårer, hindrar utskiljing av magesyre og er neutrotransmitter i sentralnervestystemet (Norsk Medisinsk Ordbok, Det Norske Samlaget).

Det er ikkje noko nytt at det blir frigjort serotonin under og etter trening og fysisk aktivitet, det er det mange studier som er gjort på.
På nettsidene til Norsk Helseinformatikk kan me vidare lese følgjande:

" [...]Noen ganger finnes det for små mengder av kjemiske budbringere i enkelte deler av hjernen. Disse stoffene sørger for at nerveimpulser overføres fra en nervecelle til en annen. Ved mangel på slike budbringere forstyrres overføringen av impulser mellom nervecellene. 
"To viktige stoffer i denne sammenhengen er serotonin og noradrenalin, som er kjent for å påvirke menneskets stemningsleie. Medikamenter som virker mot depresjon, antidepressiver, påvirker mengden av kjemiske budbringere i hjernen. På denne måten kan den kjemiske ubalansen som finnes hos en deprimert person, motvirkes. [...]" (her kan du lese meir).

Vidare har studier vist at det er ein samanheng mellom serotoninnivå og humør, der mellom anna høgare nivå av serotonin i blodet blei assossiert med bedre humør, og lågare serotoninreseptorfunksjon relaterte til nedstemt humør (les meir om det her).
Tidlegare sleit eg med depressive episodar av middels grad, og då hjelpte det stort sett å trene. Ikkje berre at humøret blei bedre, eg kjente også at hjernen rett og slett jobba bedre. Både konsentrasjonen, kroppsfølelsen og korttidshukommelsen blei bedre mellom anna, det var lettare å slappe av, pulsen gjekk ned og pusten blei rolegare.

Når eg nå kjenner at negative tankar tek overhand og ikkje vil sleppe taket, og det har pågått over litt for lang tid, så prøver eg gjerne med trening.
Også om det ikkje er planlagt.

Onsdagskveld var eg såpass sliten etter ein strevsam dag på dagpost, at eg til tross for det fine vêret ikkje ein gong orkar ein kort rusletur me Lukas.
Kroppen var så tung, hovudet var fylt med tunge og negative tanker, sjølvfølelsen min var på botnen, og samtidig var eg så rastlaus og anspent at det ikkje var til å halde ut.
Så sjølv om Lukas såg forventningsfull på meg med desse store, snille augo, logrande i glede over ein luftetur, så valgte eg altså ein liten sykkeløkt.

Åååå stakkars Lukas som må vente på tur...
På toppen av lysløypa. Bra :)


Det er i motbakke det går oppover

"Det er i motbakke det går oppover", er det jo eit ordtak som heiter. Nåja. Men eg trengte å sykle uansett, ifølge treningsplanen min, så ein liten time med motbakkesykling kunne kanskje gjera susen.På sykkelen med musikk på øyra (det er lite/nesten ingen trafikk oppover Raudkleiv, så det anser eg som ganske trygt med musikk på begge øyra også) og i motbakke er det nesten ikkje plass lenger til negative tankar.

Og denne gongen bruka eg faktisk også 5min mindre tid på å koma til parkeringsplassen. Så eg tok og sykla 10min i sjølve lysløypa. Det var fint. Godt å kjenne at kroppen fungerar sjølv om hovudet er i kaotisk ulag.Og jammen kom det ikkje nokre få solstråler gjennom skylaget.
Belønninga var å suse ned bakken igjen, og eg alltid like overraska over kor godt eg likar å sykle ned bratte bakkar. Og eg som har vakse opp i det late kystlandskapet i Nordvest-Tyskland!?

Korleis det nå var med serotoninnivået i kroppen min er jo vanskeleg å seie, men eg kjendte meg heilt klart meir opplagt og avslappa og roleg, så då eg kome heim tok eg Lukas med meg på skogstur med ein gong.

Og eg var glad for at eg hadde tatt meg tid til den timen med sykling. Eg håpar at eg hugsar det neste gong negative tankar tek overhand. Det er nemleg slik at nokre av desse tankane seier at trening ikkje er moro, og at ingenting nytter.

Derfor er det også fint å blogge om trening.
Om eg ikkje hugsar, så kan eg jo berre lese litt i bloggen min.
Sjå på bildene.
Praktisk ;)

20. mai 2012

Terrengsykling for store og små

Då eg var lita jente så elska eg å sykle.
Sidan me budde eit godt stykke unna både barnehage og skulen og ikkje minst, byens sentrum, og mor mi ikkje køyrde bil, så var det å bruke sykkelen til transport eit opplagt valg.

Og nå som "stor jente" så eg er fortsatt glad i å sykle.
Denne gode følelsen av fart, og vind, landskapet som glir eller susar forbi, luktene og lydene undervegs, underlaget, beherskelsen av sykkelen, denne friheten av å kunne styre sykkelen kor hen eg vil, av rein spontanitet og muskelkraft, blir eg glad av.

Eg likar både landeveissykling og terrengsykling.
Med riktig utstyr (=beskyttelsesutstyr) kunne eg til og med tenkt meg å prøve downhill ein gong.
Men éin ting av gangen.
Kneet først, og IM 70.3 først.

På torsdagskvelden trengte eg å lufte hovudet mitt.
Etter to dagar med gruppeterapi ved DPS var det visst nokre brikkar som hadde falle på feil plass, så då passa det bra å riste dei laus igjen på sykkelen på grusunderlag, tenkte eg.
Dessutan innbiller eg meg at mange av dei negative tankar som til tider herjer i hovudet mitt, ikkje orkar å henge på i  lange motbakkar.
Ein god plass for å lufte hovudet mitt.
Negative tankar ligg igjen nede i Seljord.
Derfor blei det ein rask tur i kveldinga opp mot Raudkleiv på torsdagskveld.
Det er ca. 284m høgdeforskjell over 1,5km og dette passar bra for ein kort sykkeløkt.
Underlaget er grus. Sidan vegen stoppar ved lysløypa, er det lite trafikk.
Sjølv om det er skog rundt, så får ein fin utsikt over Seljord og kringliggjande toppar undervegs.
Er ein heldig, og det er sol, så får ein nyte dei siste solstrålane på Raudkleiv også.
Motbakkesykling på grus. Det likar eg!
Eg var heldig den dagen.
Tørt og fint underlag, berre tre bilar, musikk i øyra, perfekt kledd i forhold til temperatur, pusten var god, beina sterke, rygg og nakke avslappa, det var fuglesong og blå himmel og litt skyer, det lukta vår og nesten litt sommar, HardRocx'en funka så bra som han alltid gjer.
Eg bruka ein halv time som eg har gjort før, og då eg kom fram til parkeringsplassen, kom sola med ei lita kveldshelsing fram rundt ei sky.
Sol, sykkel og musikk i øyra. Herleg :)
På veg ned att så gjekk det susande fort, og eg angra eit lite sekund på at eg hadde fyllt såpass med luft i dekka, for det gjekk berre så vidt i svingane i 40km/t.
Men slik adrenalin har eg så godt av, og det blei ein fartsfull og herleg sykkeløkt på ein liten time.
Eg elskar å sykle ned att bakkane som eg har sykla opp!

Lukas venta heime mens eg var på sykkeltur.
Og då eg seinare på rusletur med Lukas oppdaga ein liten rosa jentesykkel parkert i skogen, blei dette ei koseleg avslutning på dagen :)

Kanskje var det fleire jenter på terrengsykkeltur denne dagen?

5. april 2012

Motbakke med partiell ruptur i medialt kollateralligament (og med stavar)

Oi det går jammen lang tid mellom innlegga her for tida!

Då er det vel på høg tid med ein liten oppdatering?
Berre tre dagar etter at eg hadde tatt MR av kneet sist tysdag, så kom resultatet av MR'en i posten, samt ein CD med sjølve bildene.
Snakk om rask levering!

Fredagsføremiddag var eg hos min faste fysioterapeut, slik at han også kunne ta ein kikk på kneet (sjølv om resultatet av MRen då ikkje hadde kome enda), og løyse litt opp i den overanspente nakke- og kjevemuskulaturen min.
Sidan MR-resultatet ikkje hadde kome enda, undersøkte han kneet grundig med tanke på bevegelighet og stabilitet, og kom med forslag på øvingar eg kunne gjera.

For eit vakkert kne :D
Dette er sett ovanfrå ned. Sideligament til venstre.
Måndag derpå snakka eg også med fysio'n Svein Ivar i telefonen, og me diskuterte resultatet av MRen.

Og MRen kunne berre bekrefta det som han hadde kome fram til sjølv i første undersøking, nemleg at det dreier seg om ein grad II-skade av medialt sideligament (leddband på innsida av kneet), altså eit delvis avrive/overstrekt leddband.

Det er eigentleg ikkje så ille, det.
Operasjon er ikkje nødvendig. Meniskene er inntakt (takk og pris). Korsbanda er inntakt. Ingen cyster eller andre merkelege ting som MRen kunne ha avslørt.
Det er derimot fortsatt væske i kneet rundt det skadde leddbandet.
Og dette er nok grunnen til at eg fortsatt har smertar i kneet og at eg ikkje får bøydd det heilt enda.

MR-bilder er jo mykje finare med farge, ikkje sant?
Tverrsnitt frå sida her, og det berømte leddbandet i oransj (trur eg).
For at ein slik skade skal gro heilt og vera i orden att, må ein rekne med til saman tre månader opptrening/rehabilitering.
Det høyrest lenge ut.
Det vil altså vera rundt midten/slutten av mai.

Men likevel:
Det er masse eg kan og skal gjera, treningsmessig:
I tillegg til meir "fysioterapeutiske" øvingar kan eg sykle, både inne og ute, helst både med og utan sykkelsko for å variere litt; drive med styrketrening i den grad eg ikkje overbelastar kneet eller framprovoserar smertar; utfordre balansen ved forskjellige variantar av knebøy, og gå turar på ujamnt underlag (så lenge eg passar på kor hen eg set venstre foten og ikkje snublar, og helst brukar stavar for å ha god teknikk).
Løping er enda ikkje aktuelt, men eit par minutt med jogging på godt underlag når våriveren blir for stor, var visst greitt.

Så det er da ikkje så ille?

Måndag var eg ute på ein ørliten sykkeltur, vårens første terrengsykkeltur, og det var sååå deileg!
Og søndagen hadde eg tatt med meg stavar i skogen og trente litt kondis i motbakke.
(Spør kven som helst idrettsinteressert fysioterapeut, og du vil få følgjande kommentar:
Motbakke er glimrande! Gå eller løp gjerne i motbakke, det er fantasisk bra trening, snill for knea, bra for kondisen, osv.  Den fysioterapeutiske drømmeverden består antagelegvis av berre motbakkar utan dei harde nedoverbakkar som utset musklar og ledd for harde støyt).
På rusletur i skogen med lånt labrador.
Ja da, han ser ut som Binna, han er berre myyyyykje større :D
Viktig framover er det eigentleg at eg skynder meg langsamt tilbake, som det heiter så fint.
Samtidig så er det viktig at eg passar på kneet mitt slik at det ikkje blir utsett for for mykje vridning eller slag.

Då eg var på skogstur med ei venninne og tre viltre bikkjer for eit par dagar sida så gløymte eg meg bort eit par gonger, og snubla/sklei med kneet mitt og fy søren så vondt det var!!!
Med desse viltre og glade og leikne bikkjene rundt meg på alle kantar sat eg gjerne og tviholdt på kneet mitt når me sat oss ned og tok pause, for at ingen skulle ramle og dylte bort i det.
Masse aktivitet og leik når ein er på tur med tre bikkjer i skogen!
Dei lyse høyrer til ei venninne, mens den svarte hadde eg lånt med meg.
Så nå har eg bestilt meg ei knestøtte som gjev meir sidelengs beskyttelse for leddbanda. Den er på veg frå England til Tyskland nå, og etter påske forhåpentlegvis på veg til meg.
Britiske Amazon.co.uk kunne nemleg ikkje sende meg denne til Norge, så då får den ta ein omveg via Tyskland.
Kjekt med snille foreldre som kan hjelpe til også om dei bur litt langt unna :)

6. januar 2012

Tatt av vinden (Emil)

Då er det nye året snart ei veke gamalt, og det same er det siste blogginnlegget mitt.
Så kva har skjedd sidan?

Trenings- og helsemessig:
Inspirasjonen og motivasjonen er stor, men kroppen er ikkje heilt som den skal.
Psyken er heller ikkje som den skal.
Men eg bryr meg ikkje meir om dette enn at eg tek tida til hjelp og tek imot bedre dagar når dei kjem.

Eg har også brukt innfallsmetoden med stort hell den første veka i 2012:

Eg har tatt på meg dei breiaste turskiene mine og gått ein tur i skogen gjennom sørpe, slush, vatn, på brøytekantar, is og snø;
eg har sykla på føret som eg ikkje trudde det gjekk an å sykle på;
eg har funne nye vegar gjennom skogen;
eg har trent uthaldande muskelstyrke med tung sekk i skogen;
eg har rusla tur med Binna nesten kvar dag.
Med breie turski kan eg både gå på snø og sørpe og
slush  og... det blei nesten litt vannski også...
Vintersykling - blir det for bratt må ein berre dytte - sånn er det.
Ein snarveg gjennom skogen. Litt bratt,
men dette blir det god trening av!
Treningstur i skogen med sekk. Binna ledar an som så ofte.
Ein pust i bakken for min del - Binna undrar seg fortsatt
over dette. Pause? Igjen?
Vidare har eg pådratt meg to gnagsår på hælane: eit stort verkande, og eit lite ubetydeleg eit;
eg har blitt tatt av vinden/Emil og blitt slengt av sykkelen på blank is med påfølgjande mørbanka kropp;
eg har overstrekt muskelfibrar i min venstre laterale deltoideus-muskel ved å bera ein tung og diger søppelsekk 500m til vegen på ski (med berre venstre arm).
Emil.
Her er mine "semi-slick" terrengsykkeldekk - laga for fart samtidig
som dei gir litt grep i svingar og på varierande underlag.
Klart at ein ramlar på isen ved første vindkast med desse dekka,
med så lite mønster!!! 
Eg synst det er heilt greitt å vera støl etter å ha trent.
Men i går så kjendest det virkeleg som om kroppen min protesterte sterkt mot det eg hadde gjort mot den dei siste dagane. Det verka noko heilt vanvittig i både beina og armar og skuldrar og mage og nakke og eg visste nesten ikkje kva eg skulle gjera av meg.
Det hjelpte heldigvis å ligge stille på sofaen med varmeflaske og fleire fleeceteppe og putar og ein snorkande labrador i fotenden foran TV.
Min forklaring er at motbakkeskituren på tungt føre på tysdag, kombinert med sykling med 10kg sekk, fallet av sykkelen på isen og ein torsdagstur på flatt og einsformig underlag var rett og slett litt for mykje for kroppen min.

I dag kjennest det bedre.
Og heldigvis så er kroppen min sjeldan langsint og sur. Den tilgir fort.
Men sjølv om sola skin ute i dag, og det lysar i snøen på dei kringliggjande toppane skal eg venta til helga med fleire sprell.
I morgo er det meldt meir snø og den treng me virkeleg. Ikkje minst for at det skal vera mindre hardt å ramle av sykkelen for sånne sprø vintersyklistar som meg, som i rein stahet skal vise at det også går an å sykle på snø og is med "vanlege" dekk, berre ein er forsiktig (noko som stemmar også, så lenge ikkje Emil er ute etter å blåse meg av sykkelsetet).

God helg!

16. november 2011

Følt temperatur

Det har vore så utruleg fint haustvêr dei siste dagane.
Då må eg berre ut!!

Sidan det mest sannsynlegvis blir torsdagstur i morgo, hadde eg meir lyst til å få meg ein sykkeltur i dag. Dessutan har eg tilbrakt heile gårsdagen med å kjenne på støle musklar etter fjellturen på måndag...

Det er kjekt med variasjon.
Dessutan trengte eg litt fart og spenning i dag.

Så det blei den gode "gamle" motbakketuren opp til Grimås.
Ein liten tur innom Arne på Intersport i Seljord for å få justert bremsene som hadde opptil 0 effekt bak, og var ganske nedslitte framme.
Arne er flink med sykkel og utsette den påbegynte lunsjpausen sin og hjelpte meg med stramming, justering og utveksling av bremseklossar og -vips - så var sykkelen min klar igjen til topptur!
Superservice!

I dag var det rundt 0gradar. Men vindstilt. Så det blei ganske varmt i motbakkane.
Forskjellen mellom sol og skygge kjendest også godt. Det var nesten deileg avkjølande med partier som låg i skyggen.
I løpet av 475 høgdemeter blei det ganske varmt.Men det er ikkje så langt igjen.
Heilt oppe på parkeringsplassen ved Grimås hadde sola alt gått ned, mens Grimaren fortsatt låg bada i ettermiddagssol...
Grimaren må vente til ein annan gong.
Og eg har så lyst til å koma meg opp på Grimaren!
Lurar på når det blir.

Men nå var det noko heilt anna som venta meg: belønninga for motbakkestrevet: nedoverturen!

Med temperaturen rett under frysepunktet og ein fart på 40km/t er jo den følte temperaturen betydeleg lågare enn den gradestokken visar.
Både yr.no  og lexikonet til Meterologisk institut "metlex" har tabellar (det er jo sider frå Norsk Meterologisk institutt begge to) der ein kan sjå kor kaldt det eigentleg kjennest når det kjem (farts)vind i tilleg.
Vindavkjølingsindeks - frå Meteorologilekson
Kjekt å tenke på, ikkje berre på sykkelen, men også når vinteren kjem, med snø og vind.
Hytta til Seljord Røde Kors på Grimås, og litt av Mælefjell i bakgrunnen.
Eg hadde tatt med ekstra tights (Off-track Norrøna modell frå 2007, gjer framleis susen og er super behageleg med vindtett framside), vindvest, vindjakke, votter (sykkelhanskene er fine og gode, men altfor kalde i sterk vind), windstopper-balaklava og ekstra buff.
Skiftesonen på Grimås: nå skal det bli godt å få på litt varmt tøy!
Eg kjendte meg litt michelinmann etter at eg hadde skifta, men var nok eit lurt klesvalg for turen nedover.
Michelinwoman.
Det var lurt å ha på ekstra og vindtett tøy - det einaste som blei iskaldt var tærne mine. Dei mistar eg fort følelsen i, og all risting og tøying hjelpte ikkje. Null følelse i ein halv time. Men du verden så deileg det var å koma i ein varm dusj då etterpå!
Ein annan måte å få varmen i tærne på er jo å finne på rare sprell i fjellet. Slik som her ;)
Eg lurar på kva eg kan gjera for at føtane mine ikkje skal fryse slik?
Eit par sykkelsko med littegrann meir plass til føtane og eit ekstra par sokkar hadde gjort susen, tenker eg.
Eller kanskje eit dobbelt par overtrekksko?
Denne utsikten er også verdt å fryse litt på tærne. Nydeleg med Skorve i låg ettermiddagssol!
Er open for varmande forslag.
Har til og med tenkt at det kunne vera fint med slike varmesålar eller varmeelement som ein legg i skoen. Som avgir varme. Tenk så deileg det hadde vore med varme føter på ein vinterdag på sykkelen!
Ser fram til å prøve ut litt til.
Berre snøen ventar med å kome til desember, så er eg fornøydd ;)