27. september 2013

Alle fortener å bli sett!

... spesielt i haustmørkret.

Eg blei så engasjert av Silja's innlegg om bruk av refleks, at eg ville sjølv skrive eit innlegg om dette.
Refleks er noko ein kan ikkje minne på ofte nok.

Eg må innrømme sjølv at eg er såpass distré at eg godt kan gå ut utan refleks, og så kjem eg ikkje på det før eg har gått ein stund, og orkar da ikkje snu.
Heldigvis så er eg glad i knallfargar, og med neongul fleecejakke og gul/grøn skalljakke hjelper det også.
Dessutan har Lukas alltid på seg reflekshalsband (sjølv om halsbandet gjerne forsvinn litt i den mektige pelskledde muskuløse halsen hans) og reflekssele når me går tur.

Spesielt nå om hausten trur eg er det viktig å bli minna på å bruke refleks, sidan det fortsatt er relativt lys kl 19.00, men når ein er ute ein times tid, så er det gjerne mørkt på veg heim.
Så sjølv om ein startar ein tur ute i lyset, er det lurt å ha med refleks.

Dei siste kveldane leika eg meg litt med refleks, for å sjå kor stor forskjellen blir.

Utan lyskilde, med refleks
(Lukas reflekssele kan sjåast nede som strek).
Bilde ovanfor er tatt berre rett over vegen, og vegen var ganske smal. Ikkje mykje godt å sjå.
Bildet er litt uskarpt, og tatt frå ca 10m avstand, lyskilde er berre gatelampe.
Lukas ser ein ikkje her, fordi han står med rumpa til så refleksen hans blir borte,
men eg er nå i alle fall synleg.

På bildene ser ein godt at også helper med lyse klær. Den svarte buksa blir jo heilt borte og går i eitt med bakgrunnen.
Vanlegvis så har jo motoriserte køyretøy lys, så då blir det omtrent slik:
Refleks gjer susen - her bruka eg hodelykt som ekstra lyskilde.
Ikkje til å oversjå eigentleg :D

Eg ser at også på dette bildet så er ikkje Lukas spesielt synleg bakfrå - han skylle hatt ein refleks dinglande frå halen, men eg tvilar på at han hadde likt dette :D
Eg har ikkje på refleks, men lys jakke gjer at eg fortsatt er synleg.
Her er faktisk ein liten bit av reflekssela til Lukas å sjå.
Etter alle desse bildene var tatt så fann eg faktisk fram refleks nr 2, for som ein ser på Lukas, så snart refleksen er sjult av kroppen, så hjelper det lite.
Lukas med reflekssele (og refleks-augo :P)

Nå finst det jo mange utruleg kule og artige refleks ein kan bruke, sånn etter humøret og dagsform.
Og då er eg nødd til å reklamere for ei norsk bedrift som har laga utrulege kule refleksartiklar.
Du finne den på www.seeme.no.
Og dei har eit fantastisk utvalg på refleksar.
Der er ein jo nødd til å finne noko ein likar. Eller?
Ein såkalla "slapwrap" med selbumønster -for den som likar tradisjonelle strikkemønster :)
(Bildet er frå www.seeme.no)
Eg kunne jo tenkt meg denne her, når eg er i dårleg humør :D
Piranha-hengerefleks - kult :D
(Bildet er frå www.seeme.no)
Eller eg som er så glad i froskar og paddar kunne tenkt eg denne:
Ein grønn refleksfrosk!! Herleg :)
(Bildet er frå www.seeme.no)
Så går det også an å bruke refleks for å vise politisk standpunkt, religiøs tilhørighet osv.
Eg har da baksida av SMILEFJES-refleksen min pynta med denne :D :D :
Hehe, ikkje mange som tør å gå med denne trur eg :D

23. september 2013

Knutekål!

Hausten er her, og ikkje berre med dei flotte fargane, men også med litt større utvalg av frukt og grønsaker i butikkane.
Og magen min er for tida så super overfølsam for allting, så då tenkte eg at eg ville prøve ut litt nye grønsaker som magen min kanskje ikkje protesterar mot.

For eg har tru på at kroppen vår har godt av å ete frukt og grønt.
Så sist eg handla mat, så falt blikket mitt på eit fint pyntebord, der det låg knutekål plassert som pynt mellom kjøtt- og ostedisken.

Hmmm ja knutekål er ikkje spesielt vanleg i Norge, men eg har ete ein god del knutekål i opveksten min i Nordtyskland. Knutekål var ein av dei få grønsakene eg fekk i meg (eg ville helst berre ete kjøtt og frukt då eg var lita, men det gjekk ikkje foreldra mine med på).

Det viste seg at knutekålen i butikken ikkje berre var til pynt, men også til salgs.
Så kjekt!
Sidan det er mange som aldri har vore bort i knutekål, tenkte eg å skrive litt om den her.

Knutekål liknar i smaken på stilken i blomkål eller brokkoli.
Den kan tilberedast ved å dampkoke eller smørdampe eller kva det nå heiter på fagspråket, men for dikkøn der ute som ALDRI har smakt på knutekål, kjem det nå her ei super enkel innføring i RÅ knutekåltilberedning (som eg likar best - kokt knutekål går sikkert an, med saus og tilbehør):

Slik ser knutekål ut. Den raude varianten.
 Den finst også i ein lys variant.
Eg likar knutekål best rå, for då er den saftig og har mild og frisk smak.
Slik ser den ut inni.
Eg bruka brødkniv for å dele den, for skallet kan vera litt treaktig og vanskeleg å skjære gjennom.
Då funkar det godt med brødkniv/sag.
Eller så kan ein skrelle den før deling.
Har du valget mellom ein liten og ein stor knutekål, så kjøp heller den minste, fordi dei store kan fort vera litt treaktige, og då må den skrellast mykje.
Knutekål må skrellast godt, og desse større knutekål, dess meir må den som regel skrellast.
Eldre knutekål kan fort bli treaktig, mens dei yngre (mindre) er meir sprø.
Knutekål har litt fiberaktig struktur, men har liknande konsistens som blomkålstilk utan skall. Og litt som kålrot kanskje. Men det er mange år sida eg åt kålrot sist, så det hugsar eg ikkje heilt  :D
Skjær i bitar. Eller stavar. Eller båtar. Eller små figurar. Whatever.
Nå er det slik at knutekål kan brukast som råkost eller lettkokt. Eg likar den best rå. Med dipp inntil hadde den sikkert vore enda bedre!
Enkel servering likar eg best. Hmmmmm det blei faktisk veldig godt!
Hugs å skylle knutekålen på eit eller anna tidspunkt etter å ha skrelt den.
Sånn botanisk sett er knutekål nemleg ein oppsvulma stengel, og når den er stor, så ligg den på bakken.

Som eg hugsar, så er det ikkje så godt med knutekål som har vore fryst ned, så det er nok best å nyte den mens det er sesong for den. Og det er det .
Så det er berre å prøve!
Lykka til viss nokon av dikkøn tør å smake på denne "eksotiske" grønsaka!

22. september 2013

Då er sjokkmaskina her!

Eg er utruleg glad i terrengsykling.
Når eg ikkje driv med målretta og strukturert trening fram til ein triatlon eller eit løp, og eg har f.eks. ein liten time til overs der eg har lyst til å koma meg ut og lea kroppen litt, så blir det anten løping eller terrengsykling.

Det er utruleg enkelt å ta på seg løpesko og koma seg ut av døra, men av og til så er kroppen min svært lite løpelysten. Og å hjelpar det å sitte på sykkelsete!

Når har gode gamle terrengsykkelen min (Hardrocx shock machine årsmodell 2002) vist seg å vera vanvittig bra og trufast, den har eigentleg aldri svikta meg. Vedlikehaldet har bestått av vasking og polering og smøring med jamne mellomrom, og bytte av bremseklossar ved behov.
I løpet av ei siste 10 åra har den berre punktert éin gong. Det var i vår, og skyldest eit bitte lite glasskår.

Men så var det bremsegaffelen da.
DEN har låst seg. For alltid. Eg skulle vel ha bytta fõringane, og smørt den betre.
Og utan bremsegaffel er det jammen ikkje moro å sykle i terrenget.

Etter å ha tråla gjennom nettbutikkar og lokale sportsbutikkar så blei eg meir sikker på at eg ville ha ein Hardrocx-sykkel igjen. Hardrocx er eit norsk merke som lagar kvalitetssyklar i alle prisklassar i mange bruktsområde.

Så var det berre å finne "min" sykkel.
I min størrelse.
I min prisklasse.

Og det klarte eg!
Hurra!
Etter å ha samanlikna og prøvesykla  fleire modeller og størrelser og dame- og herrevarianter (ein heilt klar fordel for å handle sykkel i ein fysisk butikk framfor på nettet), så falt valget på denne skjønne her:

Hardrocx Shock Machine 26V - 2013-modell.
Ja da, den har felgbrems og ikkje skivebrems. Og det var ganske bevisst, sidan den gamle sykkelen min heller ikkje har det. Og på den måten kan eg bytte hjul i mellom dei to. Eg hadde fått tilbod på same modell (i svart med rødt) med skivebremser for 500kr ekstra hos ein annan butikk, men valgte altså denne her, og eg er fornøydd med valget!
Sykkelen min på veg til sin nye heim :)
I går var sykkelen ut på sin første tur. Ca 200m frå huset mitt går det ein nokså bratt sti ned gjennom skogen, som består av vekslande partier med lause steinar i forskjellige størrelser, så denn estien er ei god testløype for ein terrengsykkel (og rittern ikkje minst).

Det gjekk fint.
Det var HERLEG med dempegaffel!
Litt justering måtte til, bakover med setet, ned eit par hakk med styret, og så passa sykkelen perfekt.
Det var utruleg lett å gire, og bremse, og det var rett og slett berre moro å sykle på den!

Ettersom det var litt seint på kvelden og lysforholda ikkje gode, så blei det ingen bilder på turen, men dei kjem nok snart!
Eg prøva meg på å hoppa opp på ei låg plattform av tre og sykla/hoppa ned att derifrå, og demping i gaffelen fungerte utmerka.
Det er derfor eg skal ha dempegaffel:
her bruka eg fleire cm demping på første turen.
Så framover nå skal eg sykle meir i terrenget, bli kjendt enda meir med den nye sykkelen min og lære meg god stisyklingsteknikk.
Og mellom sykkelturane og av mangel på bedre og meir luksuriøs oppbevaringsplass,
så får den nye sjokkmaskina stå i stoga
(der det riktignok står ein temposykkel frå før, jaja :D)
Så får eg nyte den flotte hausten med dei nydelege fargane frå nytt sykkelsete og ny sykkel.
For ein luksus!

For skodda blir vel borte snart, ikkje sant ..?

19. september 2013

Ny blogg... og kanskje ny sykkel?

Nå bryt eg gamle vaner, og kastar meg ut i den nye bloggen utan å først skrive om kor spennande det er å starte ny blogg osv, dette kjem sikkert etterkvart uansett.

Eg har nemleg heller ikkje tid til dette, for same dag (= i dag) som eg starta ny blogg, så starta eg forhåpentligvis også eit nytt forhold, nemleg med ein NY TERRENGSYKKEL!

B kjem innom om mindre enn ein time, med stor bil og god plass bak til sykkel og mykje anna, så det blir spennande kva me fyller bilen hans med!
Sola skin også, den nye bloggen skin også, foreløpig, heilt ny som den er...

Gledar meg til å skrive mange innlegg her altså.
Viss nokon er utolmodig, kan de gjerne ta ein kikk på gamle bloggen min, som du kjem te ved å klikke her.


14. september 2013

The official 2013 IRONMAN 70.3 Norway film

Sjølv om eg storkosar meg med "off-season" og lite strukturert trening (også kjent som den meir og meir populære innfallsmetoden), så er det moro å lure på kva eg skal finne på neste år.
Sjølv om eg har lyst til å gjera litt andre ting enn triatlon i 2014, så har eg likevel blitt såpass glad i IM 70.3 Haugesund/Norway, at eg sterkt vurdere å melde meg på denne igjen.
Det blir ikkje akkurat mindre fristande når den offisielle Ironman 70.3 Norway filmen blei lansert 13.september 2013:


 


 Og der ser me også Sarah Reinertsen som eg hilsa på og åt lunsj saman med i Haugesund i år. Ho er super hyggeleg og veldig inspirerande. Akk ja. Får lyst på Ironman i Haugesund igjen eg!!!!

12. september 2013

Eg er fortsatt ein triatlet!

Til tross for lite trening og blogging.
Det har vore ganske tungt den siste månaden, så blogging har eg ikkje orka.
Har faktisk heller ikkje lest andre bloggar, så kjære medbloggarar, eg gledar meg til å lese meg ajour igjen i dei fine bloggane deres!!

Og det har blitt lite trening den siste månaden.
Trondheim Triatlon (25.8) blei det dessverre heller ikkje noko av, og eg er utruleg lei meg for det.
Men men, det vil kome fleire Trondheim triatlon, så den har eg skrive på "ventelista" mi.
ChiCqilon på siste sykkeltur.
Fem dagar før eg skulle ha deltatt på Trondheim Triatlon...
For å halde meg nokonlunde i form har eg gått mest tur med Lukas, og sykla ein del i terrenget.
Eller - hahaha - ein del? - dvs ein gong i veka, kanskje to.
Men i forhold til at eg ikkje har hatt mykje livsenergi å rytte med, så er det ganske bra å sykle to gonger i veka - og det har hjelpt mykje på humøret.
Då får eg ein liten pause frå livet. Terrengsykling er akkurat passe krevande for at tankane ikkje kan spore av og vikle seg inn i negative spiralar.

Og faktum at dempegaffelen på den stakkars Hardrocx'en min har låst seg for alltid, har gjort at utforsykling på humpete stiar og vaskebrettføre på grus har krevd fullt fokus - ikkje plass til negative tankar i utforbakkar, dei blir rett og slett rista av!
Eg vurderar å bytte dempegaffel eller få meg ny terrengsykkel.
Nå er det stadig stalg i butikkane, så det er mykje som fristar...

Men tilbake til svømminga.
I Seljord opnar ikkje bassenget før etter haustferien så skal ein svømme da (inne) så er det bassenget i Bø som er nærmast. Og sidan eg var i Bø i går, så greip eg sjansen.
Og så herleg det var å svømme igjen!
Eg har nok savna det veldig.
Eg likar godt å svømme, også i bassenget.
Først var det ikkje så mykje folke i dei avdelte banane 1 og 2, men jaggu så fekk eg ikkje selskap av ein tidlegare "triatlonkonkurrent" (Øyvind), og det var jo såå koseleg!
Eg og Øyvind har stort sett vore ganske like prestasjonsmessig, så på mange triatlonkonkurransar og løp har det blitt ein del kniving mellom oss.
Eg er alltid raskare å svømme enn han, men så er han sterkare på syklinga enn meg, mens me er heilt like på løping...
Og det er jo gøy å knive litt da, når ein er så jamnsterk i utgangspunktet.

Etterkvart kom også ein Mikael, og det var i alle fall artig å få sett på svømmestilen hans; sterk og rytmisk, uanstrengt - han virkar å vera i superform, og det håpar eg at han er, sidan han er kvalifisert til World Championships på Hawaii, og det er jo om fire veker.
Og då eg nevnde fo han at eg "ikkje skulle trene svømming i dag, men berre svømte fordi eg hadde uansett legetime i Bø så det passa bra", bemerka han tørt noko slikt som "Ja det er slik ein trenar som triatlet" - når du skal ha tid til å trene både svømming, sykling og løp (og jada, også helst styrke også), då gjeld det utnytte tida og trene smart - klemme inn ein svømmeøkt mellom to avtaler, løpe i lunsjen osv..
.
Eg har ærleg talt aldri tenkt over at dette er noko så triatlettypisk, men samanlikna med "vanlege" folk, så tenker eg kanskje som ein triatlet?
Eg drar jo sjeldan ein stad utan svømmetøy eller løpesko, for anledning til trening kan jo alltids plutseleg byr seg, og det vil me jo ikkje gå glipp av, ikkje sant???

Moro var det uansett, å henge bak triatlonføter i bassenget, eg storkosa meg!
Me blei einige om at det hadde vore kjekt med avsatt svømmetid/baner for triatletane i området, så hadde me kunne hatt fellestrening.
Tida i bassenget flaug avgarde, og eg anar ikkje kor mange meter det blei, men i dag så er eg faktisk støl.
Ikkje at eg svømte så hardt, men eg la faktisk inn ein del raske 50m brystsvømming (eigentleg så kan nakken min ikkje fordra brystsvømming - men for tida så er muskulaturen min ganske god, det kunne til og med fysioterapeuten min kjenne på måndag - altså heilt greitt å svømme bryst).

Så det - eg held meg fortsatt flytande, med hovudet over vatnet - til tross for stillhet her på bloggen.
Ny lue - litt uskarpt - men det er litt slik det er for tida :D