26. november 2014

"Klar til løft? - Løft!"

Då er det tid igjen for den månadlege oppdateringa i bloggen min :D

Ok, det er ikkje meining å la bloggen ligge så lenge urørt, men slik er det nå for tida - eg kjenner at eg rett og slett ikkje har kunne tatt meg tid til å blogge.
Men eg tek meg alltid tid til ein selfie eller to saman med Lukas.
Sidan sist oppdatering for ein månad sida har det skjedd lite treningsmessig.
Eg har vore utruleg lat til å gjera øvingar for plantarfascittfoten min (nå har også venstre foten begynt å krangle meir - men i det store og heile går det bedre, sakte men sikkert).
Syklinga har bestått i å sykle ned til sentrum for å handle for så ha 12 minuttar med intensiv motbakkesykling med tung bagasje på sykkelen.
Men det er jo bedre enn ingenting, ikkje sant?

Turane mine med Lukas er på maks ein time i skogen - eller 40 min på asfalt.
Det er tråkkinga på asfalt som er verst for føtane eigentleg.
Men pussig nok så er foten berre vondt av og til - og av og til gløymer eg faktisk at PF'en er der.
"Skal me ta med den pinnen her?".
På kveldstur i skogen med Lukas.
Eg svømte ein gong i løpet av den sisten måneden og skjønner nå at eg ikkje burde ta så hardt i sjølv om det er så moro, for eg var støl i fleire dagar etterpå - eg legg skylden på 50m brystsvømming (ja femti, f-e-m-t-i)  - brystsvømming er noko som eg ikkje har drive på med på ganske lenge - så då blir visstnok også berre 50m for mykje...

Løping har ikkje vore aktuelt - og blir det heller ikkje før kanskje til sommaren - då begynner eg igjen på scratch.
Styrketrening har eg gjort bittelittegrann - kanskje 1x i veka.
Motivasjonen har vore dårleg, og matlysten har vore dårleg, og med lite mat og energi i kroppen så frista det ikkje å trene.
Godbukse, teppe, puter, beina på bordet, ein kopp te og Lukas -
eg har drive med restitusjon både fysisk og mentalt.
Men eg har brukt tida til å delta på fleire kurs i hjelpekorpset i Røde Kors, og faktisk blitt godkjent hjelpekorspmedlem.
Ta daaaaaa :)

Det siste kurset, GSOR (Grunnkurs i søk og redning) omfatta tre dagar med kurs og derav to dagar tråkking i skogen.
Eg var usikker på korleis det ville gå med foten min. I staden for å plage føtane mine med stive fjellstøvlar så fann eg fram vinterstøvlane mine som har godt grep og mjuk såle, og tok ein sjans på at dei ville gje god nok støtte og vera tette nok og samtidig mjuke nok.
Keen Hoodoo - ville støvlane funke som turstøvlar, tru?
"Heldigvis" var det utruleg blaut i skogen, og me gjekk anten på mjuk sti, eller i terrenget, i lyng og mose, og delvis i veldig blaut myr eller på gjørmete traktorveg.
Det er jo kanskje ikkje så morsamt underlag i seg sjølv å gå på, men fantastisk dempande for plantarfascittføter!
Me skulle også bære båre, dvs ein patient på 80kg fordelt på fire personar som bærer.

Dette var eit sjansespel med føtane mine, men her også gjekk me i variert terreng, på stiar og i lyng og gjørme, så det blei god støytdemping.
Verre var det derimot for eigenvurderinga av styrken min i armar og hender.

Du verden har eg fått muskelsvinn liksom???
Første dag med bårebering var heilt grusam! Eg greidde såvidt å bere i eit halvt minutt så måtte me stoppe, senke båra ("Klar til senk? - Senk!" er som musikk i mine øyre nå), ta ein pustepause, bytte plass og starte opp att ("Klar til løft? - "Løft!").
Bæring av båre - det er tungt!
Dagen etterpå skulle me bere båre like langt om ikkje litt lengre, etter å ha søkt etter savna personar i skogen i 3-4 timar. Sjølv om eg var ganske sliten frå dagen før, så vakna litt "konkurranseinstinktet" mitt. Dvs, ikkje følte eg at det var ein konkurranse mot dei andre i kurset, men heller denne gnisten av konkurransemodus - nå skulle eg aktivere alt eg har av krefter, stahet og vilje, og bere med full styrke!
Litt piggare på søndagen enn på laurdagen.
Pasienten var den same som dagen før.
80kg+.
Men eg hadde fått i meg mykje meir mat.
Eg hadde også fått i meg nok vatn.
Hanskane frå dagen før blei bytta mot eit par med bedre grep.
Eg pusta bedre.
Eg var betre kledd.
Hadde full fokus på oppgåva.
Halde ut, stå på!
Du har tatt ein ironman før, dette skal du greie!
Sykling krevst mest av uthaldenhet på ein triatlon, synst eg.
Eg greidde å overføre noko av triatlonuthaldenheten min til bæring av båre.
Og det gjekk veldig mykje bedre enn dagen før.
Eg var spesielt overraska over kor mykje nytte eg hadde av tidlegare konkurransar, spesielt frå lange distansar, der eg virkeleg måtte mobilisere krefter.
Det funka faktisk fint også på bårebæring.
Kanskje er det noko med det enkle fokuset?
Ete, drikke, gjera ein innsats når det gjeld - tenke sterke tankar?

Kurset stod eg, og fekk også positiv tilbakemelding rundt det å gå vidare til kvalifisert søk og redning, og kunne vurdere kurs i lagledelse.
Det var moro å få så bra tilbakemelding.
Føtane mine hadde det også bra etter kurset.

Kurs i kvalifisert søk og redning ("KSOR") var to veker seinare, sist helg, men kurset droppa eg denne gongen.
Foten min var ikkje klar.
Den har begynt å gjera vondt igjen.

Etter ein kort diskusjon med kursleiar blei me einige om at det ikkje var smart å ta nokre sjansar - det kjem tross alt fleire kurs (både til vinter og våren) som eg kan vera med på - men då må føtane mine også vera klare!
Det var litt trist å droppe kurset, sidan eg var så godt i gang, og hadde gjerne fortsett der eg slapp, saman med dei hyggelege kursdeltakarane frå GSOR.

Men men - ingen vits å skade føtane meir, nå skal dei få restituere seg godt!
Det skal dei.
Og så blir dei klare til innsats igjen.
Berre vent!