22. desember 2009

Lynne Cox eit stykke nærmare og ryggsvømming - (del 2)

Det gjer seg kanskje ikkje spesielt godt å bruke innleggstitlar om att og nummere dei, i staden for å finne på heilt nye, originelle titlar.
Men denne bloggen min er jo ikkje akkurat med i ein konkurranse om å vera mest original.
Den berre ER.

Og i dag var det all grunn til å gjenta essensen av innlegget om Lynne Cox-intervall.
I dag hadde eg fri.
Eg hadde også eit ærend i Bø, og god tid til å slå i hel eit par timar på kafé med ei god venninne, og nyte traveltheten av jolehandlande folk rundt oss.
Me prøvar alltid å halde ut så lenge me kan. Tida går, og me blir etterkvart slitne av å skravle i eitt utan pause, men må halde på likevel for ikkje å bli trøtt...

Til slutt kjende eg blodsukkeret ramle i kjellaren, og eit par bananar frå nærmaste matbutikk etter avslutta kafébesøk gjorde susen.
Og så stod eg der igjen - med det dilemmaet: ut desember månad har eg fortsatt svømmeavtale hos Gullbring kulturanlegg: svømme så mykje eg vil for 200kr i månaden. Dette er tilbud for studentar.
Sidan min studentstatus opphøyrer frå januar av, skulle ein tru at det var gunstig å benytte meg av dei siste anledningane til å svømme til svært gunstig pris i eit kjempeflott svømmeanlegg som Gullbring er.
Men -
så var det igjen det - at - det er tysdag idag.
Og då er er solklart: svømmedag i Seljord.

Det finst dessverre ingen månadleg avtale å inngå for Seljord symjehall, der ein kan svømme så mykje ein vil for ein på førehand betalt sum i månaden.
Eg ville stått først i køen for å få meg ei slik avtale.

Så sjølv om eg kunne ha spart 40kroner ved å svømme i Bø, køyrte eg altså like godt til Seljord og svømte der.
Eg hadde ein mistanke om at tysdagen før jol, då kunne det neppe vera meir folk i bassenget enn ellers.
Og eg skulle ha rett.

Då eg kom meg ut i bassenget, var det tre svømmarar i bassenget.
Eg var nummer fire.
Med omsyn mot mine medsvømmarar, som ikkje bruka svømmebriller, valgte eg å svømme midt mellom bane tre og fire, slik at eg heldt størst avstand.
Det sprutar ikkje lite når eg svømmer intervall, må vite.

(i alle fall så kjennest det slik. eg har vel aldri sett meg sjølv svømme. men det er ikkje vanskeleg å lesa av ansikter til folk i bassenget som må svømme tett innpå ein krålsvømmer, at dette ikkje er så veldig behageleg)

Blodsukkeret hadde i mellomtida stabilisert seg, og sidan siste treningsøkt låg to dagar tilbake, kjende eg overskudd og lysten på ... Lynne Cox-intervall. Som eg kallar dei.

Strengt tatt så klarar eg ikkje å svømme desse intervalla i originalutgåva. Altså 100m-intervall på 1:45. Og i alle fall ikkje 30 repetisjonar.
Eg begynner eigentleg å lure på om dette i det heile tatt kan stemme.
Kanskje er det ikkje snakk om 100m, men 100 yards?
Då vil det vera nesten 9m mindre å svømme.
Men likevel.

Opplegget mitt er altså å svømme 100m intervall til eg kjem så nærme 100m intervall på 1:45 som mogleg.
Og i dag var det dekka for nok ein ny pers:
Etter 250 roleg oppvarming, så kjendest dei første 100m heilt vidunderlege.
Dei første 25m kjende eg knapt behovet for å puste, men gjorde det, for ordens skyld.
Dei neste 25m var også fort gjort, og dei siste 50m kjendest armane fortsatt sterke.
Eit blikk på klokka: 1:35!
Dette er ny personleg rekord!! :D

Ikkje veit eg kva eg skal bruke denne farten til, spesielt ikkje når eg planlegg å svømme 3,8km på min planlagte ironman i Frankfurt i juli. Men trening skal jo vera moro?
Og moro er det å svømme fort.
Gira opp av farten og bølgjene som eg laga som skvulpa litt over bassengkanten blei dei til saman fem intervall, der eg prøva å halde farten så godt eg kunne.
Men den eine stakkarslege bananen eg hadde fått i meg dei siste tre timane var for lengst brukt opp som energikilde,
og persen min på 1:35 bestod også gjennom dei etterfølgande intervalla.
Men likevel - fem intervall på rundt/under 1:40, det er ikkje dårleg, til meg å vera.

Kanskje er det styrketreninga som har hatt effekt?
Dei som har forska grundig på det, påstår at farten på svømminga er avhengig av teknikk og styrke, og det i lik stor grad.
Det vil seie, når ein har dårleg teknikk kan ein kompensere med styrke, mens ein kan ha så god teknikk ein vil, utan styrke blir ein ikkje fortare.
For tida jobbar eg med styrken.
Teknikken er der.
Den er ikkje perfekt. Sjølvsagt. Men den er god nok, den.

Og trene styrke skal eg jo uansett. Og svømme skal eg uansett.
Eg trur eg er i ferd med å bli litt fisk igjen.
Etter 5x100m intervall prøva eg meg på 500m krål i tilnærma konkurransefart. Dessverre fekk eg ikkje tatt tida på den, sidan pulsklokka mi forsvann på mystisk vis ut av dunjakkelomma på laurdag og blei ikkje sett sidan...
Nå hadde også den siste av mine medsvømmarar forlatt bassenget, og då er eg rett og slett nødd til å halde på litt til.
Eg hadde eigentleg tenkt å kome meg heim litt tidlegare denne kvelden, sidan eg hadde ei natt med dårleg søvn og ville ikkje legge meg så seint, men å forlate eit basseng som eg hadde heilt for meg sjølv var sjølvsagt UAKTUELT.

Det er noko med vannflater som utøver ein sterk fascinasjon og tiltrekningskraft på meg, og då er det til og med nok med denne vesle flata på 25x15m.
Ryggsvømming har jo blitt ein av mine favoritteknikkar, og sidan det er lurt å ikkje ha for mykje folk rundt seg i bassenget, bestemte eg meg for ytterlegare 500m, denne gongen ryggsvømming.

Farten er det sjøvsagt så som så med når eg svømmer rygg.
Den er kanskje ikkje så verst. Men vendingane er kompliserte.
Men etter litt over 10minuttar var også dette unnagjort.
Så kva skulle eg finne på?
Eg begynte å angre på at eg ikkje hadde ete ordenleg lunsj i dag.
Eg begynte å bli sulten.
Klokka nærma seg halv ni.
Og Binna sat tolmodig ute i bilen og venta.

Som ei avslutning dykka eg dei siste 25m, frå bassengkant til bassengkant.
Det slår meg alltid like mykje kor fort det går an å tilbakeleggje denne strekninga, og kor uanstrengt det går når ein berre tenker på noko heilt anna.

Så kom eg meg til slutt opp av bassenget.
Fornøydd og litt slapp i armar. Og fast bestemt på at eg i framtida skal passe på at tysdagar, då skal eg lade godt opp med nok mat, for å kunne nyte svømme så lenge eg orkar...
Eg ER visst litt fisk, eg...

20. desember 2009

Balanse

Det er viktig med balanse.
Det gjeld vel kanskje det meste i livet.

Og det er noko eg manglar for tida, det skal vera sikkert.
Så får eg vel jobbe med det?

Men at eg også mangla balanse i beina, var eg ikkje klar over.
Siste time hos fysioterpeut fekk eg god veiledning for å utføre ein knebøy riktig.
Eg har så langt ikkje turd å trene knebøy, sidan det virkar så hardt for knea.
Dessutan er det ganske ekkelt å høyre det høgre kneet mitt knirke når eg bøyer det...

Men nå skal eg vera forsiktig å passe på å halde kneet rett over tærne, men ikkje utover og ikkje ved sida, og dessutan skal eg ikkje gå så langt ned, dvs låra er kanskje parallelt med golvet, men helst litt over.

I tillegg så sjekka me korleis det står til med mine "balanse"musklar i beina.
Det er nemleg kanskje litt irriterte slimposar på oversida av kneskåla som eg kjenner for tida. Mest når eg køyrer bil.
Eg trudde eigentleg at eg hadde ok balanse i beina, sidan eg spring ein del i bakkar og i ulendt terreng.
Men når var eigentleg den siste løpeturen i "ulendt" terreng?

Dei fleste av mine løpeturane mine i det siste har jo vore jo på asfalt.
Med littegrann grus/skogsveg innimellom.
Då kan det fort bli litt einsformig belastning.
Og siste rulleskiøkt er også lenge sida, var det i fjor?

Rulleski er jo ganske uaktuelt nå, med all den nye deilege snøen som har kome.
Men så var det den knebøyen da.

Eg bestemte meg like greitt for å ta eittbeins-knebøy - då får eg knebøy og balansetrening samtidig.
Og - for ei effektiv øving:

Ingen vekter, og likevel god effekt etter berre 12-13 repetisjonar...

Og at det var effektivt merkar eg nå dagen derpå.

Det ser virkeleg ut som om eg treng meir balanse..

17. desember 2009

Midnattsol i Seljord

Mange eg snakkar med klagar over at det er så mørkt for tida, altfor tidleg på dagen.
Men viss det som Yr varsler, inntreffer, er det jo berre å gjera natta om til dagen:

Det er ikkje tvil om at eg er nødd til å ta meg ein tur ut i kveld for å sjekke kva som skjer der ute...
Kanskje har Seljord fått låne midnattsola?

14. desember 2009

Ny pers!

Det som er fordelen med å vera ganske ny i gamet med triatlon er, at ein har stadig har sjansen til å oppnå nye personlege rekordar.
Det gjorde eg i går.
Eg sat og sykla og på rulle i heile 1:20 (ein time og 20minutt = 80minutt = 1t20min).

Hurra :o)

Eg har slått min gamle rekord med heile 10min.
Det var ikkje så ille forresten.
Eg har jo fått meg TV nå, så då er det berre å stirre inni skjermen. mens eg tråkkar lystig (?) i veg.

Eg veit ikkje om det meir sykkeltrening eller mentaltrening.
I så fall er det tøff mentaltrening.

Kanskje skal eg ta fram nokre filmopptak frå tidlegare sykkelturar i sommar, som underhaldning?

Med litt musikk i tillegg, så er det kanskje ikkje så dumt.

Mimresykling på rulle ?





Men - tross alt - ny personleg rekord - :D

8. desember 2009

Lynne Cox eit stykke nærmare og ryggsvømming

Nå kan eg ikkje lenger nekte for at eg tilhøyrer ein minoritet innanfor triatlon: triatletar som elskar å svømme. Det kan det ikkje vera mange av.
Men i dag hadde eg igjen valget (det er det som er så moro med "prep zone" altså): skulle eg trene styrke, svømme, sykle på rulle eller løpe?
Sidan min siste løpetur var faktisk fredag ( hot skjedde med søndags-løpeturane mine i det siste? Er nå alle flytta til onsdag eller hot?), kunne eg godt ha sprunge i dag.
Eg prøver nemleg å ha to-tre dagar mellom dei to lengre løpeturane mine.
Sidan eg ikkje trente nokonting i går (sånn er det berre: av og til er det ikkje ein gong krefter igjen til ein halvtimes rusletur med bikkja-so what), var det fritt fram i dag.
Eg skulle gjerne ha trent styrke. Eg har begynt å merke framgangen, har blitt sterkare i armane, o greier neeeesten ein chin-up (pull-ups er rett og slett for tungt enno, dessutan skulle eg passe på skuldrene mine, sa fysioterapeuten min).
Så eg vil helst prioritere styrketrening framfor sykling eller løping.

Men - i dag var det tysdag igjen... tysdag er SVØMMEDAG her i Seljord :D
Eg kunne ikkje la vera.
Eg hadde som vanleg svømmetøy i bilen.
Eg hadde alt vore på tur til Bø og unnagjort andre ærend i dag (bortsett frå det eg EIGENTLEG skulle i Bø, nemleg levere ei bok til Høgskolen..).
Eg hadde også handla for i dag.
Mangla berre turen med Binna.

Men - for eit lite fristande vær..
Og for eit fristande svømmebasseng...

Beslutninga var tatt.
Og i dag bestemte eg meg for å jobbe meg nærmare Lynne Cox-intervallene:
100m intervall. 10x.
Men eg skal sjølvsagt ikkje svømme 10x100m på 1:45.
Det ville nemleg betydd at eg berre hadde heile 5 sekund mellom intervallene!!!

Min variant er altså at eg svømmer 100m intervall så fort eg kan (i dag mellom 1:38 og 1:40), og har lang restitusjonstid imellom.
Stort sett altså 1:20, slik at det er lett å svømme etter klokka på veggen.
Og eg trur ikkje eg hadde hatt sjans til å gjennomføre 10x100m intervall med den farten med mindre restitusjonstid. Kanskje 5x.
Men moro var det. Faktisk. Pussig nok så kjente eg tydeleg at svømmetaka blei meir effektive etter 5-6. omgang. Som om eg tilpassar svømmetaka slik at eg kastar bort minst mogeleg energi. Det var stilig. Effekten avtok imidlertid etter 9.intervall. Då blei skuldrene slitne.
Men eg gjennomførte 10.intervall med ei like bra tid (1:40/100m) som det første.
Superfornøydd er eg. Det er nemleg PR for meg.

Resten av timen blei brukt til å forbedre ryggsvømmingsteknikken min.
Det er fortsatt pussig med ryggsvømming: sjølv om eg kan puste heile tida, så er det utruleg tungt.
Første omgang: 5x50m med litt pause imellom.
Så 250m i eitt. Eg bruka 6:10 på 250m, og det er ikkje spesielt fort kanskje, men det er ny pers det også for meg :D
Ryggsvømming er utruleg meir avslappande enn krål, sjølv om det er tyngre.
Kanskje fordi det er litt "overflødig"?
For hot er poenget med ryggsvømming?

Eg har då ikkje tenkt å delta i noko ryggsvømmingskonkurranse?

Men plutseleg så såg eg meg sjølv kryssa både hav og innsjøar, ryggsvømmande i harmoni med naturen rundt, ansiktet vendt mot himmelen, tenk å kunne la blikket kvile mot ein blå himmel og skyer, eller ein himmel med måne og stjerner...
... det er ikkje mange treningsformer der det går an å gjera det på ein trygg måte.

Eg trur nok eg må bli buande i Seljord ei stund til, slik at eg til sommaren kan krysse Seljordsvatnet ryggsvømmande, blikket vendt mot ein blå himmel... akk ja...


(er eg fortsatt påverka av auka serotonin- og endorfinnivået i hjernen min etter treninga? er det lov å føre motorkøyretøy i slik påverka tilstand? godt eg sit på sofaen heime då i så fall)

6. desember 2009

Underhaldningssvømming -prep sone

Sidan eg først var i Bø ein tur og hadde med svømmetøy i bilen i går, unna eg meg ein svømmeøkt nr.2 denne veka.
Klokka var 17:15. Gullbring basseng i Bø stengte kl.18:00.
Dette skulle bli ei mikroøkt.

Då eg kom meg ut i vatnet viste det seg at det vrimla av krålsvømmarar! Dette var nytt. Inspirerande var det også. Og greitt, sidan me alle fortsatt hadde ei bane kvar.

Men eg kjente fort at ostekake og kaffelatte to timar før svømming ikkje var nok å tære på. Spesielt sidan lunsj låg endå 5t tilbake..
at eg ikkje lærer?

Med nesten tom mage blei det jo tvilsamt kor stor treningseffekten ville bli.
Men skit au.
Dette er prep zone.

Eg trenar for å underhalde meg:

2x100m oppvarming
5x 25m v/45s. raskt
7x25m fokus på teknikk, og roleg svøm
25m fokustrening: dykking frå bassengkant til bassengkant
250m rygg (1:00/50m)

Ja da.
Eg skal ein gang svømme 3,8km eg au.
Men ikkje nå.
Nå er ded meir "happyfish"-svømming.
Svømming for underhaldning.
Svømming for å bli glad.
Bra, det.

Ønskeliste - sykkelutstyr

Dette innlegget er oppretta 8.desember 2009.
(men for å unngå at eg til stadig blir utsett for denne ønskelista fram til eg skriv neste innlegg i bloggen min, har eg arkivert den til 6.desember)

I anledning 6.desember har eg oppretta ei utstyrs-ønskeliste.
Det er nemleg NIKOLAUS-dag i ein del europeiske land, for eksempel Tyskland.
Og då kjem det NIKOLAUS-nissen til alle barn med gåver.
Og det er ein fin tradisjon, sidan ventetida fram til jol blir litt kortare.

Nikolaus kom ikkje til meg med gåver i år, og derfor har eg laga meg ei ønskeliste. Denne gongen handlar den om

SYKKELUTSTYR

Utstyr eg har lyst på, kunne hatt, planlegg å skaffe meg, aldri kunne tenkt meg å hatt, eller har frå før, og så vidare.
På grunn av min framleis skrale økonomien er mykje av utstyret her ikkje aktuelt for meg.
Derfor kan ikkje innlegget her ligge i bloggen min synleg fram til neste innlegg.

Dessverre. Slik er det etter over 7år studenttilværelse kombinert med lite produktiv psykisk helse.
Men - eg har blitt flink til å prioritere, kikke etter utstyr og benytte meg av min sjarm til å forhandle meg fram til rabattar hos lokale forhandlarar (takk enda ein gong til Intersport Seljord som er generøs og gir meg rabatt og hjelper meg med sykkelen min (gratis), men også G-Sport i Bø, der eg fekk kjøpt løpebuksar til redusert pris ei veke før min andre maraton i 2008; Sport 1 i Seljord er også snill og gir meg rabatt om eg spør. Brukås i Bø er grei av og til, men her må eg ofte spela på heile sjarmoffensiven, noko eg ikkje alltid er i stemning til).

Her skal det handle om sykkelutstyr.

Pedalar:

Eg treng pedalar til ChiCqilo. Den låner fortsatt pedalane frå landeveissykkelen min. Men dette er ikkje noko løysing lenger.
Eg har MTB-pedalar på landeveissykkelen, slik at eg kan bruke mine kombisykkelsko på både terrengsykkelen min og landeveissykkelen min.
For å unngå å to par sko og to forskjellige pedalsystem har eg bestemt meg for å halde meg til PDS-pedalar, men for å auke overflata og dermed auke kraftoverføringa, skal eg etterkvart skaffe meg desse pedalane:


Shimano, PD-A520
  • Farge: Sølv
  • Aksel: CrMo (stål)
  • Kropp: Aluminium
  • Klosser: SH-M51 SPD (medfølger)
  • Vekt: 315 gram per sett

Det er ein pedal for både terrengsykling og landeveissykling, med SPD-klossar, men med større bereflate enn dei vanlege terrengpedalane.
Fine er dei også. Har kobling berre på den eine sida (utan at det er tilrettelagt for bruk utan sykkelsko på den andre sida), men det er greitt.

eller:

Shimano 505 SPD

  • Farge: Sølv (ikkje svart som på bildet)
  • Aksel: CrMo (stål)
  • Kropp: Aluminium
  • Klosser: SPD (medfølger)
  • Vekt:?

Det er slike eg har på racersykkelen min, og same SPD-kombipedalar på terreng- og brukssykkelen min. Dei kostar heile 250kr mindre enn A520.
Stilige? Jo da, det er tross alt berre pedalar. Skulle gjerne hatt dei i svart, slik at dei passar endå betre til ChiCqiloen, men til slutt så blir dei jo dekka av mine superkule sykkelsko :D

eller:

Shimano 520 SPD


  • Farge: Sort
  • Aksel: CrMo (stål)
  • Kropp: Aluminium
  • Klosser: SH-M51 SPD (medfølger)
  • Vekt: 380 gram per sett
Jepp, her er dei, nesten dei same som 505, forskjellen er at dei er regulerbar i spenninga. Pris? Ein femtilapp dyrare enn 505.
Hm... det spørs om ikkje prisen vil avgjera valget her... eg treng nemleg også ei hurtigkobling = stikkaksling til ChiCqilo, sidan akslinga bak ikkje er kompatibel med sykkelrulla mi...

Då er det kanskje følgjande som er aktuelt:

Tacx, T1402, Hurtigkobling

Omtale frå www.bikeshop.no:


"STIKKAKSEL TIL RULLEBRUK
Stikkaksel til bakhjulet fra Tacx. Perfekt hvis du skal sette sykkelen din på rulla i vinter!"


Pris: 63kr :-) svært forbrukervenleg pris.
Og sidan rulla mi (takk for langtidslånet, Caroline!) er også frå Tacx, kan eg vel gå ut ifrå at koblinga passar.

2. desember 2009

Impresjonar (vinter) og himmellegeme

I går hadde eg fri. Noko som passa bra, sidan det var blå himmel og sol.
Eg kjenner plutseleg ei sterk dragning mot himmellegeme.

Eg fekk meg nemleg TV i går. Bakkane her i Seljord er aldeles bratte, og husa står tett inntil fjellsidene, så var det ikke sikkert at me ville få kontakt med nokre satellittar der ute, med parabolplasseringa som planlagt.
Men det gjekk bra. Me fekk kontakt. Eg blei letta.

Eg har alltid kjent dragning mot både måne, sol og stjerner der ute. Nå er det altså også satellittar ein del av denne gjengen.

Heldigvis tek mottakeren seg av denne kontakten.
Slik at eg har tid til å rette meg mot sol om dagen, og måne om kvelden og natta..

Og av slikt kan det bli fine bilder av når ein er ute på tur...

Det blei ein kjempefin rusletur i utruleg gylden kveldssol i går..
Med fin utsikt gjennom skogen mot Seljordsvatnet som låg stilt der nede..
Jolepostkortliknande tilstandar i skogen..
Binna kosa seg også. Lukter blir ekstra gode når det kjem snø..So forsvann sola etterkvart bak fjella..
Og me kom oss heim igjen...
Men dragning mot himmellegem sluttar ikkje her..
Når fullmånen stig opp bak fjellet og troner på himmelen på kvelden, så er det ikkje lett å vende ryggen til stogevinduet..
Men nå når kameraet mitt ha gitt opp og slutta å fungere etter seks trufaste tenesteår, kan det hende eg blir mindre frista til å gå ut å knipse bilde frå månen?
Sidan mobilkameraett mitt ser ut til ikkje å dele entusiasmen min med å ville fange inn facinasjonen av himmellegeme?

Aah endeleg! Løpetur. Igjen.

Eeendeleg blei det måndagskveld.
Etter å ha kome meg gjennom søndagen utan løpetur, lokka måndagskvelden med fantastisk nysnø og måneskinn.
Strålande!
Idelle forhold for ein løpetur.
Tørt, kaldt, måneskinn. Stjerner.
Barn som akar i full fart ned bakkane, foreldre som står og ser på, folk som ruslar,
snøkrystallar som glitrar og knirkande lyd av løpande føter..

Det blei ein aldeles herleg løpetur.
Snøen var tørr og ikkje spesielt glatt, og gode gamle NIKE Pegasus stod testen på vinterføre (sklir når dei skal, har feste nok når det trengst, vannavvisande, relativt varme, romsleg nok til tynne ullsokkar, nok refleks for synlighet),
det var stråålande måneskinn, fjelltoppane lyste i det fjerne, hus omkring med varmt lys frå vinduene, adventslys- og lykter både her og der, og snøen knirka.. (eg gjentar meg)

Etter søndagens nedtur frå den planlagte oppturen så sørga løpeturen for dei lenge etterlengta endorfinene.
Det som først var planlagt som ein lett, kort tur (opp til ein time) utvida seg til ein tur på nesten halvannan time.
Men kven skulle trudd at ein harmlaus måndagskveld ville by på noko slik underbar løpsoppleving?
Det var ein herleg følelse å kunne springe utan hodelykt. Måneskinnet som blei reflektert frå den krittkvite heilt nye snøen lyst opp landskapet, bilar køyrde sakte, lufta var iskald, men tørr og god å puste inn etter så mange haustdagar med fuktig-våte løpeturar.
Eg sprang min gode "onsdagsturen" på 12km, i "søndagstempo", altså roooleg.
Her i Seljord er det ikkje spesielt hektisk, og dette gjeld nok spesielt brøyting. Folk er vel stort sett utrysta med flotte 4WD-bilar, vinterdekk eller utprega sinnsro og gode vintersko, så det var ingen som tenkte på å brøyte gangstiar.
Å springe i 12-15cm nysnø er ei spesiell oppleving. Sidan foten ikkje treffer underlaget like stødig, blir alle desse små "balansemusklane" aktivert. Noko som gjorde turen tyngre enn vanleg, men du verden så godt det er for beina å kunne bruke fleire musklar enn på dei vante asfalt-slitar-turane!
Det tok litt tid før eg kom meg heim.
Bakken heim blei nemleg også mykje lengre, sidan eg kjente at eg sklei ned littegrann for kvart steg eg tok.
Etter halvannan time kom eg meg heim og inn i varmen.
Tilfreds med endeleg å ha fått det slik som eg ville.
Godt å vite at eg kan springe søndagsturen min på ein måndagskveld i ønsdagsløypa min:D