31. oktober 2013

The 30 Days Plank Challenge

Nokre titler høyrest berre bra ut på engelsk.
Eller betre, i alle fall.

Eg snubla over ei statusoppdatering til ein FB-venn som kom med dette.
The 30 Days Plank Challenge.
Då eg googla litt på dette, så fann eg denne utfordringa på fleire arenaer.

Utfordringa går på å ta planken nesten kvar dag over 30dagar, der ein startar med lengda på øvinga på 20 sekund, aukar litt og litt, til ein slutt skal kunne greie å halde planken i fem minutt på dag 30.

Eg har litt sans for sånne utfordringar.
For det første, så er det avgrensa i tid. Det er ingen livsutfordring, liksom.
Så det går over. Bra.

For det andre, så er det enkelt.
Det står der jo kva du skal gjera, for kvar dag.
Altså, eg slepp å lure på kva eg skal gjera, kor mykje, kor lenge osv. Bra.

For det tredje, så er målet for min del hårreisande. 300 sekund er FEM MINUTTER, det hadde eg jo ALDRI klart i dag.
Min besttid på planke er rundt to minutter.
Men eg anar ikkje kor god haldninga då var.
Og nå om dagen, så greier eg kanskje rundt eitt minutt.

Det er altså eit spennande mål som vekker nysgjerrighet hos meg: Kan eg klare dette???

Akkurat denne utfordringa tar lite tid pr dag, du treng ikkje skifte, koma deg ut, dusje etterpå osv (jaja, etter dag 20 så trur eg at eg blir nødd til å varme opp før planken, det burde ein forresten gjera uansett, og etter over tre minutt planke så trur eg at svetten kjem til å renne i strie straumar, men men, den tid den sorg!):


Eg tjuvstarta i går, for eigentleg så tenkte eg at det kunne vera morsamt å starte dette 1. november. Men så blei eg så ivrig (det er jo bra, motivasjonen er på plass).
Dessutan er eg ganske anspent for tida (ein del ubehagelege men viktige møter for tida har skylda), og planken reduserar spenninga i kroppen ei lite stund.

Øvinga planken består jo av å halde kroppen i spenning, og ein kjenner jo etterpå kor godt det er å la kroppen plaske ned i underlaget og ligge ei stund der som eit slakt, det er jo ein herleg følelse!
Om eg har nok sjølvdisiplin til å gjennomføre utfodringa, er eg usikker på.
Men men, det går an å prøve.

Nokon som tør å ta utfordringa???

2 kommentarer:

  1. Jeg tar utfordringa! Skjemaet henger på kjøleskapet mitt og har fått noen kryss.

    Jeg har prøvd å kommentere på bloggen din mange ganger uten å lykkes. Håper at det ordner seg nå :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Supert at du tek utfordringa! Eg er berre på dag fem men synst velt alt nå at 40sek er litt lenge :P
      Så eg treng selskap på denne her, planken er eigentleg litt grusam.
      Men det er jo det utfordringar er til for, ellers hadde det vel vore for lett.
      Hm så rart at du ikkje har fått kommentert her før.
      Det kan tenkas at du skulle kommentere mens eg dreiv med redigering og utforming av bloggen?
      For det har eg gjort ganske mykje i det siste.
      Men godt du sa ifrå om det!
      Kanskje er det noko eg kan gjera med det.

      Lykke til med plankeutfordringa! :)

      Slett