Med heilt ny blogg så burde jo kreativiteten berre kunne slå seg laus?
Dessutan har eg fått trent/mosjonert ein god del også i det siste.
Dagane har liksom gått veldig fort sidan sist innlegg.
Eg har brukt mesteparten av tida med nesa djupt inne i fagbøker, slik som eg likar det best.
Så har eg prøvd å "jogge laus" pusten min.
Den låste seg nemleg litt igjen for eit par veker sida.
Og det er så ubehageleg og stressande og vondt at eg måtte gå i "offensiven".
Ein ting som ikkje hjelpar, er å strekke og tøye for å løyse opp dei musklane som har låst seg.
Så kva er det som hjelpar?
Dårleg pust har samanheng med eit kronisk spenningsmønster, som kan oppstå frå kronisk stress, angst og/eller depresjon.
Eg har hatt det i periodar sidan hausten 2007, og deretter gått til fysioterapeut (med psykomotiorisk spesialisering) regelmessig.
Men om eg får forlart kva som skjer i kroppen, så er det til slutt eg sjølv som må jobbe med saka. Det har nemleg vist seg at sjølv om den dyktige fysioterapeuten min greier å få musklane mine til å slappe av under behandling, så er pusten like låst kort tid etterpå (me snakkar om -10min etter endt behandling).
Fysisk aktivitet/mosjon/trening har heilt klart positiv effekt på psyken vår, og hjelper mot angst og depresjon på mange forskjellige måtar.
Så nå har eg tatt dette på alvor:
Sidan laurdag for to veker sida har eg trent eller mosjonert nesten kvar dag.
Det som for meg helpar best mot pustevansker, er løping.
Helst med mange innslag av høg intensitet.
Altså harde intervall, eller bakkeintervall, eller fartslek.
Eg har også brukt den nye sykkelen min ("Black Beauty" :D) ein god del (sykling hjelper ikkje spesielt godt mot låst muskulatur i overkroppen, men det er allikevel herleg å sykle ute nå når hausten virkeleg visar seg frå sin vakre sida).
Så nå har stivheten i musklane blitt mindre, og pusten bedre.
Fysioterapeuten synst det eg gjer er spennande.
Det er ikkje så mange som tør å "eksperimentere" med dette, så for han er mine erfaringar også gode innspill til praksisen hans som fysioterapeut.
Så nå kjem det eit kort samandrag av kva eg har drive med mosjonsmessig sidan sist:
Terrengsykling i skogen på "Black Beauty":
Løpeturar opp til ein time men helst kortare, både i mørket...
IRONMAN-tights med riktig logo --> god inspirasjon i haustmørket! |
Ein av dei få plassane der eg kan sleppe Lukas utan at han inviterar seg sjølv inn til nabohus... |
Såå nydelege haustfargar! |
Lukas kjøler seg ned. Han heldt på å dra meg uti vatnet, så eg trur kanskje eg burde begynne med styrketrening igjen! |
Ikkje nødvendig med fotofilter i ettermiddagssola. Her kosar eg meg - ikkje rart med den knallblå himmelen! |
Utsikt frå sykkelsete (og motbakke). |
Fart og spenning i nedoverbakke! |
Lukas får meg til å le. Ganske ofte. Han er så herleg! |
Og Lukas har også godt av mosjon. Det er sikkert.
Ein veldig avslappa Lukas! |
Så nå skal eg ut og lufte Lukas.
Med løpesko på.
Kor mykje løping det blir, får me sjå, det er ikkje så nøye, men me skal i alle fall få lea beina og lufte oss!
Det er bra du har Lukas med deg på turene dine. Så får du litt selskap i tillegg :)
SvarSlettSer ut til at du har veldig fine høstlandskapsområder å trene på da. Og ja, jeg er ganske så enig, det ér alltid mye mer gøy å trene ute når været viser seg fra den "beste" siden sin! ;)
God helg, og god trening videre!
Takk for det, Guro!
SlettI dag fekk eg meg faktisk ein tur i sur haustvind med snø i lufta, det var ikkje så ille det heller.
Men knallblå himmel og sol - det er heilt klart herleg :)
Grattis med ny sykkel!:) Kjenner igjen dette med bloggfravær. Jeg klarer knapt nok en post pr uke. Stresser ikke med det - det er som energien generelt nå om dagen..må liksom dras i gang. Merkelig hvordan kroppen plutselig blir tregere...som å gå på en vegg når høsten nærmer seg. Flotte bilder du har tatt. Ser at du koser deg på tur - og så deilig med turer uten å tenke på lenge/tempo og prestasjon . Bare nyte her og nå. Lukas er jeg forelsket i. Ferdig med det. Han er til å spise opp! FOR et ansikt!
SvarSlettTakk! Ny sykkel ga meg eit lite gjev med tanke på energi om hausten.
SlettEllers trur eg at kroppen forbereder seg nå til vinteren. Dei seier også at det er lettare å legge på seg om hausten, kroppen er fortsatt innstilt på å fylle lagrene før vinteren).
Så då er det kanskje ikkje så rart at energien ikkje heilt er der.
Men det synst eg eigentleg er fint også - det er jo årstidene me lever i, og det blir heilt naturlege svingningar, og energien vil koma tilbake.
Akk ja, gode Lukas, han er virkeleg til å ete opp, heilt einig, veldig sjarmerande :)
Og eg lurar på om han veit det også ;)