27. februar 2014

Altså 3min løping er også løping! (6 veker etter kneskaden)

I går tok eg ein telefon til fysioterapeuten min  for å diskutere kneet mitt.
Måndag og tysdag gjekk eg nemleg mine første to turar sånn heilt nesten utan krykker (dvs eg hadde tatt med éi krykke i tilfelle isete nedoverbakker - bakkane her er bratte og kan fort bli isete, og eg treng nå virkeleg ikkje å røske opp att leddbandet ved å skli).

Det er slik at ein skal bruke krykker til ein kan gå vanleg (ingen halting!) og smertefritt.
Så etter seks veker med krykker så følte eg virkeleg at det var på tide å gå eit steg vidare. Dessutan prøva eg til og med forsiktig å "løpe" med to krykker. Hehe, det gjekk faktisk ganske bra, det blei skikkeleg utfordring for heile kroppen, og meniskane (som eg skulle passe på) fekk mindre belastning også.

Likevel - eg treng å koma igang med vanleg løping igjen. Ikkje så mykje pga IM 70.3 Haugesund i juli, men for min mentale helse - eg treng rett og slett desse avbrekka i tilværelsen. Ut i lufta, kjenne musklane jobbe, kjenne hjartet slå, musikk på øyra og berre i min eigen verden. Kvalitetstid med meg sjølv.
Negative tankar ramlar av, omverden blir mindre viktig, eg har berre meg sjølv å fokusere på.
Eg blir sprø viss eg ikkje skal på løpetur igjen snart!
Fysioterapeuten min gav meg klarsignal igår til å starte forsiktig i motbakker på mjukt underlag, dvs grus. Sidan den eine menisken i høgre kneet mitt hadde fått seg eit slag den også, så var det altså best med mjukt underlag framfor asfalt.
Og når ein spring i motbakke, så landar ein mest på forfoten, og dermed blir det naturleg støtdemping. Det er leggmuskulaturen nemleg som tek imot.

To timar etter telefonsamtalen hadde eg fått på meg løpetøy. Eg hadde også sykla til sentrum for å handle, på denne måten fekk eg varma opp muskulaturen i beina på ein effektiv og skånsam måte.
Så gjorde eg akkurat det eg hadde tenkt: springe 5x30sec på ein blaut grusveg opp ein bakke her i nabolaget.
Du veit du har hatt løpe-abstinenser når du gledar deg
til å løpe motbakkeintervall i fire gradar og sludd.
Første intervallet var HERLEG!
HURRA!
Hadde det ikkje for den medtatte (=dårlege) kondisen min, hadde eg kanskje synge høgt. Eller kanskje ikkje, sidan eg befann meg midt i nabolaget mitt :D.
Andre intervallet var også HERLEG.
Det var ein heilt merkeleg følelse å løpe igjen.

Det var som om ein gamal god etterlengta venn kom endeleg på besøk igjen.
Intervall nummer fire prøva eg utan knestøtte, men det var ikkje spesielt godt.
Då datt humøren litt i kjellaren.
Det er nemleg slik at nokre muskelfester er strekt, og det gir ein ekkel, ubehageleg nesten vond følelse når eg bøyer kneet aktivt (som å dra foten opp mot rumpa når ein løper).
Derfor blei det på igjen med knestøtta, og då gjekk det fint.
Og sidan eg hadde "mista" eit intervall pga eksperimentet, så gav eg meg sjølv eit bonusintervall...
Strålande fornøydd etter økta!
Det gjekk bra alt saman.
Eg kosa meg!
Virkeleg!
Ja, det var fire plussgradar og sludd. Eg blei søkkblaut etterkvart men kosa meg.
Hadde tatt med drikkeflaske, musikk på øyra, og alt som eg ellers ville ha gjort ved ein lengre, vanleg løpetur.
Og det gav effekt, spesielt mentalt.
Etterpå unna eg meg eit glass med proteindrikke.
Og ein laaaang varm dusj.

Og i dag, så virkar det ikkje som kneet har tatt noko særleg skade av løpeøkten i alle fall.
Planen vidare er nå, og gjenta desse korte motbakkeintervall, auke med eit-to intervall pr økt, og gjenta økta eit par gonger i veka eller etter lyst og humøret (men ikkje oftare enn 3x/veka).
Så plusse på med sykling for å få meir variert belastning.

Alt i alt, så er eg veldig fornøydd med gårsdagens innsats.
Eg er liksom i gang igjen! Endeleg!

Teknisk dårleg bilde, men eg synst det er så morsamt.
Lukas er ikkje fornøydd sidan eg både sykla og løp UTAN han,
 mens eg er i strålande godt humør etter løpeøkta :D

21. februar 2014

Lykke på sykkel

Krykker er eit flott hjelpemiddel eigentleg. I går kveld gjekk eg ein runde på 4km for andre gong etter kneskaden, og kneet funkar bra nå, men eg i løpet av natta fekk eg så vondt i beina at eg lenge låg vaken og lurte på om eg skulle bruke smertestillande.
Eg hadde tatt delar av turen utan krykker, og tydelegvis, så er beinet mitt ikkje lenger vant til å gå utan hjelp.
I tillegg så vassa eg gjennom eit djupt lag med fluffy nysnø på store delar av turen. Det gjekk nok laus på mange musklar som eg ikkje har brukt på lenge.

Sykkelmusklane derimot ser ut til å vera godt bevart!
På mandag fekk me jo eit glimt av våren, eller i alle fall ein fin vintersolskinsdag, og då kunne eg ikkje la vera.
Eg tok sykkelen fatt og susa avgarde.
Vegane var både bare og tørre (jepp, det blåste nemleg ein god del), så det var herleg å sykle!'
Ja ja, herleg og herleg, eg kjenner nok at kondisen ikkje har blitt trent noko særleg dei siste vekene, for det var tungt å sykle i vinden.
Men tross alt - det var nydeleg.
Sola skein, og det lyste kvitt frå fjellene omkring.
Slik kunne det godt vera framover for min del - snø i fjellet og i marka, og bare vegar å sykle på!
Andpusten og dårleg kondis - men likevel fornøydd!
Kneet gjekk det ganske bra med.
Eg har ikkje heilt full bevegelighet enno, så i starten var det ubehageleg å tråkke heilt rundt, men etterkvart som blodsirkulasjonen kom godt i gang, blei det lettare.
Eg hadde planlagt ein liten time, i roleg tempo, og det blei det.
Sykling med støtte. Knestøtte.
Kjekt viss eg må gå av sykkelen.
Og det var såå moro!
Eg har nok savna litt fart og moro dei siste vekene, det blir jo ikkje store sprell med krykker og eit kne som helst ikkje skal bevegast på tvers liksom.
Så det var ein skikkeleg motivasjonskick!
Nydeleg å få lufta sykkelen min, den er jo fortsatt ganske ny,
så då det er litt ekstra moro!
Det kan vera at det er lenge til våren, men så snart vegene er bare og temperaturen ok, skal eg sette meg på sykkelsetet igjen.

Verken kneet eller beinet var spesielt vondt dagen etterpå, så det var bra.
Og for ein herleg frihetsfølelse det var å sykle i solskinnet..
*sukk*
Det gledar eg meg til å få meir av altså...
Ein sykkeltur i solskinnet ein vårdag i februar. Lykke!

13. februar 2014

Do what you can do in the moment! (dag 29 med kneskade)

Nå har det gått heile fire veker sidan eg ramla så uheldig og strekte sidebandet i kneet.
Tid for statusoppdatering!

Eg har gått utruleg mykje på krykker.
Inne så treng eg dei jo ikkje.
Men ute. På veg ned til sentrum.
På veg heim att.
På veg til bussen.
Til kurs.
Rusletur med Lukas.
Og kneet har blitt bedre. Det går faktisk an å gå heilt smertefritt med det nå.
Men det er ikkje heilt tilbake til full funksjon enda, eg manglar både bevegelighet og funksjon.
Må passe på det, liksom.
Og går fortsatt på krykker, og det er heilt greitt.
For då går det som smurt.

Men eg savnar å kunne ein løpe ein tur for å kvitte meg med frustrasjon. Og sinne. Og dårleg humør. Det er så herleg å løpe ifrå, klarne hovudet og la tankane fly, kvitte seg med mental ballast og vera til stades i i nuet.

Men sidan eg enno ikkje kan det, så har eg altså trent styrke i dag.
"Do what you can do in the moment!" sa Dave Scott til meg, ikkje sant?
Så nå er det er faktisk andre gongen denne veka eg har trent styrke.
Do what you can do in the moment!
Eg bestilte meg eit set med manular frå XXL, til ein latterleg pris på 149,- pluss frakt blei det rett og slett for fristande. Når har eg 2x2 set med manualar, pluss ein manual med annan diameter der ikkje alle skivene passar på, og ein enkel manual.
Lukas er ikkje spesielt imponert.
På den måten kan eg ha eitt sett med tunge vekter, eitt sett med lettare vekter, éin manual med ordentleg tung vekt, og éin manual med veldig lett vekt.

Eg går nemleg fort lei av å bytte skiver heile tida, sjølv om det er jo akkurat dét som gjer manualer med vektskiver så praktisk, samalikna med eit heilt sett med ulike manualar.
Nå får me sjå korleis gamle kroppen kjennest i morgon, er den støl, eller ikkje?
Me får sjå.
Den kjennes fin i dag.
Det spørs korleis det går på kveldsrusleluftekrykketur med Lukas da.
Men eg er ved godt mot.

Koseleg å slappe av med Lukas etter styrketreninga!
Han blir alltid så kosesjuk etterpå!

6. februar 2014

Puster pasienten?

Dette er eit spørsmål som eg har fått høyre ein del gonger dei siste vekene.
Og heldigvis ikkje fordi eg har vore i kontakt med pasientar som kanskje ikkje pusta, men fordi eg har begynt på førstehjelpskurs i regi av Røde Kors. Jepp!

Det er eit stort kurs i kvalifisert førstehjelp, som består av til saman 30 timar, fordelt på 5 kurskveldar à 3 timar og ei helg med to lange dagar, med avsluttande teoretisk og praktisk prøve.
Eg har lenge hatt lyst til å friske opp att førstehjelpskunnskapene mine, for siste 30t-kurs tok eg i 2003, og det virkar lenge sida!
Den gangen var eg medlem i Norske Redningshunder, og trengte førstehjelpskurset i samband med prøvene eg tok med Binna. Sidan Binna blei pensjonist og eg  flytta til Seljord og slutta i Norske Redningshunder, har eg hatt lyst til å bli aktiv i Røde Kors, men det blei liksom ikkje noko av. Tida går fort, og eg har vel ikkje hatt spesielt mykje energi til overs til å engasjere meg dei siste åra.
Men nå!
Heldigvis skulle det plutseleg arrangerast kurs, og det var mange nok interesserte, og heldigvis blei kurset gjennomført her, slik at eg til og med på krykker kunne kome meg ned til Røde Korshuset.
Røde Kors huset i Seljord, rett ved ambulansetenesta.
Første hjelp er ikkje så vanskeleg, og det har blitt enklare gjennom tida, heldigvis.
Det er heller ikkje så mykje å gjera feil.
Så har du kunnskapar om første hjelp eller ikkje, så er det alltid noko du kan gjera viss du skulle koma til ein ulykkesstad som førstemann, eller viss uhellet skulle skje heime.

Eg hadde først tenkt å skrive litt om korleis ein skal gje livreddande førstehjelp, men eg veit ikkje kor hen eg skal begynne og kor hen eg skal slutte.
Viss eg skulle oppsummere det absolutt minste ein skal hugse på, så er det kjeden som reddar liv:


Viss du finn ein person som ikkje pustar, rop om hjelp, ring 113 og start med kompresjonar (HLR), 30 stykke, så 2 innblåsningar og 30 kompresjonar og prøv å halde ut med dette så lenge du kan.
--> Ellers så er det mange gode kilder på nettet til å finne meir informasjon.

I løpet av kurset har me også gjennomgått opplæring i bruk av hjertestartar, og alle saman har bestått den avsluttande prøva!
Men! Også om du aldri har brukt hjertestartar før, om du f.eks. skulle vera på eit kjøpesenter og koma ut for ein situasjon med ein livlaus person som ikkje pustar, så ikkje nøl med å få tak i hjertestartaren, og set i gang!
(Tek det tid å hente hjertestartaren, så burde nokon andre sette i gang med hjartekompresjonar med ein gong).

Det er nemleg ikkje vanskeleg å bruke hjertestarter, og hjertestartaren "snakkar" med deg, så du får innstruks heile tida.
Den seier ifrå kva du skal gjera, og seier ifrå viss du må gjera ting på ein annan måte.
Det er ingen grunn til ikkje å prøve!
Viss du lurar på korleis bruken av hjartestartar fungerar, kan du finne ein fin liten video frå Rødekorsførstehjelp her:


Største forskjellen mot tidlegare hjarte-lunge-redninginstrukser er at det er viktig med kompresjonar, også utan innblåsning først. Dei har også funne ut at sjansen for å få liv til ein pasient igjen etter hjartestans er fortsatt til stades også etter f.eks. ein halv time, så lenge det er blitt gjort hjartekompresjon i tida fram til pasienten kjem på sjukehus.

Det er greitt nok med teori, men eg synst det er ganske artig å vera på kurs, og instruktørane våre er utruleg finke! Me er berre 6 -7 deltakarar, så det blir god kvalitet på undervisning, og me får prøve ganske mykje praktisk også.
Ein av våre dyktige instruktørar!
Nå på tysdag lærte me korleis ein kan fjerne motorsykkelhjelm og sette på 'stiffnekk', altså nakkekrage som hindrar skadar på virvelsøyla/ryggraden i nakken. Dette var mest for når me skal ha vakt i regi av Røde kors og har med utstyr.
Bruk av stiffnekk kan forebygge alvorlege nakkeskader.
Så gjekk me også gjennom hodeskadar og krampar, diabetes og hjerneslag, så det var ein god blanding av teori og praksis.
Neste gong blir temaene forgiftningar og behandling av bruddskadar tatt opp, så det blir også spennande. Eg synst eigentleg alt er spennande, men det beste er at to av mine gode venner er også med på kurset, og at det er så hyggeleg og avslappa stemning på kurset. Då er det lett å lære og hugse!
Og timane går fort på ein slik kveld (dessutan har me fått instruktørane til å servere ikkje berre brus og kaffe, men også bollar kjeks og sjokolade, eller var dette kanskje i anledning tema lågt blodsukker/føling??? Eg håpar ikkje det altså :D).


(Visst du forresten at Seljord Røde Kors er eit av dei eldste lokallaga til Røde Kors? Heile 105 år gamalt, stifta i 1909, ikkje verst altså!)

2. februar 2014

These boots are made for walking!

Sidan i fjor haust så starta eg å registrere treningsøktene mine med Endomondo-app'en, og det har for så vidt vore artig. Nå i januar har eg til og med begynt å registrere all slags fysisk aktivitet - altså ikkje berre planlagte strukturerte treningsøkter, men også transportsykling og spesielt alle gåturar.
Kalenderbladet frå Endomondo for Januar visar det tydeleg:
Eg går og går og går!

Ein grunn til at eg går enda meir enn det eg har gjort før er jo da at løping er utelukka etter at eg strekte leddbandet i midten av januar:
Endomondo har ingen symbol for idrettskadar.
Dette er mitt forslag :D
Eg har også forslått den indre menisken i tillegg, noko som fysioterapeuten min fann ut sist onsdag.
Men - ingen fare - menisken er ikkje skada, den er berre "irritert".

(Snik-opplysning:
Me har to (2) menisker i kvart kneledd. Ein ytre (=lateral) og ein indre (=medial). Den mediale er kobla saman med det mediale leddbandet (sidebandet), mens den laterale menisken ligg meir fritt til. Dvs, skadar ein det indre sidebandet, vil også den mediale menisken få seg ein trøkk).
Eg synst som ivrig mosjonist burde ein hatt litt kunnskap om kroppens anatomi. Det er mange som ikkje veit at me har to meniskar i kvart kne. Til og med triatletar eg kjenner som har blitt operert på "menisken" visste ikkje at dei eigentleg hadde fire menisker til saman.
Ein annan grunn for at eg går så mykje er at eg har Lukas, som skal luftas.
Og at eg ikkje har bil for tida (men sjølv den tida eg hadde bil, så blei det så lite poeng å køyre 1km ned til sentrum for å handle, då gjekk eg heller - gratis trening!).

Så har eg også fått meg nye vinterstøvlar!
Hurra!
Eg synst gode vinterstøvlar er skikkeleg luksus, sjølv om ein jo virkeleg treng gode vinterstøvlar.
Likevel, så ender det ofte med at eg subbar rundt i snøen med gore-texløpesko eller turstøvlar.
Men rett etter nyår, så blei det desse her på meg:
KEEN Hoodoo II  High Lace
Åååå så gode dei er!
Eg hadde jo flaks at eg kjøpte desse FØR eg ramlar på kneet mitt, for desse her har eg hatt veldig god bruk for sidan! Dei har kjempegod såle, så broddar kan brukast på glatta, ellers så har desse godt grep på vinterføre:
Sjå på den gode sålen!
Eg synst jo at dei er utruleg fine. Fargemessig, så trengte eg eit par svarte støvlar, som tolde litt meir enn mine "finvinterstøvlar". Dei har også den typiske KEEN-tåforsterkning av gummi:
Kjekt å sparke med, haha.
Eg hadde sett desse støvlane før, på ei norsk nettside, men så blei dei utsolgt i min størrelse. Men så dukka dei opp att igjen, berre eitt par igjen i størrelsen min, og då måtte eg jo berre slå til!
Synst dei er skikkeleg fine, ordentleg robust lær, fôra med teddyfor og isolasjon, og dei har fine petrolblå detaljer (på mange bilder ser det ut som ordentleg blåfarge, men dei er "petrol/teal", altså blågrøne).
Fargen heiter "Black-Deep Sea" og fargen på djupt vatn kan vel variere litt,
alt etter lyset som fallar inn, så det passar jo.
Å bestille støvlar og sko på nettet er jo litt tricky, i og med at ein ikkje får prøvd dei. Men mange nettbutikkar har jo både gratis frakt og retur, så då gjer det jo ingenting å prøve. Er tilbodet såpass bra, synst eg at det lønner seg å ta sjansen.
KEEN er kjent for å lage sko for breie føtar, og etter å ha lest mange review på nettet om denne modellen, så var eg sikker på at tærne mine ville ha god nok plass i desse.

Eg brukar størrelse 39 (US 7,5 og UK 5,5) og denne i størrelse 39 passar bra, med plass til eit par ullsokkar av den ikkje altfor tjukke typen.
Støvlane gir litt støtte samtidig som dei er mjuke, dei minner nesten om snowboardstøvlar, mjuke, men gir støtte, er varme og har god plass - eg ELSKAR snowboardstøvlar :D).

Så dette var litt produktvurdering/tips.
Eg var sjølv på jakt etter gode vurderingar av denne støvelen, og satt pris på alle testar eg kunne koma over, så derfor blei det litt meir detaljert her, slik at det kan koma til nytte for andre.
Eg er ikkje sponsa av Keen, så dette er ei uavhengig vurdering.
(Men Keen er eit tøft merke, skulle gjerne ha tatt på meg produkttestar av andre skomodellar frå Keen, dei er virkeleg noko for meg, berre sjekk outdoorkolleksjonen deira).

Ellers er februar her, og med den nye månaden også ein ny vêrtype, nemleg MILDVÊR.
Skrekk og gru.
Snart er vel all den vakre fluffy snøen borte?
Januar månad hadde treningsmessig ikkje så mykje spennande å vise, men her kjem nå ei oversikt.
Statistikk frå Endomondo.
Endomondo har mange funksjonar for dei som betaler for full versjon, men så stort behov har eg ikkje for fancy funksjonar, då lagar eg meg heller gode statistiske oversikter sjølv.

Forresten så går det bedre med kneet mitt. Men etter sist fredagen der eg til saman tilbakela nesten 7km på beina (i tre - fire omgangar vel å merke) så var kneet vondt og stivt på laurdagen. I dag er kneet er mjukt og fint, sidan eg berre gjekk "stusslege" to km i går, pluss støvsuging og diverse annan husleg mosjon.

Alt med måte når det gjeld rehabilitering av leddband! Eg blir vel litt ivrig innimellom.
Kanskje er det støvlane som får meg til å gå?
Sama det :D