29. november 2011

Smarttube - smart!

Heile den siste veka har eg vore sliten og uopplagt og ikkje meg sjølv, og derfor blei det også ganske lite strukturert trening.
Mosjon? Dagleg sykling ned til sentrum og heim att gir 125m stigning og dermed høg puls i eit kvarter, pluss daglege turar med Binna og Mille, alt frå ein halv times rusletur til ein time i skogen.
Eg kjenner at uansett kor dårleg formen min er, så er det godt å i alle fall kome ut ein halv time om dagen, også om eg helst vil vera inne og slappe av.

Men i går var det igjen såpass fint vêr at eg ikkje greidde å vera inne.
Blå himmel og sol er så utruleg inspirerande og gir meg masse energi, og etter sommaren i år med så mykje regn har eg lyst til å nyte mest mogeleg av det fine vêret.

Så det blei ein rask tur opp til Hattefjell.
Jentetur til Hattefjell. Eg og Binna hadde besøk av Mille.
Sjølv om eg savnar løpinga for tida, så har eg allikevel funne ut at det er best å drive med "alternativ" trening for tida. Det ser ut som kroppen min toler det mykje bedre.
Og når eg ser på stigninga til stien opp til Hattefjell, så er det eigentleg ingen tvil at dette denne turen er ganske bra trening. Spesielt når eg går med litt tung sekk:
Høgdeprofil for turen opp til Hattefjell. Klikk på bildet, så blir det lesbart.
Det som er fint med å gå tur med sekk i staden for å springe opp i løpetøy er, at ein kan ha litt ekstra klær i sekken og slappe av når ein først har kome på toppen, og slepp å fryse:
Fin utsikt over Seljordsvatnet frå Hattefjell.
Det er også kjekt å kunne ha med seg nok drikke.
På dei siste turane har eg brukt eit drikkesystem som liknar på det velkjende systemet frå Camelbak: det er ein drikkeslange påmontert drikkeventil i enden, men utan drikkeblære. Istadenfor blir drikkeslangen via ein adapter skrudd rett på ein vanleg drikkeflaske: "Smarttube".
Utruleg praktisk!
Slangen blir dratt heilt ned til botnen av flaska.  Den vesle blå knotten på den gule skrukorken er ventilet som slepp inn luft etterkvart som det blir mindre vatn i flaska.
Smarttubeslangen er satt på ei 1L-flaske og flaska sit godt fast i sidelomma på tursekken.
Med flaska inne i eller på utsida av sekken kan ein la slangen henge over skuldra slik at den er lett tilgjengeleg, akkurat som på vanlege "drikkesekkar".
Bilde frå tidlegare løpetur.
Eg har funne ut at eg drikk mykje meir vatn enn eg gjer om eg må fiske fram flaska ut av sidelomma på sekken min. Praktisk er det også når ein syklar. Spesielt praktisk i lange bratte motbakkar når det er så bratt at ein helst vil ha begge hender i styret. Eller på stiar i skogen.

Flaske på ein liter i sidelomma til ein 18L-sekk og påmontert smarttube. Praktisk å sykle med!

Eg har enno ikkje funne smarttube i nokon norsk butikk, og eg har bestilt min frå England.
Rimeleg og fungerar utruleg bra.
Kan berre anbefalast!
Mille og Binna slappar av på toppen, på kvar sin måte. Mille med ein god pinne, mens Binna ser på ;)

22. november 2011

Lystig lysslyngesykling

I går var den nedre delen av Seljord tåkelagt igjen.
Mens me andre, som bur lenger oppe, kunne nyte godt av blå himmel og sol.

Riktignok, så klarna det visst opp littegrann nede i sentrum også, ei lita stund.
Eg og Binna og Mille (Binnas og min tidlegare nabo frå Bø) fekk heldigvis utnytta solskinnet midt på dagen før eg sykla meg eit ærend ned til sentrum seinare.

Utsikt frå Venås i Seljord ned mot tåkelagt Seljordsvatn. Tatt i går  klokka halv tre.
Det var ikkje ei sky på himmelen igår. Men for å få sjå dette, måtte ein koma seg eit stykke i høgda. Eg tok bilde frå same stad i fjor, i midten av oktober, og her ser ein tydeleg kor høgt tåka låg i går:
Slik utsikten eigentleg ser ut. Tatt midt på dagen i oktober 2010.
Så måtte eg ta ein tur til augelegen, sidan eg har hatt så vondt i det venstre auga. All smøring med øyegel og drypping med kunstig tårevæske hjelpte lite.
Heldigvis fekk eg time med det same i går. Det viste seg i alle fall at det ikkje var skade eller hornhinnebetennelse (som tidlegare) men berre tørre auga.

Eg blei så glad og letta over å høyre dette at eg fekk lyst til å feire!
Ein vakker dag snubla eg over ei artig nettside der kreative sjelar legg ut sine prosjekt og korleis dei har gått fram - nyttig side!

Det var prosjektet "Elektroluminesvent Mountain Bike" som fanga oppmerksamheten min.
Dette ville eg prøve også!
Men første måtte jo den mørke årstida koma. Det har den definitivt gjort nå, og i går etter augelegebesøket kjøpte eg meg ei lysslynge på Europris, sette inn batteri, vikla slynga rundt topprøyret på Hardrocxen og sykla heim att gjennom mørke og tåke.
Sååååå kult!
Slik ser sykkelen ut på plassar der det er heilt mørkt ellers. 
Det var utruleg morsamt å sykle med lysslynge. I tillegg hadde eg jo vanleg raud sykkellykt bak og sykkellykt foran, så eg trur eg blei i alle fall sett.
Einaste ulempe var kanskje at det veldig skarpe grøne lyset øydela noko av nattsynet, så det er nok mest praktisk i område med gatebelysning i tillegg.

For meir inpspirasjon kan eg anbefale nettsida www.instructables.com, og då spesielt  "Amazing Bike Projects"
Henta frå: www.instructables.com, frå "Quackmaster Dan
Eller kva med denne her, meir tilpassa urbane strøk:
Sååå kult! Henta frå www.instructables.com, laga av Dan Goldwater
Den rosa varianten kunne eg tenke meg på ChiQiloen min, sidan den er rosa. Men så er det ikkje akkurat føre til å sykle på glatta med temposykkel for tida... sukk...

21. november 2011

Miljøpsykologi

miljøpsykologi, studiet av miljøets, det være seg menneskeskapt eller naturgitt, innvirkning på menneskers atferd og psykologiske tilpasning.
[miljøpsykologi. (2011-11-21) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/miljøpsykologi]

For eit spennande fagfelt!
Det er ikkje tvil om at omgjevnadene våre påverkar oss, samtidig som vi også påverkar omgjevnadene.
Ein tur, om det er på beina, på sykkel, ski eller når det dreier seg om ein svømmetur, i vakker natur kan vera reine balsam for sjela.

Siste torsdag gjekk torsdagsturen vår i flott skogslandskap. Sjølv om eg i utgangspunktet ikkje er så glad i reine skogsturar, så var det likevel noko med stien, og åssida, og utsikten enkelte stader som gjorde at det var  ei fryd å gå.
Sisselrot langs stien.
Sisselrot med sporehus på undersida av bladet.
Akkurat passe med utsikt (mot Seljordsvatnet).
Gje meg eit speilreflekskamera med ordentleg makro! Dette er tatt med mobilkamera...
Her dykka me ned (ikkje i bekken) i  skuggen  av eit  dalføre.
Mykje rart å sjå langs vegen. Artig tre dette!
Av og til så går utsikten oppover. Her var det nokre flekkar med knallgul lav.
Og gjennom kulturlandskap ned att. Me var heldige med vêret denne torsdagen!
Så utruleg at denne her stod i full blomst! Kult!
Sidan torsdagen har det ikkje skjedd så mykje, treningsmessig. Eit forsøk på ein tur til Hattefjell i går blei gjort om til ein liten tur på ein time. Kroppen var slapp og tom, nervene låg blanke, eg var rett og slett supersliten etter to dagar med kaos i  hovudet.
Og ser du ikkje skogen for berre trær, må du vel løfte blikket litt opp...
I dag der det sol ute, og blå himmel og eg kan sjå ned til Seljordsvatnet der morgontåka fortsatt ligg i kvite lag, mens sola sendar varmande strålar inn i stoga her. Så skal eg nok etterkvart fundere meir på dette med miljøpsykologi når eg kjem meg ut på tur seinare i dag. Prøve det i praksis :)

16. november 2011

Følt temperatur

Det har vore så utruleg fint haustvêr dei siste dagane.
Då må eg berre ut!!

Sidan det mest sannsynlegvis blir torsdagstur i morgo, hadde eg meir lyst til å få meg ein sykkeltur i dag. Dessutan har eg tilbrakt heile gårsdagen med å kjenne på støle musklar etter fjellturen på måndag...

Det er kjekt med variasjon.
Dessutan trengte eg litt fart og spenning i dag.

Så det blei den gode "gamle" motbakketuren opp til Grimås.
Ein liten tur innom Arne på Intersport i Seljord for å få justert bremsene som hadde opptil 0 effekt bak, og var ganske nedslitte framme.
Arne er flink med sykkel og utsette den påbegynte lunsjpausen sin og hjelpte meg med stramming, justering og utveksling av bremseklossar og -vips - så var sykkelen min klar igjen til topptur!
Superservice!

I dag var det rundt 0gradar. Men vindstilt. Så det blei ganske varmt i motbakkane.
Forskjellen mellom sol og skygge kjendest også godt. Det var nesten deileg avkjølande med partier som låg i skyggen.
I løpet av 475 høgdemeter blei det ganske varmt.Men det er ikkje så langt igjen.
Heilt oppe på parkeringsplassen ved Grimås hadde sola alt gått ned, mens Grimaren fortsatt låg bada i ettermiddagssol...
Grimaren må vente til ein annan gong.
Og eg har så lyst til å koma meg opp på Grimaren!
Lurar på når det blir.

Men nå var det noko heilt anna som venta meg: belønninga for motbakkestrevet: nedoverturen!

Med temperaturen rett under frysepunktet og ein fart på 40km/t er jo den følte temperaturen betydeleg lågare enn den gradestokken visar.
Både yr.no  og lexikonet til Meterologisk institut "metlex" har tabellar (det er jo sider frå Norsk Meterologisk institutt begge to) der ein kan sjå kor kaldt det eigentleg kjennest når det kjem (farts)vind i tilleg.
Vindavkjølingsindeks - frå Meteorologilekson
Kjekt å tenke på, ikkje berre på sykkelen, men også når vinteren kjem, med snø og vind.
Hytta til Seljord Røde Kors på Grimås, og litt av Mælefjell i bakgrunnen.
Eg hadde tatt med ekstra tights (Off-track Norrøna modell frå 2007, gjer framleis susen og er super behageleg med vindtett framside), vindvest, vindjakke, votter (sykkelhanskene er fine og gode, men altfor kalde i sterk vind), windstopper-balaklava og ekstra buff.
Skiftesonen på Grimås: nå skal det bli godt å få på litt varmt tøy!
Eg kjendte meg litt michelinmann etter at eg hadde skifta, men var nok eit lurt klesvalg for turen nedover.
Michelinwoman.
Det var lurt å ha på ekstra og vindtett tøy - det einaste som blei iskaldt var tærne mine. Dei mistar eg fort følelsen i, og all risting og tøying hjelpte ikkje. Null følelse i ein halv time. Men du verden så deileg det var å koma i ein varm dusj då etterpå!
Ein annan måte å få varmen i tærne på er jo å finne på rare sprell i fjellet. Slik som her ;)
Eg lurar på kva eg kan gjera for at føtane mine ikkje skal fryse slik?
Eit par sykkelsko med littegrann meir plass til føtane og eit ekstra par sokkar hadde gjort susen, tenker eg.
Eller kanskje eit dobbelt par overtrekksko?
Denne utsikten er også verdt å fryse litt på tærne. Nydeleg med Skorve i låg ettermiddagssol!
Er open for varmande forslag.
Har til og med tenkt at det kunne vera fint med slike varmesålar eller varmeelement som ein legg i skoen. Som avgir varme. Tenk så deileg det hadde vore med varme føter på ein vinterdag på sykkelen!
Ser fram til å prøve ut litt til.
Berre snøen ventar med å kome til desember, så er eg fornøydd ;)

14. november 2011

Fjelltur til det amerikanske flyvraket på Skorve

Det er faktisk ein del historie i Seljord som det går an å ta på!
Det amerikanske flyvraket på Skorve er ein del av det.

I dag var det så fantastisk fint vêr at eg berre måtte koma meg ut på tur.
Det fekk ikkje hjelpe at eg hadde avslutta løpeturen min i går kveld så seint som kl.22.00, slik at beina mine ikkje eigentleg kjendest spesielt spreke.
Dessutan viste det seg at bilen min riktignok hadde fått på seg fire vinterdekk, men det blei ein kraftig og skummel bankelyd rundt det høgre hjulet, som gjorde at eg snudde etter nokre 100m, og lot bilen stå.

Klokka var alt rundt 12.00, og dermed var det ikkje aktuelt for meg å gå heilt opp til Gøysen (toppen på Skorve). Dessutan blei motbakkane lange og bratte, og beina var som sagt ikkje heilt restituerte.

Det som er fint med stien opp til Skorve på "framsida" som eg kallar den, altså mot sør, er at du får fin utsikt ned mot Seljord og vatnet og dei kringliggjande toppane ganske fort.
Utsikt over Seljordsvatnet frå stien opp til Skorve.
Stien oppover er godt merka, i alle fall fram til krysset der ein kan velge mellom å gå opp til Gøysen eller fortsette mot det amerikanske flyvraket.
Flyvrak eller topptur? Det blei flyvrak på oss i dag.
Ifrå krysset blei det heldigvis mindre krevande å gå, noko som beina mine sette veldig pris på!
Binna såg derimot ut til å vera i storform, og gjekk stort sett foran. Ho hadde dessutan fylgt spora etter gruppen frå folkehøgskolen, og eg tippar på at ho syntest det var kjempespennande å snuse seg oppover fjellet.
Sjølv om me aldri blei godkjent redningshundekvipasje, så sit nok søkstreninga hennes godt i, og ho hadde nok meir enn gjerne gjennomsøkt fjellet etter ein bortkomen turgåar for å bli belønt med masse mat og kos :)
Binna ventar på meg. Sprek ho er! 
Det som skjedde under andre verdenskrig på Skorve, var at eit amerikansk fly som skulle frakte forsyningar kom i for låg høgde og flaug rett inn i fjellveggen nedanfor Gøysen (les gjerne meir detaljert her).
Tenk så fin utsikt - men så skjebnesvangert denne fjellsida blei for mannskapet i flyet i 1944...
Det som er igjen av flyet i området er vrakrestar:
Dette er ein del av ein vinge.
Vrakdelane er faktisk strødd omkring i landskapet.
Binna inspiserar ein vrakdel. 

Det finst ei veldig god nettside om dei to flyvraka som finst på Skorve (www.flyvrak.net).


Eg må seie at restane etter det amerikanske flyvraket gjorde enda meir inntrykk på meg nå etter at eg har sett korleis mannskapet på 10 som hadde omkome i styrtet såg ut:
Dette bildet er tatt av J.B.O'Hara, frå flyvrak-nettsida.
Eg tok meg ikkje spesielt god tid til pause der oppe, eg var eigentleg litt trøtt og sliten og hadde lyst til å benytte meg av den fine sola på vegen ned. Gjengen frå folkehøgskolen eg møtte såg derimot ut til å ta livet litt meir med ro, og satt seg godt til rette i lyngen då eg gav meg på veg ned att.
Så praktisk det er nå myra er frosen - ein blir ikkje blaut på beina!
Det blei ein ganske drøy tur utan bil, men så tenker eg at det å gå heile vegen gir ekstra trening, og eg hadde god tid, og vêret var fint, så det var eigentleg heilt greitt og litt artig å ta ein fjelltur rett frå husdøra.
På veg ned att - deileg med utsikt i ettermiddagssola.
Så nå er det restitusjon for Binna og meg. Etter ein god middag og varme i ovnen kjennest det godt å sløve litt resten av kvelden. Det er nesten som om den fine utsikten frå turen i dag har brent seg fast på netthinna. Og der er fint, det. Då kan det gjerne vera mørkt ute resten av dagen.

13. november 2011

Lysglimt (mange!)

Det har vore ei utruleg deileg avslappande helg.
Kjempekoseleg å ha hatt besøk av Marie og Sakarias som begge to er så spreke og glade og var fulle av energi. Imponerande kor sprek og sterk Sakarias er også i motbakken! Lurar på om det ikkje er nokre gode gen han har fått frå mammaen sin altså ;)

Som eg etterlyste i sist innlegg, nemleg ein ny kurs i livet eller nokon som kunne vise meg vegen vidare, så kom som eit svar, eit brev i posten på fredag, frå sjukehuset. Eg har fått time til konsultasjon i desember, ei veke før jul, og det er eg utruleg glad for.
Forhåpentlegvis kan eg få hjelp til å finne litt meir ut av helsesituasjonen min etterkvart. Eg er lei av å ikkje vera i form og treng å stable livet mitt på beina igjen.
Eg har fått time. Nå skal det undersøkast...
I overført betydning riktignok, for i dag så viste det seg at det er akkurat beina mine som er nok i superform for tida.
Men humøret var forøvrig også godt i dag, og overskotet stort, og lufta ute var deileg, og temperaturen på 4 gradar og vindstilt, og løpelysten kom og tok meg og det blei ein løpetur på ein liten 5km kanskje.

Eg småsprang bakkane ned til Dyrskuplassen, der i god gamal tradisjon jolebjørka alt er tent (jamfør blogginnlegg frå i fjor her). Beina kjendest utruleg gode, pusten var djup og sterk og avslappa, og Binna såg også ut til å trave uanstrengt i veg.
Lysglimt i det mørke: jolebjørka på Dyrskuplasen i Seljord.
Etter ein liten fotostopp på Dyrsku'-plassen blei det ein liten runde gjennom sentrum og heimatt bakkane gjennom skogen bak Bringsås.
Nettoløpetid blei litt over ein halv time, og samla tid på beina kanskje 50minutt.
Herleg å vera på løpetur når eg hev overskot og beina kjennest gode! Binna har ikkje eingong tid til å ta bilde...
Så utruleg deileg det var å vera på løpetur igjen!
Dessutan har eg fått investert i eit par nye løpesko.
Og dei gleder eg meg til å prøve meir også.

Fint å kjenne på overskot, det er ikkje så ofte eg gjer for tida.
Eg håpar jo at eg får trent litt meir igjen til neste år, for eg kjenner at eg blir meir og meir inspirert til konkurransar neste år. Og då er det fint å legge eit lite grunnlag alt nå, i alle fall når det gjeld løping.

Det er i alle fall ikkje den mørke årstida som skremmer meg frå å løpe, i dag var det nemleg utruleg fint å vera ute rundt kl.21 og løpe i mørkret. Jolebjørkebelysninga gjorde visst susen!
Sjølv om eg framleis ikkje heilt har skjønt kva som er poenget med det der treet.
Men det er jo heller ikkje så viktig å skjønne alt her i verden...

9. november 2011

Hm - hvor er jeg nå?

Tenkte eg i dag då eg var på tur.
Skulle eg ikkje vera på toppen NÅ?
Men kvifor er toppen der framme, og det er bratt ned og bratt opp att mellom meg og toppen, og eg er sliten, og kunne tenkt meg å vera heime nå...
Av og til kan det vera mørkt også når det er sol...
"Hm - hvor er jeg nå? Ein rask gjennomgang av kart og kompass før turen" er forresten ein brosjyre som har stått lenge samanklemt mellom andre bøker i bokhylla mi. Den kan forresten bestillast på idrettsbutikken.no.


For meg handlar orientering ikkje berre om å vite kor eg er hen, men også om å oppfatte situasjonen min, halde oversikt, og bevare roen uansett.
Det har eg vore flinkare til då eg var yngre.
Nå er eg ikkje lenger så sikker på det.
Både ute i naturen, og i livet ellers.

Akkurat nå skulle eg gjerne hatt ein slik brosjyre som omhandlar om å finne fram i livet.
Kor er eg nå?
Det lurar eg på.
For akkurat ei veke sida har eg hatt min siste psykologtime. Den aller aller siste.
Etter ganske mange timar. Veldig mange, faktisk. Tida gjeng jo fort.
Og eg hadde mykje å snakke om.
Det har eg fortsatt.
Men før eller sida når behov endrar seg, er det på tide å sjå seg rundt.
Kor eg er nå?
Kor går kursen hen nå?
Finn eg nokre nye haldepunkt undervegs?
Eg veit nå i alle fall kor skuggen min er hen - og Binnas også.
Eg har jo ingen kart og ingen kompass i livet mitt.
Og eit vegvalg må eg jo ta.
Kanskje eg skal spørre andre om retning?
Låne med meg eit kompass?
Få ei beskriving av starten på vegen?
Det håpar eg.

God tur...
Me kom fram til slutt.

5. november 2011

Bukse- og bålkos i haustvêret.

November er her med skikkeleg typisk novembervêr: yr, regn og tåke, men heldigvis er det jo ganske mildt ute.
Spurvar i haustvêret. Kor mange ser du? ;)
Eg fann ut at det var på tide med ny turbukse.
Den gode, gamle SWIX-buksa mi er utruleg deileg, men begynner dessverre å falle ifrå einannan snart. Ikkje så rart, kanskje, etter fire års bruk?
Stormberg er eit merke som eg ikkje har vore bort i før bortsett frå ei fleecejakke eg fekk som jolegåve i fjor, og den er utruleg deileg og veldig fin.
Skallbukser derimot har eg alltid halde meg til gore-tex, og spesielt tre-lags gore-tex, sidan eg synst at nettingfôr i to-lagsbuksar er alltid litt i vegen og gjer buksene litt varme.

Men så kom det altså det fristande tilbodet av ei Stormbergbukse på meg på måndag.
På stativet i butikken var buksene stortsett i størrelsane L og XL, men jammen var det ein damemodell i M!
Stormberg Berlevåg d. "Vindtett, vanntett, fuktighetstransporterande,.." osv. Med andre ord: funksjonell skallbukse.
Etter å ha prøvd buksa var det berre å fastslå at passformen var perfekt, nettingfôret behageleg (til tross for at det var litt varmt i butikken, og eg synst at skallbekleding med nettingfôr stort sett blir klamt når det blir varmt), og prisen god, kvaliteten var god, og prisen var god...
Testing av buksa i typsik haustvêr.
Så nå har eg altså fått meg ei ny turbukse, og prøvd den på rusletur, tur i regn, motbakketur i tåket, testa isolasjonen under ein heil times lunsj ute i skogen (ja, den varmar også, pussig nok, og det har mykje å seie for meg som er frysepinne når eg ikkje lear meg), eg har sykla med den på tørt føre, gjennom  regn og yr, og buksa har så langt halde mål på alle måtar.
"Harry Potter-treet" langs vegen mot Raudkleiv.
Typisk novembervêr.  Men buksa var faktisk heilt perfekt til slike forhold! (Greier du å sjå turgåaren heilt i enden av vegen?)
Så eg er storfornøydd!

Akkurat nå er jo vêret slik at det blir for varmt for meg med stilongs, mens det er for kaldt utan, i alle fall på tur. Så denne buksa dekkar akkurat behovet for varme og beskyttelse mot vind og regn nå om hausten.
Og dumt er det jo ikkje heller at Stormberg har eit bevisst forhold til både miljø og samfunnsforhold.

Her er nokre utdrag frå nettsida til Stormberg som kanskje skil denne produsenten frå dei fleste andre:


Stormberg har en panteordning på alt av Stormberg sports- og turtøy. Lever inn ditt brukte sports- og turtøy i en av Stormbergs butikker og få en pantelapp.
I Stormbergs selskapsvedtekter står det at 1 % av Stormbergs omsetning ekskl. mva skal brukes til humanitære og samfunnsnyttige prosjekter, primært for barn som har det vanskelig. 
Stormberg jobber kontinuerlig med å redusere klima- og miljøbelastningen knyttet til virksomheten. 
Så nå gleder eg meg berre til fleire turar ute. Uansett vêr!
Buksa er god å sykle med fordi ho er vindtett, men pustar samtidig, og har god passform med ekstra god plass rundt knea og tilstrekkeleg lengde samt strikk ned rundt anklane slik at det ikkje blir glipp ned mot skoene,
den beskyttar mot regn samtidig som den ikkje blir klam på innsida,
og den varmar faktisk når ein står stille utan at ein begynner å "koke" i den når ein for eksempel stikk innom butikken på veg heim att.
Furu i skodde.
Klart det kan virke som ei utfordring å kome seg ut på tur når det er skodde og fuktig og dårleg sikt ute. Men framleis er det mildt og fint ute, og viss ein hev lyst, så er i alle fall forholda nå glimrande for å fyre bål ute. I alle fall viss ein tek med seg littegrann ved sjølv slik som me gjorde på siste torsdagsturen vår.
Bålkos ute på tur.
Eg må sei at eg meir enn gjerne tek den vesle ekstravekten av litt tør ved når me går tur. Det er heilt fantastisk med eit varmande bål ute, spesielt nå på denne årstida.
Herleg!