17. oktober 2010

Breathtaking view (literally)

Det finst vel ikkje noko godt tilsvarande uttrykk på norsk?
På tysk hadde eg valgt atemberaubende Aussicht, noko som betyr akkurat det same som breathtaking view. For om utsikten frå sykkelsetet i går var fin, så var utsikten på løpeturen i dag breathtaking. Bokstaveleg talt.
Pusten har nemleg ikkje vore god i dag.
Det er merkeleg.
På sykkeltur til Kviteseid. Med temposykkel.

I går var eg ute og sykla, og formen var veldig god. Pusten var god. Til tross for at det var iskaldt ute, og at eg var for dårleg kledd, og at eg sykla ein del lengre bakkar, og låg i tempostyre ein del av tida, så var pusten god.
Og det var ein herleg følelse.
Mellom Kviteseid og Brunkeberg, 5km bakke. Sola varma godt i ryggen. Det trengte eg, etter den iskalde turen ned mot Kviteseid...
Men i dag?
Eg skulle ut og utforske ei ny løperute. Mesteparten av underlaget der er grus, og vegen går langs Vallaråi i Seljord, elva som renn frå Flatsjå i Flatdal ned til Seljord.
I dette fine haustværet tenkte eg meg at det ville vera ekstra fint med fin utsikt, som det er på denne løypa.
Vallaråi ved Lakshøl. Sett frå Seljord.
Og utsikten var upåklageleg. 
Eg stoppa fleire gonger for å ta bilde.
Binna lurar på kvifor me skal stoppe heile tida og ventar på klarsignal til å springe vidare.
Og godt var det med mange stoppar, fordi mellomgulvet var ikkje samarbeidsvillig, og eg trengte mange pausar.
Eg fekk rett og slett ikkje trekt pusten godt nok.
Og då blir det nesten det same om eg spring fort eller berre joggar sakte.
Til og med då eg berre gjekk i rusletempo, så var eg nødd til å stoppe for å trekke pusten.
Og sidan pusten ikkje kom, så stoppa eg og prøva å gjespe.
Luft!
Eg trengte meir luft.
Eg ser på utsikten. Den er jo fin?
Binna delar nok ikkje alltid min entusiasme over utsikten.
Vallaråi med  E134 i bakgrunnen,stamvegen mellom Oslo og Bergen. Ikkje så veldig markant akkurat her...

Eg har lurt på korleis det ser ut når eg småspring langs vegen, stoppar opp og prøvar å gjeeeespe. Nåja, eg får la vera å tenke på det.
Eg vil heller tenke på den fine naturen som var rundt meg i dag.
Så skal eg analysere og finne ut samanhengar seinare.
Av og til må eg vel berre godta at utsikten kan ta pusten frå meg...
Vallaråi skal fram. Satajuvet.  
Binna har for lengst bada ferdig og skjønner ikkje kva me ventar på nå.
Haustvêret var nydeleg i dag. Og det går det an å nyte sjølv om pusten ikkje er som den skal...

14. oktober 2010

Det er i motbakke det går oppover

seier dei.
Nåja.
At ein motbakke kjennest i beina, er jo ingen nyhet. Men motbakken eg løp i dag kjendest eigentleg veldig godt i alle fall. Sidan den planlagte organiserte turen for i dag ikkje fann stad, laga eg meg mitt eige turopplegg.
Planlagt motbakkeløp. Circa 300 høgdemeter.
Skogen med sine haustfargar var ekstremt fristande, og eg kunne ikkje motstå.
Nå som eg hadde ein heilt dag til disposisjon!
Eg kunne bruke akkurat så lang tid eg ville, velge akkurat den stien eg hadde lyst på, ta pausar når eg ville, ta så mange bilder eg ville...
Og det var akkurat det eg gjorde.
Omtrent fem minuttar ifrå der eg bur. Gamalt kraftverk kanskje? I alle fall er det starten på stien.
Sidan "Tveitgrendtunet opp" har eg fått meirsmak på motbakkeløp. I alle fall motbakkeløp i mitt eige tempo.
I dag plukka eg meg ut ei løype som eg aldri hadde løpt før.
Og turen blei så fin!
Haustfargane, himmelen, sola, veksling av lys og skygge gjennom skogen, lyden av lauv i vinden, og grusen under løpeskoene, Binna som er sprek som alltid og småtravar lettbeint i motbakkane...
Fantastisk! Ein benk. Med utsikt.

Utsikt mot Seljordsvatnet, mot sør.
Godt med ein liten pustepause i motbakkane...
Dess lengre motbakken blei, dess finare blei utsikten.
Godt at det var mange "drikkestasjonar" undervegs...
Kivledalsvegen. Mot nord. Utruleg fin grusveg å løpe på.
Etter over ein time med løp frista det godt med deileg fjellvatn overalt.
Vatnet smakte så utruleg godt at eg måtte ta bilde av det.
Vatnet smakte godt, og såg faktisk også ganske fint ut.
Binna kosa seg skikkeleg også. Her måtte ho berre rulle seg mange gonger i lyng og mose.
Binna blir 10år gamal i november, noko som visstnok skal tilsvare 70 menneskeår, og framleis er ho utruleg sprek.Det slår meg alltid at ho i motbakkane ikkje saknar farten, men travar ganske lettbeint og uanstrengt vidare. Eg skjønner ikkje korleis ho gjer det.
Men  eg håpar at eg kan springe like lettbeint som henne når eg fyller 70 år...

9. oktober 2010

Bike mechanic from Seljord

Eg har hatt ChiCqiloen nå i litt over eitt år. Sjølv om den har mest lyst til å sykle fort, mens eg vil helst sykle langt og lenge, så har me blitt gode venner og etterkvart tilbakelagt nokre mil på vegen.
ChiCqilo'n har aldri svikta meg, og ikkje klaga.
Men sist onsdag, då eg skulle benytte meg av fridagen min og det fine haustværet til å sykle litt ute, så la eg merke til ein lyd.
Ikkje berre ein lyd, men ein u-lyd, og den kom rett frå bakhjulet til ChiCqilo'n!!

Skummelt. Det sa litt klikk, og litt klakk, og var vanskeleg å lokalisere, bortsett frå at lyden kom ifrå ein stad rundt kransen.
Eg prøvde å ikkje få panikk. Men skulle det vera noko gale med ChiCqiloen?? Alt nå??
Etter berre eitt års bruk? Og ikkje ein gong overdrive bruk?

Det kjendest ikkje godt å legge ut på turen utan å ha sjekka lyden nærmare. Og heldigvis har me Arne, ein svært kompetent og dyktig og engasjert syklist her i Seljord, som er god å spørre når noko er ikkje som det skal med ein sykkel. Og heldigvis jobbar han på Intersport her i Seljord, slik at han er tilgjengeleg mange dagar i veka...

Eg tenkte ved meg at lyden ikkje kunne vera så ille at det blei større skade av å sykle fort ned til sentrum og få lyden sjekka.
Men min velutvikla fantasi så såg eg alt kulelageret i tusen småbitar, store sprekkar i ramma, materialbrot i kranken, øydelagte tannhjul og andre knekte vitale komponentar...
Arne er god til å halde hovudet kaldt også når eg kjem litt fortvila og plutseleg inn i verkstaden med mine sykkelproblem som helst skal fiksast med ein gong sidan det er så fint sykkelvær ute...

Heldigvis er for meg er Arne meir realistisk i forhold til sykkelreparasjonar, men skjønte min fortvilelse godt og tok seg tid til å undersøke ChiCqiloen med ein gong.
Diagnostiseringa tok ikkje så lang tid, og plutseleg var sykkelen min snudd opp ned og fråmontert bakhjulet og det vrimla av lause tannhjul i forskjellig størrelse mens me prøva å fange opp og halde styr på alle dei små kulene i lageret.
Det var veldig fascinerande å få innblikk i noko av dei indre delane til ChiCqilo.
Innsyn i ein av dei mest vitale og intime delane på temposykkelen min: kulelageret i bakhjulet.
Det er også artig å tenke seg at noko så enkelt som eit lager beståande av to gonger ni kuler fungerar så utmerka for å gje sykkelen fart og framdrift.
Men lageret skal vera smurt, det lærte eg meg altså.
"Bike mechanic from Seljord". Syklist er han også, med tallrike sykkelritt i beina, både terreng- og landeveisritt.
Det er kjekt med eigen privat sykkelreparatør, som gjennom tida også har opparbeida seg internasjonal omtale som hjelpsam "bike mechanic" (les gjerne meir her, i Star Tribune frå Minnesota, USA) frå Seljord.
Det er ikkje kven som helst eg ville ha gitt lov til å skru ChiQiloen ifrå einnan...
Og der var alle kulelagerkulene på plass igjen, og der var lageret fiksa.

Heile sykkeloperasjonen varte ikkje så altfor lenge, og plutseleg var sykkelen skrudd saman igjen og klar til bruk, og sola stod fortsatt på himmelen, og eg kunne endeleg sette meg på sykkelsetet igjen og sykle avgarde.
Vallaråi på veg til Seljord.

Vallaråi.

Ved Nutheim. Her veit eg i alle fall kor eg er hen...

Ein av dei bratte svingane i Flatdal. Snart kjem det tunnel, som fører trafikken utanom Nutheimkleivane. Det blir bra.
Belønning for dei ca. 255 høgdemetrane er utsikten frå toppen av bakkane.
Det ER faktisk flatt i Flatdal også. I alle fall nederst.
Mellom Flatdal og Seljord, langs Vallaråi.
                                   
Det blei ein fin tur i nydeleg haustvêr.
Nokre høgdemeter blei det også.

Og dei einaste ulydane eg høyrte kom nok berre frå pusten min...

2. oktober 2010

Løpedebut hausten 2006

Når det blir haust, så får eg alltid lyst til å løpe. Det er litt merkeleg eigentleg, sidan været ikkje eigentleg innbyder til det.
Ei ku i Seljord. Tatt i forbifarten på løpeturen i dag.
Men eg forklarar det med at eg hadde min debut som løpar om hausten. Den første strukturerte løpetreninga starta eg 31.august 2006 med ei økt på 4x3/3. Noko som betyr: 3min løp, 3min gange, gjenta 4 gonger. Tre dagar seinare hadde eg auka til 6x3/3, og dagen deretter til 5x4/2. Og så fortsatte eg til eg greidde å springe 5km i strekk, utan å stoppe.
Frå gamle dagar i Bø. Eg savnar framleis løpeturane og livet på Vreimsida der eg budde. Eller er det mest melankoli?
Det var ei skikkeleg god oppleving. Det skjedde onsdag, 20.september 2006, og eg bruka heile 45min på distansen. Og det var ikkje spesielt kupert. Littegrann kanskje. Eg var skikkeleg fornøydd. Denne distansen hadde eg greidd å springe heile to gonger før, i heile mitt liv. Dei andre to gongene var i det første, uskyldige forsøket mitt med triatlontrening i 1991.
Binna kjøler ned labbane sine i Bygdaråi i Seljord. Ho har sidan 2006 vore trufast selskap på mine løpeturar.

Men hausten 2006 hadde eg stor framgang med løpinga, og eg auka treningsmengda sakte, men sikkert, og etter ein plan. Første halvmaratondistansen fullførte eg 16.desember 2006 i Bø, på Vreimsida. 21,1km circa. Halvparten i motvind, halvparten i medvind, og for dårleg kledd.
Her er utdraget frå treningsdagboka mi denne gongen:

"Yess!!!!!
Mitt første halvmaraton-distanseløp!
Dei første 5km som ein drøm med vind i ryggen.. 2km gjennom Oterholt, så tilbake..på Vreimsida forferdeleg sterk motvind og sidevind, med kast, og eg hadde ikkje nok klede på meg! Mista følelsen i høgre tommelen igjen og igjen, og det var vanskeleg å halde retninga på vegen. Eg løp berre litt fortare for å halde varmen. Drikking ved 489, etter 7km på 1'03''
Etter det  blei det mildare, vegen var skjerma. Løpinga gjekk utruleg fint. Eg merka det ikkje før tilbakevegen etter Erikstein, da  blei beina litt stive, og eg auka skrittfrekvens. Skulle kanskje ikkje gjort det? Følte mest i beina og under føtane, men kondisen ellers var ubeklageleg! Eg løp lett nok.
Hold berre i veldig korte periodar (1min), som blei borte etter bevisst avslapping i magen. Hold får eg ikkje i motvind eller motbakke, men berre i medvind og når det tilsynelatande går for lett ?!?
Morsam tur!"

Eg bruka treningsdagboka "The Training Diary" som eg hadde på PCen då, og som eg har klart å overføre frå den gamle PCen til nåverande utan problem, heldigvis.
Og så flink som eg var til å skrive treningsdagbok!
Det er eg glad for nå.
Og på ein måte så har denne hausten 2006 vore spesiell for meg. Og på den bakgrunnen trur eg, blir eg inspirert til å løpe litt meir, kvar haust.
Eg og Binna likar også å løpe om hausten. Her frå løpeturen i dag, ved Bygdaråi i Seljord.

Det er ganske bra, å la seg inspirere av sine eigne erfaringar...

1. oktober 2010

Tidsfordriv: Ny blogg-Layout

Mens andre drar ut i verda (Barcelona) for å hive seg inn på fleire ironmaneventyr, sit eg altså trygt og godt og ganske bekvemt i sofaen og puslar med blogglayout.
(For å vera ærleg: mest for å distrahere meg. Eg skulle ønskje at eg hadde ressursar til å vera der sjølv. Ressursar i form av energi, helse og god økonomi. Men det får bli eit anna år...)

Til tross for den fine blåfargen i den siste bloglayouten, som eg likte godt, så savna eg VATN som tema.
Kjempefin bakgrunn. Himmel og fjell. Men eigentleg er det jo vatn eg likar best...
Så er det jo lettvint å finne på noko nytt i blogspot-bloggar. Kanskje skulle eg få tilbake bassengvatnet frå min første blog? Eg er tross alt glad i svømme i basseng. Faktisk. Eg elskar klorlukt også. Slik er det når ein alltid har likt å svømme, frå ein er liten, og berre har fått gode assossiasjonar til basseng frå 5-årsaldern...
Eit alternativ med bakgrunnstema som eg likar godt.
Men så oppdaga eg plutseleg opplastingsfunksjonen. Den har tidlegare ikkje funka for bloggen min. Men den gjorde det nå. Ivrig bladde eg i bildealbum for å vinne fint vatn.
Min blogglayout frå og med oktober 2010. Er veldig fornøydd. Vatn, men ikkje berre blått, men honning og gjenspeiling av blå himmel. Og vatn med smak av sjøorm er det også :)
Så fann eg eit fint bilde der den blå himmelen speiler seg så fint i vatnet ved Bjørgesanden. Hm.. eg trur det kan vera ein fin bakgrunn å ha, spesielt når vinteren nærmar seg...