27. juni 2012

Eg likar jo å svømme!

Nå skal eg prøve å skrive littegrann om korleis eg har hatt dei siste dagane sidan sist innlegg.
Det nærmar seg avslutning på dagposten.
Det er berre neste veke igjen, faktisk.
Så det blir rart.
Men litt godt også.
Det kjennest nemleg som eg har fått ein litt for stor dose av traumebehandling på dagposten.
Eg har rota rundt i minner som er aldeles ubehagelege og som eg eigentleg ikkje har hatt lyst å snakke om.
Så etter sommaren skal eg ha møte med terapeuten min om korleis me skal fortsette.
Dagpost blir det definitivt ikkje meir av, men ein annan form for behandling vil det bli.

Så same veke som eg avsluttar dagposten, så blir det også avslutting i treninga mi mot Haugesund.
Eg er forresten heldig som har Helene som tek seg av det praktiske med tanke på overnatting og køyring.
Utan henne hadde eg vel neppe fått organisert meg.
Så det set eg så utruleg pris på!
Det skal bli moro å dra på konkurranse saman igjen.

Men har det skjedd noko treningsmessig sidan søndagen, tru?
I dag hadde eg først tenkt meg på løpetur, men etter dagposten så hadde eg eit møte om "kriseplanen" for sommaren, saman med terapeuten min og psykiastrisk sjukepleiar.
Det er alltid bedre å vera føre var.
Når det er sommerferie så stoppar jo gjerne mykje av det vanlege tilbodet innan helsevesenet opp, så då er det best å ha planen klar og ha god oversikt over kven som kan kontaktast når det blir for ille.
Og etter møtet var det absolutt ingen energi igjen til å løpe...

Men søndagen var eigentleg ein bra dag. Eg tok det veldig med ro, og tok meg ein spontan liten løpetur opp Hattefjell.
Då veksler eg mellom å springe eitt minutt og gå eitt minutt, fram til eg når stien opp til toppen, og den er såpass bratt at det ikkje er mogleg å springe. Dessutan var det vått og glatt, og eg ville ikkje risikere noko strekk i kneet såpass kort tid før Haugesund.
Eg brukar faktisk under 40min til å koma på toppen, og det er faktisk den beste tida eg har hatt så langt!
Det var utruleg moro!
Litt mange regntunge skyer på sundagen,
men Hattefjelltoppen er det alltid like artig å vera på.
Måndagen var eg ganske støl, spesielt på kvelden så kjendte eg setemuskulaturen og faktisk akillessenen som hadde fått køyrd seg, så det var fint å rusle ein times tur i skogen med Lukas.
På skogstur.
På tysdagen hadde eg ein dårleg dag, og stort sett nervevrak og litt småpanisk og uroleg og på gråten og fortvila slik at eg måtte avlyse ein tur til ei venninne og istadenfor bruke alle krefter til å roe meg ned igjen.


Men sånn i ni-tida på kvelden derimot hadde eg fått nok av det bedande blikket til Lukas, og tenkte at eg likar jo så godt å svømme, så eg pakka svømmeutstyr og våtdrakt og neoprensokkar og reiste ned til stranda for å svømme saman med Lukas.
Det var utruleg deileg å svømme igjen!
Vatnet heldt berre 13gradar, men våtdrakta held godt på varmen, og spesielt neoprensokkar hjelper veldig!
Kjempefine svømmeforhold i Seljordsvatn i går. 
Det var fint at eg kom meg ut for å svømme.
Eg gløymer alltid kor godt eg likar meg i vatn.
Men nå skal eg koma meg ut på ein rusletur med Lukas, han har vore så tolmodig heile dagen, men nå kjenner eg at han snart blir ganske fortvila.
Og med litt frisk luft for leggetid trur eg også at søvnen min blir ekstra god.
Og det treng eg.


24. juni 2012

Livstegn - og oppdatering på treningsfronten

Nå har eg hatt ein bloggepause på heile 14 dagar.
Det kjennest som om eg har vore på ein form for survivalcamp.
Det daglege strevet med å halde negative sjølvdestruktive tankar på avstand samtidig som eg skulle søke om /finne meg ein stad å bu, ha kontakt med legen min, terapeuten min, NAV, vera på gruppeterapi på dagpost og snakke om traumatiske hendelser i oppveksten min, det tok på.
Og det gjer det fortsatt.

Men eg har også halde fram med treninga!
Det har vore på eit minimum, men eg kjenner at med dei få lengre sykkel- og løpeturane, så stig også sjansen for at eg skal kunne koma meg sånn nokonlunde uskadd gjennom IM 70.3 Norway.

For dette er fortsatt målet mitt:
1. Eg skal kome til start.
2. Eg skal kome til mål.

Sidan sist blogginnlegg så tok eg meg to lange løpeturar, den eine siste veka på 1t40min, og den andre denne veka, på 1t50min.
Kneet heldt.
Det skjedde nemleg også at eg datt på det venstre kneet mitt for ei veke sida då eg var ute og rusla med Lukas, og han med sine 43kg med musklarkraft heiv seg rundt for å hilse på eit menneske me møtte. Eg gjekk i bakken og overstrekte leddbandet mitt, men det heldt :)
Ingen smil å få her, nei, eg er altfor sliten.
Men løpeturen gjekk greitt likevel ;)
Eg har også hatt to lange sykkeløkter, begge to på ca 2,5timar. 
Nå er eg også sikker på at det blir Marvil'n og ikkje ChiCqilo'n, som blir med til Haugesund.
Marvil'n er nesten heile 10cm høgare enn ChiCqilo'n, og dermed blir sittekomforten over fleire timar betraktleg bedre enn på tempo'n.
Eg var eit nervevrak denne dagen.
Men det hjelpte med eit par timar sykling.
På Marvil'n ser eg rett og slett meir av vegen foran meg utan å måtte bøye opp nakken i så stor grad.
Og når eg skal sykle ni mil så set eg pris på litt komfort, spesielt når overkroppen er litt slapp etter svømminga, og det etterpå ventar to mil med løp.

Apropos svømming, eg har til og med svømt også!
Både inne og ute.
Eg unna meg ei svømmeøkt i Gullbring i Bø ein dag, etter at eg hadde vore hos legen.
Det var kjempedeileg å svømme igjen!
Under vendingane skjønte eg nok at det var lurt å vente med svømminga pga kneet, men så lenge eg heldt knea samla under fråsparket ved veggen, gjekk det bra.
Første svømmeøkt ute med våtdrakt blei ganske bra.
Eg har også vore ute ein kveld og svømt saman med Lukas i Seljordsvatnet.
Vatnet heldt berre 14 gradar, men med våtdrakt og dobbelt svømmehette og neoprensokkar var det heilt greitt etter ei stund. Dessutan var det nesten like kjøleg i lufta, så vatnet kjendest faktisk lunka etter ei stund...
Sjå på Lukas! Han kan ikkje vente å koma ut i vatnet att!
Han elskar å svømme, og er ganske dyktig også!
Nå er det faktisk berre to veker igjen til Haugesund, men eg prøver å ikkje tenke på det så altfor mykje.
Eg har nemleg eit utruleg og forferdeleg høgt stressnivå for tida, der nervene ligg heilt blanke og eg føler meg som eit nervevrak.
Men så lenge eg småporsjonerar stressfaktorane (dessverre er Haugesund blitt ein stressfaktor, sjølv om eg også gleder meg til å delta) så går dagane forholdsvis greitt.

Det er litt synd at eg ikkje får delt mine forberedelsar til Haugesund i den grad eg hadde sett fram til.
Men livet går ikkje alltid heilt som planlagt, og det vil kome nye konkurransar der eg kanskje kan ha meir fokus på det idrettslege enn alt anna rundt, og vil kunne blogge om det rikeleg med både tekst og bilder.

For meg så er det helsa mi som for tida tek mesteparten av energien min, og då tenker eg på den psykiske helsa mi, kroppsleg så kan eg virkeleg ikkje klage.
Når eg tenker tilbake, så trur eg at det er trening og fysisk aktivitet som fortener ein god del av æra for at det tross alt går så bra med meg som det gjer.

Så sjølv om eg må ta meg litt bloggepausar innimellom, så er bloggen langt frå å bli nedlagt, og trening skal eg halde på med vidare!
Eg har jo så mange drømmer og planar, om både reiser og konkurransar, og det vil eg gjerne dele med andre, når den tida kjem.


Ha ein fortsatt god søndag!

9. juni 2012

Sjuk - bloggepause

Eg er såpass dårleg at eg ikkje vil blogge om det.
Eg har lyst til å ta ein bloggepause.
Så viss det ikkje kjem fleire innlegg på ein stund,
berre vent.
Det kjem.
Når det kjem bedre dagar.

4. juni 2012

Eg vil svømme!

Ja eg vil så gjerne.
I dag var eg nede på Bjørgesanden strand med Lukas, og det såg sååååå deileg ut på vatnet.
Ikkje at det var spesielt gode forhold.
Det var kjempehøge bølgjer (eg hadde nok kanskje blitt sjøsjuk i dag, hadde eg svømt), og berre 10 gradar i vatnet.
Dessutan så regna det litt.
 Men det var også litt solskinn, og ein regnboge som var med oss i nesten ein time, og det var faktisk mildt i lufta, og bølgjene laga så fin lyd mot sanden og småstein, og vatnet var honningfarga, og ikkje eit menneske ved stranda... 

Lukas fekk springe laust.
Og bade.
Eg kasta pinne mange gonger, og han var like entusiastisk kvar gong eg kasta.
Og eg blei så imponert over svømmestilen hans. Kraftfull i motbølgjene, og energisparande på veg inn att mot land. Og han elska det!
Eg ser veldig fram til å svømme saman med han.

Kraftfulle svømmetok mot bølgjene.
Sjekk korleis det sprutar!
Meir uanstrengt stil på veg mot land.
Og eg angra på at eg ikkje hadde med våtdrakt i dag, faktisk.
Ein eller annan stad har eg faktisk også neoprensokkar.
Dei varmar vel litt?
Kanskje har eg til og med neoprenhanskar ein plass også?

Neoprenskjerf?

Nå kjenner eg at det har gått for lenge sidan sist eg svømte.
Det var nemleg FØR eg skade kneet mitt, og det var 19.februar.
Er det mogleg???
Ja der sat eg nå og såg utover Seljordsvatnet og ville helst svømme...
Ja, det er det.
Sist eg var ute i vatn (sist søndag), så kjendte eg jo at det var lurt at eg hadde stått over svømming dei siste vekene pga av det blir ein del ukontrollerte bevegelsar for kneet mitt.
Men likevel.
Det burde vel gå.
Eg kan vel passe på?

Eg heldt på å køyre te Bø i dag for å svømme i Gullbring.
Men så gjekk pengane til eit nytt stem til temposykkelen istadenfor.
Og det er bra  det også.

Dessutan har eg hatt noko trøbbel med det venstre augaet mitt, det har klødd og verka og produsert kvit guffe i tre dagar nå, og sidan eg har hatt hornhinnebetennelse før, ville eg ikkje trigge dette ved å svømme i klorvatn.
Men likevel.
Eg har svømt sidan eg var bitteliten, og alltid elska det.

Eg savnar elementet mitt.
Vatnet.
Sukk...
Men snart.

3. juni 2012

Å trene på konkurranseforhold

Eg kjenner at tida fram til Haugesund går berre fortare og fortare.
Og at eg heng laaaaaaangt etter med treninga mi!

Denne "realistiske" planen er vel kanskje ikkje så realistisk likevel, men men, den hjelpar i alle fall når motivasjonen er på botn at eg ikkje anar kva eg skal trene på.
Den siste veka gjekk så fort.
Plutseleg var det helg og eg hadde enda ikkje hatt ein einaste løpetur!

Sidan ein ikkje så lite suksessrik triatlet (Brad Kearns) skriv i "Breakthrough Triathlon Training) at dei lange turane er nøkkeløktene som ein virkeleg skal satse på, mens alt anna er "pynt" rundt, så valgte eg ein lang løpetur.
Denne boka burde eg kanskje lese i litt meir.
Klick på bildet, så kjem du til Amazon.com si side om boka.
Eg skulle berre springe 10km, eller ein time.
Ikkje spesielt langt eller lenge eigentleg.
Tidlegare var dette mine middels lange turar, sånn når eg ikkje hadde så god tid, liksom.
Men eg må hugse på at eg fortsatt driv med opptrening av det venstre kneet mitt, og det er mindre enn tre månader sida eg gjekk på krykker!

Så var det på med løpesko og ut på laurdag, det var fine løpeforhold, opphaldsvêr med litt sol innimellom, litt vind, og behagelege 13 gradar (nåja, på grensa til at det var litt for kaldt, eigentleg).
Lukas blei heime.
Eg er nå for tida nødd til å fokusere på mine eigne bein, og kan ikkje tillegg også passa Lukas sine, som dreg meg tilsynelatande uanstrengt i både grøft og buskar når me er ute.
Mine gode gamle pegasus begynner å bli slitne.
Det er faktisk blitt hol, nedanfor og til venstre for "Swooshen".
Kor mykje lengre vil dei halde, tru?
Eg valgte meg den vanlege løpeturen min som er på 9,2km og la inn ei ekstra sløyfe gjennom sentrum for å koma på 10km.
Det gjekk ganske greitt.
Eg stoppa ca kvar 15min når det passa, for å få ned pulsen, strekke ut beina og drikke litt.

For eg hadde tatt med drikke.
Det som var morsamt var, at eg hadde blanda meg sportsdrikke med varmt vatn.
Det har seg nemleg slik at alt vatnet i Seljord skulle kokast før bruk denne veka, sidan renseanlegget eller vannverket eller kva det nå var dreiv med arbeid i vannverket.


Og eg hadde altså den store kjelen på komfyren ståande med vatn som hadde koka 3-4t tidlegare, og som fortsatt var varm. Det brusa godt av dei tablettane eg hadde i drikkeflaska, og eg kunne faktisk varme dei kalde hendene mine på drikkeflaske mi undervegs :D

Først blei eg litt irritert, kven likar nå å drikke varm sportsdrikke?
Men så kom eg til å tenke på både Ironman Germany i Frankfurt og IM 70.3 Mallorca, og der var det delvis ganske varm sportsdrikke eller vatn dei serverte.
(Men det var også rikeleg med isbitar og iskaldt vatn i Frankfurt. Det var herleg service der. Akk ja.... kanskje eg skal skrive eit lite mimreinnlegg snart, til sjølvmotivering?).


Så blei det slik at eg ikkje la flaske i ein bekk mens eg sprang vidare for å plukke den opp nedkjølt seinare. Eg drakk tappert av den varme flaska.
Godt var det jo ikkje, men ikkje så verst heller.
Hmmmm lunka sportsdrikke :D

Så då fekk eg nå både trent langtur og litt konkurranseforhold.
Og eg håpar virkeleg at det blir varmt i Haugesund.
Eg likar så godt å springe i varmen.


For å minne meg på tidlegare bragder, hadde eg tatt på meg Finisher-tskjorta frå Tvedestrand Triathlon frå 2007. Der havna eg nemleg på 2.plass, må vite :))

Valmue langs vegen.
I dag kjendest muskulaturen rundt kneet ganske støl og litt stiv og øm.
Dessutan var eg støl i lårmuskulaturen.
Men det er ikkje så rart.

Første mil på asfalt i år.
Så det blei restitusjon i dag med Ironman Hawaii videoar på Youtube (frå 2011 f.eks) og masse mat og litt rusling med Lukas.
Det kjendest velfortent, det :)


1. juni 2012

Trening og serotonin (det er i motbakke det går oppover)

Serotonin (meir nøyaktig 5-hydroksytryptamin, 5-HT) fnst i mange slags vev i kroppen, verkar kraftig samansnørande på blodårer, hindrar utskiljing av magesyre og er neutrotransmitter i sentralnervestystemet (Norsk Medisinsk Ordbok, Det Norske Samlaget).

Det er ikkje noko nytt at det blir frigjort serotonin under og etter trening og fysisk aktivitet, det er det mange studier som er gjort på.
På nettsidene til Norsk Helseinformatikk kan me vidare lese følgjande:

" [...]Noen ganger finnes det for små mengder av kjemiske budbringere i enkelte deler av hjernen. Disse stoffene sørger for at nerveimpulser overføres fra en nervecelle til en annen. Ved mangel på slike budbringere forstyrres overføringen av impulser mellom nervecellene. 
"To viktige stoffer i denne sammenhengen er serotonin og noradrenalin, som er kjent for å påvirke menneskets stemningsleie. Medikamenter som virker mot depresjon, antidepressiver, påvirker mengden av kjemiske budbringere i hjernen. På denne måten kan den kjemiske ubalansen som finnes hos en deprimert person, motvirkes. [...]" (her kan du lese meir).

Vidare har studier vist at det er ein samanheng mellom serotoninnivå og humør, der mellom anna høgare nivå av serotonin i blodet blei assossiert med bedre humør, og lågare serotoninreseptorfunksjon relaterte til nedstemt humør (les meir om det her).
Tidlegare sleit eg med depressive episodar av middels grad, og då hjelpte det stort sett å trene. Ikkje berre at humøret blei bedre, eg kjente også at hjernen rett og slett jobba bedre. Både konsentrasjonen, kroppsfølelsen og korttidshukommelsen blei bedre mellom anna, det var lettare å slappe av, pulsen gjekk ned og pusten blei rolegare.

Når eg nå kjenner at negative tankar tek overhand og ikkje vil sleppe taket, og det har pågått over litt for lang tid, så prøver eg gjerne med trening.
Også om det ikkje er planlagt.

Onsdagskveld var eg såpass sliten etter ein strevsam dag på dagpost, at eg til tross for det fine vêret ikkje ein gong orkar ein kort rusletur me Lukas.
Kroppen var så tung, hovudet var fylt med tunge og negative tanker, sjølvfølelsen min var på botnen, og samtidig var eg så rastlaus og anspent at det ikkje var til å halde ut.
Så sjølv om Lukas såg forventningsfull på meg med desse store, snille augo, logrande i glede over ein luftetur, så valgte eg altså ein liten sykkeløkt.

Åååå stakkars Lukas som må vente på tur...
På toppen av lysløypa. Bra :)


Det er i motbakke det går oppover

"Det er i motbakke det går oppover", er det jo eit ordtak som heiter. Nåja. Men eg trengte å sykle uansett, ifølge treningsplanen min, så ein liten time med motbakkesykling kunne kanskje gjera susen.På sykkelen med musikk på øyra (det er lite/nesten ingen trafikk oppover Raudkleiv, så det anser eg som ganske trygt med musikk på begge øyra også) og i motbakke er det nesten ikkje plass lenger til negative tankar.

Og denne gongen bruka eg faktisk også 5min mindre tid på å koma til parkeringsplassen. Så eg tok og sykla 10min i sjølve lysløypa. Det var fint. Godt å kjenne at kroppen fungerar sjølv om hovudet er i kaotisk ulag.Og jammen kom det ikkje nokre få solstråler gjennom skylaget.
Belønninga var å suse ned bakken igjen, og eg alltid like overraska over kor godt eg likar å sykle ned bratte bakkar. Og eg som har vakse opp i det late kystlandskapet i Nordvest-Tyskland!?

Korleis det nå var med serotoninnivået i kroppen min er jo vanskeleg å seie, men eg kjendte meg heilt klart meir opplagt og avslappa og roleg, så då eg kome heim tok eg Lukas med meg på skogstur med ein gong.

Og eg var glad for at eg hadde tatt meg tid til den timen med sykling. Eg håpar at eg hugsar det neste gong negative tankar tek overhand. Det er nemleg slik at nokre av desse tankane seier at trening ikkje er moro, og at ingenting nytter.

Derfor er det også fint å blogge om trening.
Om eg ikkje hugsar, så kan eg jo berre lese litt i bloggen min.
Sjå på bildene.
Praktisk ;)