28. mars 2014

Årets første topptur

Eg har tenkt at  - nei vent litt, eg tenkte ikkje så mykje i det heile tatt.
Eg vakna veldig tidleg på tysdagsmorgon (kl.5.30!?!) og var definitivt ikkje utkvilt.

Så eg prøva å lese fag, men eg greidde ikkje å konsentrere meg.
Ute var det kjempefint vêr.
Blå himmel og sol.
Og eg sat inne og blei meir og meir trøtt.

Då var det gjort, eg tok fram tursekken og turutstyr, smurde niste og laga te, pakka ekstra overtrekksbukse, dunjakke (faktisk), sjekka vêret på yr (kor kaldt er det eigentleg på 800m.o.h i dag?) og kom meg avgarde.
Klokka var berre 10.30.
Det trur eg er ny rekord for meg.
Eg er jo ikkje noko morgofugl i det heile tatt.

Men - eg var ute og gjekk.
Skulle til Hattefjell, yndlingsfjelltoppen min.
Den er synleg frå der eg bur, og det tek berre 15min å gå dit der stien opp til toppen startar.
Midt i sesongen, når eg prøvar å løpe opp, greier eg stien på 40min, ved å veksle mellom å gå og å løpe.
Det er nemleg bratt.
Ingen skare for glatt, ingen bakke for bratt - for Lukas!
I starten er det grusveg og ikkje sti, og den ligg i skogen, og det var som eg hadde rykta: det låg fortsatt snø der. Skare, nærmare sagt. Hardt og glatt og bratt.
Eg sank nesten ikkje nedi.
Men det gjekk, det var nokre gamle skuter- aller ATV-spor der, så litt feste fekk eg jo.
Lukas med sine klør hadde godt feste.
Lenger opp kom vegen litt meir i sola, og då var det øvste laget litt tina, og det gjekk greitt å gå. Eg måtte berre ta og sparke spor i den bratte bakken.
Det blei fin utsikt undervegs også.
Eg lurte på korleis i all verden eg skulle koma ned att - når det er så bratt og glatt på veg opp?
Eg ønska meg fakisk stegjern - det hadde nok blitt enklare å gå kanskje?
Skareføre.
Eg lurte også på korleis det ville gå med kneet mitt - det har jo virkeleg spela på lag i det siste.
Men over ein time ned att på ein bratt, isete sti?

Eg bruka nokså lang tid, men med litt tung sekk og det isete føre var det ikkje anna å vente.
Fram til kl.12 skulle eg gå, og så sjå an kor langt eg hadde kome da, og om eg skulle gjera "framstøytet" mot toppen eller ikkje (den siste delen av stien er veldig bratt og ligg godt gøymt i bratt kratt og skog).
Herifrå var det først berre dyrespor.
Først så fann eg ikkje stien i det heile tatt.
Det såg utruleg annleis ut med så mykje snø.
Så fann eg spor.
Dei var digre.
Var det elg eller folk, tru?
Men så blei dei borte.
Eg gjekk litt i det som eg trudde var riktig retning.
Og så fann eg spora igjen, og valgte å følge dei.
Elgen er jo smart og går gjerne på stiar der folk går, og uansett var det lettare å gå der nokon hadde gått før.
Det siste stykket opp til toppen er ganske bratt.
Og stien er bortgøymt under snøen.
Men eg fann den til slutt!
Lukas tek alt med knasande ro og kosar seg.
Og endeleg kjente eg meg igjen.
Entusiasmen blei større og større, for nå blei eg ganske sikker på at eg ville greie å koma meg til toppen.
Og dit kom eg meg!
Lukas gjekk lykkeleg foran, endeleg fri frå band og lenker, med fjelluft i nesa og flagrande øyra.
For som vanleg, så blåste det ganske friskt på toppen.
Lukas kosar seg på den forblåste Hattefjelltoppen!
Det er alltid like moro å kome fram. Utsikten er herleg, og det er ein fantastisk morsam følelse å greie noko som ein ikkje var heilt sikker på i utgangspunktet.
Hattefjell ligg på 820m.o.h., og fjelltoppane rundt omkring er på 1369 og litt over 1000m.o.h. og ein får kjempefin utsikt mot Lifjell og fjellene i Vrådal.
Utsikt mot fjellene i Vrådal.
Utsikt mot Lifjell og ned til Seljord og Seljordsvatnet.
Utsikt mot Skorve (1369m.o.h.)
Eg var kjempeglad for at eg hadde tatt med nok med klær. Vindjakke, Dunjakke, overtrekksbukse,varm lue, ullvotter, ekstra varm buff...Det kom godt med.
Teen smakte også ekstra godt.

Eg pleier ikkje å ha sukker i teen, men på fjelltur kan litt ekstra energi koma godt med, så eg hadde faktisk bruke sukkerbitar oppi termosen, og det smakte ekstra godt.
Kan hende det var den fine utsikten og den friske fjellufta også, men likevel - det smakte herleg!
Heldigvis hadde eg hugsa å ta med godbitar til Lukas også, så han blei også fornøydd.
Eg er opptatt av å ta bilder, mens Lukas er berre opptatt av godbitar.
Eg har aldri vore på Hattejell så tidleg som i mars før, eg startar liksom ikkje sesongen før all snøen er borte, i april-mai.
Men det lønte seg, absolutt å prøve.
For ei lykke!
Lykke på Hattefjell!
Likevel så var eg visst ikkje den første, etter turboka å dømme.
Men eg var i alle fall årets første kvinne på Hattefjell i år.
Og Lukas var årets første hund på Hattfjell.
Ikkje verst det!

24. mars 2014

Nesten 30km og nesten 60km/t

Jaaaa...
Eg sykla meg altså ein tur i dag, og hadde som mål rundt tre mil, eller 1,5t.
Det var ikkje sååå nøye altså, fordi eg brukar riktignok ein treningsplan, men eg hadde då eigentleg valget mellom å ta igjen sundagens sykkeltur på 30km (eller eigentleg helst 40km) eller droppe denne og begynne friskt på denne vekas første sykkeløkt som er planlagt med 40min.
Det var solskinn i dag, så eg bestemte meg fort for 30km.

Og viss ikkje, så var det ikkje så farleg.
Eg hadde nemleg hoppa elegant over lunsjen, og starta derfor kl.14:30 med tom mage, som romla i protest!
Eg putta ei halvfrosen toastskive i baklomma på sykkeljakka, bytta vatnet ut med sportsdrikke og fann ein powerbargel som kunne tene som "nødmat".

Men sportsdrikken gjorde susen, og solskinnet også, dessutan var eg skikkeleg i beit for å sortere noko tankar i hovudet, så den første halvtimen gjekk fint på berre sportsdrikke.
Så hadde toastskiva tina, og den gjorde godt å få i meg.
Kven skulle trudd det, toastskive utan pålegg?
Smakte godt for meg :D

Intensiteten skulle liksom vera "moderat" og det er nok nesten slik det blir uansett i Vest-Telemark. Her er det bakkar. Også langs vatnet. Det går opp og ned.
Eg tok motbakkane med ro, men susa ned full fart i nedoverbakke.

Eg har ikkje sykkelcomputer på den nye sykkelen, så eg registrerar distanse og fart med GPS og App, anten Sports-tracker eller Endomondo.
Så då eg kom heim, såg eg at eg hadde sykla 29,37km.
Hmmmmmmm.
Kanskje må eg skaffe meg ein sykkelcomputer?
Hadde ikkje eg då alt vore innanfor døra og hilst på Lukas, hadde eg tatt meg ein ekstra runde for å runde tre mil.
Virkeleg! Eller ikkje tatt den vesle snarvegen som eg tok (som er kortare men brattare).
Hmpf.
Men det er jo nesten 30km, ikkje sant?

Så såg eg på maks-fart: 59km/t.
Er det muuuleg? Nesten 60km/t.

Kunne det ikkje ha vore 60km/t da?
Det hadde jo vore mykje artigare.
Men men.
Neste gong.
"The need for speed", den sluttar aldri.
Eg har i alle fall kosa meg, kom inn etter 1t31min20sek, så DER låg eg i alle fall godt innanfor målet.
Lukas krever oppmerksamhet når eg kjem heim!
Og han elskar at eg legg meg på golvet for å strekke ryggen etter syklinga!
Då skal han også strekke ryggen og ha magekos i tillegg!
Låra er faktisk litt slitne nå, så Lukas stakkars må smøre seg med tolmodighet før me ruslar ut ein tur.
Og for ein matlyst eg har fått etter halvannan time i frisk luft og solskinn.
Det gav meirsmak!
Og så må eg vel ut og lufte go'gutten snart...
Kven kan nå motstå dette blikket???

23. mars 2014

Første roleg "langtur" løp igjen - deileg!!

Nå har eg endeleg fått meg ein etterlengta "lang" løpetur igjen.
Akkurat den type løpetur som eg har savna så lenge nå.
Der eg berre kunne vera ute og springe, la tankane fly...

Det var akkurat slik det blei i går.
Planen min var å løpe ca 5km, kanskje 5,5km. 
Fordelt på 5x1km med gåpausar imellom, for ikkje å overbelaste kneet.
Eg skal jo skynde meg langsomt. 
Målet er å trene muskulaturen og strukturane i kneet til å tåle lengre løpeturar igjen.
Det er vår - og eg er i gang med løping igjen!
Sist onsdag så løp eg også 5x1km (ved moderat intensitet og hardare) med gåpausar på ca 400m.
Det blei ei ganske tung økt.
Kneet var ok, det er fortsatt litt "lugging" av sener eller noko på innsida av kneet.

I går ville eg heller ruslespringe/jogge, i alle fall løpe langturtempo og halde låg intensitet.
Eg hadde berre lyst til å koma meg ut, vera for meg sjølv, måtte få ut litt spenning, litt irritasjon, ta ein såkalle "mentaltur".
Så pulsklokka blei ikkje med, for den har tulla med meg såpass i det siste, at den berre er irritasjonsmoment.
Men god musikk blei det på øyra.
Lukas blei heime.

Eg fann ut at eg kunne gå ned til sentrum for å varme opp (det er 100m høgdeforskjell og forholdsvis bratt).
Så etter denne første kilometeren så jogga eg 1km. Så gjekk eg sånn ca 100m/eitt minutt.
Og gjentok dette.
Hadde på GPS og tok lap-tider, så alt var under kontroll.
For eit vêr det var!
Eg ville ikkje ha noko stigning, så då løp eg nede i sentrum, langs elva, eit lite stykke langs vegen, men prøva å halde meg mest på grus og grasdekka vegkant.
Med litt fantasi og gode sko med ullsokkar gjekk det fint utan å bli kald på føtane.

Så hadde eg fått unnagjort 5,5km ca, men det var så herleg å løpe at eg ikkje kunne gje meg enno.
Og eg måtte berre ta ein avstikkar til Seljordsvatnet, og kjenne vinden og regnet (og bli klissblaut på føtane ettersom eg blei ståande i våt sand som eg sank nedi etterkvart :D).
Våt sand - små bølger - men mykje vind og regn - men herleg var det! Virkeleg!
Humøret blei faktisk bedre og bedre.
Rart det der!?
Eg lurar på kva bilistane tenkte der dei susa forbi på E134, og eg kan neppe tenke meg at nokon misunna meg der eg sprang gjennom pøsregnet.
Men eg var godt nok kledd (nesten for varmt faktisk), så det gjorde ingenting.
Eg kosa meg.
Og sidan det er 1,5km med motbakke å gå heim, så blei heile turen på heile 8,5km!!
Screenshot frå Sportstracker-App'en.
Visar 1km-løpeintervall (store søyler) og dei korte gåpausane (smale søyler).
Det var kanskje ikkje heilt planlagt, men eg løp i alle fall mine 5-6km og litt til.
Og det kjendest riktig.
Eg lytta etter kroppen, og hovudet, og det var ikkje tvil at begge to ville meir enn 5km.
Eit stemningsbilde. Søte små bølger :)
I dag så er eg ganske støl i framsida av låra, men det er slik det skal vera, muskulaturen er nødd til å bygge seg opp, og det er den vanlege stølheten eg har hatt på tidlegare overdistanse-løpeturar.
Og kneet blir betre og betre dess meir eg brukar det.
Meniskane er heller ikkje irriterte.

Til veka er planen å ha ei kort økt med motbakke igjen, og ein roleg tur som er litt kortare igjen enn denne frå igår.
Eg trur eg er godt i gang, og det beste er at eg syntest at det var så kjempemoro å berre løpe og løpe, velge retning mens eg sprang. Dei korte gåpausane gjorde at pulsen kom ned igjen, og eg kom inn i ein slags "uendeleg-modus". 
Kunne berre løpt og løpt.
I hodet mitt i alle fall.
"Men neste gong blir eg med, ikkje sant?" tenker vel Lukas her...

16. mars 2014

Meir sykkellykke og løpeglede!

Tida går fort, det må eg sei.
Det er altfor lenge sida sist innlegg, og eg kan ikkje skjønne at eg ikkje har blogge i det siste, for eg har hatt så mykje å skrive om!
Til og med treningsmessig!

Eg er altså i gang igjen med løpinga.
Berre så smått.
For eksempel, så løp eg 3 x 1km på (flat) grus, med 1km sykling imellom.
Det var på måndag.
Og det gjorde faktisk litt vondt å løpe...altså det er noko med muskelfestene som ikkje er heilt på plass, slik at det var vondt alt etter 30sekund. Men det blei ikkje verre, og det var kanskje meir ubehageleg enn vondt.
Dessutan skulle eg visst utfordre denne typen ubehag, meinte fysioterapeuten min sist.
Deileg vêr å løpe i!
Neste dag kjendest kneet heilt fint. Eg var ikkje særleg støl heller. Eg hadde sykla for å varme opp, og sykle litt i etterkant, eg lurar på om dette kanskje hjelpte?
Treningsmotivasjonen var i alle fall stor.
Dagen etterpå blei det ein liten sykkeltur på 40-50min. Moderat intensitet, berre for å nyte solskinnet (og vinden, haha).
Black Beauty, har fått seg lykt bak!
Eg sparar ikkje vekt her, eg vil heller ha ein sykkel
som funkar i alle slags vêr- og lysforhold.
Åååå så herleg det er å sykle når det nærmar seg vår og kneet fungerar, og det er solskinn, det er berre heilt topp det!!
Så var det onsdag, og vêret var igjen, heilt strålande. Blå himmel og solskinn, og sidan eg hadde bursdag så skulle det "feiras" med løpetur.
Først skulle eg berre varme opp og skulle ned til vatnet, men der var det så fint, og sola varmar, at eg bestemte meg for ein løpetur på stranda!
For eit utsikt! Dette er brygga på Bjørgesanden Camping.
Der me har ein liten strand.
Det var nesten sommarfølelse, nesten ikkje vind, og sola "steika" ned.
Så det var berre å parkere sykkelen og starte å løpe mens kroppen var varma opp.
Her har vi stranda i Seljord, ved Bjørgesanden.
Den er ca 250m lang, så det blei intervall på 500m.
Eg slo på GPS'en og fann ut at stranda var ca 250m lang (og ikkje 400m som eg tidlegare hadde trudd), så det blei intervall på 500m med ein pause på rundt 1:30 imellom.
Og fyttirakkern så tungt det var!
Sanden var ganske våt, og det var ikkje vanskeleg å få opp pulsen.
Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å trene harde intervall, men det blei det likevel.
Og bra er det, eg har ein del uthaldenhet å bygge opp att etter 6veker på krykker.
Eg blei så varm at det frista med ein dukkert.
Men det får koma ein annan dag :D
Det blei 6 x 500m intervall, og farten var ganske låg (pace på 6-7min/km), men pulsen var HØG!
Den var til og med skyhøg!
For 5-6år sida hadde eg ein makspuls på ca 184 bpm. I alle fall var det det høgaste eg greidde å framprovosere.
Og nå kom eg fleire gonger over 180bpm, til og opp i 183!!
Det kjendest da ikkje sååå tungt??
==> fasiten er at det er effektivt å løpe på våt sand, og eg trur også at det er bra for kneet mitt.
Og så støl eg var dagen etterpå!
Min leggmusklar var i sjokk i to dagar etterpå, minst.
Men du verden så herleg det er å vera støl frå løpetur igjen, det har eg savna!
Heilt pumpa etter 30min løping.
Og deileg å sole seg på den varme brygga. DIGG!
Eg tok eit par dagar "pause" frå strukturert trening, men tur i skogen med Lukas blei det den eine dagen, og det er faktisk god trening det også. Spesielt sidan eg fortsatt må "passe på" kneet mitt, slik at eg ikkje sklir og strekker leddbandet igjen.
Men eg har blitt så glad i å sykle.
Kanskje er det den nye sykkelen ("Black Beauty") som har fått opp sykkelgleda?
Godt rysta til alle slags lysforhold: solbriller og digert batteri til lykt.
Trur ikkje eg får bruk for framlykta på ei stund, men ein kan jo aldri vite...
Så hadde eg i går ein av mine "yndlingsøkter" på terrengsykkel, nemleg ei lita motbakkeøkt.
Som ein ser, så gjekk det passe tregt i motbakken (men sluttida mi var pussig nok akkurat den same som den pleier, og eg prøva å halde pulsen på rundt 160bpm), og mens gjekk fantastisk fort nedover (det hadde nok gått enda fortare viss det ikkje hadde vore is igjen i den øvre delen av vegen).
MORO!

Alt i alt så har eg storkosa meg med treninga igjen.
Eg synst liksom at alt er berre moro!
Etterkvart skal eg lage meg ein plan, og så få meir struktur på treninga, men men, eg veit jo korleis det blir med desse treningsplanane etterkvart. Det er tross alt eg som bestemmer kva eg skal trene på, og ikkje planen.
Og ein viktig del av treninga som me alle veit, er jo restitusjon.
Og den skal eg i alle fall fortsette med å vera god på.
Ikkje så vanskeleg heller, når det er dagar som dette: