28. juli 2012

Hurra for OL!

I anledning OL London 2012 hadde eg først tenkt å delta i fleire triatlon over den olympiske distansen, dvs 1500m svømming, 40km sykling og 10km løp.
På grunn av mine helsemessige utfordringar blei ikkje dette noko av, men det gjer ingenting.

Likevel, nå er OL i London i gang, og eg synst det er berre heilt kjempeherleg og inspirerande å sjå på OL på TV!

Det er så artig å følgje med på dei ulike idrettane (over 10.000 deltakar frå 204 nasjonar deltek i 26 forskjellige idrettar, ifølge Wikipedia). Under siste sommar-OL hugsar eg at det var like spennande å følgje med på triatlon og maraton og svømming som på turn, stup, hekk, mellom anna.
Christina Vuicevic.
Hekkeløp har aldri vore noko for meg, men du verden så nervepirrande det er å sjå på!
Som lita jente var eg glad i all slags sport og likte å prøve det meste. Eg hugsar ein sommar der det var sommar-OL og eg og ei venninne leika OL ute i på plenen etterpå, med mange idrettsgreiner me fann på sjølv ;)


Spesielt nå sidan eg er midt inne i pakke-, rydde- og flyttesjauen så skal det bli godt å sjå på OL i pausane.
TVen og parabolen er definitivt det siste som skal forlate dette huset!
Sarah Nordentam er også ei jente eg skal følgje med på under OL!  Ho svømte seg nettopp til ein femte plass på kvalifiseringa på 400m medley.
Og ellers?
Eg har nok stått i litt for hardt under pakkinga dei siste dagane.
Synstforstyrrelsane slapp ikkje taket.
Så på torsdag la eg igjen ein besjed hos øyelegen min her i Seljord, og jammen ringt dei tilbake nokre timar seinare og tilbød meg time med ein gong.
Om det er vrient å få hjelp frå legesenteret i Seljord, så er det veldig lett å få hjelp hos augelegen her, det er sikkert, for det har eg erfart mange gonger, sidan eg har hatt ein del trøbbel med augo mine dei siste åra.

Heile 1,5t var eg inne. Det blei tatt mange forskjellige bilder, og testar, og eg fekk instruert øvingar eg kunne gjera heime (eg har visst elendig samsyn på nært hold, og dette kan føre til hodepine). Det blei sjekka hornhinner, netthinner, augetrykk og synet og funksjonen av augo, og alt var i orden (og det som måtte observerast framover var det ok å få sjekka ein gong i året, og kva det var, hugsar eg ikkje).
Dessutan fekk eg rådet om å trene augemuskulaturen min - så fann eg ein interessant artikkel i nettutgåva til Fredrikstad Blad, som omhandlar akkurat dette:
Bildet er lånt herifrå.
Det er ei øving som eg også skal gjera framover.
Synsforstyrrelsane eg opplevar blir framkalla av sterkt stress. Og dette er jo ikkje overraskande?
Slike "aura" kjem gjerne i forkant av migrene, men slik hodepine har eg heldigvis ikkje hatt. Eg har riktignok mykje spenningsbetinga hodepine, men migrene treng eg virkeleg ikkje å få på toppen av alt anna.
At det er mange fleire enn meg som har hatt slike forstyrrelsar bekreftar dei tallrike sidene på nettet om dette:
"Entry to art contest Migraine Images, 1992. © 2007 GlaxoSmithKline
Roger Heaton's entry to the 1992 Migraine Images art contest shows a C-shaped visual migraine aura completely obscuring the artist's view of a landscape, i.e., an absolute scotoma."

Fredagsmorgon var eg innom fastlegen min.
Han sjekka nakken min også, der det er eit eller anna som har hengt seg opp.
Eg har ein litt forstørra lymfeknute i nakken frå då eg hadde mesling som barn, så denne hender det ofte at han forårsakar trøbbel i nakkemuskulaturen.
Og då responderar resten av muskulaturen, så  blir det spenningshodepine og sirkelen er i gang.

Så det er mange greier for tida, eg er rett og slett akutt kjempestressa og skulle ønske eg kunne hoppe over den komande veka...
Så då er det kjempekjekt med OL på TV!
Herleg å sjå på så mangfaldig idrett med så mange forskjellige nasjonar som deltar.

Då kan det godt hende at eg får slappa meir av mellom pakkeøktene.
Det er i alle fall det som er planen.
Eg har til og med kjøpt meg TVblad med ekstra OL-bilag slik at eg kan følgje med og planlegge litt.
Internettet her oppe dett ut heile tida, mobilnettet er overbelasta pga av countryfestivalen.
Michael Phelps kvalifiserte seg nå netopp under 400m medley i dag (fleire bilder her).
Så eg har rigga til PCen i vinduskarmen og kobla til skjerm og tastatur og fangar opp husvertens internettsignalar.
Så eg får blogge. Og lese andres bloggar.
Så får eg bli med på det som skjer rundt meg.
Og får fokuset bort frå kasser og esker og flyttekaos rundt meg.
Me har ingen deltakar til triatlon i OL London, så eg skal ta og heie på svenske Lisa Norden, tenkte eg...
Triatlonkonkurransane i London er ikkje før 4. og 7.august. Det er bra.
Eg skal bli så glad når eg har kome meg dit...

26. juli 2012

Løpe eller flytte?

Det nærmar seg 1.august og eg har begynt å pakke.
Eg skal jo flytte.
Til tross for at det er mykje å gjera , hadde eg fram til denne veka likevel satt av tid til trening.

Nå på mandag var eg innom treningsrommet og trente litt styrke.
Fysio'n hadde akkurat kome tilbake på jobb frå ferien.
Og dermed, ærleg talt, så blei det ganske lite trening og mykje prat. Om Haugesund, triatlontrening, svømmeteknikk (fysio'n påstår at han har null oppdrift i vatn - synker til botns med ein gong - og då er det jo kjekt med triatlon synst eg, sidan det stort sett er svømming med våtdrakt og den gir god oppdrift) og styrketrening.
Kjekt å kunne skryte litt av av gjennomført halvironman, det trengte eg!

Sidan det blei så lite trening denne dagen og eg lengta etter å få ut litt spenning, køyrde eg opp til Raudkleiv etterpå, lysløypa i Seljord, og løp eit par runder der. Lukas var med han også.

Løypa er ganske kupert, det er knapt flate partier, så det inviterar til intervall, bakketrening, fartstrening, fartsleik og den slags, i alle fall alt anna enn roleg jogging.
Det er alt anna enn flatt på Raudkleiv!
Eg kosa meg.
Sprang nokre bakker opp, andre gjekk eg opp, i nedoverbakke både dundra eg ned i full fart eller gjekk eller jogga, alt ettersom.
Trenar på høg hælløft (high kick).
Det var ganske varmt den dagen sjølv om det var overskya, så Lukas blei fort sliten og eg kjendte også at eg hadde trent styrke før denne dagen. Alt i alt så det ei fin lita økt på 40min.
Lukas blei fort sliten i varmen.
Men han kosa seg han også.
Sidan måndagen har eg ikkje trent. 
Eg har vore sååå motivert. 
Har hatt veldig lyst til å springe.
Og ser fram til å prøve nye løpesko.
Det er raudt på Raudkleiv.
Sidan løpeturen ikkje var planlagt, fekk  "maraton-skoene mine " frå 2007 bli med på tur (ASICS 1110).

Men så ser eg meg nødd til å legge desse planane litt på hylla (her i stoga er det jo plutseleg mange hyller som står tomme sidan eg har begynt å pakke ned).
Eg blir så stressa av å pakke nemleg.
Eg greier knapt å tenke på noko  anna enn pakking.
Og alt som står igjen.

Kroppen min er i alarmberedskap og hovudet mitt kjennest som om det skal sprenge snart.
Og så har eg fått kink i nakken.
I går kveld fekk eg sterke magesmertar etter middagen (funksjonell dyspepsi hilsar), då var det berre å ligge heilt stille på sofaen i fosterstilling med varmeflaske og paracet.



Eg har også fått synsforstyrrelsar, både i går og i dag, som var svært ubehagelege.
Det var ein "blind flekk" i midten av synsfeltet. Og fleire vandrande flekkar der det såg ut som det rann vatnet over bildet eg såg.
Æsj.
Det blei borte igjen i går.
Men det dukka opp igjen i dag også.


Eg drøfta dette med fysio'n ("Kan det vera kink i nakken som pressa på synsnervene, tru?"), men han meinte eg skulle heller snakke med ein lege.
Her i Seljord fekk eg ikkje hjelp på legekontoret sidan det var "så travelt med Countryfestivalen" og eg "heller skulle kontakte fastlegen min i Bø" (ja da, eg køyrer tre mil med synsforstyrrelser!), det var ganske ekkelt og nedslåande å bli avvist på denne måten.
Det var faktisk slik det såg ut til slutt...
Heldigvis vandra flekkane i synsfeltet bort (det såg til slutt ut som ein halvmåne av glitrande diamantar, pent var det i alle fall), så mest sannsynlegvis og forhåpentlegvis er dette berre stressrelatert.
Men eg skjønner nå at eg burde ta ein pause frå treninga og fokusere på flyttinga, og kanskje berre rusle turar med Lukas og ellers sitte i ein god stol ute og nyte sola.

Best å ta vare på kroppen, også om hovudet er stappfult av idear om løpetrening.
Eg kjem til å få tid til dette etterpå.
Eg skal prøve å vera så tolmodig som eg kan :)


22. juli 2012

Heilt topp

Nokon driv med motbakkeintervalltrening.
Eg er ein av dei.
Men viss eg kunne velgje, ville eg heller løpe opp heile den bakken med gåpausar i mellom, enn at eg spring to minutt i motbakke for å jogge nedatt og gjenta dette eit x antall gonger.

Dermed var det akkurat det eg gjorde i går.
Eigentleg så hadde både sofaen og PCen og TVen eit godt grep rundt meg.
Hadde det ikkje vore for Lukas, hadde eg antagelegvis utsatt løpeturen til dagen derpå.
Men Lukas er sta, og han skal ha turen!
Lukas fekk viljen sin og eg fekk meg ein motbakkøkt.
Me er fornøydde begge to!
Eg har brukt vegen opp til Hattefjell som opptreningsbakke for kneet mitt tidlegare i år.
Små, korte, lett fjærande steg på mjukt underlag i motbakke er jo sååå bra påstod Fysio'n, nemleg.
Det er ca.585m høgdeforskjell mellom meg og toppen av Hattefjell.
Det høyrest mykje ut, synst eg.

Men det er jo berre som å småspringe opp trappar, eigentleg.
Sjølv om eg ikkje spring heile tida.
Som tidlegare, så delar eg opp: eitt minutt løp, eitt minutt gange.
Gjentek eg dette 15x kjem eg til Skuggelimyr, der det er - riktig gjetta - ei myr (og ganske våt er den også), og derifrå startar ein ganske smal bratt sti opp mot toppen. Den tek det 8-10min og gå opp.

I går var eg ganske seint ute, sola hadde gått ned mange plassar nede i Seljord, men ho skein fortsatt på dei kringliggande toppane. Såå fint!
Kroppen kjendest litt tung på veg opp, og kondisen var ikkje heilt der, kjente eg, men alt dette er jo gløymt når eg står der oppe ved postkassa.
Nydeleg å koma på toppen! Utsikten er alltid like fin.
Eg rakk dei siste solstrålane også.
Eg synst ofte at det er vanskeleg å kle seg riktig i motbakkeløp. Det går seint og blir utruleg varmt på veg opp, og så blæs det jo gjerne på toppen, og på veg ned att kunne ein like godt ha hatt langbukse også om sommaren.
Det som er kjekt å bruke da, er slike "lause armar" og "lause kne" eller knevarmarar.
Utsikt over skyggelagte Seljord frå Hattefjell.
Her brukar eg ASICS armvarmarar sidan eg likar å springe i singlet,
men frys fort på armane... Praktisk!
Det er så praktisk når temperaturen ligg mellom langbukse og shorts. Eller mellom singlet og langerma trøye.
Og eg som har vanskeleg å bestemme meg i utgangspunktet har funne slike lause armar og bein så praktisk.
Du får både og. Ja takk, begge delar, liksom.
ASICS armvarmarar - dei kjøpte eg i Oslo ifjor, rett før halvmaraton på Oslo maraton.
Dei finst også i maaaange fine fargar, men dei hadde svart, og det er bedre enn ingenting.
Før Haugesund investerte eg i eit nytt par knevarmarar. Dei som eg har frå før var anten 1) for kalde (Lycrastoff, det blir nesten kaldare enn utan) 2) for trange (lause bein som avsnørar blodsirkulasjonen på syklinga) eller 3) for korte (knevarmarar som berre varmar kneet).


Etter litt leiting på nettet fann eg eit par fine knevarmarar av ei blanding av ull og syntetisk materiale, frå ORCA. Dei er litt lengre enn at dei berre dekkar knea, mjuke og behagelege, tøyelege, lette, varme men pustande, og held godt fast rundt låret utan å snøre inn blodsirkulasjonen.
"ORCA Unisex Velo Torque Merino Knee Warmers"
Eg braut med prinsippet mitt om "Ikkje fleire svarte plagg"denne gongne. Desse var for gode til å la vera å kjøpe dei. Dessutan har dei i alle fall nokre lyse kontrastsaumar og refleks på framsida.
Dei er heilt nydelege å ha på (det er merinoull i dei), og kosta ikkje all verden heller.

I motbakken i går hadde eg dratt dei ned til føtane, mens eg drog dei opp over knea då eg kom på toppen der det blåste. Fantastisk oppfinning!
Hadde kanskje vore enda betre i finare farge, men så kan eg jo alltids shine opp litt med ei trøye i "Hi-Viz"- farge.
Og vips så hadde eg langbukse!

Fortsatt god søndag!

18. juli 2012

Løpestil

Årets konkurranse, Ironman 70.3 Haugesund, er over.
Så kva skal eg finne på vidare?
Eg er pr. dags dato ikkje påmeldt på noko konkurranse, og dette skjer ganske sjeldan.
Vanlegvis er det ein eller annan triatlon som står på programmet mitt.

Men ikkje nå.
Det er mange arrangement som fristar, spesielt Ironman 70.3 serien.
Distansen med 1,9km svømming, 90km sykling og 21,1km løp passar meg ganske bra.
Det er forholdsvis langt, slikt at sjølve gjennomføringa er ei utfordring, samtidig som det ikkje krevst så mykje trening som til ein fulldistanseironman.

Så eg får sjå kva eg finn på etterkvart.
Det hadde vore utruleg artig med ein halvironman seint på hausten i år.

Men enn så lenge kan eg kose meg med ustruktert trening etter innfallsmetoden, og det passar meg bra.
Eg er jo i ferd med å flytte (sjølv om eg akkurat idag har erfart at eg allikevel ikkje får tildelt den leilegheita eg skulle ha, dermed må eg virkeleg ta meg saman og puste med magen for ikkje å få fullstendig panikk - eg skal vera ute av huset mitt om 14 dagar...), og då går ein god del energi og tid og overskot med på å rydde, pakke, sortere, kaste og vaske.

Likevel så har eg bestemt meg for å behalde fokus på minimumstrening.
Eg har altfor stor nytte av regelmessig trening og mosjon til at eg kan droppe det.
Også når eg eigentleg ikkje har lyst, har eg godt av å trene.
Eg er spesielt ut etter serotonin og endorfin og deira positiv effekt på stemningsleie og anti-depressiv virkning.
Slik skal det vera!
Stappfull av serotonin og endorfiner, og i STRÅLANDE HUMØR og solskinn, på  løpinga i Haugesund.
Bildet er tatt av Hårek.
Her skal dei negative tankane trenast vekk!

Så imellom ryddesjauene i går sat eg meg ute i sola og las om trening.
Eg vil gjerne oppretthalde kondisen min og samtidig jobbe litt med løpeformen min.
Så eg trengte litt inspirasjon.
Eg fann fram noko lesestoff eg hadde printa ut nokre år tilbake,
"Triathlete Magazine's Complete Triathlon Book" av Matt Fitzgerald

Han skriv om grunnleggande løpetrening.
Og at triatletar, som vil forbedre løpinga si, burde fokusere i ein liten periode på berre løping ("I believe that the single best way to become a better triathlete runner is to become a plain old runner for a short while and then return to triathlon.").

Eg skal ikkje gå så drastisk til verks å kutte ut all trening bortsett frå løping, til dette likar eg alt anna altfor godt. Men i og meg at det ikkje står andre triatlonkonkurransar på programmet ei stund, kan eg jo prøve å fokusere litt på akkurat løping?
Det eg har lyst til å jobbe mest med, er løpestilen min.

Bra løpestil?
Til dette har Matt Fitzgerald sett opp seks viktige punkt som karakteriserar god løpeform:

  • høg kadens=stegfrekvens ("high stride rate")
  • minimal bakkekontakt ("minimal ground contact")
  • lange steg ("long strides")
  • høg hælspark ("high kick")
  • avslappa overkropp ("relaxed upper body")
  • symmetri ("symmetry")
Sjølv om Fitzgerald gir forslag til strukturert løpetrening mot ein maraton (som etter hans meining ville vera ein effektiv måte å forbedre løpeformen på), så velger eg heller å følgje prinsippa hans om korleis ein skal forbedre løpestilen generelt.
Ifølge Fitzgerald så har nemleg fartstrening nøkkelen til god løpestil:
Med aukande fart så aukar både stegfrekvens og -lengde, avtar tida føtane har kontakt med bakken, og hælane blir automatisk løfta høgare.

For at ein skal slappe av i overkroppen er det viktig å minne seg sjølv om akkurat dette, mens ein er ute og løper. Det er mest snakk om mental trening. Musklar som ikkje bidrar til å auke fart under løpinga, burde brukast i minst mogleg grad.

Og symmetrien? 
Fitzgerald meiner at det er sjeldan ein spring symmetrisk men at ubalanse er vanleg. Dessutan er løping ein sport der ein brukar éin fot av gangen. Og kroppen vår er i utgangspunktet ikkje symmetrisk.
For den som veit om lengdeforskjell i beina osv, er jo inleggssålar eit forholdvis enkelt tiltak.

Vidare er det lurt å tøye beina kvar for seg, for å avdekke ubalanse. Istadenfor å utføre knebøy på begge bein, ta heller eittbeina knebøy og fokusér på det beinet som er svakast/har dårlegast balanse (hos meg så er eg utruleg ustabil i høgre ankel og kne, mens det går fint på venstre sida).

Sidan det var så lurt med fartstrening, kom eg meg ut på intervalltrening i går.
Lukas blei pakka i bilen. Pluss ekstra tøy.

Oppvarming skjedde på grusvegen rundt anlegget, 2x5min.
På banen sprang eg 800m-intervall (min absolutt favoritt) på 5:00/km pace.
Imellom rundanen tok eg pausar på to minutt der eg gjekk for å få ned pulsen.
Dette gjennomførte eg til saman  5x.

Dei siste to gongene tok eg av meg løpeskoene, det var nemleg utruleg varmt og lummert, og det nyklipte graset på fotballbanen var sååå fristande mjukt!
Det er moro å springe barbeint.
Eg har tru på at det hjelper med å styrke muskulaturen rundt anklane, og forbedrer styrken i leggane. 
Deileg å ta av seg sko og springe barbeint!
Men uansett så er det moro!
Etterpå sleppte eg Lukas ut av bilen og tusla litt med han, det var fint som nedtrapping.
Med god musikk i øyra og lite folk på banen synst eg det er moro å trene intervall!
Det var sterk vind i går, så på den eine langsida fekk eg utruleg artig medvind, det kjendest som om eg flaug langs banen, spesielt då eg sprang barbeint.
Det er moro å springe barbeint!
Herleg!

Så får me sjå korleis løpestilen min utviklar seg etterkvart.
Eg kunne sikkert ha filma meg også, men dei få gongene eg har prøvd dette, blei eg utruleg skremt av synet av meg sjølv... Det kjendest mykje bedre inni meg enn det det såg ut på film etterpå.
Så det skal eg la vera.
Får heller drøyme meg bort ute på banen ;)
Drømmeløpetur...

17. juli 2012

Postironmanhigh

Hm denne "Postironman-high"en har enda ikkje gitt seg heilt, heldigvis!
Og det har eg faktisk utnytta til fullt.

Ja da, ein skal restituere seg etter ein konkurranse, og det har eg også gjort.
Eit par dagar.
Så kom det melding om at ei venninne skulle ut og jogge ein tur i lysløypa.
Med hund.
Om eg hadde lyst til å bli med?
Klart eg blei med!
Litt usikker, sidan det var onsdag, berre to dagar etter Haugesund.
Korleis ville beina vera?
Ville det bli tungt, eller lett?
Bly i beina, eller lett?

Det viste seg å vera litt tung å koma i gang, men så er lysløypa i Seljord også ganske kupert.
I solskinn og under tunge regnbyger og regnboge i 20 gradar jogga me rundt ein halvtimes tid, i pratetempo, og det var heilt nydeleg, musklane løsna etterkvart, og roleg jogging på mjukt variert underlag kjendest som perfekt for aktiv restitusjon.

Torsdagen var det sommarpause på senteret og dermed ikkje torsdagstur, så på ettermiddagen reiste eg ned til DPS for å trene. DPS'et er "stengt" om sommaren, men poliklinikken er open og nokre få er på jobb, og er hatt fått lov til å bruke treningsrommet gjennom sommaren.
Kult!
Oppvarming på mølle.
Eg har mine yndlingstreningsmusikk-CDar liggande der i treningsrommet, alltid klar til bruk, og stort sett er eg aleine der, og kan halde på akkurat som eg vil.
Så det blei ei fin økt på 40min med fokus på kjernemuskulatur og overkropp.
Lånt frå www.exrx.net.
Laurdagen kribla det igjen i beina etter løping, eg er nemleg rett og slett kjempemotivert etter at løpinga på Haugesund gjekk så bra etter så minimalt med trening!
Likevel skulle eg ikkje overbelaste beina, det har seg jo slik at ein kan kjenne seg godt restituert i beina, men på cellenivå så er det fortsatt "slagmark som må ryddast", som det stod så fint å lese i ei fysiologibok.

Så det blei det eg vurderar som "snilt" for beina: Motbakkeløp.
Seint på ettermiddagen rakk eg akkurat ein time mellom to regnbyger, sjølv om det hadde vore heilt greitt med litt avkjølelse i form av regn i motbakken.
Moro med motbakke! Spesielt i så fantastisk landskap. 
Det tok omtrent ein halv time i form av eitt minutt løp - eitt minutt gange - opp bakken til Raudkleiv.
Ned att både gjekk og jogga og sprang eg, alt ettersom.
Dessutan var Lukas med, og han skulle få opplæring i å bli løpefølgjehund. Han fekk springe laus, og var ganske flink til å bera drikkeflaska mi.
Lukas mista flaske berre nokre få gonger.
Men då var han sliten...
Sundagen satt postironmanhigh'en godt igjen også.
Dessutan ville eg teste ein ny type sportsdrikke, og trengte litt avbrekk frå heimen, der eg nå har begynt å sortere, rydde, kaste og pakke. Sidan eg skal flytte ut av huset mitt 1.august.
Powerbar isoactive skulle testast.
Viss eg måtte velge meg berre éi enkelt kort økt og få maksimalt utbytte av oppleving og trening, så ville det nok blitt terrengsykling. Det synst eg er morsamt uansett. Uansett vêr og forhold, det er morsamt å sykle både på grusveg eller sti, både oppoverbakke og nedover, båda fort og sakte.
Så det blei 40min rundt Kivledalen i kveldssol og tilbake på ein nydeleg sti gjennom skogen.
Ute i skogen på terrengsykkel. Moro!
I går var treningsiveren fortsatt stor, men energien litt så som så.
Eg rakk likevel ein liten tur innom treningsrommet for å fortsette styrketreninga med fokus på kjernemuskulatur og overkropp.
Der trur eg at eg har mykje å hente!
Beina får eg fokusere på litt meir seinare.

Det er herleg med postironmanhigh, sjølv om eg kjenner alt nå at følelsen blir mindre intens.
Likevel skal eg prøve å halde eit positivt fokus på trening, og ikkje la kvardagsbekymringar og helseplagar ta overhand.
Trening skal vera kvaltitetstid for meg sjølv, små utflukter der eg kan ha det godt med meg sjølv og omverda, og forsterke positive tankar.

Kjekt er det med internett der det er lett å finne motivasjon og inspirasjon om trening og triatlon.
Lars-Morten la ut to linker med flimsnuttar om IM 70.3 Haugesund, så der er det verdt å kikke innnom.

Dessutan har Youtube alltid noko å by på om ein leitar litt.

Men det er denne vesle videosnutten på knappe to minuttar de må sjå på!
Dei første 20sekund er det filma nokre av ungane som deltok i Ironkids på Haugesund.
Sååå artig å sjå dei små, bestemt blikk, og dei gir alt!
Denne klippen har eg altså funne på Ironman Europe sine sider på Facebook. Eg har klipt den til 1:54, men originalen kan dikkøn sjå her viss de ønsker.


Videon er laga og publisert av Ironman Europe og består eigentleg av ein video på 3min24sekund. Denne har eg berre lånt altså. Men den er så fantastisk fin at eg måtte berre publisere den her :)

Og så er det ein 11min lang video frå stemninga ved målområdet:


Fantastisk stemning!
Hm ja eg får lyst på ein ny Ironman nå eg...:)

14. juli 2012

IM 70.3 i Haugesund - postironman-high

Dess meir eg tenker over Ironman 70.3 i Haugesund, dess betre blir det!

Svømmetida er den same som på Mallorca i fjor. Sykling litt raskare.  Og eg løp fire minutt raskare i år også!
Men hot i all verden bruka eg så lang tid på i T1 og T2?? Er veldig fornøydd med resultatet mitt!!
Arrangementet har fått mykje skryt, både her i Norge og internasjonalt.
Her skal eg berre skrive litt om forskjellige ting som ikkje blei med i første "race report", og samle saman lenker med reportasjar om Haugesund, og legge ut lenker til andre bloggarar som har deltatt og skrive om arrangementet.

Bloggar

Her er det andre bloggande triatletar som har deltatt i og skriv om Haugesund:

Marie
Torodd
Allan
"Team opp og ned"
JustChristine
Jan-Morten
Ironkjelland
Martin som triatlet


(Det er vel kanskje fleire derute som bloggar om Haugesund, men det er desse eg anten kjenner til personleg ellerner innom av og til).

Reportasjer og bildeseriar

Det er ein kort liten reportasje med eit par tre bilder på sida til norske 3atlet.no:

Bildet er frå www.3-atlet.no tatt av Øyvind Lillehaden, trur eg.

Så er det KONDIS som rapporterar om at


"Alt klaffet for Ironman Haugesund."


Kondis laga ein lang og bra reportasje om arrangementet, og tok mange flotte bilder. Eg får skikkeleg lyst til å delta ein gong til!
Bildet er lånt frå kondis.no og visar dei to siste jentene som blei heia inn til mål
(og så har eg nettopp oppdaga meg sjølv med lyseblå bukse og finishertrøye til høgre
- godt gjenkjenneleg pga knæsjrosa klokke :D)


Så er det tv2-bloggen av Eivind. A.Pettersen som påstår at:


Bildet er lånt frå www.blogg.tv2.no.

I papirutgåva til Haugesunds avis var det fleire sider med reportasje, men avisa lot eg pent ligge på gjestgiveriet der me overnatta. Men nettutgåva har laga og lagt ut ein fin bildeserie frå Haugesund:
Eg skal å hoppe frå stupetårnet viss eg blir med igjen neste år.
Med våtdrakt på er det vel ikkje så farleg med magaplask?
Bildet er lånt frå http://www.h-avis.no. 
Haugesunds avis har også lagt ut ein bildeserie med bilder tatt av lesarane. Bildeserien finn du her.

Nydeleg bilde, tatt av Elisabeth Lervik, frå bildeserien til Haugesunds avis.

Så er det NRK Rogaland/Haugaland som har lagt ut bilder frå arrangemenet. Dei finn du her.
Bildet  visar vinnarane i kvinneklassa. På første plass: Mary Beth Ellis. Bildet er lånt frå www.nrk.no, tatt av Gisle Jørgensen/NRK.
Og så har Hårek vore med til Haugesund og tatt masse fine bilder frå triatletar etter svømminga!
Bildeserien finn du her.

Knabba frå Håreks frå flickr's photostream.
Så er det mange fleire nettsider som har skrive om Ironman i Haugesund, men eg får sette ein strek her.

Så mange gode minner til Haugesund har eg at eg virkeleg vurderar å delta neste år også. 
Dessutan er eg nå såpass motivert til meir triatlontrening at eg gjerne skullet tatt ein Ironman 70.3 til i år, kanskje seint på hausten.
Men om eg har råd og energi til dette, er jo ei anna sak.
Enno skal eg ikkje bestemme meg, men nyte følelsen av å ha gjennomført ein halvironman "mot alle odds", eller mot mange odds, i alle fall.
Og så kan eg skryte på meg at det er mange derute som går med navnet mitt på ryggen:
Speaker'n med M-Dot T-skjorte.
Dette er ei T-skjørte som blei laga i anledning første Ironman 70.3 Norway.
Navna til deltakarane dannar M-Dot*en på ryggen.
Finn du meg?
:)