18. desember 2013

Congratulations!

"Your entry into the IRONMAN 70.3 Norway 2014 has now been confirmed."

Need I say more?
"Ops I did it again?"


Eg kunne ikkje heilt la vera å melde meg på til IM 70.3 Haugesund/Norway 2014 - igjen - 
Det blir faktisk tredje gong på råd.

Og det bli første gong at eg blir med på ein konkurranse tre gonger på rad (kanskje bortsett frå Bø Sprinten tilbake i 2007-2009, men distansen og løypa blei forandra frå år til år, så det var aldri heilt det same).

Eg kan ikkje sei at eg er spesielt motivert mtp trening akkurat nå, men eg veit at dette kjem - og uansett, så har eg funne ut at ein ikkje treng å vera motivert heile tida, ein kan trene også når ein er umotivert og giddalaus.

Det hadde jo vore hyggeleg om eg hadde meldt meg på på sjølve joleftan, men for berre for eit par-tre veker sida var det berre 150 plassar igjen i Haugesund.
Dessutan har eg pengar .

Ein annan viktig grunn for å vera med igjen var at eg også funne ut at eg treng ein konkurranse for å halde treninga igang. Eg har veldig godt av regelessig, uthaldenhetsbasert trening, sånn mentalhelse-messig.
Og helsemessig ellers også.
Men eg er i grunnen ganske lat av meg, så utan eit mål så trur eg kanskje at eg hadde berre subba rundt og jogga utan mål og meining. Eg treng eit mål å  trene imot, og det MÅ vera ein distanse eg kan skryte av etterpå, og som eg ikkje berre kan fullføre på ein god dag.
Dette var frå første gongen i Haugesund, 2012.
Eg likar at det skal litt til for å koma i mål, og eg likar utfordringar.
Dessutan er det ein heil del andre utfordringar knytta til Haugesund, som ikkje har med trening og uthaldenhet å gjera. Og desse utfordringane er minst like vanskelege, men også nyttige.
Så er det mange kjente som skal vera med i 2014, og det likar eg!
Det skal bli godt med eit mål for treninga!
(Dette var frå 2013)
Akkurat nå er eg veldig i vintermodus.
Men motivasjonen for triatlontrening kjem nok, det veit eg.
Etter vinteren.
Eg ser fram til det.
Og til treningsplanlegginga. Det kosar eg meg med.
Til 2014 blir det nok ein blanding av Dave Scott og Joe Friel sine treningsmetodar.
Pluss mine eigne.
Så det blir spennande.

Nå kjenner eg at eg gledar meg alt nå likevel.
BRA :) :) :) 
Enn så lenge, litt vinterleg idyll frå Vest-Telemark.

14. desember 2013

Brodder eller biller?

Ettersom det ikkje berre er snø som dalar ned frå himmelen for tida, men jaggu meg også regn og sludd (om enn lite) så merkar eg at ikkje lenger vil gå ut utan broddar. Med bratte 100m høgdeforskjell ned til sentrum, så gidd eg rett og slett ikkje å skli rundt som bambi på isen!
Eg brukar broddar.
Heilt vanlege.
Sånn til ein femtilapp. Dei fungerar veldig bra.

Men på løpetur så treng eg broddar som sit litt bedre på foten, og da har eg altså brukt broddar laga for løping, av Nordic Grip.
Dei har eg blogga om før her, i gamle bloggen min.
Eg er fortsatt fornøydd med dei.
Men at dei gjekk i stykke då eg skulle stramme dei på siste løpetur, er eg ikkje fornøydd med.
Korleis skal eg  fikse dei, tru?

Heldigvis har eg fortsatt mine "gå"broddar.
Dei er av typen 50kr på Rema og fungerar glimrande.
Så dei anbefalar eg på det sterkaste.
I praksisk er det ikkje stor forskjell mellom billige broddar og den dyre typen, trur eg.
Piggane er ganske like.
Dei stikk meir ut av gummien, så dei løsnar nok fortare enn på NordicGrip sine.

Gåbroddar av den typen har fire piggar framme og fire piggar bak, mens løpebroddane frå NORDIC GRIP har fem piggar framme og to piggar bak.
Bak på hælen hadde eg gjerne hatt fleire.
(Det går an å få tak i reservepiggar av akkurat denne typen - kanskje dét er ein mulighet?)
"WinterWise ® replacement studs"
Forskjellen mellom gå-og løpebroddar er bl.a. korleis dei blir festa på skoene.
Løpebroddar har gjerne reimer, og dei er heilt nødvendige for at broddane ikkje skal skli av under bruk.
Løpebroddar frå NORDIC Grip til venstre, vanlege gåbroddar til høgre.
Som ekte selfmadewoman skal eg nok få lage reimer til gåbroddane også.
Berre gje meg litt tid ;)
Sjølv om gåbroddane er enkle og solide, så gjekk også desse i stykke sist vinter.
Men det viste seg at det berre tok fem minutter å fikse dei:

Eg laga tre par hol med hulltang og trædde igjennom rundstrikk. Trur nok det er lurt med strikk, ellers ryk vel gummien igjen ganske fort viss ein brukar noko som ikkje elastisk.

På løping er det jo mange som brukar piggsko.
Det har eg ikkje prøvd, og grunnen til dette er at eg ikkje har funne piggsko som eg likar til ein god pris, og dessutan likar eg ikkje tanken på at eg ikkje kan "ta av" piggane når eg kjem på bar asfalt.
Men eg må innrømme at det fristar med sko frå Icebug, om det så berre er for å ha biller under føtane :D
Detail frå Icebug sine Anima2-BUGrip-sko.
Ein kan også lage seg piggsko sjølv, eller la dei bli pigga, anten av løplabbet, bildekkforhandlarar (har eg hørt) eller andre. Det kunne eg godt tenkt meg også, så eg undersøkte litt.
Det går an å bruke piggar som er laga for å pigge sko, ellers så kan ein også bruke skuer.
Det er visst ein bestemt type skruer som eignar seg best (pga av det kantete skruehode):

Dei har eg ikkje fått tak i hos lokale byggmaker, så det får vente til seinare.
Michelle, som løper i Alaska, bloggar om korleis ein gjer det heile:

How to Put Studs in Your Running Shoes


På min jakt etter brodder og piggar så snubla eg over forskjellige variantar og versjonar av broddar.
For eksempel desse her, som er tenkt til bruk i terrenget:
Broddar frå ICERS. Ein heil såle med gummiknottar med innfelte piggar, og festereimar på oversida.
Eit seriøst kanadisk firma som lagar desse. Dei har set med reservepiggar.
Så er det ein variant frå den kjente Yaktrax:
Pussig nok, så har desse aldri frista meg så veldig...men dei funkar kanskje?
Så er det ein morsam hybdrid frå ArtiMate, den får eit pluss pga fargeutvalget, og har ellers også mange forskjellige typar broddar:
Ser ut som broddane kan ramle av når som helst, men fargen er fin,
og ArtiMate tilbyr set med reservepiggar.
Så finst det entusiastar i Arizona, Kahtoola, som lagar skikkelege broddar, stegjern og truger:
Det er Kahtoola sine "Microspikes"
(korleis ser MAKRO-spikes ut, da, mon tru???).
Dei skulle eg gjerne prøvd ut!
NordicGrip har faktisk også denne varianten, dei kallar den "Monster Grip":
Monster Grip frå NORDICGRIP - ser jo akkurat ut som Kahtoola sine -
kven var først ute, tru? Eller er det akkurat same produkt?
Då eg først var inne på  Nordic Grip sine sider, fann eg også den "norske" varianten av brodde-sålen frå kanadiske ICERs. Kven var eigentleg først ute?
Dette er kraftige saker, "Extreme Grip" frå Nordic Grip.
Liknar VELDIG på ICERs sine.
Men får eit pluss pga den fine fargen.
Det ville vera best om det kom eit godt lag med bra snø, slik at isen blei dekka, og det ikkje var behov for verken piggar eller broddar. Med løpesko som har gode såler, så går det også fint an å løpe på snø utan broddar eller piggar, det har eg gjort gjennom mange vintrar.
Lukas har klør som fungerar utmerket som  broddar .
Han er heldig!
Me får håpe på ein fin isfri vinter!
(Og hugs: Det er ingen skam å bruke broddar!)

11. desember 2013

Ut på brett!

Ååååå eg ser så fram til det kjem meir snø.
For la oss berre innsjå det:

Vinteren kjem uansett, den, og i Vest-Telemark så kjem det alltid snø, så istadenfor å klage over den og vente til våren, så vil eg heller bruke og NYTE snøen!
Eg synst jo det er fint å gå på ski, kanskje helst med turski i fjellet eller i skogen, og også som trening på smale ski i oppkøyrde løyper,
men heilt ærleg:
Det er mykje meir moro å stå på snowboard.

Det kan vel ikkje samanliknast eigentleg.
Snowboard er berre leik.
Når ein tek skiheis opp bakken, så er det ikkje noko å bli sprek av.
Men GÅR ein opp bakken, eller opp eit fjell, for så å stå på brett ned att, ja da snakkar me om trening med ganske høg intensitet!
Omtrent som å sykle opp eit fjell og så suse ned att.
Nå har det ikkje kome spesielt mykje snø her enno.
Men litt.
Eit nissetre!
Og så har det seg slik at treningsbakken min ligg på eit jorde som ligg i skyggen av skogen, og i ly for vinden, så sjølv om snøen har blåst og smelta bort andre stader, så er den alltid litt ferskare der.
Og i går rusla eg forbi bakken min på kveldstur med Lukas, og jammen hadde ikkje ein av naboane kjøyrt bakken opp og ned att med skuter nokre gonger.
Hmmmmmmm... da blir det nemleg plutseleg lettare å stå på brett, for då er det blitt danna ein såle, som kanskje har blitt fast nok å stå på brett på.
Snowboardet mitt er sååå stilig!
Så i dag så MÅTTE eg berre ut og prøve.
Det var solskinn i tillegg, noko som eg ikkje har fått sett spesielt mykje i det siste.
Eg sit jo heile dagen med nasen i fagbøker, og går tur på kvelden, og her hos meg er det sollaust nå på vinteren.
Og Lukas skal jo uansett ut på tur.
Og sola lokka.

Trenings"bakken" min ligg 15min gange ifrå der eg bur.
Praktisk.
Den ligg også litt høgare, så eg får virkeleg opp varmen på veg dit.

Dagslyset avslørte at det var mykje fleire grasstrå som stakk opp av snøen på bakken enn det som var synleg igår i kveldsmørket, så eg følte meg nesten litt dum å spasere der med brettet under armen.
Men men.
Vil det vera nok snø til å stå på brett?
Heldigvis så var sålen som snøskuteren hadde laga, fin og fast og veldig glatt å køyre med brett på.
Det gjekk fort!
Sidan det var eit par varmegradar, så var snøen litt våt, og glien veldig god.
Eg rakk eit par turar opp og ned, og nokre svingar og krussedullar i snøen.


Så blei Lukas for utolmodig.
Stakkaren stod nemleg i band i skogkanten.
Eg kan ikkje ta sjansen på å sleppe han for tida, han har nemleg stukke av heile to gonger frå meg den siste veka, på jakt etter damer!
Sporene i snøen pluss den gode ferske lukten av alle firbeinte damer blir nok for fristande for han.
Lukas på tur, laus. Dette blir det mindre av frå nå av.
Ja da, han ser uskyldig ut. 
I motsetning til meg var ikkje Lukas fornøydd med at eg stod på snowboard, og på min tredje tur ned bakken satte han i eit bjeffespetakkel utan like. Og han gav seg ikkje, om eg kjefta og rosa og gav godbitar, han bjeffa.
Det gadd eg ikkje høyre på, så eg gav meg fort da, og eg tusla heim att.

Snowboardsessionet varte kanskje ikkje så lenge, men sååååå moro som det var!!
Det som er fint med å drive både med triatlon og snøbrett og diverse annet er, at alt vær kan brukast til noko. Er det bart, går det an å sykle, ligg det snø, går det an å stå på snowboard eller gå på ski, er det is så er det på med broddar og ut og løpe.

Blir det snø på glatt is, går det an å svømme innandørs eller trene styrke.
Eg har i alle fall ikkje noko problem med å finne på noko å halde på med om vinteren.
Det går an!
(Men eg håpar virkeleg på meir snø altså!)

5. desember 2013

Å halde hodet kaldt - eller varmt

På min siste løpetur, sist fredag, så prøva eg å halde hodet kaldt.
Det funka ikkje.
Så då kan eg jo heller prøve å haldet hodet varmt.
Så nå har eg funne fram bilder av luer eg har laga.

Lett var det ikkje å bla gjennom hundrevis av bilder, men til slutt så fann eg i alle fall fleire fargevariantar av ein av yndlingsmodellane mine.

For moro skyld har eg kalla den "Equinox", noko som betyr at natt og dag er like lang, og dette skjer på haust- og vårjamndøger, altså rundt 20.marks og 22.september.
Det er nemleg rundt denne tid at lua eigner seg best til bruk - det er ei haust- og vårlue, rett og slett.

Luen er baggy i fasongen, og hekla med halvstavar.
Den sit godt inntil hodet, men utvidar seg etter bruk.
Garnet er frå Viking of Norway og heitar Bjørk. Det består av 90% bomull og 10% merino og er supermjuk mot huden. Til og med eg greiar å ha den rett på utan å klø!
Garnet er superwashbehandla, dvs at lua kan vaskast i maskin, med ullvaskemiddel på 40gradar (men utan skyllemiddel!). Det finst i mange fine fargar:

Den lilla farga lua er den første eg laga, og så laga ein blå variant:
Lua er kjempegod når det er er litt småkjøleg om hausten og våren, eller når ein er i aktivitet om vinteren.
Pga merinoulla i garnet held lua litt fuktighet unna (rein bomull ville suge til seg fukt og bli våt).
Det som er fint med baggy luer er at ein kan dra dei langt nedover ørene, eller lenger opp, alt ettersom om ein treng å halde hodet kaldt eller varmt ;)
Denne lua er min absolutt favoritt, men til vinterbruk er den kanskje litt tynn, så eg vurderar å lage ein variant som er fôra med fleece.
I stil med både sykkel og yndlingsbukse måtte eg lage meg ei lue i svart og oransj:
Sjølv om eg ikkje er så glad i svart og oransj, så er akkurat denne lua bitt den absolutte favoritten min.
Eg elskar den, rett og slett!
Lua falt viss i smak hos andre også, for plutseleg så fekk eg bestilling av heile tre luer via venner av meg.
Men eg er ganske treg til å lage luer på bestilling, så blir det salg av luer etterkvart, så blir det salg av eksisterande luer (og det finst det faktisk nokre av).
Enn så lenge kosar eg eg med å lage luer akkurat som det fallar meg inn - innfallsmetoden er nemleg ikkje berre nyttig i off-seasontrening, men også når det gjeld lueproduksjon!