Viser innlegg med etiketten produkttest. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten produkttest. Vis alle innlegg

27. juli 2015

MuleBar - energibar HunzaNut - min nye favoritt

Utan energi kjem me ingen stad - verken i dagleglivet eller på trening.
Så energi skal til.

Og i tillegg til den mentale energi som får ein til å kaste seg ut døra ikledd løpetøy eller trillande på landeveissykkelen, så er det også viktig med energi i form av kaloriar.
Mat.
Eller drikke.
Energibarar er pakka ned til ein forutsigbar porsjon energi, har lang haldbarhet og også forutsigbar smak og energiinnhald, samanlikna med f.eks. brødskiver eller banan.

Eg har for fleire år sida prøvd energibarane frå Mulebar (les innlegget her), sidan eg likar konseptet deira. Den smaksretninga eg prøvde den gangen ("Apfelstrudel"), var veldig god også. Litt søt kanskje, men veldig god.
Men etter å ha prøvd fleire variantar av MuleBar, har eg fått meg ein ny favoritt: "HunzaNut".

Så denne har eg bestilt meg fleire av etterpå, og hatt den med i løpebelte som nødmat i tilfellet eg skulle gå tom for energi. Det har funka fint, sjølv om eg stort sett har ete den til tross for at eg eigentleg hadde nok energi igjen. Berre fordi den er så god..


Den har altså aprikos og valnøtter som hoved- og smaksgivande ingrediens. Det eg likar med Mulebar i tillegg til den gode smaken, er at dei brukar ein god del av ingrediensane frå Fairtrade-godkjente produsentar. Det gjeld ikkje alle smaksvarianter. Dessutan er emballasjen visstnok komposterbar. Det har eg ikkje prøvd, men tanken er god. Havnar emballasjen i naturen, blir den faktisk borte etterkvart. Vanleg plast er ikkje nedbroten for etter mange tusen år...

Denne energibaren er nok best eigna for rolege løpeturar, sykkelturar eller turar i fjell og mark der intensiteten ikkje er så høg, eller er ein kan ta seg ein pause. Konsistensen av sjølve baren er riktignok "saftig" nok og ikkje tørr, og dermed lett å svelge, men det er store bitar av aprikos i baren, så du kan ikkje berre stappe den i deg i stor fart og høg pustefrekvens. Den skal nytas.


HunzaNut'en er ikkje spesielt klissete, ikkje eingong etter å hva vore med i drikkebelte på rundt 25gradar i sola. Emballasjen er forresten også lett å opne (det finst andre barar som er heilt håplause - nokre må du dra og rive i, mens andre får du berre av ein flik av gangen).
Heile baren er på 56gram. Ein fin liten snacks. Det er mange barar som er rundt 50-60gramm. Du får i underkant av 200kcal per bar (192kcal for å vera nøyaktig).
Det som eg likar så godt ved akkurat "HunzaNut"-varianten er at den inneheld mest tørka aprikos, og ikkje syrup eller korn. Heile 32% er tørka aprikos. På dei andre variantane er det ofte rissyrup som er hovedingrediensen. Ikkje på denne her...
Dette er ingen energibar for folk med matallergiar derimot. Den inneheld jo nøtter, og korn (havre), og soya, noko som mange med matallergi reagerar allergisk mot.
Men - korleis er smaken da?
Den smakar aprikos - faktisk!
Ikkje alle energibarar som kallar seg "eple" eller "mango" smakar eple eller mango. Eller aprikos. Mens denne her smakar akkurat som navnet sitt antyder. Den smakar tørka aprikos, berre mindre påtrengande. Så har den ein meir saftig konsistens og nøttebitar - den glir liksom lett ned.
Det har hendt at eg har tatt meg ein slik også om eg ikkje har trent, f.eks. til lunsj. Berre fordi den er så god - med så mykje tørka frukt og litt valnøtt (7%) så er den også litt sunn, tenker eg. I alle fall på lik linje med ei brødskive. Berre at den smakar bedre.

Lukas fekk ikkje smake. Det syntest han ikkje var så greitt. Men han har ingen problem med varierande blodsukker og humør - han er aldri sur på tur - dessutan finn han mange - ehem - "godbitar" undervegs som gir han energi. Så han var berre bakgrunnspynt her :)

Eg er forresten (dessverre) på ingen måte sponsa av MuleBar, så denne testen her kjem rett og usensurert frå hjartaet - og magen sjølvsagt.


6. desember 2014

Grønt waffelmønster.

Eit poeng med å førebygge overbelastning i plantarfascittføter er jo å sørge for god støytdemping for føtane.
Det kan vera i form av gode sko med tilstrekkelig støytdemping, mjuke innleggssåler, lite "hopp og sprett", lite/ingen løping, gange stort sett på mjukt underlag, og gelinnlegg for hælane.

Sistnevnde blei eg anbefalt av fysioterapeuten som tok ultralyd på føtane mine i oktober.
Han kalla dei Tulis-sålar.
Og det kan ein google på og få bildet av.
Tuli's heavy Duty Heel Cups - hælkappe
Dei blir også omtalt som hælkappe, hælkopp, hælbeskyttere, osv.
Det er hælnedslaget dei skal fange opp/dempe. For det er visst da støytbelastninga er størst på den plantare fascien, sjølv om den også faktisk blir strekt i stor grad når ein går og "skyver" frå med tærne:
Det er i første og siste posisjon at fascien er maksimalt strekt og belasta.
Og det er i den første posisjonen, ved hælnedslaget, støytdempinga frå gelhælinnlegg kjem inn.

Eg skulle uansett bestille meir kinesiotape og sportstape, så då blei det hælinnlegg i tillegg. Riktignok ikkje frå Tuli's, men frå Mueller:
Mueller's Pro Heel Cups.
Nå er hælinnlegga frå Mueller ikkje så ulike dei frå Tuli. Mønsteret er berre mindre sofistikert. Meir klassisk vaffelmønster. Eg veit ikkje om det har så mykje å sei om måten dei fungerar på.
Muellers Pro Shock Absorbing Heel Cup.
Eg har brukt dei nå i eit par dagar på tur med Lukas, både på sti og asfalt.
Innlegga kjennest gode.
Eg har riktignok plassert dei oppå ein mjuk innleggsåle frå Birkenstocks, men når eg testar gelhælen på sokkelesten mot golvet inne, så kjennet dei absolutt mjuke og gode.
Men er det forskjell mellom mønsteret på Tuli's og Mueller sine?

På helsebutikken.no så skriv dei følgande: "Helnedslagets innledende støtstyrke absorberes av det store og høye vaffelmønsteret, mens det lave og tettere vaffelmønsteret absorberer helnedslagets store press."
Det vil sei at varianten frå Muellers absorberar mest i det innledande støytet, utan det "lave og tettere" vaffelmønsteret som Tuli's har.

Eg trur ikkje at føtane mine skjønner forskellen.
Kanskje skal eg skaffe meg eit par frå Tuli's også etterkvart, og kjenne forskjellen.
Ikkje minst når eg begynner med løpinga igjen, kan det vera kjekt. Men dette blir jo ikkje før til våren/sommaren.

Når eg først var i gang med å bestille utstyr til føtane, bestilte eg meg også meir kinesiotape, sjølvsagt i to forskjellige fargar (for det går utruleg nok an å gå lei av rosa, spesielt når det sit klistra under foten).
Moro med forskjellige fargar. 
Det finst fleire merke som lagar kinesiotape (i tillegg til sjølve Kinesio) og eg prøva Vivomed sin eigen tape. Den forrige rosa tapen var frå Norgestape.
Eg trur kanskje ikkje så sterkt på effekten av kinesiotape for plantar fascitt, og trur at det kan vera det same kva merke som lagar denne, Men som ein ser på bildet, så er limet ikkje det beste - for tapen rulla seg etter berre eitt døgn.
Så eg satsar meir på gelhæl.
Reine jolekortmotivet! :D
På treningssida har eg vore ganske lat.
Det går i vedlikehaldsmodus.
Høg puls blir det på sykkel opp den bratte bakken heim.
Låg puls blir det på turane til Lukas.
Styrketrening har glimra med sitt fravær.

Eg har lyst på meir snø, og til å begynne å gå på ski.
Og stå på snowboard.
Det blei jo verken ski eller mykje snowboard på meg sist vinter pga leddbandsskade i kneet.
(Bildet er knabba frå Burton).
Men kanskje denne vinteren?

24. november 2012

Likar du å bli våt på beina?

Viss svaret er JA, så er vel dette blogginnlegget ikkje noko spennande lesestoff for deg.

Hausten er jo her fortsatt for fullt, og november visar seg virkeleg frå sin mørkaste side for tida. For ikkje å snakke om tåka og regnet.

Så kva slags fottøy skal ei bruke når ein løper ute i terrenget nå, når det er så blautt?
Eg synst det går fint å styre unna store vannpyttar når eg spring langs vegen, men på seine haustkveldar på våte stiar i skogen er det ikkje til å unngå å bli våt på beina.

Tidlegare denne sommaren har eg hatt lyst på terrengløpesko med Gore-tex membran.
Akkurat for å halde føtane tørre lengst mogleg.
Men så er jo løpesko berre løpesko og ikkje støvlar, og mykje av vatnet vil jo etterkvart renne inn ovanfrå og ein kan dermed bli like våt på beina som med vanlege løpesko.
Og det kan til og med vera verre, sidan Gore-texmemabranen ikkje slepper ut vatnet.

Men eg måtte i alle fall prøve og fann meg eit par terrengløpesko frå New Balance. Sidan dei var på salg, var det ikkje så mykje å gjera feil.
Og ja, i våt grass og på vått underlag så held dei jo vatn unna ei lita stund.
Spesielt i kombinasjon med ullsokkar så får ein ikkje denne følelsen av å stadig få påfyll av iskaldt vatn sigande inn mot føtane.
Terrengløpesko frå New Balance med Gore-texmembran.
Ikkje dei sprekaste fargane, men den gjer nytten.
Ei anna løysing på utfordringa løping/sykling i regn er å bruke membransokkar.
Eg har vore skeptisk mot dette før, spesielt Gore-tex kan eg umogleg tenke meg at skal vera bra nok, med tanke på at den både skal puste OG halde vatnet ut, med så mykje belastning ein membran får trykt saman av foten i ein sko?

Men det finst andre membranar også, og produsenten Sealskinz lagar altså sokkar med membran.
For eit år sida så investerte eg i eit slikt par sokkar/strømpar.
Dei er ganske dyre, men med litt leiting i nettbutikkar, så er dei ikkje mykre dyrare enn gode sokkar i Norge.
Eg var skeptisk her også.
Korleis ville passformen vera?
Dei MÅ jo føre til gnagsår, for korleis skal sokkane med ein membran kunne få plass i ein sko når dei ikkje er like fleksible som vanlege sokkar?
Vil det lukte?
Vil det bli klamt?
Vil det lekke inn vatn likevel?

Nå har eg testa desse sokkane ganske lenge, på mange forskjellige måtar.
Dvs, på løpetur i vanlege løpesko, i terrenget i styrtregn, i  vanlege sko i snø, i turstøvlar som hadde Gore-texmembran, i terrengløpesko med Gore-texmembran, på rusleturar, på motbakkeløpeturar osv.
Sealskinz Mid Length Thermal Sock er den eg har.
Min erfaring visar at dei fungerar veldig bra.
Passformen er utruleg nok bra.
Sokkane sit som små fleksible "støvlar" på føtane, og er litt elastike.
Eg har ALDRI hatt gnagsår - brukt dei på flat mark, motbakke, bratt nedoverbakke, ja eg har også brukt dei istadenfor vanlege sokkar når eg hadde blemmer/gnagsår frå andre sko.
Sealskinz'ane i kombinasjon med asfalt-ASICS på topptur.
Dette var i juli i år.
Dei dannar ikkje spesielt vond lukt, også om eg ikkje vaskar dei mellom kvar gong eg brukar dei, men berre tørkar og luftar dei godt (dei har Merinoull på innsida, kan ha ein effekt her?).
Det blir sjeldan klamt, men midt på sommaren så er den halvtjukke typen sokkar eg brukar, litt i varmaste laget - det fint visst ein tynnare variant også.
Det kan hende det lekkar vatn gjennom, men eg har aldri kjent dette.


I kombinasjon med løpesko med Gore-texmembra er dei glimrande, synst eg.
I terrengløp/kon konkurransar hadde dei vel etterkvart mista sin funksjon, då ville eg nok brukt løpesko utan membran og vanlege sokkar, det er mykje bedre at vatnet renn ut av skoene igjen enn å prøve å halde det ut.

Og det går an å springe FORT med sokkane også :D
Dette bildet er tatt i september i år.
Men til trening er dei gode og varme å ha på, kjennest mjuke på foten og som sagt, eg har berre gode erfaringar.
Desse sokkane er min absolutt favoritt når eg skal ut og løpe.
Eg vurderar å kjøpe eit reservepar, for dei kan vel ikkje vare evig, så mykje som eg brukar dei?
Det er nemleg stor sjans for at dei blir med på tur i dag også...

(Dette er forresten produktanbefaling som eg velger sjølv å skrive, eg blir ikkje sponsa av nokon av ovannevnde produsentane. Ikkje av andre produsentar, for den saks skyld.)

22. juli 2012

Heilt topp

Nokon driv med motbakkeintervalltrening.
Eg er ein av dei.
Men viss eg kunne velgje, ville eg heller løpe opp heile den bakken med gåpausar i mellom, enn at eg spring to minutt i motbakke for å jogge nedatt og gjenta dette eit x antall gonger.

Dermed var det akkurat det eg gjorde i går.
Eigentleg så hadde både sofaen og PCen og TVen eit godt grep rundt meg.
Hadde det ikkje vore for Lukas, hadde eg antagelegvis utsatt løpeturen til dagen derpå.
Men Lukas er sta, og han skal ha turen!
Lukas fekk viljen sin og eg fekk meg ein motbakkøkt.
Me er fornøydde begge to!
Eg har brukt vegen opp til Hattefjell som opptreningsbakke for kneet mitt tidlegare i år.
Små, korte, lett fjærande steg på mjukt underlag i motbakke er jo sååå bra påstod Fysio'n, nemleg.
Det er ca.585m høgdeforskjell mellom meg og toppen av Hattefjell.
Det høyrest mykje ut, synst eg.

Men det er jo berre som å småspringe opp trappar, eigentleg.
Sjølv om eg ikkje spring heile tida.
Som tidlegare, så delar eg opp: eitt minutt løp, eitt minutt gange.
Gjentek eg dette 15x kjem eg til Skuggelimyr, der det er - riktig gjetta - ei myr (og ganske våt er den også), og derifrå startar ein ganske smal bratt sti opp mot toppen. Den tek det 8-10min og gå opp.

I går var eg ganske seint ute, sola hadde gått ned mange plassar nede i Seljord, men ho skein fortsatt på dei kringliggande toppane. Såå fint!
Kroppen kjendest litt tung på veg opp, og kondisen var ikkje heilt der, kjente eg, men alt dette er jo gløymt når eg står der oppe ved postkassa.
Nydeleg å koma på toppen! Utsikten er alltid like fin.
Eg rakk dei siste solstrålane også.
Eg synst ofte at det er vanskeleg å kle seg riktig i motbakkeløp. Det går seint og blir utruleg varmt på veg opp, og så blæs det jo gjerne på toppen, og på veg ned att kunne ein like godt ha hatt langbukse også om sommaren.
Det som er kjekt å bruke da, er slike "lause armar" og "lause kne" eller knevarmarar.
Utsikt over skyggelagte Seljord frå Hattefjell.
Her brukar eg ASICS armvarmarar sidan eg likar å springe i singlet,
men frys fort på armane... Praktisk!
Det er så praktisk når temperaturen ligg mellom langbukse og shorts. Eller mellom singlet og langerma trøye.
Og eg som har vanskeleg å bestemme meg i utgangspunktet har funne slike lause armar og bein så praktisk.
Du får både og. Ja takk, begge delar, liksom.
ASICS armvarmarar - dei kjøpte eg i Oslo ifjor, rett før halvmaraton på Oslo maraton.
Dei finst også i maaaange fine fargar, men dei hadde svart, og det er bedre enn ingenting.
Før Haugesund investerte eg i eit nytt par knevarmarar. Dei som eg har frå før var anten 1) for kalde (Lycrastoff, det blir nesten kaldare enn utan) 2) for trange (lause bein som avsnørar blodsirkulasjonen på syklinga) eller 3) for korte (knevarmarar som berre varmar kneet).


Etter litt leiting på nettet fann eg eit par fine knevarmarar av ei blanding av ull og syntetisk materiale, frå ORCA. Dei er litt lengre enn at dei berre dekkar knea, mjuke og behagelege, tøyelege, lette, varme men pustande, og held godt fast rundt låret utan å snøre inn blodsirkulasjonen.
"ORCA Unisex Velo Torque Merino Knee Warmers"
Eg braut med prinsippet mitt om "Ikkje fleire svarte plagg"denne gongne. Desse var for gode til å la vera å kjøpe dei. Dessutan har dei i alle fall nokre lyse kontrastsaumar og refleks på framsida.
Dei er heilt nydelege å ha på (det er merinoull i dei), og kosta ikkje all verden heller.

I motbakken i går hadde eg dratt dei ned til føtane, mens eg drog dei opp over knea då eg kom på toppen der det blåste. Fantastisk oppfinning!
Hadde kanskje vore enda betre i finare farge, men så kan eg jo alltids shine opp litt med ei trøye i "Hi-Viz"- farge.
Og vips så hadde eg langbukse!

Fortsatt god søndag!

15. januar 2012

Perfekte forhold for broddar!

Då var altså all den fine snøen som kom på måndagen og la seg som godt underlag på vegar og stiar, smelta til vatn for så å fryse til is att med ein gong. Med andre ord:
Perfekte forhold for testing av løpebroddar på krevande isete underlag!
Det ser ut som Seljord kommune sparar på strøinga her. Nokre få sandkorn her og der, men om det er litt blank is, pytt pytt. Etter torsdagsturen i Hjartdal blei dette tydeleg, der borte var vegane nesten svarte så godt var det strødd!

Men nå har eg jo fått meg gode broddar, og skal slutte å klage.
Broddane eg har fått meg er frå "Nordic Grip", og er bestilt frå XXL, i størrelse M, 37-41.
"Nordic Grip Running Brodder", bilde frå XXL.
Eg hadde så utruleg lyst til å springe ein tur på onsdag, så det var bra at broddane kom i posten på tysdag.
Først, så testa eg dei ute på tur tysdagskveld:
Ut på tur, aldri sur?
Kanskje når ein har gode broddar på  isen så ein ikkje sklir?
Som ein ser, så har broddane to ekstra reimar, slik at ein koblar forfotdelen saman med hældelen. Reimane blir trædd gjennom ein D-ring og så festa med borrelås.



Enkelt og praktisk. Legg merke til korleis reimane matchar skoene mine i fargen. Det syntest eg var kjekt eg :D
Det hjelpar at broddane er litt stilige i fargen.
Reimane virkar solide. Spesielt i motsetning til dei gamle broddane mine der borrelåsen ikkje var sydd på reim, slik at den faktisk knakk på grunn av materialtretthet. På Nordic Grip så har reimane kontrastsaumar i blå. Kan fortsatt ikkje tru at dei matchar løpeskoene så bra ;)

Mens det er fem piggar under forfoten, er det berre to piggar under hælen. Det er sikkert greitt nok det, men eg skulle ønske at det var fire her. Det er slik at i nedoverbakke så er det hælen som får kontakt med underlaget først, og kontaktpunktet er skosålen, og ikkje ein av dei to piggane. Så når ein går i nedoverbakke, så kan ein faktisk miste grepet eit øyeblikk, fram til forfotet møtet underlaget (dette er forresten ikkje noko problem når ein spring. I alle fall for meg som landar på forfoten).
Så her hadde eg ønska meg eit par piggar til. På flata og i motbakke derimot er det nok grep.


Piggane på broddane virkar solide. Dei er støypt (skrudd?) inni ein liten rundt plastbolt (blå) som så er festa i gummisålen til broddane. Det gir godt feste på både is og snø. Men ein ulempe er at dei BRÅKAR!
På rusleturen min tysdagskveld gjennom dei stille skogane i Seljord blei det faktisk ganske forstyrrande og nesten uuthaldeleg (ok, eg var eigentleg ganske trøtt og søvnig i utgangspunktet, så folk flest ville kanskje ikkje ha oppfatta knirkinga som så uuthaldeleg).
Men broddane gav godt grep i både oppover- og nedoverbakke. Veldig mykje bedre enn å gå sikksakk mellom isflatene.
Kveldshimmel som speglar seg i isen i hjulspor på eventyrøy.
Så var det løpeturen. Broddane skal altså vera laga for løping  fortel nettsida deira (www.nordicgrip.no):

"Den optimale løpebrodden gir godt grep i frasparket, solid friksjon under hælen og sitter som støpt på skoen. Denne brodden var ikke enkel å lage, siden underlaget man jogger på varierer mellom løs snø, hard snø, is og asfalt. Etter grundige tester fant vi optimalt antall pigger og ikke minst optimal plassering av piggene. Broddene festes med borrelås slik at de sitter som støpt på skoen. Broddene er laget i TPE og tåler ekstreme forhold og temperaturer."


For å unngå den bråkete knirkinga tok eg med meg MP3-spelaren og skrudde musikken godt opp, og dermed var bråke-knirkeproblemet løst (i alle fall for min del). Eg sprang gjennom skogen i både oppover- og nedoverbakke, og så eit godt stykke på dei dårleg strødde kommunale vegane her i Seljord, mest på gang- og sykkelsti.
Underlaget bestod for det meste av is i alle former og fasonger, med varierande mengder av strø av ulik kvalitet:
Bildet er tatt på Eventyrøy i Seljord. Å springe/gå her
utan broddar/stegjern kunne sanneleg vera eit eventyr...
Broddane var virkeleg gode å springe på. Eg slappa fort av, og stolte på det gode grepet. Det var faktisk mogleg å springe på is der det ikkje var strødd i det heile tatt, utan å sakte ned tempoet. Etter mi meining er broddane faktisk bedre til å springe med enn til å gå med.
Det var rett og slett herleg å springe på desse broddane!

Men - ærleg talt - eg lengtar etter meir snø - gode broddar til tross...
Det er jo slik eg gjerne vil ha det...

5. desember 2011

Produkttest energibar: MuleBar Megabites

Eg har tenkt at eg etterkvart skal legge ut vurderingar av dei energibarane eg har brukt/testa så langt. Eg synst det er spennande å prøve noko nytt. Dessutan er det så mykje å få tak i, at det kan vera vanskeleg å finne ut kva som passar, og då er det kjekt med produkttestar. Etter Ironman i Frankfurt og utallege langturar på sykkel og på beina har eg funne ut at det er også kjekt med variasjon på næringsinntaket undervegs. Det er ikkje uvanleg å gå lei av energibarane etter 6-7timar, og då er det godt å ha noko å velge imellom.
Energibaren eg begynner med her nå, har eg brukt minst av alle, men eg kjem nok til å bruke den meir.
Viss nokon har testa den her, så legg gjerne inn ein kommentar!
Eg set også pris på å få kommentarar på om det er noko av interesse som manglar i denne testen.


Produkttest energibar: MuleBar Megabites

Produktnavn: MuleBar Strudel Megabites Energy Bar


Produsentens nettside: www.mulebar.com
Smaksvariantar: Hunza Nut, Liquorice Allsports, Mango Tango, Strudel, Summer Pudding
Smak testa her: Apple Strudel
Næringsinnhald pr 100g (ifølge produsenten):

MuleBar har ein kul design.
  •  Energi kJ: 1445 
  •  Energi kcal: 345 
  •  Protein 7g
  •  KH 68g,      derav sukker: 50g 
  •  Fett 6g,       derav metta: 0,7g 
  •  Fiber 5 Natrium: 0,05g  
Ingrediensar ifølge produsenten: 
Rice Syrup 34%, Oats 12%, Apple 10%, Oatmeal 10%, Whey Protein 7%, Raisins 7%, Apricot Kernels 7%, Apple Juice 6%, Rice Crisps (Rice Flour, Sugar, Malt Extract, Sunflower Oil, Emulsifier: Sunflower Lecithin) 5%, Cranberries 2%, Cinnamon 0.5%, Vegetable Oil. 
Allergen information: Contains Nuts, Milk and Gluten. Produced in a facility that handles sesame seeds and soya. 
*Due to the natural content of this bar it may contain small pieces of shell.


Bruksområdet:
Ein energibar 30-60min før trening/konkurranse, og 1-2 barar pr time under trening/konkurranse.


Min omtale av produktet:

Emballasje/handterbarheit: 
MuleBar Megabites er lett å opne. Papiret let seg lett rive opp. Eg har ikkje fått testa dette på sykkelen enda, men tippar på at dette går greitt. Kan vera vanskeleg å handtere/halde fast med éi hand på grunn av den vesle størrelsen.


Mulebaren har heile bitar av tørka frukt
og korn. Saftig og litt klissete.
Konsistens:
Kornete, samtidig forholdsvis saftig, og litt klissete. Små bitar kan bli hengande fast mellom tennane. Dette kan vera ein fordel når du er ute og slit med motivasjonen, sidan du får andre ting å tenke på enn tunge bein. Men for min smak litt for klebrig. Men lett å ta bitar av, både når det er varmt, og når det er kaldt. Ikkje testa under frysepunktet. Baren er saftig nok slik at den ikkje smuldrar opp. Det er heile bitar av korn og tørka frukt i den.

Smaken og lukta er godkjendt av  to
kvalifiserte labradorar, Binna og Mille.
Smak:
"Apple Strudel" altså inspirert av det klassiske austerriske søte
bakverket ("Apfelstrudel")som er fylt med eple (kjempegod er det, forresten). Produsentens undertittel er "eple, rosiner og kanelbar". Det smakar sterkt av kanel, litt av eple, og av kornblanding og tørka frukt. Smaken minner meg meir om ei slags tørka fruktkake enn den klassiske energibaren. Den har ingen overtrekk av noko slag.

Brukbarhet ved varm/kald temperatur:
Baren har blitt testa ved ca 20 gradar og ved ca. 5 gradar. Konsistens var ganske lik, lett å ta bitar av og lett å tygge. Ikkje testa under frysepunktet.

Størrelse på bar:
Den vanlege energibaren er på 56g, mens eg testa "megabite" altså ein mindre variant, som var på 30g.

Pris:
Utan moms: kr 7,75 per energibar (56g), kr 4,25 (30g) for megabite (www.probikekit.com)

Tilgjengelegheit:
Har ikkje sett denne i norske butikkar enda. Eg har bestilt denne frå England.

Lett å opne, kul design, god smak.
Personleg oppleving/kommentarar:
Mitt første inntrykk av denne energibaren var at den var litt for søt. Den smakte sterkt av kanel, og sjølv om eg likar kanel, så minte det meg mest om kake. Eg syntest den var vanskeleg å få ned då eg var ute på løpetur i fjellet. Smaken var derimot god ved andre testturen, då det var blitt haust og eg gjekk med tung sekk i kjøleg vêr. Konsistensen var grei, men  litt for klissete. Eg ville ikkje bruke denne baren på konkurransar med høg intensitet pga at den inneheld heile bitar av korn og tørka frukt som ein kan risikere å puste inn. Den er lett å opne med ei hand, noko som eg synst er viktig.
Energibaren kjem i to størrelsar, noko som er praktisk når ein treng berre "litt" energi. Den vesle porsjonsstørrelsen er også lett å ha i lomma utan at den brukar for mykje plass, og ein blir også spart for halvspiste energibarar. På lange turar er det på den måten også lettare å variere smaken undervegs, og ein går ikkje så fort lei. Eg har ikkje kjendt noko ubehageleg i forhold til fordøyelighet, men dette er jo veldig avhengig av dagsformen og intensitet. På grunn av fiberinnhaldet og den grove konsistensen med heile bitar av frukt og korn er eg litt usikker på om denne baren hadde eigna seg for lange konkurransar som f.eks Ironman, der magen kan fort reagere på mat som er tungt fordøyeleg, men dette er veldig individuelt.

Positivt:
Kjekt med to produktstørrelsar, lett å opne, god smak, god konsistents, tøff og artig design, ny emballasje som er 100% komposterbar, produsenten er medlem i "1% for the planet", ein del av ingrediansar er Fairtrade-sertifisert (ikkje apple strudel smaken).

Negativt:
Litt klissete, sterk kryddersmak, ikkje tilgjengeleg i norske butikkar for tida, heile bitar som kan sette seg fast.

Konklusjon:
MuleBar er ein energibar som eg skal bruke vidare, spesielt på lengre turar med sekk. Den vesle størrelsen gjer at den er kjekk å ha i lomma som reserve også på kortare turar. Ingen energibar for høgintensitetstrening, men kjekk å ha med.

Binna er einig: MuleBar smakar godt. Men ho kunne vel heller tenkt seg ein
"SuperSizeMegaBite-variant", slik at det blir meir igjen å dele med henne ;)