10. august 2013

Å omfavne det mørke

Omfavne det mørke?
Eg?
What?
Og eg som er så glad i sol og lys, og sommar og varme?

Nå er sommaren visst ikkje heilt over likevel, heldigvis.
Men sommarferien er over, og "kvardagen" er tilbake.
Nå er eg jo ikkje i fast arbeid, men det betyr jo ikkje at eg ikkje jobbar.
For å seie det slik: Jobben min er for tida å bli friskare.
Og dette er ingen jobb ein kan ta ferie frå.
Eg kan heller ikkje dra heim frå jobb kl.15:30 og sette meg i godstolen, spise middag, trene, omgås venner og dermed slappe av etter ein endt arbeidsag.
Jobben min er ein fulltidsjobb!
Døgnet rundt.
24/7.
Heile veka.
Året rundt.
Eg har starta opp att med samtaler hos terapeuten min nå etter sommarferien.
Og så godt som det er å få hjelp til løyse opp floker, så er det også ganske slitsamt og krevande.
Dette er noko som er vanskeleg å formidle til folk som ikkje har opplevd dette sjølv. Eg skal ikkje gjera eit forsøk her heller til å prøve å få lesarane mine til å forstå kor stor belastning ein terapeutisk prosess kan vera.
Det er altfor innvikla.

Eg har opplevd at mange "psykisk friske" trur at ein anten skal vera skikkeleg gal, "uberekneleg", "skrudd i hodet" osv for å måtte søke hjelp hos psykolog eller psykiater, eller at det er slik som det blir vist spesielt på amerikansk TV, at terapi handlar om å sitte i godstolen hos terapeuten sin og pratar om kor tungt livet er, og så får ein plutseleg ein "aha-opplevelse" og ein spaserar ut av kontoret helbreda og med nytt livsmot, som eit nytt menneske liksom.

Det finst sikkert desse to variantane også. Men det mest vanlege er nok alt som ligg innanfor desse to ytterpunktene.
For min del, så har eg nok tilbrakt alt for mange timar hos ein psykolog som ikkje skjønte kva som eigentleg var galt, og dermed brukt mykje tid og krefter med å ikkje koma vidare.
Heldigvis har eg etter utredninga i 2011 fått ein terapeut som eg virkeleg kan jobbe med og har tillit til, som er fagleg dyktig, visar empati og gir støtte, utfordrar og vurderar undervegs.
Og det gjer at eg virkeleg kan gå inn og jobbe med ting som ligg langt tilbake og visar seg til å vera viktige faktorar i dei helseproblemene eg har hatt i mange år.
Så det er jo bra, ikkje sant?
Eg synst jo at eg er heldig som får så god hjelp.
Men som sagt, det er også ganske krevande.
Det er mykje som skjer i terapeutiske prosessar som er vanskeleg å forstå.
Eg er jo ingen psykolog, og om eg var det, så er det ikkje sikkert eg hadde skjønt alt som skjedde ved meg sjølv. Me er dessutan alle forskjellige, så same behandling/terapeut har jo ulik virkning hos ulike menneske.
Me er litt like men først og fremst ganske forskjellige alle saman!
Eg blei minna på kor krevande terapi er etter første samtalen med terapeuten min etter sommarferien denne veka. Timen varte lengre enn vanleg pga at me måtte koma litt ajour og gå igjennom det som hadde skjedd i løpet av sommaren.
Det heile blei ganske intenst, det var mykje å drøfte og analysere og finne ut om.
Etterpå så var eg saman med venner i eit par timar, men då eg så kom heim, så sa det stopp.

Eg er nå vant med varierande dagsform og at eg er mykje sliten og nedstemt og manglar energi, og prøvar forskjellige måtar å meistre dette på. Av og til er det godt å løpe ein tur. Eller så kan eit par timar foran TVen med god mat gjera underverk. Oppmerksamhetsmeditasjon har eg også prøvd, men det funkar foreløpig berre når eg har eit visst "rest-overskudd" igjen.

Men den gangen var det einaste som hjelpte, å legge meg i senga og få det så stille og mørkt som mogleg rundt meg. Sidan det fortsatt var midt på dagen, så ønska eg meg faktisk vinter. Eller i alle fall haustmørke.
Det måtte helst vera HEILT SVART.
Utan lys og lyd og lukt.
Sånn ordentleg mørkt. 
Då gjekk det sånn nokonlunde.
Jaja.
Eg sovna nok littegrann innimellom, sjølv om hjernen var forsatt i høygir.
Men det hjelpte.
Etter eit par timar i mørke så blei det litt ro i kropp og sinn.
Det er heller ikkje slik at eg blir deprimert eller får negative tankar, eg er berre heilt utslitt da, det er liksom ingen energi igjen til nokonting, alt er brukt opp, så også det minste sanseinntrykk blir altfor mykje.
Eg synst jo ikkje at det er så greitt det, å ligge i mørket når det er fint vêr ute.
Men viss det hjelpar?
Ønska meg å kunne gå ein tur i tussmørke.
Så viss eg blir betre av å ligge i mørke eit par timar, så får eg gjera det.
Det er nå i alle fall utan skadelege bivirkningar.
Bortsett frå Lukas som etterkvart blir uroleg og synst at å ligge i senga i fleire timar på lyse dagen er litt i meste laget av inaktivitet.
Men så er det også til hans beste, sidan det som regel blir det jo ein rusletur med han etterpå viss eg orkar det.

Det som er så bra med Lukas,
er at han er glad i å tur uansett - lyst eller mørkt,
sol eller regn. Go'gutten min :)

Pussig nok så hugsar eg at den dagen så sa eg til ein venn at eg skulle ønske at me kunne ta vare på "ein lys sommardag som denne" og få den igjen midt på vinteren, i januar f.eks. Tenk å hatt ein strålande lys og varm solskinns-sommardag midt i januar?
Nokre timar seinare låg eg altså i senga og ønska meg ein mørk vinterdag, mens det var lyst og varmt ute.
Jaja.
Som sagt.
Eg har det betre etterpå og det er jo det viktigaste.
Så får eg heller nyte sol og lyset ein annan dag.
For det veit eg at eg skal.
Og det ser eg fram til!

6. august 2013

Moro med innfallsmetoden!

Nå har det vore nokre dagar med kjølegare vêr, og Norsemanhelga er over, så nå kjenner eg nesten at det er litt haust i lufta - og spesielt med DET regnvêret som er i dag!
Ååå men eg er ikkje klar for haust enno!
Dvs at eg ikkje er klar for hausttemperatur.
Eg vil helst fortsatt ha litt sommarvarme!

Men dette kan eg jo gjera svært lite med, anna enn å nyte varmen mens den er her, og håpe på ein fin haust. For sommaren har jo vore heilt strålande, så mykje solskinn og varme trengte eg virkeleg, då synst eg livet blir litt lettare, pulsen går eit par slag ned, roen senkar seg og pusten går djupt.
Sommer sol og bading...eg vil ha meir av dette!
Det er berre så herleg med den varme vinden når ein syklar om sommaren, forfriskande vatn å bade i, sand mellom tærne (eller pinner under føtane, slik som Lukas sørger for at eg har her i hagen :D) og brun hud.
Lukas er ansvarleg for regelmessige lesepausar og
fordeling av pinner på plenen.
Han tek jobben sin seriøst.
Det har ikkje skjedd noko spesielt i det siste eigentleg, anna enn at eg har igjen brukt innfallsmetoden for å "planlegge" treninga mi, noko som kanskje er ei motsetning i seg sjølv, eller?
Eg trenar det som fallar meg inn.
Samtidig som eg alltid har Trondheim Triatlon i bakhovudet. Den er om knappe tre veker, og eg kan ikkje berre ignore dette. Det er faktisk berre éin gong eg har gjennomført ein olympisk triatlondistanse tidlegare. Og det var tilbake i 2008, på Oslo Triatlon. Det gjekk ganske bra den gongen.

Så eg er veldig spent korleis det vil gå i Trondheim!
Så det som fallar meg inn for tida, er kortare økter, på maks ein time, på løp og sykkel.
Eg elskar å sykle i varmen!
På løp så fortset eg med løpeintervall à la Dave Scott, for dei øktene likte eg veldig godt.
Ellers så har eg begynt med "fartlek", altså løpeøkter der omgivelsane styrer tempodraga.
I mitt tilfelle er det gjerne Lukas som får styre litt da.
Det blir da gjerne full pinne fram til neste lyktestolpe, og brå stopp, og så full pinne til neste gjerdestolpe osv.
Og så styrer litt roleg tempo innimellom.

Eg trur at "innfallsmetoden" ikkje er så dum i periodar.
For meg så betyr det å finne ut kva eg har lyst til å gjera, og ikkje kva som står på treningsprogrammet. Etter at coachingsavtalen med Dave Scott er avslutta (eg driv alt og skriv ei evaluering av denne, men det tek tid) så har eg jo frie tøyler, og er igjen min eigen coach.
Og som min eigen coach kan eg stoppe når
som helst på løpetur og ta bilder!
Eg kjenner jo at i periodar når eg er nedstemt, og dei negative tankane ikkje slepper taket, då treng eg ein ekstra gnist av motivasjon for å koma i gang. Då nytter det ikkje å følge eit program. Sjølv om det er fint å ha eit program som eg kunne trene etter utan å tenke eller vera motivert til, ikkje sant?
Men på mine mørkaste dagar, ja då gir eg F i treningsprogram, for då er jo alt dritt, liksom.
Og då kunne det vera fint å vite kva eg eigentleg likar best å gjera av trening.
Det som eg ikkje hugsar fordi hovudet mitt køddar med meg og får meg til å tru at ingenting nytter og ingenting er bra.

For eg er ikkje tvil at eg blir i betre humør av å trene.
Om det nå er mens eg held på, eller etter gjennomført treningsøkt.
Eg blir i alle fall glad av å svømme!
Av og til blir eg også i betre humør av å gå ein tur, men heilt ærleg, det er trening som funkar best for meg.
Eg treng å få opp pulsen og drive med ein aktivitet som eg er nødd til å fokusere på.
Og det er ikkje alle typar treningsøkter som fungerar like bra.
Så innfallsmetoden brukar eg for å finne ut kva som havnar øverst på lista over lystbetonte økter.

Det var ein bra artikkel i iFOrm ein gong, om dei forskjellige typer trening som passar til forskjellig dagsform. For eksempel, så var det lurt med roleg trening i form av yoga, pilates, roleg svømming eller liknande når ein kjenner seg sliten og helst vil krype i sofaen med ein kopp te, mens ein heller skal drive med høgintenst trening som løpeintervall, intens spinning, Zumba e.l. etter ein dag med hektisk aktivitet og frustrasjonar, for å få ned kroppens spenningsnivå.

Eg hugsar nå ikkje alle detaljane frå artikkelen, men you get it, det er ikkje alle dagar all slags trening passar.
Så innfallsmetoden skal eg bruke ein stund nå.

Samtidig som eg i det store og heile har ein plan med treninga mi framover:
  • oppretthalde/forbedre kondis ved hjelp av løpeintervall
  • trene/forbedre styrke
  • fokusere meir på fart enn uthaldenhet, både på løp og sykling
Det er ingen motsigelse å planlegge trening over eit større tidsrom samtidig som eg plukkar mine treningsøkter etter innfallsmetoden frå dag til dag.
Så me får sjå kor langt eg skal halde på med dette, for kjenner eg meg riktig, så blir eg snart lei av dette og ser meg rundt etter eit fast treningsprogram.
Men den tid den sorg, eg kan jo berre finne på eit treningsprogram den dagen eg treng det.
Kjekt å vera min eigen coach igen, eigentleg...

5. august 2013

Blogging on the go

Så klart at internettet er ekstremt tregt og nektar å laste opp bilder og tekst når eg har ferdigskrive blogginnlegget mitt!
Eg blir ganske frustrert over det, altså!
Grrrrrr.
Men men, kan jo hende at det hyppige tordenværet har skylda for at nettet er tregt, men uansett så har eg ikkje tolmodighet til å vente på at eit bilde i størrelse 158kB brukar 15min til å bli lasta opp, om det da i det heile tatt kjem opp.
Så nå får eg testa blogger app'en igjen.
Den funkar ikkje spesielt bra den heller, men eg får i alle fall lagt ut eit nytt innlegg slik at eg slepp å sjå på det gamle :D
Lukas er tappert med på løpetur i varmen :)

2. august 2013

Dave Scott som coach - eit tilbakeblikk

Nå er snart fire veker sidan IM 70.3 Haugesund, og dermed også fire veker sidan coachingsavtalen med Dave Scott tok slutt.
Dermed er det på tide med eit lite tilbakeblikk.
(Lite, hahaha, berre les vidare, det er ikkje lite, dette!).

For det første: eg har ikkje betalt éi krone for denne coachingsavtalen, sidan eg vann denne i samband med julekalenderen til Ironman Haugesund på Facebook i desember 2012 (på sjølve joleftan, faktisk, det var herleg å få tjuvstarta med ei så flott gave så tidleg den dagen).

Dermed var eg ganske open mot kva eg kunne vente meg.
Her kjem først litt oppsummering av opplegget:

Oppsummering av coachingsopplegget
Dette coachingsopplegget var ope til fleire frå Norge.
Så eigentleg var det eit gruppecoachingsopplegg, der ein kunne velge treningsprogram frå tre ulike nivå: nybegynner, vidarekomen og avansert.
Det var også mogleg å skille mellom svømmenivå og sykle/løp-nivå, dvs velge avansert sykling og løp med nybegynnersvømming osv. Det var også enkelte som fekk heilt indiviuelt treningsprogram frå Dave Scott, det gjald dei som var proffe triatlonutøvarar eller som var på proffnivå.
Treningsprogrammet strekte seg over fire månader, frå mars til juli fram til konkurransedagen 7.juli 2013. Som start så blei det arrangert "kick-off" møte, der Dave Scott reiste over til Norge i februar, og møtte deltakaren i Oslo og deretter i Haugesund.
Ifrå mars så blei det arrangert nettmøte ein gong i månaden, der det var anledning til å stille spørsmål direkte til Dave Scott og assistenten hans Dave Glover. Forøvrig var det berre å sende epost med spørsmål om trening og treningsopplegget til Dave og David, så kom det svar anten som epost, eller som fellessvar pr video som alle i gruppa hadde tilgang.
I konkurranseveka var det det opplegg dagleg frå tysdag til fredag, med demonstrasjon av øvelsar, svømming og ulike teknikkar, foredrag med Dave Scott (som var opent for publikum forøvrig) og felles pastaparty med Dave og partneren Christine på fredagskveld.
(Og så kan eg ikkje heilt svare for om det var avslutning eller noko på søndagen, som det kan lesast tilbake her i bloggen min, så var eg ikkje i stand til å delta i konkurranseveke-opplegget meir enn på tysdag og fredag, så her kan det ha skjedd meir enn det eg har fått med meg).

Mi oppleving av opplegget:

For det første, så hadde dette opplegget ein umiddelbar STOR effekt på motivasjonen min: eg hadde mest lyst til å droppe heile jolefeiringa frå det minuttet eg fekk telefonen av Ivar Jakobsen om at eg hadde vunne coaching med Dave Scott. Eg hadde mest lyst til å koma i gang med trening så fort som mogleg!!

Kick-off
Kick-off'en i Oslo var veldig artig, og inspirerande, og lærerikt for meg. Utan denne hadde eg nok ikkje vore så engasjert i å følge treningsprogrammet. For meg er det nok viktig å bli kjent med den personen som skal organisere treninga mi. Det handlar om å ha tillit til at opplegget er bra.
Eg likar jo best å vera min eigen coach, så det var gull verdt å kunne bli personleg kjent med Dave Scott, slik at eg i fire månader kunne la han styre treninga mi.
Eg må sei at det beste med kick-off'en var kanskje den middagen med Dave, Ivar og Alan, der praten gjekk meir uformelt og med kosa oss med vin og italiensk mat og prata om laust og fast.
Som sagt, for meg handlar det å overlate treninga mi til ein annan om tillit. Og den datt fort på plass i møte med Dave Scott i meir uformelle omstendighetar som denne middagen og frukosten på hotellet dagen etterpå.
Det var forresten ganske kult å ete frukost med ein 6xIronman World Champion! Han er virkeleg faktisk eit menneske av kjøtt og blod liksom, som treng kaffen sin om morgonen han også, herleg! Dave Scott er også lett å prate med, jordnær og morsam, han tek seg tid til kvar enkelt og er rett og slett ein hyggeleg fyr.

Treningsprogrammet
Eg valgte meg ut "vidarekomen"/intermediate nivå for både svømming og sykling/løp. Kva som er forskjellen mellom dei tre nivåene kan eg ikkje uttale meg om. Programmet til Dave Scott var ganske omfattande, både med tanke på volum og intensitet. Det bygde på at aerobt treningsgrunnlag alt var lagt gjennom vinter, og inneheldt derfor lite roleg trening, men mest økter med mykje høg intensitet. Planlagt var tre økter av både svømming, sykling og løp, og i tillegg så fekk me styrketrenings/skadeforebyggande styrkeøvingar som helst skulle gjennomførast to gonger i veka. Som ein regel, så blei det sagt at med gjennomførte 75% av programmet så var det godt nok.
Det blei altså ikkje forventa at programmet skulle gjennmførast 100% til punkt og prikke, og det var jammen godt å vite!!
For meg så var nok programmet altfor mykje, både i antall treningsøkter og treningsvolum.
Nå skal dei seiast at eg ikkje er 100% frisk, og er i ein fase der eg etter mange år med nedsatt funksjonsevne (mindre enn 50%) er i gang med å koma meg til hektene igjen, så eg trur at eg for 10år sida godt kunne ha følgt programmet, men med mine forutsetningar nå, så blei det for mykje.
Det blei faktisk vanskeleg å takle for meg, at til og med 75% av programmet var vanskeleg å følge, men heldigvis fann eg ut at kvaliteten på treningsøktene var såpass gode at treningseffekten var stor nok til å gje forbedringar i kondis og fart på løpinga.