Viser innlegg med etiketten Telemark. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Telemark. Vis alle innlegg

3. juni 2015

Bakketrening og nye Merrell Allout Rush

Både i går og i dag var eg ute på "bakketrening".
Det er det eg kallar det, i treningsdagboka, forkorta "bt".

Det er altså verken intervall, eller motbakkeløp, men det handlar om å ta seg opp ein bakke i litt raskare tempo og litt høgare intensitet enn det ein ville gjort om ein berre skulle nyte utsikten.
Klar for bakketrening!
For tida så går eg uansett mykje tur i skogen, gjerne på Fivefingers, for å trene opp føtane. Og kondisen.
I går skulle eg først berre ta den vanlege runden med Lukas, men så var det så godt å vera i skogen at eg like godt tok også ein liten topp. Den toppen likar eg godt, den er ikkje så høg men den er ganske bratt på den eine sida, og der kan ein småklatre litt på veg opp. Altså gjera det dei kallar for "scrambling" på engelsk.


Det er spesielt morsamt å bruke Fivefinger til å "scramble" med. Glatt berg har dei godt grep på. På våt mose og lav derimot var det mindre grep, men der trur eg er det ingen skotøy som dugar.

I dag skulle eg først trene styrke, men så var eg framleis ganske støl etter måndagens innsats, så då gav det meir meining å ta ein tur i skogen med Lukas.
Eg skal etterkvart trene føtane mine opp til å kunne bera meir vekt igjen, og derfor tok eg på meg ein liten løpesekk som då veidde ca 2kg. Ein kan jo ikkje starte med 10kg, ikkje sant?

Til hausten skal eg nemleg vera med igjen og gå pilegrimstur frå Grungedal til Røldal, og det er jo mange mil. Dessutan skal eg ha med dagstursekk, og sidan det er berre 2,5mnd igjen, så er det godt å venne føtane til. Eg har jo absolutt ikkje lyst til å gå på ein smell igjen og få plantarfa-skit igjen, slik som i fjor.
Nå skal eg ta tilvenninga s-a-k-t-e!

Turen i går blei på 6,4km med 315m stigning, så i dag ville eg helst ta litt fleire meter stigning og bittelitt lengre tur, men ikkje så altfor mykje meir.

Ein god regel er jo å auke belastninga med 5-10%. Så dette i dag skulle ikkje bli blodslit!
Tvert imot, eg hadde lyst til å kose meg.
Me må ha det litt gøy også, det er lov å kose seg på tur, også når det samtidig er "trening",

I staden for den eine planlagte runden blei det faktisk to rundar, for sola skinte så fint og i skogen var det ly for vinden, så eg tok rett og slett og snudde og tok same runden tilbake.
Heile turen blei på 7,75km med 475m stigning. Altså litt meir enn i går, heilt perfekt.
Mens eg bruka SPYRIDON Fivefinger i går, så bruka eg mine Merrellsko i dag.
Dei er fortsatt i testfasen.

Og etter å ha nå testa dei i ca to veker, er eg sikker: dei er utruleg stilige, har fine fargar, kjempegod mjuk sole med godt grep, tørkar fort, har supergod plass til tærne framme og gode lissar å knyte skoene med.
Merrell Allout Rush på sti.
Men - dei eignar seg nok best for flate grusvegar, stiar eller asfalt.
Så snart underlaget blir meir ujamnt, krevande, eller stien ligg litt på skrå i terrenget, så gir ikkje skoene tilstrekkeleg støtte.



Dvs, dei har godt grep mot underlaget, men dei er rett og slett veldig glatte og mjuke på innsida, slik at foten glir rundt i skoen. Nå brukar eg anten bambussokkar som er jo ganske glatte, eller tynne ullsokkar som også er forholdsvis glatte, men likevel så savnar eg god kontakt med skoen på innsida, føtane blir ikkje godt nok støtta, til dette er materialet litt for mjukt og glatt. Men knottane på sålen likar eg godt, dei har som sagt godt grep og lagar "god lyd" når ein går på asfalt (dei er ganske stille).



Det som eg likar veldig godt med skoen er at den er veldig god på hardt underlag som asfalt, betong og grusveg, der er dei heilt glimrande. Det virkar som eg ikkje treng å leite etter eit nytt par løpesko som kan brukas på asfalt, sidan dei har nok demping til mitt bruk.

Forøvrig så har dei liten "drop" dvs høgdeforskjell mellom hæl og tå, nemleg på 6mm. Eg har tru på at for mine føter og spesielt min rygg, så er det gunstig å redusere denne drop'en. Då har ryggen det bedre, og føtane slappar litt meir av, virker det som.
Merrell Allout Rush - utruleg fine, utruleg gode, plass til tærne og mjuk såle, 6mm drop, og her vist for det eg synst dei er eigna best: på jamnt underlag som f.eks.grusveg.
Eg diggar at skoane har så god plass til tærne, det er herleg, samtidig så sit dei som støypt rundt foten. Eg trur til og med at folk med breie føtar eller høg fotrygg vil kanskje synast at skoen er for smal eller trang, men dei går greitt for meg.
Dei har alt blitt ein trufast kvardags- og tursko, og som sagt, på fine stiar og grusvegar er dei heilt nydelege, så der skal dei nok blitt mykje brukt framover. For bakketreninga i dag gav meirsmak!
Utsikt frå bakketrening i dag. Vind- og solfylt og masse deileg skog! 

11. mai 2015

Eit lite stykke Norge.

Våren visar seg for tida akkurat som eg har det for tida: variabel.
Ein dag er det reinaste sommar der ein kan sitte ut og lese bok, med solfaktor og bikkja som solar seg ved sida, fulgane kvitrar og bjørketrea blir meir og meir grøne, sola skin og himmelen er blå... og så neste dag så er det tåke og yr og med lett bris og 8C er den følte temperaturen nærmare vinterleg.
Omtrent slik har eg det også for tida.
Vårdagar å bli glad av!
Treningsmessig så prøvar eg å utnytte dei fine dagane for å sykle ute, og brukar dei dagane med dårlegare vêr til å trene inne. Styrketrening, for eksempel. Løping er også fint i skogen i lett yr, men løping driv eg jo ikkje så mykje med for tida.
Kvitveis frå tidlegare søndagstur på beina - føtane mine blir sakte men sikkert bedre!
I går var eg ikkje i form til trening eigentleg.
For å vera heilt ærleg, så er eg ikkje i form uansett. Da snakkar eg ikkje om kondis, men om allmentilstanden min.
Eg har så lite å gå på. Det minste krav fører til hodepine, kvalme, magesmertar, migrene, allergi... og medfølgande tankar om tvil på meg sjølv, formen min, kroppen min, sjølvfølelsen min og om det i det heile tatt nyttar.
Det kan det bli mange negative tankar av altså!
Det gjeld å halde blikket og sinnet fokusert på noko som gir gleda og styrke og håp:
Her: eit lite stykke Norge: Fjellet Skorve. Utsikt frå sykkelsetet.
Eg savnar å ha ein konkurranse å trene mot, eg synst det er så motiverande å ha eit mål. Noko å fokusere på. Enn så lenge får eg trene det eg kan.
Og det eg har funne ut er at så lenge kroppen min ikkje spelar på lag, så får eg spela på lag med kroppen min. I praksis betyr det for tida at høg puls kan eg eigentleg berre gløyme dei fleste dagane.
Her skal det trenast roleg.
Så då det var så fint vêr i går så måtte eg berre kome meg ut på sykkelen.
Eg trivst på sykkelsetet i fint vêr - er finvêrssyklist!
Og ja, sjølv om ChiCqiloen er ein temposykkel, så treng ein ikkje berre sykle i raskt tempo.
Tempo er relativ.
Låg tempo. Moderat tempo.
Eit lite stykke Norge (E-134) og eit lite stykke rosa temposykkel.
I går var det i alle fall fine sykkelforhold, til tross for at det blåste ganske kraftig.
Eit par rundar rundt bygda til eg hadde unnagjort ein liten time var nok for meg.
Med litt musikk på det eine øyraet så kosa eg meg.
Lite trafikk var det også.
Nesten urovekkande lite trafikk.
Enda eit lite stykke Norge: E 134 og Lifjell i bakgrunnen med Bjørgenuten.
Kor var folk hen?

Eg kjendte denne turen godt i beina etterpå.
Som sagt, eg har lite å gå på, så eg får ganske god treningseffekt også etter berre éin time på sykkelsete.
Eigentleg ganske praktisk, ikkje sant?

21. april 2015

"Vi kommer i begravelsen din!"

Er det nokon som har sagt dette til deg?
Nei?

Det er kanskje ikkje så rart.
Sist tysdag var eg igjen med på fellessykling i gruppe.
Sidan det første gong endte med fullstendig utmattethet og synsforstyrrelsar og legevakt, så var eg meir forberedd denne gongen.
Eg hadde fått i meg nok mat, ete middag sånn eit par timar før me skulle sykle, utsatte turen med Lukas til etter syklinga, osv.
Denne gongen var me igjen to gruppar.
Den store raske gruppa, og så oss tre, som skulle ta det med ro.
Hardrocxen og den innstøpte kua.
Me syklar på terregnsykkel i gruppa.
Akkurat som sist så greidde eg meg fint den første timen.
Me stoppa nede i Flatdal for å organisere veivalget vidare, og delte oss inn i "Nutheim opp" og "eit stykke innover mot Åmotsdal". Første var kortare.
Så eg blei med der.
Utsikt frå Nutheim.
Foran meg sykla det to karar, og så ei dame som var med for første gong.
Eg blei så imponert over styrken hennes.
Ho tråkkar med utruleg tunge gir, men i jamnt tempo oppover stigninga.
Men eg greidde til slutt å henge med.
Moro var det au, me  var igjen heldige med vêret og ved Nutheim gjestgiveri venta dei to karane på oss.
Utsikt frå Nutheim i Flatdal. Dette var sist søndag.
Jaja, eg er kanskje ikkje den sterkaste og raskaste på sykkel.
Ikkje så rart etter så lite trening som følge av plantar fascittfoten som skulle tas omsyn til.

Men - i nedoverbakke - ja då er eg god.
I alle fall ved gode forhold, dvs lite trafikk og tørre fine vegar.
Så eg susa ned, forbi alle andre, og det var jo sååå moro :)

Me samlast nede på flata (for då det begynte å bli flat, så sakta eg akterut igjen må vite).

"Jøss for ein fart du hadde nedover?!"
"Ja vi kommer i begravelsen din!" sa dei.
- Så koseleg da, svarte eg.

Det er heilt klart ikkje utan risiko å suse ned ein utforbakke på sykkel i over 60km/t.
Men - denne bakken har eg sykla ned såpass mange gonger, og med HardRocx'en min føler eg meg ganske trygg.
Sjølvsagt, det kan skje noko allikevel.
Ein kan plutseleg punktere, eit lemmen kan finne på å løpe innpå vegen frå sida, osv.
Men - bilulykker skjer også, og me let ikkje vera å køyre bil av den grunnen?

"Livet er eit risikofult prosjekt og det endar alltid med døden."
Eg synst eigentleg det er dumt sagt.
Samtidig er det mykje sant i det også.

Eg har i alle fall investert i nye bremseklossar på Hardrocxen, for teknisk svikt vil eg helst ikkje oppleve i 60km/t på sykkel.
Gode dekk er også viktig.
Turen endte forresten med at eg sykla meg tom igjen, men heldigvis denne gongen med synssansen i behold.
Eg blei dytta.
Jepp, dytta. Eg greidde ikkje å henge med dei tre andre.
Tom, rett og slett.
Eg skjønner ikkje. Eg åt ei banan, men det hjelpte ikkje.

Dei siste tre km lot eg gruppa sykle ifrå meg.
Og hadde ein venleg men bestemt dialog inni meg "Dette er heilt greitt. Du har dårleg dagsform. Du er i god form ellers. Formen er stigande. Sjå så fint det jordet der ser ut! Formstigninga kjem nå. Herleg å kunne sykle i mitt eige tempo. Å så fint lys det var i dag."
Når eg syklar aleine, blir det pausar.
Då hentar eg meg inn igjen - og tek bilder :) 
Eg blir jo berre motivert til å trene meir.
Så etter den tysdagen har eg sykla to gonger, og tilbakelagt nokre høgdemeter.
Du blir god til det du trenar på, så då får eg trene på å sykle.

Og så får me sjå kva dagsformen bringer i dag...
Nutheim tok eg også på søndag, den gongen i rosa utstyr og med tempo'en,
i sommartemperatur og strålande solskinn. Det var godt :)

8. september 2014

1100 høgdemeter - ei fryd for lårmuskulaturen!

Det er ikkje så ofte at eg går opp på høge fjell som virkeleg krev si kvinne - som eg synst.
Så når eg gjer det, fortener denne bragden ein skrytetittel.
Lukas er først på toppen av Skorve!
Skorve er eit nydeleg fjell og har Gøysen på 1370 m.o.h. som sine toppar.
Toppen er godt synleg når du kjem vestfrå, austfrå, og sørfrå.
Den skal vera mykje malt, sidan den er så frittståande.
Jaja, det kan vera.

Siste gong eg kom meg på toppen var så seint tilbake som hausten 2012.
Så det var på tide at eg kom meg opp dit igjen.
Og på ein av dei flotte solrike varme dagar siste veka, så kom dagen der eg var i form, hadde nok mat til niste i huset, ingen avtaler og været var berre meldt fint.

Det er ein krevande tur til Skorve, stien er ganske bratt i starten, og for å kome meg til stien så har eg også ein snau time med skogstur foran meg.

Men!
Eg pakka sekken lett, men med alle nødvendige ting, fann fram beltet til Lukas og la i veg.
Eg bur altså på rundt 230 m.o.h., så heile turen blei ei stigning på 1100 høgdemeter.
Skryt skryt :D

Eg tok ikkje med speilrefleksen, sidan eg ville bere lett.
Så bildene tok eg med mobiltelefon.
Det går fint.
Og her kjem bildene.
Dei skal snakke for seg sjølv, for eg trur at haustfjell i solskinn har eit universelt språk:



















Takk for oss, Skorve!
We'll be back!