12. september 2013

Eg er fortsatt ein triatlet!

Til tross for lite trening og blogging.
Det har vore ganske tungt den siste månaden, så blogging har eg ikkje orka.
Har faktisk heller ikkje lest andre bloggar, så kjære medbloggarar, eg gledar meg til å lese meg ajour igjen i dei fine bloggane deres!!

Og det har blitt lite trening den siste månaden.
Trondheim Triatlon (25.8) blei det dessverre heller ikkje noko av, og eg er utruleg lei meg for det.
Men men, det vil kome fleire Trondheim triatlon, så den har eg skrive på "ventelista" mi.
ChiCqilon på siste sykkeltur.
Fem dagar før eg skulle ha deltatt på Trondheim Triatlon...
For å halde meg nokonlunde i form har eg gått mest tur med Lukas, og sykla ein del i terrenget.
Eller - hahaha - ein del? - dvs ein gong i veka, kanskje to.
Men i forhold til at eg ikkje har hatt mykje livsenergi å rytte med, så er det ganske bra å sykle to gonger i veka - og det har hjelpt mykje på humøret.
Då får eg ein liten pause frå livet. Terrengsykling er akkurat passe krevande for at tankane ikkje kan spore av og vikle seg inn i negative spiralar.

Og faktum at dempegaffelen på den stakkars Hardrocx'en min har låst seg for alltid, har gjort at utforsykling på humpete stiar og vaskebrettføre på grus har krevd fullt fokus - ikkje plass til negative tankar i utforbakkar, dei blir rett og slett rista av!
Eg vurderar å bytte dempegaffel eller få meg ny terrengsykkel.
Nå er det stadig stalg i butikkane, så det er mykje som fristar...

Men tilbake til svømminga.
I Seljord opnar ikkje bassenget før etter haustferien så skal ein svømme da (inne) så er det bassenget i Bø som er nærmast. Og sidan eg var i Bø i går, så greip eg sjansen.
Og så herleg det var å svømme igjen!
Eg har nok savna det veldig.
Eg likar godt å svømme, også i bassenget.
Først var det ikkje så mykje folke i dei avdelte banane 1 og 2, men jaggu så fekk eg ikkje selskap av ein tidlegare "triatlonkonkurrent" (Øyvind), og det var jo såå koseleg!
Eg og Øyvind har stort sett vore ganske like prestasjonsmessig, så på mange triatlonkonkurransar og løp har det blitt ein del kniving mellom oss.
Eg er alltid raskare å svømme enn han, men så er han sterkare på syklinga enn meg, mens me er heilt like på løping...
Og det er jo gøy å knive litt da, når ein er så jamnsterk i utgangspunktet.

Etterkvart kom også ein Mikael, og det var i alle fall artig å få sett på svømmestilen hans; sterk og rytmisk, uanstrengt - han virkar å vera i superform, og det håpar eg at han er, sidan han er kvalifisert til World Championships på Hawaii, og det er jo om fire veker.
Og då eg nevnde fo han at eg "ikkje skulle trene svømming i dag, men berre svømte fordi eg hadde uansett legetime i Bø så det passa bra", bemerka han tørt noko slikt som "Ja det er slik ein trenar som triatlet" - når du skal ha tid til å trene både svømming, sykling og løp (og jada, også helst styrke også), då gjeld det utnytte tida og trene smart - klemme inn ein svømmeøkt mellom to avtaler, løpe i lunsjen osv..
.
Eg har ærleg talt aldri tenkt over at dette er noko så triatlettypisk, men samanlikna med "vanlege" folk, så tenker eg kanskje som ein triatlet?
Eg drar jo sjeldan ein stad utan svømmetøy eller løpesko, for anledning til trening kan jo alltids plutseleg byr seg, og det vil me jo ikkje gå glipp av, ikkje sant???

Moro var det uansett, å henge bak triatlonføter i bassenget, eg storkosa meg!
Me blei einige om at det hadde vore kjekt med avsatt svømmetid/baner for triatletane i området, så hadde me kunne hatt fellestrening.
Tida i bassenget flaug avgarde, og eg anar ikkje kor mange meter det blei, men i dag så er eg faktisk støl.
Ikkje at eg svømte så hardt, men eg la faktisk inn ein del raske 50m brystsvømming (eigentleg så kan nakken min ikkje fordra brystsvømming - men for tida så er muskulaturen min ganske god, det kunne til og med fysioterapeuten min kjenne på måndag - altså heilt greitt å svømme bryst).

Så det - eg held meg fortsatt flytande, med hovudet over vatnet - til tross for stillhet her på bloggen.
Ny lue - litt uskarpt - men det er litt slik det er for tida :D

9 kommentarer:

  1. Ikke rart du "tror du tenker som en triatlet". Du ER jo en triatlet! :)
    Og ja, du får ofte lettere alle negative tanker som du måtte ha i hodet, lettere på avstand når du er ute på slike turer. Det har ihvertfall jeg erfart. Som regel, alle de gangene jeg er i dårlig humør, så er jeg alltid mye lettere til sinns etter en treningsøkt. Uansett om det er styrketrening, løping eller sykling :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er jo sant?
      Det skjer jo aldri at eg blir i dårlegare humør etter trening.
      Det har hendt nokre gonger at dei negative tankane har halde seg fast også på løpetur (spesielt dei lange liksom rolege), men på sykkelen då heng dei ikkje med.
      Styrketrening funkar eigentleg også bra, for da skal ein vera litt konsentrert, velge øvingar, vekt, repetisjonar osv..

      Så det er berre å finne ut kva som funkar best - når det røyner på.
      PS: Lua er heimelaga ;)

      Slett
    2. Det var jo en kjempefin lue! Så lur du er da, som "sniker den inn" sånn helt tilfeldig på bildene ;D
      (Ikke vær redd for å vise dem frem ihvertfall, de er jo kuule!)

      Slett
  2. Kanskje blir jeg også nærmere en triathlet hvis jeg begynner å gå med badedrakt i veska? Et sted må man jo begynne - og hadde triathlon vært uten sykling hadde jeg startet for lenge siden.

    Synes uansett du er flink som holder igang selv når livet er, som du sier, uskarpt, og er ganske nysgjerrig på hvordan det går med den vakre brune hunden. Løper han fint i bånd? Skal jeg ha en hund til en gang (neppe), tror jeg det blir en labrador - og helst en brun en!

    SvarSlett
  3. Takk for det, Ingalill!

    Jepp, du er triatlet når du går med badedrakt i veska (kan gjerne bekreftas ved å sykle til og frå jobb/skule, gjerne med løpesko på beina sånn i tilfelle :D

    Lukas har det veldig bra, eg gløymde å laste opp bildet av han der han badar i eit smågjørmete fjellvatn med masse alger og gras, han likar jo slikt, der er vel ein form for hunde-spa.

    Nja og løper han fint i band - ehem - ja faktisk av og til! Når han har fått snusa frå seg på tur, og me løper saman, då hender det at han spring ved sida, i slakt band. Men ser han f.eks. ein katt som eg ikkje ser, då set han etter, full fart, og eg heng etter, nei eg FLYR etter.
    Men han er så herleg, go'guten min, roleg og avslappa og kosete inne, så labrador kan eg trygt anbefale (også som hund nr 2). Gjerne i sjokoladebrun, dei er jo ekstra fine :)

    SvarSlett
  4. Fint innlegg.
    Jeg har selv begynt å definere meg som en triatlet..eller identifisere meg..he he!
    Finnes alltid en mulighet for en av tre disipliner. Skjønner deg godt mtp at energien ikke er tilstede. Kommer selv med et slikt innlegg snart. Virker som at Lukas er din ventil på flere områder. Og han er så fin! Så gåturer med han må være ren terapi. Ønsker deg en fin helg - har sendt deg energiske vibber med lang varighet! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja Luka er reine terapi :)
      Passar godt på meg, han. Og HAN har nå i alle fall masse energi!

      Synst eg har kjent gode vibber frå deg, også om eg var litt fraverande i bloggverden.

      Synst nå at det eigentleg er litt deileg med off-season, har ein mistanke om at det er overgangen som er verst.

      Og du... du ER jo triatlet du nå? Er ikkje det andre sesongen din i år til og med ?

      Ha ei riktig god helg du også! :)

      Slett
  5. Hang in there og fortsett å hold hjulene i gang; jeg synes du er flink jeg!! :-) Og jeg liker samt kjenner igjen dette med å alltid være beredt hvis anledningen byr seg - jeg drasser ofte rundt på treningsbagen. Tror det er en bra innstilling jeg - klar til å benytte seg av sjansen om den byr seg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja viss det er noko som er i gang så er det i alle fall sykkelhjulene ;)
      Hehe eg hugsar for nokre år tilbake då eg køyrde stasjonsvogn og skulle på besøg til ei (triatlon)venninne så var det fullt med treningsutstyr bak i bilen - sykkel, våtdrakt, løpetøy om sommaren, diverse par ski + snowboard om vinteren... kjendest heilt vanleg liksom :D

      Slett