6. desember 2014

Grønt waffelmønster.

Eit poeng med å førebygge overbelastning i plantarfascittføter er jo å sørge for god støytdemping for føtane.
Det kan vera i form av gode sko med tilstrekkelig støytdemping, mjuke innleggssåler, lite "hopp og sprett", lite/ingen løping, gange stort sett på mjukt underlag, og gelinnlegg for hælane.

Sistnevnde blei eg anbefalt av fysioterapeuten som tok ultralyd på føtane mine i oktober.
Han kalla dei Tulis-sålar.
Og det kan ein google på og få bildet av.
Tuli's heavy Duty Heel Cups - hælkappe
Dei blir også omtalt som hælkappe, hælkopp, hælbeskyttere, osv.
Det er hælnedslaget dei skal fange opp/dempe. For det er visst da støytbelastninga er størst på den plantare fascien, sjølv om den også faktisk blir strekt i stor grad når ein går og "skyver" frå med tærne:
Det er i første og siste posisjon at fascien er maksimalt strekt og belasta.
Og det er i den første posisjonen, ved hælnedslaget, støytdempinga frå gelhælinnlegg kjem inn.

Eg skulle uansett bestille meir kinesiotape og sportstape, så då blei det hælinnlegg i tillegg. Riktignok ikkje frå Tuli's, men frå Mueller:
Mueller's Pro Heel Cups.
Nå er hælinnlegga frå Mueller ikkje så ulike dei frå Tuli. Mønsteret er berre mindre sofistikert. Meir klassisk vaffelmønster. Eg veit ikkje om det har så mykje å sei om måten dei fungerar på.
Muellers Pro Shock Absorbing Heel Cup.
Eg har brukt dei nå i eit par dagar på tur med Lukas, både på sti og asfalt.
Innlegga kjennest gode.
Eg har riktignok plassert dei oppå ein mjuk innleggsåle frå Birkenstocks, men når eg testar gelhælen på sokkelesten mot golvet inne, så kjennet dei absolutt mjuke og gode.
Men er det forskjell mellom mønsteret på Tuli's og Mueller sine?

På helsebutikken.no så skriv dei følgande: "Helnedslagets innledende støtstyrke absorberes av det store og høye vaffelmønsteret, mens det lave og tettere vaffelmønsteret absorberer helnedslagets store press."
Det vil sei at varianten frå Muellers absorberar mest i det innledande støytet, utan det "lave og tettere" vaffelmønsteret som Tuli's har.

Eg trur ikkje at føtane mine skjønner forskellen.
Kanskje skal eg skaffe meg eit par frå Tuli's også etterkvart, og kjenne forskjellen.
Ikkje minst når eg begynner med løpinga igjen, kan det vera kjekt. Men dette blir jo ikkje før til våren/sommaren.

Når eg først var i gang med å bestille utstyr til føtane, bestilte eg meg også meir kinesiotape, sjølvsagt i to forskjellige fargar (for det går utruleg nok an å gå lei av rosa, spesielt når det sit klistra under foten).
Moro med forskjellige fargar. 
Det finst fleire merke som lagar kinesiotape (i tillegg til sjølve Kinesio) og eg prøva Vivomed sin eigen tape. Den forrige rosa tapen var frå Norgestape.
Eg trur kanskje ikkje så sterkt på effekten av kinesiotape for plantar fascitt, og trur at det kan vera det same kva merke som lagar denne, Men som ein ser på bildet, så er limet ikkje det beste - for tapen rulla seg etter berre eitt døgn.
Så eg satsar meir på gelhæl.
Reine jolekortmotivet! :D
På treningssida har eg vore ganske lat.
Det går i vedlikehaldsmodus.
Høg puls blir det på sykkel opp den bratte bakken heim.
Låg puls blir det på turane til Lukas.
Styrketrening har glimra med sitt fravær.

Eg har lyst på meir snø, og til å begynne å gå på ski.
Og stå på snowboard.
Det blei jo verken ski eller mykje snowboard på meg sist vinter pga leddbandsskade i kneet.
(Bildet er knabba frå Burton).
Men kanskje denne vinteren?

10 kommentarer:

  1. Jeg tror jeg har Mueller.... den ser i alle fall veldig lik ut som den jeg har. Jeg løper som sagt fortsatt med dette hælinnlegget selv om det nå er 7år siden jeg hadde PF. Jeg har jo en beinlengdeforskjell på ca 1,5cm så jeg tenker at hælinnlegget tjener to funksjoner for meg 1) den utjevner beinlengdeforskjellen og 2) sørger for en mykere landing (i den grad jeg lander på hælen da.... jeg er jo en mellom/forfotløper). Jeg har kun god erfaring med å bruke dette innlegget så jeg håper du også blir kvitt PF dritten - tvi tvi ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Silje!
      Eg skal nok bli kvitt den, men eg reknar med at prosessen ikkje kan framskyndas meir - eg har lest meg opp til dette og funne ut at "kollagenremodellering" tek tid - einaste som kan framskynde er injeksjon av platerik plasma (PRP) eller autologt blod, men dette er enda ikkje vanleg i Norge, og der det tilbys er det ikkje dekning for det og kostar flesk.
      Men det er heilt greitt for det er faktisk alt blitt bedre, det har hendt at eg ikkje har tenkt "PF" før ETTER frukosten, og DET er jo bra.

      Ja eg hugsar at du brukar desse, og eg trur også eg skal venne meg til å ha desse som trufast følgevenn framover ;)

      Slett
    2. Hem.... kan man ikke bare tappe litt blod av seg selv, sentrifugere det, suge ut PRP-laget og injisere det? ;-) Høres enkelt ut - trenger bare noen til å injisere det på rett sted.... utrolig at det skal koste så mye?? Vel, vel, du får bare være tålmodig!

      Slett
    3. Eg trur tilbereding av PRP er ikkje så dyrt, det skal jo berre ei blodprøve og ein lab til (og fullblod skal også funke, men konsentrasjonen av vekstfaktorar osv blir jo mindre). Men så brukar dei visstnok lokalbedøvelse (er jo snilt også) og ultralyd-styrt injeksjon, og der krevst det nokon som kan det + ultralydutstyr (men han fysioterapeuten eg var hos på sjukehuset hadde sånn sett alt tilgjengeleg der).

      Slikt kostar, som det meste i helsevesenet, men eg trur og håpar at dette blir etterkvart standardbehandling for PF og andre skadar som tek tid - alt av sene- og bandskadar brukar jo lang tid å bli bra, så dette kan helsevesenet teoretisk sett spare på over tid.
      Men eg er tolmodig så lenge!

      Slett
  2. Anonym7/12/14

    Ja til at du får snø og muligheter for langrenn. Har personlig aldri vært i så bra løpeform som "etter den vinteren eg gikk så mykje på langrennsski". Say no more. God søndag! Line

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!

      Ja det er sant det. Eg hadde ein vinter med mykje skigåing for nokre år sida, formen var ganske god den da. Me får håpe på masse fin snø etterkvart!
      Forresten så blir det ein god del kondistrening på snowboard også, for då går eg opp bakkane for å stå ned att - det er reine intervalltrening ;)

      Ha ein fortsatt fin søndags(kveld)! :)

      Slett
  3. Disse grønne sakene har jeg hatt også. Håper virkelig du blir bedre av denne PF snart!
    Ellers går det i vedlikeholdmodus her også....korte korte økter.....rekker ikke noe mer. Men det kommer da bedre tider!
    Ønsker deg en god helg! <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har hatt slike også, det er jo bra. Nå har eg brukt dei dagleg, og er begeistra, for dei kjennest fortsatt riktig og eg innbillar meg at foten faktisk har blitt bedre sidan!
      Men det kan ogsås vera naturleg bedring, eller -ehem- all den gode jolematen kanskje? :D

      Vedlikehaldsmodus er bra. Og det vil kome tid til å ta trene seg til formtoppen igjen, men desember er ein fin månad å la kroppen tusle i sitt eige tempo.

      Ha ei riktig fin helg du også Janne :) <3

      Slett
  4. Anonym18/11/16

    Hvor får en tak i di?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er sikkert mange plassar ein kan få tak i dei, men mine bestilte eg frå UK, frå Vivomed (http://www.vivomed.com/en/Mueller-Pro-Heel-Cups/m-7626.aspx).
      Det er da Mueller sine, mens Tuli lagar også tilsvarande. På vivomed er dei ganske rimelege, inkl.frakt, så det går an å prøve dei - eg var jo fornøydd eg da ;)

      Slett