11. mai 2015

Eit lite stykke Norge.

Våren visar seg for tida akkurat som eg har det for tida: variabel.
Ein dag er det reinaste sommar der ein kan sitte ut og lese bok, med solfaktor og bikkja som solar seg ved sida, fulgane kvitrar og bjørketrea blir meir og meir grøne, sola skin og himmelen er blå... og så neste dag så er det tåke og yr og med lett bris og 8C er den følte temperaturen nærmare vinterleg.
Omtrent slik har eg det også for tida.
Vårdagar å bli glad av!
Treningsmessig så prøvar eg å utnytte dei fine dagane for å sykle ute, og brukar dei dagane med dårlegare vêr til å trene inne. Styrketrening, for eksempel. Løping er også fint i skogen i lett yr, men løping driv eg jo ikkje så mykje med for tida.
Kvitveis frå tidlegare søndagstur på beina - føtane mine blir sakte men sikkert bedre!
I går var eg ikkje i form til trening eigentleg.
For å vera heilt ærleg, så er eg ikkje i form uansett. Da snakkar eg ikkje om kondis, men om allmentilstanden min.
Eg har så lite å gå på. Det minste krav fører til hodepine, kvalme, magesmertar, migrene, allergi... og medfølgande tankar om tvil på meg sjølv, formen min, kroppen min, sjølvfølelsen min og om det i det heile tatt nyttar.
Det kan det bli mange negative tankar av altså!
Det gjeld å halde blikket og sinnet fokusert på noko som gir gleda og styrke og håp:
Her: eit lite stykke Norge: Fjellet Skorve. Utsikt frå sykkelsetet.
Eg savnar å ha ein konkurranse å trene mot, eg synst det er så motiverande å ha eit mål. Noko å fokusere på. Enn så lenge får eg trene det eg kan.
Og det eg har funne ut er at så lenge kroppen min ikkje spelar på lag, så får eg spela på lag med kroppen min. I praksis betyr det for tida at høg puls kan eg eigentleg berre gløyme dei fleste dagane.
Her skal det trenast roleg.
Så då det var så fint vêr i går så måtte eg berre kome meg ut på sykkelen.
Eg trivst på sykkelsetet i fint vêr - er finvêrssyklist!
Og ja, sjølv om ChiCqiloen er ein temposykkel, så treng ein ikkje berre sykle i raskt tempo.
Tempo er relativ.
Låg tempo. Moderat tempo.
Eit lite stykke Norge (E-134) og eit lite stykke rosa temposykkel.
I går var det i alle fall fine sykkelforhold, til tross for at det blåste ganske kraftig.
Eit par rundar rundt bygda til eg hadde unnagjort ein liten time var nok for meg.
Med litt musikk på det eine øyraet så kosa eg meg.
Lite trafikk var det også.
Nesten urovekkande lite trafikk.
Enda eit lite stykke Norge: E 134 og Lifjell i bakgrunnen med Bjørgenuten.
Kor var folk hen?

Eg kjendte denne turen godt i beina etterpå.
Som sagt, eg har lite å gå på, så eg får ganske god treningseffekt også etter berre éin time på sykkelsete.
Eigentleg ganske praktisk, ikkje sant?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar