2. mai 2015

Triatlonabstinenser

Nå er det mai, og triatlonsesongen er i gang.
Ikkje for meg.
Plantarfascittføter skal ikkje løpe så mykje, dei skal først bli friske og sterke, må vite.

Men altså...
I dag er det også Bøsprinten, "vårens vakraste eventyr" og ein sprinttriatlon i vakre Bø i Telemark der eg har budde så mange år og der triatlonkarrieren min starta.
I fjor så blei denne også einaste konkurransen min.
Ein kjempetriveleg start på triatlonsesongen, svømming inne i basseng med etterfølgande jaktstart på sykling.
Frå Bøsprinten 2014 - eg svømmer.
Ellers rundt omkring i verden er det godt i gang med store internasjonale triatlonkonkurransar. Eg er ikkje påmeldt på nokon av desse, men har ein drøm for 2016.
Dette er frå IM 70.3 Norway/Haugesund, 2013.
Fint å kunne mimre :) 
Og eg savnar triatlonkonkurransar!
Jepp.
Samtidig så er det heilt greitt, for eg trur i år så er formen min heller ikkje heilt på plass.
Fellessyklinga nå i fire veker har vist at eg har rett og slett veldig lite å gå på.
Og det er ikkje dårleg kondis det går på, sjølv om eg heilt klart har dårlegare kondis samanlikna med same tidspunkt i fjor.
Motivasjonen for å trene er det,
men for tida så føler eg meg som ein skygge av meg sjølv..
Det er berre at etter ein time aktivitet er det stort sett slutt.
Kroppen er køyrt tom.
Og den seiar stopp. Eh, kan nokon dytte meg kanskje slik at eg greier å henge med gruppa?

Dagane derpå blir eg plaga av migrene (nå har eg i alle fall eit navn på plagene), kvalme, hodepine, og alminneleg mangel på energi, eg blir irritabel, slapp, mistar matlyst samtidig som eg føler meg heilt "innhol" av sult, eg frys og svettar om einannan, osv.
Gode Lukas held meg med selskap.
Han er fornøydd med ein 40minutters luftetur og likar godt å slappe av på sofaen saman med meg.
Han er gull verdt, go'guten min ♥
Greitt. Så få det vera slik da.
Då er triatlonabstinensen til å halde ut. Sjølv om eg hadde hatt friske føter nå, så hadde sjansen for at ein triatlonkonkurranse hadde havna på ein "god" dag, vore ganske liten.

Så eg fokuserar fortsatt på opptrening, og eg veit ikkje om dette høyrest kjedeleg ut for dikkøn der ute som berre MÅ ut og løpe og sykle og løfte vekter og drive med slyngetrening, HIIT og crossfit helst kvar dag, men eg kjenner at dette opplegget mitt er riktig for meg, kroppen min må ha tid for å kome seg, og den skal byggast opp.
Og den blir ikkje bygd ved å slepe den gjennom utallig intervalløkter og tempotrening.
Ein liten seier: Eg løp ein runde i nabolaget = 400m.
Og ingen plantarfascittsmerter etterpå.
Nå har eg gått over til "løpe 1min - gå 1 minutt" og gjentar f.eks. 3x.
Og det funkar.
Kroppen skal byggast nedanfrå opp.
Og innanfrå ut.
Sjela skal vera med,
og hodet skal vera med, ikkje minst.
Hodet mitt kan jo finne på å klusse med kroppen også, nemleg.

Dette skal ikkje vera noko negativ syte-klage-stakkars-meg-innlegg.
For mentalt sett, så er eg berre plaga av triatlonabstinensar (er ille nok, men heller ikkje verre).
Eg savnar lukten av neopren.
Det er såååå nydeleg når eg opnar skapet i gangen, og der heng det fire våtdrakter av forskjellige slag (jepp, f-i-r-e) og lukten minner om triatlon, sitringa av å stå med føter i sand eller til knes i vatn før start, gjera klart T1 med sykkel og hjelm og startnummer, sykkelsko står klare ved sida, løpesko er der også, race-caps'en, ein gel, ein banan på sykkelen...
Nyaste neoprenlukt frå våtdraktinvestering ifjor: Sailfish-"swimskin"
eg gledar meg til å ta den i bruk igjen - men for så tynn våtdrakt må det først bli
god temperatur i vatnet (men den luktar himmelsk godt altså:D)
Alle desse forberedelsane på konkurransedagen.
Du kikker litt på henne ved sida av deg med den super kule hjelmen og den stilige temposykkelen. Og der ja, ho ser jo kjempetrena ut. Men ikkje i aldersklassa mi, heldigvis.
Hm, kva slags smak på gel skal eg ha med på sykkelen...
Vatn eller sportsdrikke?
Har eg tatt med yndlingsdrikkeflaska mi?
Halskjede ja eller nei?
Solkrem?
Klokke?
Nok luft i dekka?
Reserveslange?
Rosa tempostyre for ekstra mental kikk på syklinga,
mens denne Powerbarflaska er ei av favorittane mine.
Eg gledar meg til den dagen eg igjen kan stå i ei skiftesone og stiller meg desse spørsmåla.
Eg gledar meg veldig!

4 kommentarer:

  1. Anonym3/5/15

    Tenker du er klar for ein sprintdistanse igjen i høst allerede. Dessuten, langsiktige mål er jo også viktige å ha.Skynd deg langsomt, det virker som om du er god på det. Line

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja "heldigvis" har eg hatt to kneskadar (men dette var akutte skadar) på tre år, så eg veit at skadar kan ta tid, men dei blir bra til slutt.
      Så ja, eg er blitt god til å skynde meg langsomt.
      Ørlitegrann kjedeleg er det, men likevel, det går.

      Ja eg trur faktisk eg kunne bygge opp føtane mine + resten av kroppen til ein liten sprintdistanse til hausten, me får sjå kva som dukkar opp.

      Det hadde vore utruleg gøy altså :)

      Slett
  2. Du vet man kan på våtdrakt uten å delta i konkurranser også, i badekaret, på stranda, uansett mye kulere enn bikini. Gode nyheter dette med plantaren. 1min løp. 1min gå - var akkura det jeg gjorde da jeg i mer motiverte år (2012), drev å vendte meg på fivefingers. Så sakte må det gjøres. Tok et år før jeg greide å løpe 10km (på mølle). Så ble det slutt - pga betent tå som ikke passet i skoa. Fort gjort. Sprint til høsten trur jeg på og hund fornøyd etter 40min hadde også vært fint.....

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha ja sant det, "våtdrakta skjemmar ingen" ikkje sant? Altså med dei ekstra kiloene eg la på meg gjennom vinteren pga mindre aktivitet og trøstespising pga plantarshiten å er det kanskje like greitt å trøkke kroppen inn i ei våtdrakt framfor å la den velta utover ei bikinibuksa...? Eg har litt følelse av å vera sel, heilt ærleg :P
      Men eg har faktisk ei våtdrakt utan armer som er berre 1mm eller noko tjukk, og den sit så godt at eg ein gong ikkje tok den av på veg heim, men lot den sitte på - riktignok med T-skjorte over og det var sommer og varmt, for den var ganske behageleg å ha på :D

      Fivefingers are gode for å trene føtane og leggmuskulaturen. Eg skal venne meg til å springe med desse opp til 5km kanskje, viss eg ikkje då av rein nostalgi beginner med løpesko igjen.
      Men eg har god tid. Dei er gode å gå tur i skogen med også, det diggar eg altså :)

      Ja Lukasen min var eg heldig med - ein luftings på 40min og gutten treng ein blund på eit par timer. Det er labradoren sin, det ;)
      Ein gjetarhund har nok meir krutt i både bein og hode, og både tåler og treng meir action enn ein labbis.

      Så eg var heldig som fekk meg Lukas da, me passar godt saman :D

      Slett