19. mai 2015

Gje jenta riktige sko og ho vil erobre verda!

Det går sakte men sikkert bedre og bedre med plantar fascitten. Heldigvis!
Eg har ikkje hatt vondt i hælen på fleire veker.
Men - borte er det ikkje, eg kjenner fortsatt at det luggar og "summer" og "prikkar" i hælen, og under foten... av og til så det kjem det eit lite urovekkande stikking i venstre hæl, altså motsatt av plantarfascittfoten min.
Jaja.

Nå når det er vår så er det blitt sjeldan eg brukar mine store mjuke og romslege KEEN-støvlar, som har så god plass til fotfoten dvs tærne.
Og når det er fint vêr, så er det berre Kwicky'ane som blir lufta.
Dei er så mjuke og gode, med god plass til tærne.

Dei er ganske breie framme, men best av alt, så er dei ganske flate inni skoen, og overmaterialete er så mjukt at ingenting hemmar føtane mine. Med elastiske skolisser blir dei kjempegode!

Framover så skal eg unne føtane mine gode sko.
Dei skal vera romslege, og ha god plass framme.
Etterkvart skal eg redusere "hæl-tå-drop" også,
dvs forskjellen i høgda i skosålen frå hæl til forfot.
Vibram Fivefingers (her: Spyridonmodellen) er "null-drop"-sko
Grunnen til dette er at eg kjenner kor mykje bedre haldning eg får av å bruke for eks.Vibram Fivefingers (VFFs), og heilt flate sandalar (med lite hæl-tå-drop). Det er noko med at korsryggen slappar av.


Men for meg er ikkje VFFs løysinga for skotøy i kvardagen, dvs eg har ikkje lyst til å bruke dei heile tida.
Kroppen treng også tilvenning.
Men dei er supergode, synst eg.
Eg har gradvis vent meg til å bruke mine VFF Spyridon, på både tur og litt løping (maks to minutt av gangen så langt), og lengste turen var i skogen sist fredag, på ein time.

Eg pleier å ha med mine Kwicky's også på tur, hengande på beltet eller kameraveska, i tilfellet føtane mine plutseleg skulle streike (Kwickysane er så utruleg lette at eg ikkje legg merke til at dei heng der. På godt og vondt - på ein tur i skogen så greidde eg å miste ein sko - så då var det berre å sprinte tilbake i skogen før mørket satt inn og leite - heldigvis fann eg skoen igjen!).

Det er utruleg deileg å gå tur i skogen med Fivefingers. Heilt nydeleg!
Eg elskar å kjenne underlaget, stein, røter, mose, jord, og at dei er så lette. Eg likar også at alle fem tær kan bevege seg uavhengig frå kvarandre.
Barbeint så kan den store tåa kan "halde seg fast" i ein sprekk, uavhengig av dei andre tærne.
Dette går også til ein viss grad an i Fivefingers.
Plass til alle fem tær.
Eg er heldig som har føtar som passar perfekt inn i Fivefingers.

Eg har også eit par VFFs til styrketrening inne, da med litt tynnare såle med mindre mønster. Dei er glimrande når ein skal kjenne underlaget, stillinga på ankelen, osv.

Eg unnar føtane mine ein "pause" frå Fivefingers ca annankvar dag, utan at dette er noko regel. Men eg brukar dei sjeldan dagleg.
Sist sundag var eg på stranda, og tok av meg skoene og gjekk likegreitt heilt barbeint.

Så nydeleg!
Følelse av sommar (om enn litt kjøleg), frihet og minner om barndomssomrane der me gjekk mykje barbeint. Og god trening til føtane er det også, og heilt gratis (kiling og au-au-au-fornemmelser inkludert).

All entusiasmen til tross så vil eg allikevel ta det gradvis med overgangen til "zero-drop" og er fortsatt på utkikk etter eigna sko.
Første prioritering er alltid god plass til tærne.
Samanlikning av Nike Free 5.0 (til høgre) mot mine Kwickys.
Nike skoene hadde god plass til tærne, og mjuk såle, det likte eg
(og fargane er jo sååå fine!)
Andre prioritering er hæl-tå-dropp på 0-10mm.
Kwickysane har 10mm, og litt demping, så ideelt sett vil eg har ein sko med 4-8mm drop og middels demping (siste for komfortens skyld).
Godt mønster i sålen hadde vore kjekt sidan eg går mykje tur med Lukas i skogen.
Kjekt med godt mønster under skoene for ikkje å bli dratt
ned i elva av Lukas når me går tur.
Så då bestilte eg meg to par Merrellsko, i to forskjellige størrelsar, og er spent på om dei passar. Merrell har eg god erfaring med frå både vinterstøvlar og sandaler, så det blir spennande korleis løpeskoene deira blir.

Det er ganske artig å utforske skoverden, og eg må innrømme at eg har blitt litt hekta på sko (igjen).


6 kommentarer:

  1. Jeg er så glad på dine vegne! murring og prikking kan vi leve med, nå er smertene borte! Ta det rolig fremover - litt etter litt! vær forsiktig:) Håper du får mange fine opplevelser denne sesongen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Janne!
      Eg skal vera forsiktig. Og eg finn ut kva som funkar.
      Når det går bra er eg veldig frista til å prøve meg på noko lengre løp, men "heldigvis" så er kondisen litt dårleg for tida, så då er det heilt ok å berre legge inn litt jogging i turane mine med Lukas - eller løpe eitt eller to minutt av gangen berre.
      Men jaggu er det blitt morsamt med sko sånn plutsleg :)

      Slett
  2. Den plantarfacitten satt lenge.

    Hvordan sitter Spyridon på sleipe steiner i fjæra og tørker de fort?

    Bruker ofte et par VFF "Bilika" når jeg padler eller svømmer. De begynner å bli utslitt og trenger et par nye i løpet av sommeren.

    KnutØ

    SvarSlett
    Svar
    1. Koseleg du stakk innom Knut! :)
      Ja Plantar Fascitt, nå er det slik at eg ikkje har direkt vondt lenger, men som sagt, eg kjenner at det kriblar og "summer" (har ingen bedre ord å beskrive følelsen) og for å vera på den sikre sida, så er eg VELDIG forsiktig.
      Eg orkar rett og slett ikkje å få tilbakeslag, og skal bruke tid til å bygge opp foten. Kollageremodellering som skal til for å reparere den ødelagte facien tek visst minst eitt år, og viss ein ikkje er nøye med gode øvelsar samtidig så blir ikkje styrken den same som før.
      Så ja, PF'en sit lenge, men hos andre trur eg kan det vera enda verre.

      Bikila bestilte eg faktisk frå XXL, men dei var litt trange, og dessutan så likte eg ikkje den tjukke sålen så godt, så dei blei returnert.
      Spyridon derimot - dei er eg stor fan av!

      Sist i dag så bruka eg dei på tur i skogen med Lukas, og då regna det.
      Eg la inn nokre joggeavsnitt også, på sti, over stokk og stein, og dei sist utruleg godt. Eg prøva også å utfordre skoene litt, og også på sleipe steinar sit dei godt.
      På tørt svaberg så sit dei fantastisk godt, kan jo gå opp ganske bratte berg på berre friksjon.

      Eg har også samanlikna med eit par Merrellsko som har veldig bra grep, med mjuke gummiknottar under solen, og Spyridon er heilt klart bedre, sidan kontaktflaten mot steinanen er større, dvs dei omslutter strukturen mens ein vanleg skosåle har mykje mindre kontaktflate.

      Nå veit eg ikkje kor fort dei tørkar på foten, eg vaskar dei på kvelden og då er dei tørre på morgonen, anten så stappar eg litt avispapir nedi, eller så blir dei sentrifugert saman med treningstøyet.

      Spyridon kan eg virkeleg anbefale mht til gripeevnen på underlaget.
      Men så kom det også Signa-modellen nå i 2015, den skal visst tørke kjempefort og har små dreneringshull i solen og har tynn såle slik at det skal gå an å svømme med (då kan ein strekke ut foten lettare).
      Dei kunne eg tenkt meg å prøve, dei er sikkert midt i blinken for ditt bruk da.
      (Signa skal forresten vera litt mindre i størrelsen i forhold til dei fleste andre modellane).

      Eg er skikkeleg fan av mine Spyridon i skogen altså. MORO :)

      Slett
    2. Det var et langt og godt svar! Hmm... - tror jeg skal prøve begge først da det nok blir en del stijogging også. Fikk smaken på swim/run i fjor og i år blir det buldring i tillegg med oppakning fra A til B i en så rett linje som mulig. Må ha nå våtdrakt også som ikke så lett river seg opp.

      Slett
    3. Ja eg greiar ikkje å skrive så korte svar, har berre innsett at eg skriv det eg meinar, utan å redigere etterpå.
      Godt du syntest det var eit godt svar da ;)

      Det høyrest spennande ut med swim/run, det er absolutt noko eg kunne prøvd meg. Eg kunne jo lage mine eigen swim/run først, men fokus på swim, og berre litt run.
      Har eigentleg alt valgt meg den lokale stranda her, som har ein traktorveg knytta til seg, som fram og tilbake blir ein km, det er jo det eg trygt kan løpe nå trur eg.

      Hm ja ein våtdrakt som ikkje så lett riv seg opp ja. Og med buldring og oppakning, SÅ KULT!

      Det er definitivt noko for meg.
      Viss du ein gong skal stille i blanda lag får du sende mail, for dette høyrest utruleg artig ut, og eg kan tenke meg at me kanskje er ganske like når det gjeld kondis og løpe/svømmeferdighetane?
      (Eg har dessutan klatresele også og hjelm, om det trengst ;) )

      Eg har ei våtdrakt/swim suit utan armar, og som berre er 1-2mm tjukk, den hadde vore glimrande til swim/run, men då kunne det ikkje vera så kaldt i vatn.

      Du får sette deg ned og blogge litt igjen, og vise og fortelle litt kva det blir til slutt da.
      Lykke til! :)

      Slett