5. april 2014

Tolmodighet!?

er ein dyd. Som eg ikkje har.
Definitivt ikkje!
Eg er utolmodig!!!!!
Nå når kneet er faktisk ganske brukbart igjen til tur og trening og diverse andre sprell (kanskje bortsett frå å vera samanklemt i sofaen over lengre tid), så har treningsmotivasjonen fullstendig tatt over og fortrengt fornuften.
Her kjem det eit lite tilbakeblikk:

Onsdag, 26. mars 2014
Dagen etter den fantastiske toppturen i sola på 820 m.o.h. følgte ein gråvêrsdag, med sterk sur vind og litt regn i lufta. Men - eg skulle ut og løpe.
Sa hodet mitt.
Kroppen min ville visst ikkje, men den blei ikkje høyrt.
På med treningstøy og så sykla eg ned til idrettsbanen.

Men - det blåste jo nå så forferdeleg!?
Og bråtebrenning med sur røyk i nærheten?
Niks.
Eg sat meg på sykkelen igjen og fortsatte oppvarmingssyklinga ein annan stad.
Heile tida håpa eg på å treffe kjentfolk for å finne eit påskudd til å "skulke" løpinga.
Sykling. Gråvêr. Dårleg humør.
Men nei da, 20min i sikksakk og åttetalls inn og ut av sentrum, ingen kjentfolk å sjå, og rart var det ikkje, for som sagt, det var utruleg grått og kaldt og surt, og ingen var vel ute frivillig bortsett frå meg.
Så tok eg til fornuft.
Eg tok og handla.

Men likevel - humøret var fullstendig på botnen.
På veg heim, så bestemte eg meg for at eg ikkje kunne dra rett heim etter slik "nederlag", men valgte meg den vesle grustreningsmotbakken i nærheten, for å løpe nokre korte intervall.
For å roe ned stressa nerver.
Bakken tek det 42-45sekund å løpe opp.
Kneet er som sagt i orden igjen til å løpe med, men kondisen er nok ikkje heilt i orden igjen.
Men sta var eg jo.
Og sur.
Like sur som vêret den dagen.
Først blei det fem intervall.
Så 10.
Utsikt frå treningsbakke mot Hattefjell, og så teikna eg inn sånn ca vegen opp til Hattefjell,
Så det var fin utsikt til tross for gråvêret!
Fortsatt var eg like surt som nordavinden.
Ved intervall 12 ca, kjente eg at eg begynte å bli litt fornøydd.
Tok eit intervall til og så eit til og så eit til.
15 er jo eit fint rundt tall.
Så det blei ei solid motbakkeintervalløkt på 40min.
Noko som eg skulle koma til å kjenne godt dagen derpå.

Det viste seg nemleg at sidan kondisen ikkje er på topp enda, og beina kanskje heller ikkje, så løp eg visstnok med ryggen. Og nakken, og skuldrene, og armane.
For du verden så støl eg blei dagen etterpå!

Torsdag, 27. mars 2014
Forferdeleg støl!
Ikkje i beina, men i nakken. Og øvre rygg.
Og sitte på ein stol og sjå til side var heilt umogleg.
Då måtte eg ta hendene til hjelp og vri hodet til sides.
Hm.
Kva skulle eg gjera?
Eg veit frå tidlegare erfaring at tøying, om enn så forsiktig, gjer saka gjerne verre.
Så tusla eg ein tur med Lukas, det fekk blodsirkulasjonen i gang, og hjelpte litt.

Så kom eg på at eg hadde lyst til å svømme.
Og sidan det var ein av dei siste dagane svømmebassenget var ope for denne vintersesongen her, så tok eg meg faktisk ein tur i svømmehallen.
Eg skulle svømme roleg.
Sånn ca 500m. Samanhengande, for da veit eg at eg svømmer roleg og avslappa.
Etter 7 banar kom eg litt ut av tellinga.
Så telte eg berre baner og tenkte ved nr 13 at eg nå bruka eg vanvittig lang tid på desse 500m, men jaja, kondisen er jo ikkje den beste, ikkje sant?
Så kom eg på at eg hadde telt dobbeltbaner. Og kor mykje blir 20x50m?
Jaaa da.
Så svømte eg altså 1000m istadenfor 500m, og det gjekk jo fint, eg kosa meg virkeleg, og slappa av og bruke litt over 21m, noko som er heilt innanfor det eg pleier å bruke.

For å sette ein ekstra spiss på moroa, prøva eg å dykke gjennom bassenget på langs.
Det er altså 25m.
Det gjekk også fint.
Hurra!
Da var virkeleg humøret på topp.

Eg sykla heim med godt humør, og super inspirert og motivert til vidare trening.
Men skuldrene mine var ikkje einig.
Nakken protesterte.
Ryggen stivna.
Huff.

Fredag, 28.mars 2014
Dagen derpå blei det derfor berre rusletur med Lukas. Og handletur på sykkel. Er jo ikkje lite det heller.
Var fortsatt stiv og støl i ryggen, så svømminga hadde nok ikkje hjelpt noko spesielt.

Laurdag, 29. mars 2014
Fortsatt vondt i ryggen.
Men det var altfor fint vêr, så da måtte eg i skogen.
Og sidan eg har planar om å besøke broren min som er ivrig klatrar, så tenkte eg å prøve ut gamle kunstar.
Nei, det blei ikkje mykje klatring men mest "buldring" og pussing av fjellveggen som var dekka av masse mose og lav og blåbærbusker, og tedrikking, og nistespising, og soling.

Sundag, 30. mars 2014 
Natt til sundag vakna eg av noko heilt forferdeleg vondt i ryggen, som endte med at eg gjekk rundt i leiligheten fordi det var heilt umogleg å finne ei liggestilling i senga der det ikkje gjorde vondt.
Eg la meg litt på golvet.
Uansett korleis eg prøva, ryggen var utruleg vond!
Etter ei stund la eg meg i senga att, og ved hjelp av mange putar som støtte og i ei slags stabilt sideleie fann eg ei stilling der eg til slutt sovna.

Dermed blei sundagen tilbrakt i ein slags halvkomatøs tilstand prega av søvnmangel og ryggsmertar.
Men med den knallblå himmel og den fine sola måtte eg jo koma meg ut, ikkje sant?
Dessutan var det verre å sitte i ro. Eller ligge. Eller stå.
Alt var vondt.
Men det var litt bedre å gå.
Så det blei ein laaang søndagstur med Lukas.
Med mange pausar i diverse solveggar.

Måndag, 31. mars 2014
Eg sov heldigvis gjennom natta, men rygg og nakka var fortsatt vondt.
Fysioterapeuten blei ringt, men han sleit med lungebetennelse.
Eg kunne ba betalt 1000vis av kroner for ein massasje, viss det ikkje var for tom lommebok.
Så kva gjer eg istadenfor?
Ja da, eg løper meg ein tur!

Fast bestemt på at vondt skal vondt fordrive.
Det var igjen sola som lokka meg ut.
Lukas blei inne og venta på kveldstur.
Eg jogga meg ein tur, og var til og med flink til å jogge, og ikkje løpe.
Under 10km/t. Bra.
Mest på flata.
Gjekk i bakkar.
Tok bilder.
Kosa meg.
Eg fekk i alle fall opp humøret!

Tysdag, 1. april 2014
Endeleg ein dag der eg heldt meg i ro.
Var litt støl i låra, som forventa, men ryggen var likeeins.
Verken bedre eller verre. Jaja.

Onsdag, 2. april 2014
Var det igjen superfin vårstemning ute.
Eg kunne gjerne ha sykla meg ein tur, men DET skjønner eg er ikkje noko godt for ein vond og støl rygg.
Så eg tok til fornuft og berre rusla ein tur med Lukas.
Nå seier eg "rusle", og meiner det.
Eg er nemleg faktisk flink til å rusle.
Men sidan me har mange bratte bakker her i skogen, så er det alltid ein eller annan form for motbakke som skal klivast opp, og eg er ikkje god til å ta slike motbakkar med ro.

Torsdag, 3. aprils 2014
Den dagen var det igjen sol og blå himmel.
Ryggen er litt mindre vondt, nå kjenner eg også at det begrenser seg til ein liten plass bak skulderbladet som knyter seg (rhomboideus-muskelen nemleg, ein gamal kjenning av meg og fysioterapeuten).
Bevegelse hjelpar.
Eg har lyst til å løpe, men skjønner at eg kanskje ikkje burde "jogge vekk" ein vond rygg, men ta ein pause.
Men det er jo så fint vêr??
Det blei igjen tur i skogen med Lukas med masse soling inntil ein hyttevegg.
Dette er ikkje snøklokker. Det er klosterklokker :) Fine!!!
Fredag, 4. april 2014
I går.
Ryggen er faktisk fortsatt vondt, og fysioterapeuten min er fortsatt sjuk, og eg er fortsatt overmotivert til trening. Det er igjen knallvêr, og eg vurderar å dra til fjells (hallo??? Når melder fornuften seg igjen? Gå tur i bratte bakkar med tung sekk, sikkert lurt for ein rygg som har krangla i over ei veke, jaaaada).

Men så tek eg heller med meg Lukas og tuslar ned til kaféen vår for å vera sosial, møte venner og bekjente og la Lukas få masse kos som han likar så godt.
Og tusla heim.
Då eg kom heim kjendest det som om nokon slo ein spikar inni hodet mitt. Med hammar.
Hm. Sånn i tinningen.
Og eg blei kvalm. Og tom.
Heilt tom.
Og ingenting av søtsaker/godteri/sjokolade/raske karbosaker i huset.
Og eg hadde da ete rundstykker på kaféen, og ete godt med frukost?
Det endte med at eg tok sykkelen og handla, bruka mine siste pengar på Jaffa Cakes, potetgull og tre variantar av lettfordøyeleg, kaloririke middager (kyllingpinner, fiskegrateng og fiskekaker - alt saman ikkje spesielt sunt, men magevennleg og noko som går ned også når eg er kvalm).
Meir vårsteming!
I dag...
Så skal helga brukast til å fylle tomme lager.
Og puste med magen.
La ryggen koma til ro (eller kva det nå er som skal til!).
Heldigvis er det gråvêr i dag, då fristar det ikkje med våryre sprell.
Dessutan er eg svimmel idag.

Ja, eg skjønner at eg manglar tolmodighet.
Har alltid hatt lite av denne.
Eg har også ein tendens til å bruke opp energien eg har.
Energi og pengar er til for å brukast, liksom.
Ikkje sårleg lurt på lang sikt altså.

Eg kjenner alt nå kor vanskeleg det blir å halde meg i ro.
For det kan jo hende at hjelper å løpe ein liten tur, ikkje sant?
Eg har så lyst.
Men me får sjå.
Eg burde vel halde Lukas med selskap her :)

8 kommentarer:

  1. Det høres virkelig ut som en heisannhoppsasa-uke(r) du har hatt! Skjønner godt at du blir litt ivrig nå når du endelig kan trene mer enn det du kunne for en liten tid tilbake, men da er det vel desto viktigere å ta det litt rolig i starten? (lettere sagt enn gjort...)
    Du måå ikke bli mer skadet nå, Imke! *streng i stemmen* ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for påminnelsen Guro :) ;)

      Eg greidde i alle fall å ta det med ro laurdag, og tok berre ein liten rusletur i skogen på søndag.
      Så gjekk det mykje bedre i går (slik at eg sykla, trente styrke og gjekk ein times tur med Lukas, haha, er det mogleg :P)

      Eg har bestemt meg for å berre trene "roleg" gjennom april, i alle fall stort sett.
      Prøve å skynde meg langsomt.
      Ja da!! :)

      Slett
    2. Haha, vet akkurat hvordan dét er; "i dag skal jeg ta det med ro". Ja, særlig ;)

      Tror vi må ØVE oss på å ta det med ro, hihi...

      Slett
  2. Noen ganger har man karakteren seks i initiativ og null i vurderingsevne. Så lenge det ikke går på helsa løs, kan de periodene være særdeles gode og inspirerende. Når det er sagt, håper jeg du har tatt det litt med ro i helga :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja laurdagen heldt eg meg veldig i ro, bortsett frå sårt trengt handletur der eg for effektivitetens skyld tok med Lukas.
      Eg trengte meir mat.
      Resten av dagen blei tilbrakt med bøker og TV på sofaen (faktisk).
      Søndagen blei det ein liten skogstur der eg prøva å ikkje gå for hardt i bakkane, men det er alltid lettare sagt enn gjort.
      Men eg hadde med sekk med niste og termos, og det blei mange gode tepausar.
      Kanskje må eg frå nå av løpe med termos, slik at det blir lågare puls på løpeturane?

      Det gjekk litt på helsa laus, for ryggen pleier ikkje å vera stiv over så mange dagar, så eg hadde nok tatt litt for hardt i.
      Men inspirerande var det likevel, pussig nok :)

      Slett
  3. PHU!! er du gal, menneske?? ta det rolig! streng beskjed :)
    Herlighet, jeg må le også......vi er like der! Tålmodighet..HVA er egentlig det?? Come Back - der har vi deg vettu! Vel, take care, og skynd deg langsomt videre. Knegg knegg. 3 mnd igjen...brrrr! Gleder meg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hahaha, ja denne veka var det litt meir galskap bak enn vanleg ;)
      Tja det er jo deileg å utnytte super motivasjonen sin. Men eg fekk betale ein pris for det, dvs ryggen min.
      Den er forresten bra nå.


      Jaa du berre 3 mnd og eg gledar meg også!!!! :) :)

      Slett
  4. Anonym10/4/14

    Du har kastet krykkene ser jeg og det er bånn gass igjen! Lykke til med vårtrimmen :)

    KnutØ

    SvarSlett