22. april 2014

Støle påskemusklar

Påske er over og har satt sine spor.
Utsikt mot påskefjellet frå sykkelsetet!
Spor i form av støle musklar.
Det blei ei ganske variert påskeveke, treningsmessig, med:

  • to løpeøkter
  • to sykkeløkter
  • to styrketreningsøkter
  • og dessutan mange turar med Lukas
Altså omtrent etter planen min. Og som eg ikkje skal legge sjul på, mine treningsplanar er ganske fleksible og liksom dynamiske, dei blir tilpassa undervegs, til dagsformen min ("Do What You Can Do In The Moment" passar berre så bra for meg som treningsmantra!). 

Begge løpeøktene tok eg saman med Lukas. Det gjekk greitt første turen, men sist fredag heldt eg på å miste nervene fullstendig. Eg var ikkje restituert frå føredagens sykkeltur, hadde kanskje ikkje fått i meg nok mat, og ryggen var støl, slik at pusten blei dårleg. Dessutan var eg kledd for godt. 
Ledningane til øyretelefonene hengte seg heile tida opp i kroken på magebeltet, Lukas gjennomførte sin vanlege stopp&go, surra strikken leiebandet rundt beina mine osv.
Like før eg sprekk - enda godt eg har musikk med meg!
Men eg skulle nå eingong jogge den strekninga eg hadde tenkt meg, uansett pust og varme og drakampen mellom Lukas og meg.
Det krevde litt viljestyrke. Det blei også mange stopp frå mi side. 
Vendepunktet halvvegs var godt å nå fram til. Vegen tilbake bestod nemleg nesten berre av slak nedoverbakke, og då kjem humøret mitt seg gjerne opp eit hakk.
Viss det ikkje var for at Lukas nå hadde blitt sliten og hang etter. 
Stakkars Lukas blei sliten i varmen på løpetur.
Slik at eg måtte lokke og dra han med meg.
Jada.
Heldigvis møtte eg ein bekjent som eg ikkje hadde prata med på lenge, og det blei eit velkoment avbrekk, både for Lukas og meg :D
Litt godt humør også undervegs!
Det blei altså ikkje ein einaste fjelltur i påska, men derimot to sykkelturar og så tok eg to av mine tre planlagt 5x5 styrkeøkter, og det er eg fornøydd med. 
Eg blir nemleg utruleg støl av desse 5x5-øktene.
Påskesøndag - ingen fjelltur - men restitusjon i sola,
 med påskegodt for både to- og firbeina!
Det 5x5-programmet har rykte på seg å vera effektivt for å bygge musklar og styrke, og ja, det kan hende at eg alt kjenner effekten av dette.
Men det er greitt.
I dag (tysdag) er eg fortsatt støl etter økta på sundag, og da spesielt i setet og baksida av låra. Og det er bra, for der treng eg styrke.
Men eigentleg kjennest heile kroppen som ein einaste støl muskel etter påska.
Og den vil helst ligge paddeflat i senga, eller på ein benk i sola, eller mellom mjuke puter i sofaen.
Det er deileg at det er så fint vêr for tida!
I telefontimen med legen min i dag lufta eg mine tankar om at eg kanskje tok litt for mykje i, når eg var ute og trena når eg eigentleg er sliten i hovudet. Men legen min synst likevel at det er bra at eg kjem meg ut. For å få litt andre impulsar. 
Ja det er jo fint å sykle også når ein er sliten i hodet,
når ein får slik utsikt undervegs frå sykkelsetet.
Legen min kjenner meg eigentleg ganske godt nå, og eg stoler på han. Eg trur kanskje at eg må finne meg litt i det at eg i visse periodar treng enda meir restitusjon enn det eg vil innrømme.
Eg er nok litt utolmodig. Tenker ikkje lenger på at eg har hatt ein nokså lang pause frå løpinga i januar/februar. Og at eg ellers også ikkje har all den energien som eg gjerne skulle ønske.

Eg kan berre ikkje tvinge det fram (slik som eg prøver til stadighet, og endar med ein dag utan overskot, slik som i dag. Tenk å ligge i senga og sove midt på dagen når det er strålande solskinn? Men i dag var eg berre heilt tom. Tom. Tom.)
Lukas blir ikkje tom han.
Han er nemleg flink til å restituere seg. 
Det som forresten er kjekt med støle påskemusklar er jo at det er teikn på at eg byggar musklar. YEAH!
Og det er jo heile poenget med 5x5. Auke muskelmassen og bli sterkare.
Så då får eg heller tole å vera slapp og støl. 
Kroppen blir nok vant til den nye belastninga. 
Og da kjem litt meir av energien igjen.
Utolmodige blåbær?
Dei blømar i alle fall veldig tidleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar