28. mars 2014

Årets første topptur

Eg har tenkt at  - nei vent litt, eg tenkte ikkje så mykje i det heile tatt.
Eg vakna veldig tidleg på tysdagsmorgon (kl.5.30!?!) og var definitivt ikkje utkvilt.

Så eg prøva å lese fag, men eg greidde ikkje å konsentrere meg.
Ute var det kjempefint vêr.
Blå himmel og sol.
Og eg sat inne og blei meir og meir trøtt.

Då var det gjort, eg tok fram tursekken og turutstyr, smurde niste og laga te, pakka ekstra overtrekksbukse, dunjakke (faktisk), sjekka vêret på yr (kor kaldt er det eigentleg på 800m.o.h i dag?) og kom meg avgarde.
Klokka var berre 10.30.
Det trur eg er ny rekord for meg.
Eg er jo ikkje noko morgofugl i det heile tatt.

Men - eg var ute og gjekk.
Skulle til Hattefjell, yndlingsfjelltoppen min.
Den er synleg frå der eg bur, og det tek berre 15min å gå dit der stien opp til toppen startar.
Midt i sesongen, når eg prøvar å løpe opp, greier eg stien på 40min, ved å veksle mellom å gå og å løpe.
Det er nemleg bratt.
Ingen skare for glatt, ingen bakke for bratt - for Lukas!
I starten er det grusveg og ikkje sti, og den ligg i skogen, og det var som eg hadde rykta: det låg fortsatt snø der. Skare, nærmare sagt. Hardt og glatt og bratt.
Eg sank nesten ikkje nedi.
Men det gjekk, det var nokre gamle skuter- aller ATV-spor der, så litt feste fekk eg jo.
Lukas med sine klør hadde godt feste.
Lenger opp kom vegen litt meir i sola, og då var det øvste laget litt tina, og det gjekk greitt å gå. Eg måtte berre ta og sparke spor i den bratte bakken.
Det blei fin utsikt undervegs også.
Eg lurte på korleis i all verden eg skulle koma ned att - når det er så bratt og glatt på veg opp?
Eg ønska meg fakisk stegjern - det hadde nok blitt enklare å gå kanskje?
Skareføre.
Eg lurte også på korleis det ville gå med kneet mitt - det har jo virkeleg spela på lag i det siste.
Men over ein time ned att på ein bratt, isete sti?

Eg bruka nokså lang tid, men med litt tung sekk og det isete føre var det ikkje anna å vente.
Fram til kl.12 skulle eg gå, og så sjå an kor langt eg hadde kome da, og om eg skulle gjera "framstøytet" mot toppen eller ikkje (den siste delen av stien er veldig bratt og ligg godt gøymt i bratt kratt og skog).
Herifrå var det først berre dyrespor.
Først så fann eg ikkje stien i det heile tatt.
Det såg utruleg annleis ut med så mykje snø.
Så fann eg spor.
Dei var digre.
Var det elg eller folk, tru?
Men så blei dei borte.
Eg gjekk litt i det som eg trudde var riktig retning.
Og så fann eg spora igjen, og valgte å følge dei.
Elgen er jo smart og går gjerne på stiar der folk går, og uansett var det lettare å gå der nokon hadde gått før.
Det siste stykket opp til toppen er ganske bratt.
Og stien er bortgøymt under snøen.
Men eg fann den til slutt!
Lukas tek alt med knasande ro og kosar seg.
Og endeleg kjente eg meg igjen.
Entusiasmen blei større og større, for nå blei eg ganske sikker på at eg ville greie å koma meg til toppen.
Og dit kom eg meg!
Lukas gjekk lykkeleg foran, endeleg fri frå band og lenker, med fjelluft i nesa og flagrande øyra.
For som vanleg, så blåste det ganske friskt på toppen.
Lukas kosar seg på den forblåste Hattefjelltoppen!
Det er alltid like moro å kome fram. Utsikten er herleg, og det er ein fantastisk morsam følelse å greie noko som ein ikkje var heilt sikker på i utgangspunktet.
Hattefjell ligg på 820m.o.h., og fjelltoppane rundt omkring er på 1369 og litt over 1000m.o.h. og ein får kjempefin utsikt mot Lifjell og fjellene i Vrådal.
Utsikt mot fjellene i Vrådal.
Utsikt mot Lifjell og ned til Seljord og Seljordsvatnet.
Utsikt mot Skorve (1369m.o.h.)
Eg var kjempeglad for at eg hadde tatt med nok med klær. Vindjakke, Dunjakke, overtrekksbukse,varm lue, ullvotter, ekstra varm buff...Det kom godt med.
Teen smakte også ekstra godt.

Eg pleier ikkje å ha sukker i teen, men på fjelltur kan litt ekstra energi koma godt med, så eg hadde faktisk bruke sukkerbitar oppi termosen, og det smakte ekstra godt.
Kan hende det var den fine utsikten og den friske fjellufta også, men likevel - det smakte herleg!
Heldigvis hadde eg hugsa å ta med godbitar til Lukas også, så han blei også fornøydd.
Eg er opptatt av å ta bilder, mens Lukas er berre opptatt av godbitar.
Eg har aldri vore på Hattejell så tidleg som i mars før, eg startar liksom ikkje sesongen før all snøen er borte, i april-mai.
Men det lønte seg, absolutt å prøve.
For ei lykke!
Lykke på Hattefjell!
Likevel så var eg visst ikkje den første, etter turboka å dømme.
Men eg var i alle fall årets første kvinne på Hattefjell i år.
Og Lukas var årets første hund på Hattfjell.
Ikkje verst det!

3 kommentarer:

  1. GRATULERER!!!! første kvinne og greier! for en herlig følelse. Og selvsagt er det digg med sukker på en slik tur. Synes jeg ser Lukas løpe fritt der fremme...i all sin lykke:) håper jeg får hilst på han en dag. Go`gutten! Hvordan føles kneet nå i ettertid?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ja første kvinne i år, eg synst jo det var litt stas! Kjente nesten ein slags konkurranseinstinkt blusse opp - kva topp kan eg vera første kvinne i år på liksom?
      Å Lukas var super lykkeleg, han er jo ikkje så veldig mykje laus ellers, sidan han berre er ute etter å finne dame ;)

      Kneet var heilt fint etterpå.
      Men eg kjenner all slags trening i kroppen meir enn før - blir fort støl. Både i låra slik ein skal, men også i skulder og rygg, kanskje er det for å kompensere svak muskulatur rundt kneet, kven veit.
      Men det gjekk i alle fall fint, så eg fekk lyst på meir.
      Er jo glimrande kondistrening å gå med tung sekk i bratte bakkar ;)

      Slett
  2. Nå ble jeg litt misunnelig (som vanlig når du skriver no hverdagstoppturer). Du er tøff som kommer deg til fjells alene. Jeg har funnet ut at jeg bor i en kommune hvor høyeste topp er 8 meter høyere enn Himmelbjerget. Det blir en tur dit for moroskyld snart, men jeg tviler på at jeg sitter igjen med den gode toppturopplevelsen etterpå :-)

    Heldigvis skal ferien tilbringes i Romsdalen. Der er det nok av høye fjell.

    SvarSlett