4. mai 2012

Soles that adapt to your feet.

Ein ting som eg gløymde å nevne i opptreningsplanen min, er jo skogs- og fjellturane.
Sidan formen min og helsa mi sånn generelt ikkje er av den beste for tida, så er det lurt å ikkje absolutt trene kvar dag, har eg funne ut.
Eg treng nok litt meir restitusjon for tida enn folk flest, både fysisk og mentalt.

Dessutan så treng muskulaturen og sener og det stakkars mediale leddbandet i kneet mitt ekstra tid å bygge seg opp att etter mellom treningsøktene.
Så med ein dag treningsopphald burde det vel forhåpentlegvis gå bra.

Kondismessig derimot trur eg det er lurt å gjera noko kvar dag.
Og Lukas gir jo både ein god grunn og ein god unnskyldning til å koma meg ut på tur.

Ellers er jo torsdagen hos meg blitt fast turdag.
Det er psykisk helse i kommunen i Seljord som står for desse turane.
Me er ei fast gruppe som er med på tur, og deltakarane blir tatt imot etter søknad.

I tillegg til turar i Seljord er me også i Kviteseid, Tokke, Hjartdal og Bø.
Alt etter vêrforhold, og lyst.
I går var me i Morgedal og gjekk opp til gapahuken som ligg eit lite stykke lenger opp enn Sondrestoga på Øverbø.
Det er veldig bra skilting på turstiane i Morgedal.
Elgen i skogen visar også veg.
Det var ein god del snø igjen i dei skyggefulle delane av skogsvegen, men heldigvis så var stien som førte opp til Gapahuken bar og tørr og fin (og bratt).
Så eg var ganske glad for at eg i siste liten bytta ut joggeskoa med turstøvlar.

Eg har nemleg gjort eit lite gullfunn i Skien den dagen eg var i Porsgrunn for å ta MR av kneet.
Sidan dei gode gamle turstøvlane mine har alvorleg begynt å falle ifrå einannan, har eg vore på utkikk etter nye fjellstøvlar.
Og den nye Gmax i Skien hadde då 40% på nokre utvalgte modellar.
Haglöfs Craig HI Q GT
Eg har aldri tenkt på Haglöfs som produsent av turstøvlar, men blei positivt overraska.
Det var berre to par igjen, og det eine paret var i min størrelse!
Støvlane passa perfekt med ein gong.
Og fine var dei. Med Gore-texmembran. Stive var dei, men lette samtidig.
Og såååå stilige!

Ein morsam og forhåpentlegvis nyttig ting er den sålen som ein skal ta ut av støvlane, varme opp i ovnen og så forme etter føtane.
Dette har eg enno ikkje gjort, sidan eg likar best mine eigne innleggsålar.
Men ein dag skal eg prøve desse sålane også.
 "With soles that adapt to your feet".
Ja me får sjå.
Det er alltid moro med nytt utstyr, men desse støvlane trengte eg virkeleg.
Dei er nok ein smule stive i forhold til kva kneet mitt kunne ha godt av i nedoverbakke, men med mine eigne innleggsålar får dei littegrann meir demping.
Nydeleg utsikt frå 830 m.o.h.
Ellers har dei godt grep på på både tørt og vått og sleipt underlag samt i råtten snø, dei er middels varme (faktisk varmare enn lærstøvlane mine), gir god støtte rundt ankelen, er lette og nok best eigna i ulendt terreng (som Haglöfs skriv sjølv: "Ein mangesidig tursko i skinn og syntetstoff som fungerer utmerket for fotturer, anmarsjer, via ferrata og lettere klatring".) Og ein km på asfalt avslørte fort at dette er støvlar for som fungerar best i terrenget, og ikkje for å labbe rundt på asfalt.
Best å halde seg i terrenget.
Men er det ikkje morsamt at desse to tørgranene fekk lov til å stå???
Måtte le litt då altså. 
Utsikt mor Ordalssåta/retning Seljord.
Men eg er fornøydd.
Dessutan har fysio'n godkjendt løpeopptreningsopplegget mitt.
Så bra!
Sååå trøtt då me kom til gapahuken at eg kunne ha sove!
Men etter nesten ein time i sola foran gapahuken var energien tilbake.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar