28. mai 2012

Oppsummering av veke 4/9 fram til IM 70.3 Norway

Hm då er det igjen ei ny veke, og dermed tid for oppsummering av den siste.
Eg kjenner fortsatt at det ikkje er så kjekt med desse oppsummeringane eigentleg.
Så eg diskuterar med meg sjølv om eg skal oppsummere eller ikkje.
Kva er poenget?
Det kan vera artig å ha neste gong eg skal ta ein Halvironmna og blir usikker på om eg har tid og evne til å trene nok.
Så desse oppsummeringane er nok mest for min eigen del.
Men nokon kan vel også synest at det er spennande?
Ikkje veit eg.
Men uansett, her kjem det:

Siste veke (21. - 28.mai 2012, seks veker igjen til IM 70.3) var forslag til trening som følgjande:

Løpeøkt 1: 10km eller ein time RLT (Roleg LangTur),
(Løpeøkt 2: 30min)

Sykling økt1: to timar RLT
(Sykling økt2: ein time veldig lett)

Styrke: ein time, heile kroppen
(styrkeøkt 2: lettare økt på 30min)

Så kva gjennomførte eg av dette?

Løping: 
Økt1:
Eg sprang 50minuttar på mølle på tysdag. Kroppen var tung.
Det var ganske slitsamt, men det gjekk. Eg trudde det stod 50min på planen, så eg avslutta der.
Kanskje like greitt, det?
Økt 2:
Eg sprang/jogga ein roleg tur ute på grus/asfalt på søndagskveld.
Sprang 30min i strekk, plus 10min oppvarming og 15min ganger etterpå.
Beina var blytunge, men eg kjendte at det var nyttig med løpeøkt nr.2.

Sykling: 
Økt1:
Berre éi økt denne veka, men den var til gjengjeld 2t15min lang.
På temposykkel.
Beina var også tunge, men heile sykkelturen var deileg!
Det blei også eit par-tre transportsykkeløkter, og då blir det jo fort ein del høgdemeter.

Styrke: 
Siste veke var eg stort sett slapp, men etter at eg det hadde gått over ei veke sidan sist styrkeøkt, rakk eg ein halv time med styrketrening på torsdagskvelden,
og det var jammen godt. Nakken og skuldrane blei glade etterpå :)

Tur
Torsdagstur gjennomført i halvsøvne.
Ein del rusleturar med Lukas, men mest rundt ein halv time.
Eg var utruleg sliten og trøtt siste veka, at eg ikkje hadde nerver til lengre turar...

Svømming
Ja det blei faktisk mine første svømmetak ute, HURRA!
Pinsesundagen kom Marie og Sakarias på besøk og me var ved Bjørgesanden i det fine sommarvêret.
Vatnet var riktignok iskaldt.
Marie var først uti og tok nokre svømmetak, og eg fylgde etter (frysepinne som eg er).
Det blei kanskje noko slikt som 20 kråltak.
Vatnet var iskaldt.
Men det kjendest godt.
Det viste seinare å ha berre 13 gradar.
Men men, ungar rundt omkring plaska jo uti dei au, så då kunne me jo ikkje vera mindre tøffe ;)


Den siste veka fekk eg faktisk gjennomført det minimale eg hadde planlagt av treninga.
Eg bomma riktignok med 10minutter på løpinga, men det var rett og slett fordi eg ikkje hadde sjekka planen på førehand (hehe, eg er jo ikkje så veldig opptatt av planlegging heller).

Mest fornøydd er eg med den lange sykkelturen.
Eg fekk skikkeleg langturfølelse igjen, og det gav meirsmak.
Styrketrening merkar eg at eg virkeleg burde ta meg saman og gjennomføre!
Rygg og nakke har så godt av det, dessutan kjenner eg faktisk at eg manglar styrke i rygg og mage.

For ikkje å snakke om at eg må ta bedre vare på kneet mitt.
Etter løpeturen i går kjenner eg at det stikk i kneet av og til av små muskelkrampar.
Men men.
Alt i alt: grei veke.

Oppsummering slutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar