1. august 2011

Varme = energi

Endeleg så her somaren her.
Den har jo teoretisk sett alt vore her, men nå har det altså også blitt ein god del varmare, og også litt mindre regn.
Og eg kjenner at med varmen og sola så kjem også energien min tilbake.
Siste veke blei heile tre løpeturar, og det er det meste eg har løpt på ei veke dette året faktisk!

Tysdagen sprang eg ein tur som eg kallar "Kivledalen rundt".
Det var overskya den dagen og ikkje så altfor varmt, og Binna blei derfor med.
Dessutane skulle eg berre springe ein liten time i joggetempo, og då er det god tid til badepausar for at Binna skal kunne kjøle seg ned.
Binna legg lystig ut på løpetur, i fin lett stil.
Høgdeprofilen frå "Kivledalen rundt - medsols".
Torsdagen skulle det bli beising av gjerde på kvelden, men eg hadde likevel lyst til å smette inn ein liten løpetur før det, for å sjå om eg  har overskot nok til to "ting" same dag.
Det har nemleg vore slik den siste tida har eg nærmast blitt heilt slått ut av fleire enn eitt eller to ærend om dagen...
Varmt var det på torsdag også, skikkeleg deileg sommarvêr!
Denne torsdagen var det såpass varmt så Binna måtte bli heime.
Eg er ikkje så van med å springe aleine, stort sett er jo Binna med. Då blir det naturlegvis ein god del stopp undervegs. Defor har eg alltid trudd at eg ville bruke mykje lengre tid på turen saman med Binna enn aleine, men det viste seg altså at eg brukte like lang tid då eg var utan henne.
Eg starta nemleg då altfor hardt, slik at dei siste 3km av den 8km lange turen blei grusamt tunge, og eg måtte gå opp den siste bakken, i staden for å springe den opp, slik som eg pleier.
Ikkje så dumt at Binna er med på løpeturane, eigentleg. Som fartshaldar?
Sidan eg måtte gå opp bakken, kunne eg like godt stoppe og ta bilder. Så fine desse her var!
Fredag blei det ikkje noko trening, men te helga skulle eg ut på lang løpetur, på ca to mil.
Med så mykje deileg solskinn på laurdagen blei teppe på plenen og ei god bok det bedre alternativet. Og besøk på kvelden gjorde også at dagen blei brukt til "oppladning" til søndagens langtur.
Binna har løpetid. Ho lengter etter "Skar" (sjå raud sirkel), som er ein kjekk ung veltrent nabohund. Dei to brukte laurdagen på å lengte etter einannan...

Med søndagen kom det enda meir solskinn og varme, og også planlagt besøk. For at eg ikkje enda ein gong skulle finne på fleire unnskyldnignar gode grunnar til å la vera å løpe langtur, gjorde eg det enkelt for meg: eg skulle ta med Binna i bilen, køyre ned til Eventyrøy og springe 20 rundar à éin kilometer.
Lasteplanet på bilen brukte eg som "drikkestasjon" med eit godt utvalg av vatn, to flasker sportsdrikke, High 5 Isotonisk drikke, to bananer og ein sportsgel.
Solkrem, vatn, banan, sportsdrikke, isotonisk drikke, gel... burde vera nok for ein langtur i varmen.
Med musikk i øyra og Binna trygt plassert i bilen i skyggen, la eg på sprang klokka 13.00, midt i varmaste steikesola.
Eg har ofte fått kommentarar når eg har vore ute og løpt i slik varme. Eg hadde ikkje med gradestokk, men det var nok ca 24-25 gradar den dagen, men så låg halvparten av løypa i skyggen, og det blåste ein ørliten frisk bris frå vatnet. Dessutan var Bygdarå med sitt regulerte, iskalde vatn alltid rundt meg, slik at eg ikkje syntest at det vår så ille å springe i varmen.
Godt med iskaldt vatn langs løperunden. Både undervegs, og rett etterpå.

Eg tenker som så, at ein fort kan kome til å vera med på ein konkurranse der det er alt anna enn milde  norske sommartemperaturar, og det er kjekt å vite korleis kroppen reagerar i varmen.
Den solfulle delen av løperunden min.
Det blei ganske varmt, ja. Og eg blei ordentleg sliten. Ikkje så mykje i beina, men pulsen var nok ganske høg frå starten av, så eg er glad for at eg ikkje sprang med pulsklokke...

Vanlegvis så gjer eg ikkje så mykje etter at eg har vore på langtur. Eg prøvar å restituere meg best mogleg i tida etter langturen, noko som fort blir ein del timar med beina høgt på sofaen, og masse god mat.

Men med koseleg besøk av så glade og spreke menneske som Marie og Sakarias så blei det litt alternativ restitusjon denne gongen, noko som viste seg å fungere nesten enda bedre! Me skulle ned til Bjørgesanden og nyte ferien. Men ikkje før etter at både Marie og Sakarias hadde tatt all oppvasken for meg, mens eg fekk ligge i sofaen med beina høgt og slappa av! Kjempesnilt!
Ikkje rart kroppen blir restituert nesten med ein gong da!

Nede på Bjørgesanden var vatnet blitt ganske varmt, og skyene som tømte lokale regnbyger over delar av vatnet, var heldigvis enno i det fjerne.
Sakarias legg ut på svøm, med veiledning frå sin erfarne triatletmamma.

Sakarias er ein liten tøffing, og etter å ha vassa lenge, så ville han også bade og svømme til slutt. Mens han svømte "naturell" og lo og skratta, så kledde eg pent på meg den ermellause våtdrakta, frysepinne som eg er, sjølv om temperaturen i vatnet var utruleg god, nærmare 19 enn 18 gradar kanskje.
Til slutt kunne ikkje Marie motstå vatnet lenger hell, og tok seg eit rask bad ho også. UTAN beskyttande våtdrakt. Tøft!
Dette er livet! Sommarkveld ved Bjørgesanden.
Dei mørke skyene nærma seg stadig, og etterkvart fekk me ganske mykje vêr å sjå og høyre på, både solskinn, regnbyger, regnboge, tordenskrall, lyn, mørke skyar, lyse skyer, grå himmel, open himmel. Alt saman på ein gong!
Mørke skyer og tordenskrall og lyn til venstre, og blå himmel og sol til høgre...

Sakarias lot seg ikkje spesielt skremme av tordenvêret i det fjerne, men fylgte interessert med. Heldigvis drog tordenvêret forbi oss, så bortsett frå nokre raske regndråpar blei det ikkje noko av.
Det skal meir til enn nokre mørke skyer og lyn og torden for å skremme denne tøffe gutten!
Me fekk skikkeleg sommar- og feriefølelse!


4 kommentarer:

  1. Syns det va sø TØFT av deg, fyst springe 20km og sø som ingenting - tok du imot selskap og va mæ på alt me foreslo!! :-) Det va sprekt og sterkt!
    Mæn turen på Bjørgesanden va værkleg sommar og feriefølelse - sø det va knallhyggleg du va mæ! :-)

    SvarSlett
  2. Hm Takk! Ja det blei ein bra dag.
    Men ikkje så rart at eg blir sprek når eg får besøk av to slike sprekingar som deg og Sakarias, det smittar jo litt :)
    Og så var det så deileg med feriefølelsen, så det må me gjera igjen. Også utanom ferien ;)

    SvarSlett
  3. Det der va ein vakker kvell!! :-) OG flotte bilde!! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jaaa... det var herleg. Fint at du minte meg på den.
      Blei heilt satt ut av det første bildet i innlegget, så grønt som det er eigentleg her ute, under all den fine kvite snøen!

      Ja den kvelden ved Bjørgesanden hugsar eg så godt, den var nydeleg! Fint at eg fekk fleire bilder av deg au.
      Godt å mimre litt :)

      Slett