25. august 2011

Avklaring

Nå skal det avklarast. Over heile fire veker.
Kor er det skoen trykker hen?
Sånn helsemessig.
Det lurar eg au på.

Heldigvis er det ingen av mine løpe- eller sykkelsko som trykker nokon stad, og derfor kom eg meg ut på ein fin sykkeltur på måndag, og ein fin liten topptur på tysdag.



Utsikt frå Hattefjell.
 Tysdag blei det ei blanding av løpetur, rusletur og topptur. Etter endt kursdag skulle eg uansett gå tur med Binna, så kvifor ikkje gå opp på ein liten topp og snuse litt fjelluft?



Binna og meg på Hattefjell. Binna er sprek til å vera 10 år gamal. Ho gjeng ikkje så fort, men ho kjem seg jo til topps til slutt!

Når eg først har døypt om bloggen min, og kallar den for "treningsterapi", så kan eg vel like godt drive aktivt med akkurat dette.
Og ein fin sykkeltur i kveldssol ER terapi. I alle fall for meg. Og nå på måndag så hadde sykkelturen også god terapeutisk virkning. Den virka både oppkvikkande, befriande, den sat ting i perspektiv samtidig som den var krevande og og utfordrande.

Og eg følte meg mykje bedre etterpå.



På sykkelen på veg opp til Raudkleiv.
Det er ein fin motbakke opp mot Raudkleiv, som eg brukar i underkant av ein halv time på å sykle opp. På Raudkleiv blir ein belønna med dei siste solstrålane på kvelden, mens resten av Seljord kanskje alt ligg i skyggen.



Når eg først var på Raudkleiv tok eg og sykla ein liten runde i lysløypa. Sidan lysløypa er ganske kupert, så blei det faktisk litt ekstra trening. Utsikten er det heller ingenting å klage på. Litt mange tre, kanskje...her mot Skorve.



Lysløypa på Raudkleiv. Utsikt mot Bjørgenuten.
Eg blir meir og meir glad i terrengsykling. Sjølv om sykkelen min er ganske tung, så har den aldri svikta meg. Den blir gladleg med på alle turar, og stiller ingen spørsmål. Ikkje punktert ein einaste gong sidan eg kjøpte den i 2002. Heilt utruleg eigentleg, så mykje som eg har brukt den!



På veg ned att var skuggane blitt enda lengre. Dei siste solstrålene den dagen fekk eg virkeleg nyte. Herleg å sykle i utforbakke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar