8. august 2011

Ironman Regensburg 2011 - DNS

I går gjekk Ironman Regensburg av stabelen.
Og eg starta ikkje.
Tom finishline:



Finishline frå IM Regensburg i gårkveld kl.22:15*
Men det var ingen grunn til å vera lei meg for at eg ikkje var der. Marie hadde jo heldigvis reist til Regensburg, og var i god form. Dessutan skulle eg oppdatere Hårek med detaljer frå konkurransen, så søndagen i går frå då eg stod opp, bruka eg til å sitte foran PCen på www.ironmanlive.com, og notere meg Maries mellomtider, og sende desse med jamne mellomrom vidare.
Rundt kl.17.00 fekk eg besøk og selskap og støtte av Helene, så nå var me blitt ein liten heiagjeng, eg og Helene og Binna på sofaen foran skjermen, og Hårek via mobiltelefon frå fjerne strøk.

Det blei mange livlege diskusjonar og utreikningar av mellomtider, racepace, gjennomsnittsfart, estimering av ventetida foran dokøen, samanlikning med splittidene til konkurrentane i årsklasse osv, til Marie plutseleg spurta frå oss på den siste "runsplit"en nr.21, lengde 0,7km: ho hadde kome i mål!


Så då var det ikkje så ille lenger at eg ikkje ein gong kom meg til startstreken.
Dessutan har eg forlengst lagt nye planar for hausten.

Men å fylgje med på eit Ironmanløp heile dagen, og så få besøk av triatleten Helene måtte jo føre til uungåelege bivirkningar: me blei begge to så inspirerte av Maries prestasjon, at me rett og slett berre måtte ut på ein løpetur.

Og godt er det når intensiteten på løpeturen til tross for ein del høgdemeter blei såpass låg at det var lett å fortsette å skravle, for det var mykje me hadde å debriefe!
Og ein del minner frå fjorårets første Ironman blei vekt til livet.
Og nye mål blei diskutert.
Så kven veit kva som skjer neste år?

*bildet er tatt frå Ironman Regensburg si facebookside.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar